søndag 29. juni 2008

Sykkelturen


Dagen var fredag, dagen etter ein slitsom dag på jobb. Klokka 0600 sto eg opp og ante lite kva dinna dagen ville bringe. Når klokka vart 2000 var det booka for cowboy-party i ulst huset. Vi gjorde som best og kledde oss ut som nåkken cowboya og entra festen med hatt, lærbelte og ekte boots. Vi hadde ein kjempe artig og trivelig kveld sammen. Når klokka vart seinare enn 0200, og formen gjekk frå trøytt til overtrøytt fant eg ut av dinna kvelden ikkje kunne ende her. Derfor spurte eg Gunhild om vi ikkje skulle ta å sykle til Fosnavåg. Ho svara ja. Så her er ei lita forteljing om korleis ditta her endte…
Kl 0300. Turen starta frå Spjelkavika. Humøret var på topp, og vi var ganske so fornøgde med at vi faktisk skulle sykle til Fosnavåg. Eg fortalte Gunhild at det ikkje var so veldig veldig langt. ½ time til ferja, ½ time på ferja, og ein ½ time frå Hareid til Fosnavåg – med bil. Ditta her skulle vi klare. Ferjeruta fortalte at vi måtte komme oss til Sulesund før 0430 – for då gjekk ferja.

Kl 0340. Vi hadde kome oss rett inn på rett veg igjen etter at eg hadde geleida oss litt inn på feil veg. Endelig kunne vi sleppe å trø for ei lita stund for no var det litt nedover bakke. Eg oppdaga fort at den eine sykkelen var ikkje heilt egna for å dra på sykkeltur med, då både styret var laust, alt skrangla, og setet dreiv å tippa bakover. Men vi skulle komme fram, og det var so mykje anna positivt å fokusere på undervegs som den fantastiske soloppgangen vi fekk sjå litte bitte grann av., og alle dei brune og svarte sneglane som vi måtte prøve å unngå når vi sykla…splææættt.

Kl 0400. Vi begynte å innsjå at vi hadde litt dårlig tida. Eg trudde vi ikkje kom til å nå ferja då beina mine verkte etter ikkje å ha sykla på fleire år. Og endå var det nokre km igjen til Sulesund.
Ein rev og ein lang veg seinare, var klokka blitt 0415, vi var kome til Sulesund. Vi såg fram til ei lita pause på ferja då vi skulle ete litt frukost. Men plutselig kom vi på at vi ikkje hadde med oss noko anna enn nokre ekle karameller som smakte ei blanding mellom bestemor (kanskje til og med oldemor)- parfyme og jif. Og vi hadde bare 0,7 liter med vatn – på deling. Med lavt blodsukker måtte vi kjøpe oss litt midlertidig mat: peanøtter og kvikkluns. Vi fant ut vi kunne stoppe på statoil på den andre sida og drikke litt kaffi og ete skikkelig mat. Ferjemannen kjente Gunhild – så vi fekk gratis skyss over fjorden. Og jammen om vi kjente oss spreke der vi kom med syklane kl 0530 på natta.

0500 kom vi over til Hareid. Trøtte og kalde. No skulle det bli godt med noko varm mat frå den døgn opne Statoil. Men neida, den var stengt, og opna ikkje før 0900. Men vi fant ut av vi kunne fylle luft i dekket på skranglesykkelen, kanskje mest berre for å sette oss ned litt og ha ei lita pause, sjølv om den eigentlig ikkje trengte luft i dekket. Vi skrudde av ventilen på dekket og høyrte at lufta gjekk ut – men det gjorde ingenting for vi skulle fylle den opp igjen med bildekk pumpa. Men det gjekk ikkje. Vi trengte ein anna type pumpe for å få luft inn i dekket… Vi prøvde å sykle med flatt dekk, men det gjekk ikkje. Sykkelen satt vi igjen, og fortsette vidare frå Hareid med ein stk sykkel og to personar.

0540. Vi hadde innsett at det heile var ganske komisk. Ein sykkel uten bagasjebrett, og to personar skulle kome seg ialle fall 1,2 mil til Ulsteinvik og enda lenger var det til Fosnavåg. Etter eit mislykka forsøk på å sitte på rattet medan Gunhild sykla endte vi i grøfta. Vi måtte finne på noko anna. Den eine personen måtte sitte på setet og ha beina dinglande nedover på sida av sykkelen, medan den andre styrte og sto medan ho trødde. Ditta her skulle bli ein artig tur.

0610. Trøytte. Svoltne. Slitne. Kanskje vi skulle finne eit tre og henge opp hengekøyene i? Oj, vi hadde glømt soveposane, og det ville bli for kaldt å sove ute.

0700. Kroppane våra var øydelagde. Føtene verka, og det var vondt å sitte på sykkelsetet då vi hadde fått gnagsår på rompa. Vi var endå ikkje kome halvegs. Det begynte å regne. Ingen bensinstasjona å sjå. Jentene var så svoltne at dei måtte plukke blomster og suge ut nektaren. Graset smakte heller ikkje noko godt. Dessutan såg vi ein død fugl, vi vurderte å ete den.Vi fant ut at ingen av oss hadde ete noko skikkelig mat på den fredagen. Og eg kjente at eg hadde vore vaken i 25 tima. Augene var som nåleputer, og det gjorde vondt når eg blunka. Men vi måtte bare le, vi hadde innsett at vi to og påfunna våra er ein dårlig kombinasjon. Utrulig artig at vi faktisk skulle gå til Fosnavåg.

0830. Det gjekk lenger og lenger for kvar gong vi sa noko til kvarandre. Vi var for slitne til å snakke til kvarandre. Dessuten høyrtes det ut som eit eller anna veldig framandt framandspråk når vi prata. Vi fant ei busskur og måtte legge oss ned i det for å kvile oss litt. Vi fant ut av vi hadde gått og sykla uten ei skikkelig pause. Sultne. Vi lo. Kor dumme var i eigentlig på ein skala?

0900. Eg hadde innsett at turen var mykje lenger enn eg hadde fortalt til Gunhild. Eg måtte finne på noko som antyda på at vi nærma oss. Eg hugsa ei bru vi skulle over som ikkje var so veldig langt frå der vi var no, og sa at når vi er på den brua så er det ikkje så langt igjen. Sikker ein halv time.

1030. Vi såg brua.

1100. Vi var på toppen av brua. Det gjorde umåtelig vondt å sitte på setet. Så vondt at eg heller vurderte å gå med dei svært såre og vonda beina. Men eg orka ikkje. Vi måtte sykle, for då kom vi fram fortare.

1140. Vi kom fram. Utslitte. Svin trøytte!!!Vi innsåg at på ein skala var vi veldgi veldig dumme. Faktisk så dumme at det ikkje fantest noko skala som kunne måle graden av dummheit som vi hadde. Vi hadde endelig kome fram til huset vårt. Vi slukte noko mat og når klokka var 1249 fekk vi lagt oss. Vi var med eitt overtrøytte og greidde ikkje stopp å le. Plutselig bare sovna vi. Klokka 1600 vakna vi og mamma kjøyre oss til Hareid. Nesten litt skuffande at eg ikkje har tenkt over kor fort det gjekk – men veldig bra.

1728. Hareid. Vi viste mamma kor sykkelen var og måtte springe for å nå ferja. Vi rakk den akkurat.

1800. Anders henta oss på Sulesund. Tuuuuuusen takk :)

Jo, vi hadde ein kjempe flott tur. I allefall når vi såg vi var kome fram. Men vi vart enige om at vi skulle bli flinkare til å seie "nei" når den eine parten kom med sprø idêar.

Avstand frå spjelkavika - Fosnavåg: 60,6 km
Tid med bil: 1 t 16 min.

onsdag 25. juni 2008

au og stakkars


Beina mine e vekke, på ein måte, null sans for følelse - ingenting. Det einaste eg kan kjenne er at det er litt vondt, eg trur det er ein form for smerte i allefall, jo, det er ein form for smerte. Au. AUU!! Eg kjennar det gjer vondt.
Som min 3 dag som sjukepleiar er ditta den dagen då eg har gått flest skritt...mange, kanskje hundre eller kanskje tusen...men uansett kor mange skritt eg har gått , er eg bare gla for at eg ikkje er tusenbein, for då hadde eg hatt meir vondt ettersom eg hadde mange fleire bein...au. "forsøka-å-vinkle-det-til-noko-positivt-tenking"
Dessutan er det ikkje bare eg som har vondt her i verden...Paazan.C.S.G.Runde har jo også vondt. Han har vore med dyrelegen i dag. Stakkars lille pusen. Kastrert.
Eg leverte han på klinikken i dag og holdt på å begynne å grine då eg fekk flash-back til Trude Mostuen sin dyreklinikk praksis på NRK for nokre år sidan. Eg hugsar nokre av dyra døydde...Men Trude var alltid flink! *klapp klapp*
Måtte få ein tideligare medstudent - no ein sjukepleiar kollega, til å henta han for meg ettersom eg har vore på jobb frå 10-2210 i dag! (AU)
No ligg han her...kastrert. Fornærma. Sur. Store pupilla. Mindre klumpete. Rolig. Smerte. Au. Innlegg stopp. Hade.

tysdag 24. juni 2008

Den livsviktige folkeplaga


Når skyene e grå, og regnet plaska ned, er det nok av folk som klaga. Regnet, som er livsviktig, er ei folkeplage. Folk frys, folk blir våte, mascaraen renn, og skoa tek inn vatn. Heilt seriøst, så veit ikkje eg ka eg skulle gjort uten regnet! Jo, altså, det å ligge å sole seg i ein ørken hadde ikkje gjort meg noko, men på grunn av at det ikkje hadde regna så ville vatet ha tørka inn, det hadde ikkje blitt gras, kua hadde sulta i hjel og eg hadde ikkje fått melk. Eg kunne laga rekka so mykje lenger, men eg orka ikkje. Og ja, sola er ein flott ting det også, men det er noko som skjer med meg når det regna. Ikkje når eg sitt inne og ser ut på regnet, då e det bare trasig. Heller ikkje det å være ute for å arbeide når det regnar er kjekt. Heller ikkje litt regn er kjekt, det må være masse masse regn!!
Når eg ”oppsøke” regnet e det heilt fantastisk. Store dråpar, som renn nedover panna og smalar seg som ein snørrdråpe på nasetippen sånn at eg kan blåse den vekk! Hærlig! Bare stå å sjå og høyre på regnet er utrulig flott. Faktisk det å kjenne at buksa blir gjennomblaut og at vatnet renn ned i skoen slik at sokken blir avfarga og stygg, er ein flott følelse. Når eg står ute i regnet kjenner eg at eg kan slappe skikkelig av! Medan eg ser og høyrer regndråpane fell i bakken må eg smile. Livet e hærligt folkens! Plutselig tar eg meg sjølv i å stå å smile, eller synge. Off hjelp, tenk om folk såg eller høyrte meg... Jaja folk trenge å smile meir!
Derfor tenkte eg at eg skulle starte dagen med å fare på joggetur. Etter ein god frukost "spente" eg på meg joggeskoa og sprang avgarde. Men det regna so masse at skoa vart skikkelig tunge, sånn at eg måtte gå det meste av vegen...Når eg hadde brukt ei god stund ute i regnet, og sokkane var klissbalute, så måtte eg fare heim....Så no sit eg her i sofaen og ser på katten som ikkje har peiling på at eg var borte med dyreklinikken og bestilte time for å kastrere han…
All we need is the rain! Lord rain on me!!

søndag 22. juni 2008

Litt melk, fordelt i to glas



6 minutt var igjen av kampen mellom Spania og Italia då eg hugsa på at det var kamp. Brøda var nettopp tatt ut av omnen og rundstykka var framleis usteikte. I full fart fekk eg telefonert til ein "nabo" og fekk lov til å kome dit å sjå dei siste minutta. I galopp fart gjennom stova, greip eg eit koppehankle - kasta det rundt brødet, reiv med meg bilnøklane og kjørte i eit ganske så heftig tempo til eg kom fram. Eg rakk dei siste minutta av kampen akkurat ikkje....heldigvis var det ekstra omgongar, og som ein ekstra bonus for at eg kom forseint vart det straffekonk...
Spania vant.
Kvelden vart avrunda med nysteikt brød med brunost, og to glas med melk...først mitt,så Olav sitt...unnskyld Olav, men du tok skalken min!

torsdag 19. juni 2008

Ronse, reie, huske, disse


Disse, reie, ronse, huske - namna er uedenelege mange men samtidig ganske so korte (eg veit det er fleire enn desse, trur eg).
Dagens gode gjerning var å montere (?) ned dissestativet heime, slik at han kjære far slapp å gjere det. Tok på meg pappa sin favoritt caps - Israel capsen, og følte meg ganske så "handy" med den. Med dinna capsen her greie eg alt som pappa greie tenkte eg. Eg fekk henta rikeleg med verktøy (hammar, skrujern og sånn anna type skrujern og knipetong...) og så starta eg.
Eg begynte å skru, faktisk så masse at skruen vart øydelagd, skruane var plutselig ikkje så rusta meir, for all rusten hadde dalt som nysnø ned på bakken.
Etter at ein stk skrue var ute, måtte 22 åringen gje opp...dei satt bom fast, samtidig gjorde det vondt i henda, og capsen var blitt alt for stor slik at eg ikkje kunne sjå nokon ting...Eg, 22 år, måtte gje tapt for skruar som kun hadde holdt fast disse-stativet i dei 18 åra vi har budd i Innvik. Nederlag.
I all frustrasjon fekk eg bretta sammen (!!) stativet, oppgitt over at vi ikkje hadde det riktige verktøyet slik at eg fekk skrudd frå kvarandre delane...

måndag 16. juni 2008

Flyttelasset


Etter å ha henta alle tinga mine frå boda rett ut i gongen, og tatt og spredt alle tinga mine til alle vindar utover golvet og der det var plass eller ikkje plass, fekk eg stua mange av tinga ned i esker, og no ser her forbausande nok ryddig ut!!
Men det som er like forbausande kvar gong eg flyttar, er at det blir så utrulig mange ting plutselig! Kvar ein gong tenker eg at eg får med meg alle tinga på ein kjøyretur, men eg tar bestandig feil. Eg har faktisk hatt mykje betre skapplass enn eg trudde...Måtte kjøyre litt flyttelass inn til bror min, ettersom eg skal bu med han i halv anna månad i sommar. Men det er fole (veldig) vanskelig å skulle pakke ned i 3 kategoriar. 1: Skal til Stavanger 2. Skal til Innvik, som eg ikkje får bruk for i Stavanger. 3.Skal være på hybelen her i Ålesund, og skal til Stavanger etter det. Men det går på eit vis:) Tenkte eg skulle ta meg ein rask(!) bil tur til Innvik i måra, slik at eg fekk tømt bilen, den er nemmleg så full at det ser ut som eg har senka den...dessutan er det like greitt å ta det i måra, kvifot utsette det endå ein dag?? Eg lura forresten på kor fort det går oppover fjella i måra...menmen så lenge det går, så skal eg ikkje klage:) Eg er takknemleg for bilen min:) - som eg forresten skal gje vidare i ætta når eg flyttar (Kjetil) :) LUckY YOu BoY

Mange lurar forresten på om eg har fått meg jobb i Stavanger sida eg skal ned dit. Svaret er faktisk nei. Eg har ikkje fått meg jobb der. Men det vil ordne seg på eit vis. Man må våge å tørre, og berre kaste seg ut i det, ellers skjer det ikkje så masse spennande - om det skjer noko i det heile tatt. Ingenting er umulig folkens:)

laurdag 14. juni 2008

Uten tittel

Har vore heime i Innvik sida søndag, og det kjennast ut som eg har vore der ei evigheit! Misforstå meg rett, det har vore kjempe godt å vore heime, og eg har verkeleg fått slappa av saman med min hærlege familie. Vore å gått tur og kikka på den fantastiske bygda, og berre hatt kvalitetstid og gode samtalar med das Eltern, die Scwester und das Bruder. No er eg tilbake igjen i Ålesund for nokre dagar, faktisk så skal eg i bryllaup i måra, det blir kjekt:) Så skal ned til Innvik på onsdag igjen - for da har mamma laga kake til meg:) Eg blir så flau når eg har bursdag eg, så det er bra eg bare er født ein gong, hadde ikkje orka hatt bursdag ein gong til pr. år!

Har vore med min kjekke vennegjeng i dag, vi har hatt vannkrig inne ((!) - unnskyld Olav), sloss litt og kost oss med pizza og ekte Sierra råning! Ein skikkelig kjekke gjeng som eg merka eg har savna masse berre desse få dagane eg har vore vekke frå dei. Korleis skal det no gå til hausten uten dei?? *snufs...tørke snørr på gensaren*
Men vi har no heile sommaren til å gå leie kvarandre på! Eg håpa vi blir skikkelig lei av kvarandre sånn at det ikkje blir vanskelig å reise herfrå... men det kjem vi nok ikkje til å bli, og det vil eg forresten ikkje heller! Takk for gode venna!! Amen!

tysdag 10. juni 2008

Noko som går i arv?


I dag har eg laga kake. Eg kan ikkje gje meg, må berre fortsette til eg har laga minst 4 gode kaker på rad. Tenkte eg skulle være snill og lage kake til lille søs var ferdig på skulen, og mamma kom heim frå jobb. Når Mirjam kom heim skulle eg til å ta på glasuren. Som ein liten prøvekanin måtte no ho smake den (eg er jo snill også da, men mest for å høyre om ho syns den var god). Joda, den var god den. Men eg sjølv var litt i tvil om den mangla ein liten ekstra smaks spiss. 
Eg tenkte eg skulle rådhøyre meg med Mirjam, men eg fekk fort bekrefta at kokke-kunstene både stoppa og begynte med mamma. 
Mirjam sitt forslag til kva som mangla i glasuren var løk!. Eg følte eg var ein "bakar" som kunne avkrefte at det mangla løk. Nei du store mi tid, etter tidlegare erfaring veit eg at det aldri er bra å kombinere 2 sorta grønsaker i kake.

søndag 8. juni 2008

Valaker støylen

No når det er ferie var det deilig å sette kursen heimover! Til mor, far, lille søss og lille brow. Kom fram til Innvik kl 1330, og då skulle familien opp på Valakerstøylen på ute gudsteneste. Det var varmt i været, og alt såg ut til at det skulle bli ein fin tur. Eg fekk låne nokre støvlar med 
mor, som var 2 nr forstore, og so farta vi med bilen opp til "Karistova" og gjekk derfrå.


Det begynte å regne då vi kom fram, og eg trur samtlige der oppe misunna pappa for den kvite varme kjolen. Til og med pappa syns det var litt drøyt med regnet slik at han skippa ein salme og gjekk rett på preika. Og joda, preika tok han på husken, for elles ville bibelen blitt gjennom blaut.

På tur heim for eg og Mirjam og sprang omkapp i alle myrene vi kunne sjå. Eg vant! hehe og nei, ikkje skyld på at eg er 10 år eldre, det innebære faktisk tyngre klede og tyngre støvla. Hehe. Mirjam gjekk med på at dette var sant. Seieren var gyldig.
Etter masse vatn i støvlane, og slitne bein, kom vi oss tilbake til kjære Innvik-huset. Det vart ein kjemp fin tur.
Du, forresten, trur ikkje du den orange sekken vart med på dinna turen her også?

Eg lurar deg med målaren min


Innleiing: Sist eg gjekk bensintom var det varmt i været, og eg kunne rett og slett ikkje skjønne kvifor det gjekk tomt, for eg meinte målaren ikkje var heilt på det tommaste. Folk lo bare av meg, Marita, klomsete Marita veit ikkje kordan ein skal lese av ein målar ein gong. "Jaja" tenkte eg, "det er vel kanskje sant, og sida eg gjekk tom, så bekrefta det faktisk at eg ikkje hadde peiling", så eg slo meg til ro med det.
Hovuddel Det var ganske varmt, og sjølv om eg visste eg hadde lite bensin på tanken så måtte eg bare ta å komme meg inn på moa. Bilen starta, og gjekk som berre det. Og faktisk så såg det ut som det var meir bensin no enn kva det hadde vore då eg parkerte sist. Eg fekk gjort frå meg ærenda, og når klokka nærma seg 1800 måtte vi fyke innover til byen, for eg skulle i utdritingslag 1815. Plutselig merka eg at gassen ikkje virka meir...det virka kjent, men eg huska ikkje frå koritd. So ser eg at lampene begynne å lyse, OH-NO, eg var gått tom for bensin. Vi stoppa 80 meter frå ein bensisnstasjon, og selfølgelig hadde eg berre kontanta, og det andre kortet var tomt for penga. Eg og Gunhild fekk ringt til Erlend slik at han fylte den grønne kanna mi , som eg har blitt veldig glad i. Vi kom oss tilslutt inn til byen.
Konklusjon Eg greie faktisk å lese av ein målar eg. Eg hadde rett! Bensin målaren stige på bilen når det er varmt ute! Heilt sant! Skikkelig lure bil eg har! Det er alltid når eg og Gunhild er saman at slike ting skjer. Kvar gong vi er saman, utan unntak. Men heller mange slike hendingar enn å være uten Gunhild:)

laurdag 7. juni 2008

Kasetten


I dag når eg skulle leit etter ein CD i ein pose med masse rart i, kom eg over den fyrste kasetten som Hilde Kristin kjøpte seg; Sandi Patty - find it on the wings. Eg tok den med meg og satte den i kasettspelaren, no som før er det alltid eit problem å finne ut kass veg kasetten eigentlig skal settast inn, men eg fekk det til. Eg måtte smile då eg såg kor kul kasetten var. Musikken begynte å spele, uvant at den ikkje begynte frå spor nr.1, men faktisk midt i ein song. Og eg var forundra over kor dårlig kvalitet den var i - men for ein fantastisk musikk, og kvaliteten hadde ikkje noko å seie, for kvaliteten på dei gode minnene frå 90-talet støymde på! Ditta var kjekt, og jammen om eg huska teksten etter alle dessa åra! Fantastisk kult!
Kasetten fekk spelt seg ut på den eine sida, og eg skvatt skikkelig då den bråkete "snu-kasetten-lyden" kom. Eg prøvde verkeleg å få den til å spele igjen med å snu kasetten og til og med prøvde eg å spole tilbake, men ingenting gjekk.
Jaja, nedtur å sette ein cd i boomblasteren...kasetta er skikkelig kult!

Ei kake - gulrotkake


I dag har eg laga den beste kaka eg nokon gong har laga...og tru meg - det er ikkje få gongar eg har prøvd å lage kake.
Dagen byrja kl 12.30 då eg vakna etter ein lang kveld frå dagen før. Fekk vaska opp litt før eg og Gunhild bestemte oss for å fare ut å bade. VI kikke først etter ein fin plass her - men det var tang over alt, så då fant vi ut at vi skulle fyke inn til Åsestranda. Med vel mot tok vi ein rulleskøyte kvar og hinka-rulla bortover vegen medan vi lo og nesten holdt på å tisse på oss. Nesten framma med sjukehuset skulle Gunhild stoppe i den ganske bratte bakken då ho hadde ganske stor fart. I eit ganske vellykka forsøk på å stoppe, trampa ho foten hardt i bakken medan foten med rulleskøyte fortsatta nedover. Eg såg ansiktsuttrykket hennar når ho snudde seg 180 grader rundt og landa i ei spagat-liknande stilling, og fekk seg eit flott skrubbmerke på kneet. Vi måtte sitte litt i grøfta å le før vi kom oss vidare. Etter å ha plukka masse blomster, fant vi ut at vi skulle lage kake. Gulrotkake. Ånei tenkte eg "No skal eg øydelegge endå ei..." men eg sa ingenting til Gunhild då eg fant ut at eg kunne skylde på ho om det ikkje gjekk så bra..men det gjekk veldig bra, eg og Gunhild er eit bra team! Kaka vart utrulig god! Vi pakka med oss kaka og joina gjengen som hadde samla seg i fjøra. Dei fekk kake til dessert, medan vi heldigvis hadde tome magar og kunne ete masse masse kake...mmMMmmMmmmm

fredag 6. juni 2008

The Challenge

Frå Forgjengeligeting: "Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv. I slutten av innlegget gjev du det videre til 6 andre personar og fører opp namna deira. Så legg du beskjed hos dei om at dei er tagga og ber dei lese din blogg. La personen som tagga deg vite det når du har lagt inn svar."

1: Hva gjorde du for 10 år siden?
Eg slite i grunnen med dårlig husk, men då var eg altså ca 12 år. Lillesøstra mi var då 2 år. Eg var i Innvik. Vi var nok ute i hagen og herja. So var eg ute å sparka fotball med brørne mine, og vi for sikkert å bada etterpå.

2: Nevn 5 ting du har/hadde på "gjøre-lista" di idag?
Ringe på hybel/leilighet i Stavanger
Pakke det meste av tinga mine ned i esker
Gå ut med søppla
Åh - det er jo ferie - eg vil ikkje gjere meir i dag!

3: Snack jeg liker??
Panda Lakris!!!
Nøtter
M & M's
Bamsemums

4: Ting jeg vil gjøre som milliardær??
Tiende, Betalt ned studielånet, kjøpt leilighet, gitt ein drøss til mamma, pappa og søsken. Reist til Afrika og bidratt med det eg hadde kunna.

5: Steder jeg har bodd?
Narvik - Innvik - Førde - Ålesund

Kven skal eg tagge? Alle har vel blitt tagga no... Prøva meg på disse:
Mirjam, Janneke, Gunhild, Olav, Frank og Hanne

Partay


I går hadde vi avslutning på skulen, møtte opp i finstasten og var klar for å ta bilde - masse bilde. Tilslutt såg eg ut som Wallace, jada riktig så fine bilder (dagens definisjon på fin: får andre til å le (masse) og føle seg utrulig fine).
Etter rose,kake og kaffi på skulen bar turen litt seinare på dagen inn på "Odd Fellow" der vi åt god mat og kosa oss i finstasten...Høghela sko i ein heil dag ekje det som er det beste her i verden (det trur eg kanskje er brosme...) og dei måtta tas av når eg skulle heim igjen - barbeint gjennom byen, livredd for å trakke på diverse krypdyr..grøss..etter vel 15 minutt gåande kom eg til bilen min og gleda meg til å gå heim å legge meg.
Men då kom det ein sånn derre SMS, Gunhild inviterte på bolla med sjokolade i...hellooo - kvifor ikkje? klokka var no ikkje meir enn 0245, Marita vart sulten...mmm nybaka bolla! Helen, Sandra, Gunhild, Erlend og Sigmund var ansvarlege for "bolle kalaset". So måtte vi heim å sove allemann. Etter fem minutt med kjøyring merka eg at eg var usedvanli trøtt, og eg kom på den kampanjen "sov i 15 minutt", men eg pressa meg sjølv til å være vaken til eg kom meg heim - og det funka. Når eg hadde lagt meg måtte eg etter ei stund sjå etter om eg hadde huska å tatt av meg skoa, for det kjentes ut som om dei pressa på beina enda...men eg rakk ikkje sjå etter før eg sovna - eg orka ikkje.

onsdag 4. juni 2008

Eksamen

Her sitte eg, tidlig på morningen, og av alle ting så skrive eg blogg. Men er ein våken så er ein våken. Kaffien frå i gårkveld gjer susen i dag også...venta berre på at den skal slutte å virke... Våkna med stress-syndromet i dag også, og trudde eg hadde lest so masse som eg har gjort til inga nytte, men heldigvis ikkje. Fekk fort i gang hjerterytmen og pulsen med andre ord!
Om 2 tima sitte eg å skrive på eksamen, eg håpa i allefall at eg skrive. Jo, eg må no få til noko. Det MÅ eg. Tenk om eg ikkje skrive? Tenk om eg ikkje kan skrive noko. JO eg SKAL skrive noko, for eg orkar ikkje å lese ditta stoffet ein gong til..ohh snart ferie. Gleda meg:)

Tenkte eg skulle meddele at eg er blitt solbrent mellom skulderblada. Hadde det ikkje vore for at det er så vondt å bevege henda i det heile tatt, skulle eg tatt eit bilete, men eg er redd huda skal sprekke (!!)...så eg lar det være med det...
Ellers så er eg høgst useriøs i dag...nei du, ha ein FIN dag!

tysdag 3. juni 2008

Pjuh


Eg vakna i dag og trudda klokka var 1500. Alt tilsa at klokka skulle være mykje meir enn den viste seg til å være:
1. Eg var LYS vaken
2. Kroppen inneholdt ei kraftig dose med "forsove seg" fenomenet, type "WÆÆ-stress"
3. Det var veldig veldig lyst ute
4. Sola skein som berre det
5. Og det var so utrulig varmt!!!

Men trass i mine 5 velbegrunna punkt var ikkje klokka meir enn 0815.
I lystig humør måtte eg smile då eg skjønte at det var siste dagen eg måtte stå opp for å lese, pugge, helsepolitikk, pedagogikk, psykologi, sosiologi og sosial antropologi.Eg trudde faktisk at eg skulle få mykje kunnskap ut av dinna dagen her. Men det som har vore tingen er at det har vore så utrulig varmt at eg har blitt heilt utslått. Ja faktisk. Det funka heller ikkje når eg var så varm at det slo over til ein kraftig fornemmelse av akutt og kronisk trøyttheit. Eg orka ikkje sove, senga var for varm, og eg måtte lese. Golvet? jo eg kunne lagt meg der, men det skulle vore støvsuga først...men det var for varmt til å støvsuge.
Eg for ut og avkjølte meg og vakna litt, men etter å gå opp 5 etg, slo det tilbake som det var.

Korleis veit eigentlig folk kor varm sola er? Når den er so varm som det blir påstått, då vil vel alt ta fyr/smelte om det nærma seg, dvs det går ikkje å måle temperaturen på sola...hmm mystisk

søndag 1. juni 2008

Alderdom


No desse dagane er det mange som gruar seg til vanskelige eksamensspørsmål, men det er seg slik at det kanskje ikkje er dei spørsmåla som viser seg å være dei værste.

Eg fekk spørsmål om kor gammal eg var no hinn dagen. Joda for min del er det ikkje noko gale å svare på det, so då skulle eg ta å gje dei eit svar.
Eg er....20. 21! 22? Nei, 20. Ehh...
Ditta her var pinelig skal eg sei deg. Eg hadde gløymt kor gammal eg var! Det var noko med 20 huska eg, men meir huska eg ikkje. Tilslutt måtte eg berre avbryte samtalen med å sei at eg var fødd i 86. 2008 minus 1986 = 22. Jo eg vart 22 år ditta året her.

Det er vel ikkje derfor kvinner er så redde for å få spørsmål om kor gamle dei er? Har dei rett og slett gløymt det, eller er det rett og slett fordi bursdagskaka ikkje innehelde like mange antall lys som antall år? Jo, eg trur det er derfor. Dessutan så har kvinnene meir enn nok med å halde orden på kor gamle alle rundt dei er og blir, og kass dato folk har bursdag på osv...eg derimot, eg huskar ingen av delane.

Future Burger


Du store mi tid, for noko rart. Eg har lenge tida lurt på kva den neste tingen som blir funne opp kjem til å bli, og i dag fekk eg svaret; hermetisert cheeseburger. Framtida? Er det litt sånn her den skal bli? Nei, då veit eg ikkje om eg har lyst å ete noko i framtida..
Har du høyrt noko so gale? Hermetisert Cheesburger, burger på boks. No er det seg faktisk slik at du kan ta med deg ein klar burger når du skal på fjelltur, til den kinesiske mur, eller rett og slett om du vil berre ha den til utstilling. Bildet ser no ikkje så gale ut, men eg lura på korleis burgeren med tilbehør blir sjåande ut etter nokre dagar eller månader (eg lura på kor lang holdbarhet det er på dei...) i boksen. Nei uff, men eg må nok sei at eg skal bestille ein slik, for jo, du kan bestille over nett, riktig nok får du den ikkje samme dagen då du bestilla den, men det gjer no ingenting, du får deg no ein opplevelse når den kjeme. Her er adressa om du vil ta å slenge inn ei bestilling, eller rett og slett berre smile litt (eller veldig veldig masse): www.trekking-mahlzeite.de

Facts

Forgjengeligeting utfordra meg på å svare på desse 5 spørsmåla:

Hvilket navn går du under?
Marita, Marra og pudding (sist nevnte av lillesøstra mi)

Tre ting som skremmer deg
Alt på størrelse mellom ein maur og ei mus, stå under åpen himmel når det blir fyrt av raketta og tilslutt; støvsugeren (fordi eg ikkje tør å drepe dyr som kjem seg inn i leiligheta, og då suge eg dei inn i støvsugaren. Selfølgelig blir det tapa godt igjen over holet slik at dei ikkje kjem seg ut...når eg skal tømme posen? Då ringe eg til bror min)

Nevn 3 ting du allerhelst har på deg
Ei dongeribukse i stort, mjukt stoff med strikk i beina. Øredobber. Hårklemmer.

Tre sannheter om deg selv
1. Eg digga å vaske gulv, men kan ikkje fordra å støvsuge
2. Eg har jobba 3 år på blomsterbutikk
3. Eg har representert alle studia på høgskulen, faktisk:)

Nevn 3 ting du gjerne vil ha
Ein jobb i Stavanger, ubetinga tilgang på Ecualyptus Extra, MELK !