måndag 16. juni 2008

Flyttelasset


Etter å ha henta alle tinga mine frå boda rett ut i gongen, og tatt og spredt alle tinga mine til alle vindar utover golvet og der det var plass eller ikkje plass, fekk eg stua mange av tinga ned i esker, og no ser her forbausande nok ryddig ut!!
Men det som er like forbausande kvar gong eg flyttar, er at det blir så utrulig mange ting plutselig! Kvar ein gong tenker eg at eg får med meg alle tinga på ein kjøyretur, men eg tar bestandig feil. Eg har faktisk hatt mykje betre skapplass enn eg trudde...Måtte kjøyre litt flyttelass inn til bror min, ettersom eg skal bu med han i halv anna månad i sommar. Men det er fole (veldig) vanskelig å skulle pakke ned i 3 kategoriar. 1: Skal til Stavanger 2. Skal til Innvik, som eg ikkje får bruk for i Stavanger. 3.Skal være på hybelen her i Ålesund, og skal til Stavanger etter det. Men det går på eit vis:) Tenkte eg skulle ta meg ein rask(!) bil tur til Innvik i måra, slik at eg fekk tømt bilen, den er nemmleg så full at det ser ut som eg har senka den...dessutan er det like greitt å ta det i måra, kvifot utsette det endå ein dag?? Eg lura forresten på kor fort det går oppover fjella i måra...menmen så lenge det går, så skal eg ikkje klage:) Eg er takknemleg for bilen min:) - som eg forresten skal gje vidare i ætta når eg flyttar (Kjetil) :) LUckY YOu BoY

Mange lurar forresten på om eg har fått meg jobb i Stavanger sida eg skal ned dit. Svaret er faktisk nei. Eg har ikkje fått meg jobb der. Men det vil ordne seg på eit vis. Man må våge å tørre, og berre kaste seg ut i det, ellers skjer det ikkje så masse spennande - om det skjer noko i det heile tatt. Ingenting er umulig folkens:)

Ingen kommentarer: