laurdag 29. november 2008

God jul?


Dagen starta med at eg våkna i panikk då eg hadde gløymt å trykke inn alarmen på klokka. Eg var rett og slett så trøytt då klokka ringte første gongen at eg bare rakk å trykke inn dei to første tala på klokka...lurt!
I racerbilfart fekk eg trødd meg innover til cafeen der eg skulle starte dagen med ein stk kopp julekaffi med godt selskap. Jess eg kom meg fram, og vi hadde det veldig trivelig, men med eitt var det som om vi var langt inne i eventyrland. For plutselig var "HeksaHvit" der, ho fra Narnia! Wæææ, no laga ho oss om til stein tenkte eg og lurte på om eg skulle kaste meg ned på golvet for å søke dekning, men eg fant ut at eg skulle sitte heilt stille for å prøve å unngå å dra oppmerksomhet mot meg. Etter eg hadde sett litt på ho, og panikken hadde sleppt taket i kroppen min, slappa også musklane i øregangane av sånn at det på ny kunne komme lyd inn i øret, la eg merke til at det var ei type "juledame" i wannabe HeksaHvit kjole. Eg var no litt redd, og kanskje mest flau og prøvde å drikke litt av den kalde kaffien min...heldigvis gjekk ho.
Like etter det var over kom den avskyelige snømannen og tvingte oss til å ete Marshmellows, eg turte ikkje sjå på han. Han var så stor og skummel. Musklane i ørekanalen var igjen så anspente at lyden ikkje slapp inn, men da han såg på meg hørte eg han sa etteller anna med ein fryseboks! Hadde han tenkt å stenge meg inn i ein fryseboks? Sette hengelås på og rømme landet? Hjelpe meg. Hadde ikkje kaffien vore kald så hadde eg kasta den på han i håp om at han skulle smelte...men eg var paralysert, klarte ikkje gjer nåke anna enn å rødme. Tida var blitt masse, og misforstå meg rett når eg seie at eg var litt letta då vi skulle bryte opp og kome oss vekk frå senteret...eg orka ikkje fleire sånne skikkelsa!!GOd jul sa HeksaHvit og den avskyelige snømannen, jadda, as if det blir ei god jul når ikkje folk for sove lenger om nettene!!!!

onsdag 26. november 2008

I will indeed do what you have asked, for I look favorably on you, and I know you by name. I will make all my goodness pass before you, and I will call out my name, Yahweh, before you. For I will show mercy to anyone I choose, and I will show compassion to anyone I choose.

tysdag 25. november 2008

Svar fra Freia

Svar på mailen som eg sendte til Freia ang NonStop:

Hei på deg og takk for henvendelsen. Jo du har rett, rød smaker bringebær, gul smaker siron, orange smaker appelsin og grøn smaker annanas, underlig nok viss man tenker farge... Brun og sort smaker kun sjokale og vanniljesukker.Disse NonStopen er de som har base i mørk sjokolade. Det vil si mørk sjokoladekjerne. Den andre som har melkesjokolade kjerne og andre farger smaker ikke forskjellig. Det er kanskje den det forveksles med?
Smaksprøver kan vi dessverre ikke sende.


Hmm det som egentlig e mest skuffande med ditta svaret her e faktisk ikkje det at dei ikkje sende ut smaksprøve...men det faktum at den røde visstnok skal smake bringebær og at den grønne skal smake ananas...eg e faktisk litt skuffa over at eg i det heile tatt sendte mailen når eg endelig finne ut at dei skal smake nåke som dei ikkje smaka som...

måndag 24. november 2008

NonStop


Rett og slett fordi eg har nåkke NonStop ståande på rommet, og fordi eg veit at så mange folk går i uvisshet, har eg skreve ein mail til Freia som tar opp eit kjent problem blant mange intetanande individ her rundt om kring i Norge...eg skal legge ut svar når det forekommer!

Kjære Kjære Freia sjokoladeproduserande fabrikk!!

Nå tror jeg faktisk tiden er inne for litt rådgivning fra ekte sjokoladefolk!
Håper dere kan hjelpe meg når jeg legger frem innholdet i denne mailen.

Her skal dere høre: Etter mange diskusjoner og påfølgende frustrasjon blant meg og folk i nærmiljøet, måtte jeg ty til faglig hjelp. Diskusjonen gjelder rundt den geniale NonStop'en.

De såkalte "sjokoladekjennerne" i miljøet rundt meg påstår at NonStop'en ikke smaker noe forskjellig selv om de har ulik farge.
Jeg, som er en sjokoladekjenner på høgt nivå, og har godt utviklede smaksløker kjenner godt at NonStop'en har forskjellige smaker. Min favoritt: rød og grønn!! Namnamnam, mens den brune ikke er fult så god. Men det ender somregel (alltid) opp med at jeg spiser denne også.

Så mitt spm er kortfortalt:
Er det forskjellige smaker på NonStop?
Kan jeg få tilstendt 6-7-8 pakker slik at jeg kan bevise for de såkalte "sjokoladkjennerne" at jeg har rett? (eller kanskje jeg spiser dem alle selv...)

Tusen takk for hjelpen alle mann og piker og damer og herrer!

Mvh.

Marita Runde
Stavanger

Nattevaktlivet

Åh, no har eg jobba siste nattavakta på ei stund, no skal eg nyte et "normalt" liv i ca 1 veke før eg skal på neste vakt.

Livet mitt som nattevakt:
2145-0730 jobb
0730-0800 gåtur heim
0800-0830 slappe av før søv
0830-1559 søvn
1559-1601 WÆæææÆÆ panikken inntar meg då klokka ringe
1601-1615 prøva å få til å sjå våken ut
1615-1630 har gitt opp forsøket på å sjå våken ut
1630-1700 mat og melk
1700-2100 et ønske om å være sosial, MEN må sjå på klokka heiletida...e kl 21 no?
2100-2130 gåtur til jobben
2130-2145 skifte til uniform og bli klar til rapporten

jess ditta her e mitt liv som nattevakt. Jeey. Men jobben e hærlige greier!

onsdag 19. november 2008

Kile


I dag kjørte eg og Gunhild forbi Kile, så då måtte vi rett og slett stoppe og gjere nettopp det - kile kvarandre. For første gong i livet kan eg vel bokstavelig talt sei; "been there, done that!"

tysdag 18. november 2008

Norges verste veg


Eg og Gunhild har det privilegiet å oppleve masse forskjellig sammen. Som foreksempel i dag har vi kjøyrt på norges verste veg sammen! Olden-Innvik, riksveg 60. Jada gjett om vi takla det bra da!! Eg, sjåføren, takla det meste av utfordringa - ingenting e umulig har eg hørt rykte om!! Og det trur eg på =0)

100 daga


Endelig har eg fått komt meg tilbake til Ålesund og møtt mine kjære kjære flotte venna! Åh kor eg har savna dei alle sammen, nåke som eg kjente ekstra godt når eg såg dei igjen! Når vi hadde mingla ei lita stund på høgskulen og ete litt der, så sa dissa folka at dei hadde kake til meg heime med ei av dei. Eg trudde dei tulla og vart med dei småskeptisk (små=veldi) som eg va. Dei var alle litt fulle av flir, kanskje mest fordi eg var så skeptisk, men vi kom oss opp i leiligheta der dei fekk dradd ei kakeeske ut av kjøleskapet. Ei form for avansert bakerieske, som inneholdt ei kake som lukta veldig godt. Eg satte skeia i kaka og venta diskre til dei andre hadde ete av den først, så kunne eg smake.
Wow, faktisk så hadde dei kjøpt ei 100-dagers kake til meg, og dei hadde ikkje gjort nåke med den, kaka var "normal"!! Eg vart så gla eg! Snille folka! Berre synd at besøket vart så kort, men neste gong skal vi ha masse tid sammen, då e det tid for "marita laga middag til dokke ei heil veke"!! Heheh berre gled dokke :)
(eg trenge øvinga)

måndag 10. november 2008

Besøk frå Oslo


I dag fekk eg besøk av ho Hanne, kjære Hanne. Vi to e ein bra match! Hanne og meg. Vi to. Eg og ho altså.
Dagen begynte med ein kaffi i den fargesprakande gata midt i Stavanger city, og siden koffein har ein oppkvikkande virkning var det nettopp ditta her som skjedde med oss. Ideane myldra fram for kva vi skulle fordrive dagen med, og faktisk så fordreiv (?) vi dagen på ein utrulig bra måte! Etter evig mange skritt i byen fant vi ut at vi hadde bidratt med nok nedsliting av brusteinen, og traska heimover.
Husmorobjekta imponerte med heimelaga pizza som vart ufattelig god. Vi hadde hakka nåke løk til pizzaen, og eg var litt forkjøla sånn at nasa rannt litt - det hadde nesten igenting å gjere med det at vi såg "Walk the line" som satte igang dinna væskeutskillinga frå haudet...Når filmen vart ferdig og augene fekk tørka seg litt la vi merke til at det var stjerneklart ute, så då måtte vi rett og slett ta oss ein liten midnattstur. Turen gjekk opp på Ullahaugstårenet der vi sto å speida utover byen (eg trur det var byen vi såg på) i ei god stund.

måndag 3. november 2008

Mirjam og Tanja

Mirjam bestemte seg for å kle ut hunden sin...då må selfølgelig alt undertøy også på...

æsj...kor utrulig nasty!


Stakkars Tanja...ser ut som ho drite...drit stygt!

Oki, ditta her måtte eg rett og slett berre ta å publisere på web'en! Sjå på ditta her då!
....Eg LER!!! Men det er jo sånn folka gjer med hundane sine no då...kanskje eg skal kjøpe ei barnevogn sånn at ho kan fare på trilletur med hunden også? Såg faktisk på tv at det finst "barnevogn" for hundar no....verden e gal folkens!

Turnusmøte

I dag blir det avgjort, ken som skal jobbe på julafta...ojojojoj ditta her blir artig (eller ikkje) å sjå !
Den stygge mistanken min seie at eg ikkje kjem til å glede meg så masse...menmen då får eg kanskje feire jul i Kr.Sand med slekta for første gong...eller kanskje feire jul heilt aleine?