måndag 31. desember 2007

Siste dagen i 2007


Å nei, i dag er det nyttårs afta. Å nei!!
Joda, eg meinar ”å nei”, fordi nyttårsafta er ikkje noko kjekt. Eg likar ikkje rakettar. Det har eg eigentlig aldri gjort, altså det er jo kjempe flott å sjå på. Men når folk skal skyte opp rakettar i alle slags mulige vinklar, er det ikkje så kjekt lenger, og då får ein litt støkken i seg. Ikkje det at pappa er den som skyter opp rakettane i mange ulike vinklar, men det er som regel alltids nokre andre som gjer det slik at det er stor sannsynlighet for at dei skal treffe meg i øret og sprenge trommehinna mi og alt i omegn. Derfor, eg skal aldri fyre på ein rakett, og når det blir fyrt opp rakettar, likar eg helst å stå under eit tak, under eit tre, eller å stå midt inni ei busk.
Eg er faktisk litt skeptisk til stjerneskudd også, pff kva skal ein med det? I alle fall dei stjerneskudda med farge er no heilt på tryne. Dei ryker jo berre. Og kvifor gidd folk i det store og det heile å kjøpe rakettar? Dei betalar jo eigentlig kun for å tenne på raketten før den (forhåpentligvis) fresar av garde og eksploderar på himmelen. Kvifor ikkje sjå på at andre kastar vekk pengane sine, og unngår å utsette seg sjølv for nærkontakt med dei farlege pinnane med eksplosive og ein liten spiss hatt festa til. Om ein følar så inderleg på å tenne på noko, kan ein no alltids berre tenne på nokre faklar som kan lyse litt opp, eller stearinlys, som ein sjølvsagt aldri går i frå.
I dei komande dagane blir treningsstudioa fylt opp til randen, og mange har laga seg nyttårs forsetter. Men til kva grunn? For å lure seg sjølv? Kvifor ikkje lære seg å lage seg føresetter kvar dag i staden for?
Ja, vel, det eg eigentlig prøver å seie trass i all dinna sytinga over kor skummel nyttårssafta er: ”Godt nyttår alle saman! ”. Eg skal ha det kjekt på jobb i dag, trygt inne i eit stort hus, med ein balkong med tak over. Skal du skyte opp rakettar, ta på deg alt du finn av verneutstyr, og meir enn det, og ta vare på deg sjølv!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Nydelig bilde:p

Anonym sa...

Jah.... eg kan se deg gå med det utstyret!!!

Mar!ta sa...

..takk takk:) Men det er nok ikkje eg som kan ta æra for bildet - det er ein mann. Så takk for at dokke trudde eg var ein mann folkens:) hehe

Anonym sa...

OKI!!! men eg trudde no ikkje at det var deg heller da!!