torsdag 31. januar 2008

PP's middagstips


Det er alltid like kjekt å ete spagetti sammen med familien…men hmm kva var det eigentlig Landstrykaren gjorde då han ba Lady ut på spagetti middag?? For all del, ein italiens restaurant med levande lys og kvit og rød stripete duk er jo berre heilt fantastisk romantisk(!!!!!) og spagetti er nydelig godt (av og til) men du store mi tid, det er vel ingen grunn til å ete det når ein går ut på date!! For min egen del så blir eg ganske så flau om maten slenge rundt munnen og sausen festar seg på alt i omkrets frå munnen og heiltopp til panna. Dessuten så er det svært få mennesker som greier å holde maska om den eine får ein spagetti med saus slengt langt nedover halse, og eg reknar med at alle kjennar til effekta av tyngdekrafta og i kass retning sausen vil renne om ein spagetti henge dinglande… resultatet blir ofte ein rød flekk, nei - opptil fleire røde flekkar på kleda, og i ansiktet då du heilt desperat prøvar å sluke i deg den falne spagettien før den grisar til genseren, men lite tenkar ein på at den vil slenge litt rundt om kring i ansiktet før den omsider har nådd sin ende og kjem heilt inn i munnen… Og endå flauare er det om den andre parten får masse saus rundt munnen, skal du tørre å sei i frå, korleis skal du seie det? Og så endar det med at du begynne å tørke deg febrilsk rundt munnen din sjølv for å gje eit ”skjult hint” til den andre parten om griseriet rundt munnen.
Han PP (Pappa Prest) har eg no fått eit veldig festelig bilete av. Det ser rett og slett ut som om han prøvar å sniffe inn spagettien, eller at han studerar nøye kass krydder det er brukt, men det er feil begge delar. Han ete faktisk, han har faktisk berre funne ut ein måte å ete på for å unngå å søle på skjorta si…kanskje fleire medlemma i familien skulle tatt til seg dinna lærdommen her? Men eg kan ikkje skryte på meg at han sit slik under heile middagen…
dessutan så lurar eg på kor mange utav Noregs befolkning som eige, eller har drukke av slike glas som det er på biletet? Det trur eg jammen er mange!!For der eg har vore på besøk i øst, vest, sør og nord, der har det vore slike glas.

onsdag 30. januar 2008

Catwalk



I dag har vi kledd ut Paazan. Joda han vart riktig så fin skal eg seie deg, sjølv om han ikkje var den som viste seg som den beste catwalkaren. Dessutan vart han ganske sur, eg har aldri høyrt han mjaue så surt og så sint før. Og det er bra eg ikkje har høyrt før, for eg vart så redd han skulle angripe meg…

tysdag 29. januar 2008

Egg har det bra?


Eg har det som plomma i egget” seiast det…men er det nokon garanti for at dinna setninga her kan bety at ein har det godt?
Lat meg no sjå? Plomma er altså den gule bestanddelen av egget. Den ligg ca midt i egget, omrigna av eggekvita, som ikkje blir kvit før den blir kokt eller stekt – alikavel heite den eggekvite, den er i lik konsistens som glassmaneten, gjennomsiktig, med det engelske namnet ”jellyfish”.
Rundt den gule delen og den gjennomsiktige delen er det ei tynn hinne, og utenpå det er det eit tynt lag med kvitt skal (om du ikkje har malt på det då, slik som ein gjer i påska, dessutan er det av og til det er hønebæsj utan på…) Det er kva eit egg er – om du var i tvil. Om du fortsatt er i tvil, så kan du google det på ”www.google.com
Men;eg har det som plomma i egget?” Eg har det som den gule klissete greia, omringa av noko seigt gjennomsiktig greie med noko som kan sjå ut som ein navlestreng og ei blodåre, trangt er det og, og dessutan så er det ingen som veit om eggeplomma har klaustrofobi. Det er ingen plass den kan gå, berre prøve å bevege seg litt fram og tilbake…men det er fysisk krevjande, og psykisk, du kjem deg jo ingen veg, pluss at eggekvita med glassmanet konsistens er tung å symje i. Dessutan er egget plassert i eit kaldt mørkt kjøleskap (om det virkar då), og når det blir tatt ut av kjøleskapet, er det nokon som knusar skalet før dei skal ete det på ein eller anna måte… Nei, eg ville aldri vore plomma i egget, eg ville ikkje hatt det godt om eg hadde vore plomma i egget, antar eg. Egg har det bra som mennesket.

søndag 27. januar 2008

Eg veit liksom ikkje heilt ka eg kan skrive, for første gong i historia, så er Marita tom for ord. Tom.

laurdag 26. januar 2008

Levande døde, eller døde levande?


Då e eg i full rulle med å skrive bachelor oppgåva. Ei oppgåve som har ord på seg for å være så vanskelig, og så ufattelig stor. Jo, den er jo på 10.000 ord, så det er jo ei stor oppgåve, men eg kunne ønske den var dobbelt så stor. Eg skrive om nydiagnotisert, uhelbredelig kreft, eit utrulig interessant tema som eg som sjukepleiar alltids kjem til å måtte møte. Derfor – koffer ikkje forberede meg til den gongen no? Visste du forresten at over 20.000 menneske blir ramma av kreft, kvart år? Og at ein reknar med at 1/3 av menneska vil få ein eller anna form for dinna sjukdommen i løpet av livet?

Eg lura på om eg kjem til å gå vidare på kreftsjukepleie studie etter 2 år med jobbing, men tida vil vise. Nei, off for eit forferdelig yrke e det mange som tenke, stakkars dei som vel å eit slikt yrke og all den elendigheita dei måtte måte, men hmm er det synd på sjukepleiaren som vel yrket, eller pasienten som får diagnosen?
I møte med ulike pasientar så har eg aldri møtt nokon som er så levande som døyande pasientar. Og det som gjer stort inntrykk på meg er deira pågangsmot, og deira kamp vidare, kampen som vil fortsette kvar dag. Sjølv om det er usikker om korleis den neste dagen vil bli – om den kjem i det heile tatt.
Tenk litt på det, leve du livet? Eller gir du opp når du møta motstand?

Stearinlys


Hurra, i dag gjekk straumen!! Det er alltid så kjekt når straumen går –flash back frå barndommen då vi hadde tent masse stearinlys og bar med oss lysestaka om vi skulle gå frå den eine plassen til den andre...Men kor straumen gjekk, eller sprang veit eg ikkje, det trur eg faktisk ingen veit, men han for i allefall her i frå. Kanskje han syns det blei så skummelt og mørkt når han skulle gå at han for å gjøymte seg? Ja, det trur eg! 
Egentlig skulle folk bli litt gla når strømmen for(...å gjømte seg), fordi folk klaga over at strømmen er dyr, så då fekk dei faktisk spart litt penga i dag og! Og i strømlause perioda er det bra å være student! hehe
Ingen fare her i huset, for kloke Marita har frå morningen av hatt sterarinlys brennande. Altså, det har vært fyr på tråden, kveiken, i lyset, heile lyset har ikkje brent, for då trur eg brannalarmen ville gått (kor då?), og så ville resten av huset forsvunne og…og det var jo bra ikkje skjedde.
Men plutselig vart det så svi lukt her inne, og det vart veldig lyst. Eg snudde meg og der står katten i full fyr!!Oppe i eine stolen. Du store! I mangel på noko anna væske tilgjengelig måtte eg ta flaska med rå-saft å helle over han, så resten av kvelden må eg vaske golv, og tak, og sikkert kle om dinna stolen igjen…menmen man må være positiv – det heile kunne vore verre om det faktisk hadde skjedd og at eg ikkje satt her og tulla…God helg!!

fredag 25. januar 2008

<3 Bilen min <3

Nåkken tanka om BILEN, min kjære FORD Sierra frå 1985:
Bilen fekk navnet (hold deg fast) Bård Frode, då begge navna likna og hørtes ut som Ford ( eg velge av ulike grunna å ikkje legge ut bilde på ditta innlegget her....)

Vil han starte i dag? Han virka jo i går, gjekk framover og det gjekk jammen an å rygge også!
Hadde eg lite bensin på tanken i går? Eg veit ikkje, eg vart så glad når eg kom meg dit eg skulle at eg glømte å sjå på bensin målaren…Av en eller anna grunn så pårvirka det motoren om eg ikkje har bensin på tanken…rart

Får eg opp førar døra? Dei tre andre dørene er det jo noko galt med. Vil eg komme meg inn i bilen sånn at eg får start på den??

No har det gått 1 dag siden eg kjørte den sist...trur du at du får start Marita? Han har alldeles ikkje godt av å stå i ro så lenge, for nåke gale kan skje sånn at eg ikkje får start…motoren og det som skal bevege seg der kan ruste fast sånn at eg ikkje får start…

Å der er bilen jo! Den er like heil enda…nei vent litt, off jaja der har det komt enda meir rust! Eg grua meg til neste gang eg skal skifte dekk – jekken kjem til å gå igjennom skroget… Nei, stopp ein halv, den rust flekken har vært der alldeles lenge, den har bare skifta fasong – ingen fare – ingen fare! Null nye rustflekka, berre litt forandringa. Og forandring fryda jo – ikkje sant? Sei det er sant!!Håpa det ikkje har rusta inne i der eg skal ta nøkkelen inn, trur du at du får start i dag Marita?

No har eg skrapt frontruta for all isen og rimet…bakruta går ikkje an å skrape, for der er isen limt på – trur eg. Dessutan så har eg alltid dårlig tid når det har ist på bilen min… Ånei, bilen er jo heilt dogga inni…trur du at du får start på bilen når det er så kaldt ute Marita?? Eg sette meg inn i bilen og starta Bård Frode og sette vifta på fullt. Nei og nei, det er ikkje dogg, det er fryst på innsida av ruta og…eg får tatt fram den gule og grønne skrapa mi og begynne å skrape inne på frontruta, og all frosten treffe meg i ansiktet siden vifta står på… Når det er gjort så kjeme doggen, då må eg vente enda litt til før eg kan kjøre…

Ånei, det begynne å regne…tenk om vindusviskerane ikkje virka i dag!!Får eg i det heile start på bilen når det regna?? Eg trykke ned dinna spaken, og smila bredt når vindusviskerane bevega seg!! Men så går dei berre halvegs opp på ruta og blir ståande stille, i det fjerne kan eg høre koran viske motoren jobba….g må ut for å fikse litt på motoren…stripse litt og sånn… Får eg start på bilen etter eg har vore å gravd i motoren med volum på 2 liter?

Før eg kjem meg opp på vegen, så kvelast bilen av seg sjølv ein 3-4 gongar. Og nei, eg gjer ingenting, Bård Frode er litt sånn rar av og til…spes når eg kjem til rundkjøringa og svinga, for da lika han å skru seg av…Får eg start etterpå han har skrudd seg av?? Tenk om eg blir ståande midt i rundkjøringa??

Når eg har kjørt i 3 timar kan eg kjenne det er blitt litt lunk i bilen. Men vifta virka ikkje på varmt stille, det er varmen frå kroppen som har varma opp lufta…Det blir ekstra kaldt når eg kjøra i nedover bakka, for då må ikkje motoren jobbe så masse…i oppoverbakka blir eg ganske varm fordi eg må veksle så ofte mellom 3 og 4 giren. Fått farta opp i 60km i 3 giren, så må eg gire til 4 gir. Når eg har gjort det så dette farta ned til 50, og då må eg gire til 3 gir igjen… DEJAVU, eller ka det no heite… Får eg start på bilen etter at eg ha stoppa han etter dinna kjøyringa her? Tenk om han blir utmatta?

Eg prøva å skru opp lyden på cd – spelaren, eg håpa bilen ikkje kortslutta!! Men istede for at lyden blir høgare, så blir den lavare. Faktisk så lav at eg har problem med å høyre noko som helst. Ka i alle dagar?? Dessuten bråkar bilen sånn at eg berre høyra ka teksten på sangane er når eg berre har tenninga på….eller kass song som i det heile tatt blir spelt…

Du store mi tid, e det så stygge vinterdekk eg har??
Nei du store, eg hadde nesten glømt at bensinlokket var så grønt!
Ooops. No har eg kjørt med handbrekket på heile vegen heim…kass dritt handbrekk er det eg har? Det virka jo ikkje!!

torsdag 24. januar 2008

Apropo litt sånn forskjellig egentlig

For ein effektiv dag det har vore i dag! Når eg sto opp så fekk eg så utrulig lyst til å vaske og rydde heile hybelen! Og når eg vaska, då skal eg love deg at eg vaska! Og for at eg skal få alt skikkelig reint, så må eg jo flytte på alle tinga, då meina eg ALLE tinga! SÅ rett som det var ommøblerte eg heile hybelen! Stakkars naboen – han syns at eg bråka litt (ganske) masse, og har hørt at eg har ommøblert fleire gongar…offa meg, håpa berre han var på skulen i dag!!

Dessutan så seie eg "ombelert" – ikkje "ommøblert". Det er liksom litt kulare, og mykje enklare å seie. Men apropo ryddig, vasking og ombelering, så må eg få sagt det at eg syns det er riktig så kjekt å vaske golvet! Det er noko med det å sjå at det blir vått der du har dradd over moppen, og lukta …mmm lukta av Ajax universal er noko av det beste dinna nasa mi kan dra inn! Nei, eg er ikkje avhengig, og eg sniffar ikkje, men det er nesten like før!!!
Ta å vask munnen din med såpe” er eit uttrykk, det er jo nesten sånn at eg har lyst å prøve det med dinna Ajax’en, men fornufta har sagt nei til no…kanskje ein gong den seie ja? Men seriøst, vask munnen med såpe? Såpa er ganske strek så det kan jo hende at den blir så sterk at den etsa vekk emaljen, og då blir det jo hull, og hull er ikkje bra (hull i osten er bra, og hull i sokken er bra – for hadde det ikkje vore det så hadde du ikkje fått den på deg…) Koffer ikkje seie ”gå å puss tenna dine med ein sterk tannkrem sånn at det svir på tunga di”, i staden for å oppfordre folk til å ta såpe i munnen?
Nei og nei, dessutan så er det mange tannlegar og tannpleiarane som klaga over at det er for dårlig tannpuss, kanskje det har ein samanheng med at folk har fått eit styggare ordforråd og at ein kanskje brukar ”vask munnen din med såpe” for hyppig – eller i det heile tatt?! Tenk over det du!
Aprop ting som ikkje er så bra å putte i munne, så har eg utrulig lyst til å ete kattemat. Sånn med saus på…mm det luktar så godt! Men nei, eg skal la katten få ha det i fred. Og apropo dumme ting å gjere: eg har SÅ lyst til å fare til Rjukan og hoppe i strikk!! Åhh det hadde vore heilt rått!! Det skal eg gjere, om det er nokon som blir med selfølgelig!

Forresten, apropo tenner; koffer e det sånn at eg alltid sit med ein dårlig samvittighet når eg set meg i dinna tannlege stolen( det heite jo ikkje tannlege stol, for tannlegen sit i ein anna stol)? Eg har ikkje hull, men alikavel så får eg dårlig samvittighet når dei begynne å spør om fluor og ditt og datt. Du veit det blir sagt når du gløyme ka du skal seie at ”eg har det på tunga..”, faktisk så følast det ut som om tannpusse-referatet, og lista over usunne matvarer frå sist tannlege besøk er skreve på tunga…off…
Det same med frisøren, eg blir no flau når eg går dit. Er det lenge sida du har klypt deg? Bruka du hårkur? Har du (ein skikkelig dyr, masse pengar dyr, ikkje dyr som i katt og hund (jaja det kan være det og om det er snakk om katt og hund med stamtavle og om det er rase dyr)shampoo (visste du at sjampo er den riktige måten å skrive shampoo på?)? Off nei, eg lika det ikkje folkens! Frisøra og tannlega altså!

onsdag 23. januar 2008

Vår-regn skal komme


I dag våkna eg på ein skikkelig frisk måte! Joda- eg er frisk, men på ein anna frisk måte....
Eg har senga ståande inn-under vinduet i skråtaket mitt...eg hørte i det fjerne at regnet begynte å tromme (uten trommestikker) på vinduet mitt, og så begynte det å blåse nåke kraftig...vinduet opna seg meir og meir, og etter ei stund så kjente eg regndråpane treffe ansiktet mitt..åhh det var skikkelig godt!
Eg lika regn! Regn på paraply lyd - hærlig!
Gå barbeint om sommaren når det regna, og det blir luktande litt sånn varm-kald asfalt..mmm me lik,e me like! Eg e klar for sommaren - sove under open himmel (når er den lukka forresten?? For når himmelen er lukka då burde det jo egentlig bety at det ikkje regna, og open himmel burde bety at det regna..jaja..), store regn dråpa!! åhh det er så hærlig!! Visst skal våren komme, visst skal våren bli ny!!
Har vore ein tur på Emblem i dag, utrulig bra møte. Jer 29:11-13.

tysdag 22. januar 2008

Askepott - analysen


I mange år – faktisk nesten heile livet har eg leita etter DVD’en med Askepott fra Walt Disney. Og der, der såg eg den, sjølv om det er 2 år siden eg fant den, så kjenne eg gleda i meg endå!! Eg har aldri hatt det så fint når eg har kjøpt ein ting før! Hehe
Her om dagen satt eg DVD’en på. Har ikkje sett på tv eller film på kjempe lenge! Det er liksom noko det å berre sette seg ned, slappe av og berre glane på skjermen utan å måtte tenke noko særlig…
Men nokre tankar blir eg no alltids sittande å gruble over…
Glasskoen. Utrulig flott kjole og flotte sko, men off ein glassko? Tenke seg til kor ubehagelig det må være å gå i dei! Klamt, kaldt, tåsefis og tungt å løfte foten, pluss at ein må være riktig så forsiktig med kor ein trakka og kor hardt en setter foten ned… Dei dansa no så lett på tå ut på balkongen under den klare himmelen, men tenk om prinsen hadde trakka ho på tåa? Skoa kunne jo ha knust – og då ville det plutselig ikkje vore så kjekt å være den personen som hadde på seg glasskoen, heller ikkje prinsen, for då måtte han ha plukka ut masse glassbita frå foten til Askepott. Blodsmitte!?!! Jaja
Eg kan no og sjønne at dinna drømmen ikkje varte lenger enn til midnatt. Ho hadde sikkert ikkje holdt ut å gå med skoa lenger enn det..sikkert derfor ho mista skoen i trappa og…ho hadde så vondt at ho bare måtte sparke av seg skoen for å kunne springe fortare… Og når dei ridderane skal ta ho igjen – off dei har jo verdens skumlaste hesta med røde auge som skal finne ho – ikkje rart at det vart fart på den vogna Askepott satt oppi. Ditta her e no ingen måte å fange ei jente sitt hjerte på vel?? Stakkars Askepott!!

3 nøtter til askepott…kordan greidde ho å lage seg til på håret i så full fart? Og kordan i alle dagar fekk ho alt håret til å bli værande under den lille hatten som ho hadde på seg då ho skulle ut å skyte ein hauk?? Filmtriks? Nei, trur nok ikkje dei hadde det på den tida.
Dessutan så ete duene dissa bønnene og linsene, filmen er berre spolt tilbake… berre legg merke til det neste gong du ser den. Når ho har gjømt seg opp i treet og ikkje prinsen kan finne ho – kvifor går ikkje han rundt på andre sida av treet og ser opp? Då hadde han sikkert sett ho… Fekk Askepott straff etter at ho hadde kosta stova full i aske?
Ho seie ”alt jeg har er Jorasjekk
*ugla: uhh uhh*
nei, vent, jeg har meir – hasselnøttene…”men kva med den kvite rose greia ho satt og strauk på rett før? Var ikkje den hennar?
Kven er det prinsen ber opp til dans? Er det egentlig ho i den orange kjolen, eller er det ho ste-søstra til Askepott? Han stoppa nærmare ho orange dama…
"Jorasjekk, hvem har lagt sadelen på deg?"...så ser ho bort på ugla som blunda med augene...men seriøst, ken var det som la salen på hesten? Ikkje ugla iallefall, for den satt der no heile tida..
Ste-mora til Askepott er mest sannsynlig den kvinna som inspirerte nokon til å lage ”Batman”…seriøst den kvite falggermus hatten e ikkje noko særlig å gå med på ball.
Kvifor vart ikkje skoen våt når dei datt ned i dinna store dammen? Eller pressa han ein våt sko på Askepott sin fot?
…Og eit bryllup – etter nesten kun å ha svart askepott på følgande 3 spørsmål:
men ingen skorsteinsfeier?
Hatt med fjær, bue og pil – men ingen jeger?
..men ingen prinsessse – hvem er det?
(”askepott, askepott, vår Askepott”
…mange hattar i lufta…”og min også, om du vil ha meg da”…*blikk og latter* ”bryllup, nå blir det bryllup”…*musikk*)
Joda, eg må nok innrømme at eg har sett Askepott eit par gonga…og no, no skal eg sjå Askepott 2!!

måndag 21. januar 2008

Bomull på antarktis


Etter ein utrulig bra kveld for meg sjølv i går så måtte noko skjere seg i dag. Og det begynte allerede FØR klokka ringte. Katten mjaua som om han skulle hatt kugalskap! Og eg kjente at tolmodigheita mi sakte men sikkert rant ut...(korlei kan tolmodigheita renne ut?)..men når eg fant ut at han ikkje ville slutte, så vart eg ganske glad egentlig, for då vart det ikkje eit problem å stå opp kl 7 alikavel... (sjølv om eg låg til kl 0730). Så for turen vidare til Fagerli-hallen der eg skulle stå på stand...
Eg har jammen målt mange blodtrykk i dag! Du store mi tid , kor stor den enn måtte være! Har eg ikkje kunne målt blodtrykk før så skal eg no heller aldri gløyme det etter i dag. Men eg må sei at verdiane var veldig bra, ingen som lidde av aterosklerose obliterans som det heite på fint - ikkje som verdiane viste i allefall!
Når eg kom heim begynte katten og mjaue igjen. Etter å ha tenkt kordan eg kunne ta "hevn" så fant eg ut at idag var dagen for å dusje katten!!! Ohh jess- det gjorde godt! Så då fekk eg dusja katten. Men han såg ut til å like det...litt nedtur egentlig...
Dagen i dag har vore ganske så spennande, faktisk så spennande at ein brannbil og ein politibil har kjørt under meg. Ja under meg, underkjørt (ikkje underskjørt) og ikkje overkjørt(ikkje overskjørt kva no enn det måtte være). (Nei ditta var for masse kjørt - skjørt ord)
Du sjønna - eg sto på ei bru mens dei kjørte med diskolysa på toppen av bilen på det fortaste og kulaste stadiet, det er jammen ikkje kvar dag ein står over(!) slike saker.
Ellers så har eg og Janneke vore på ein forfriskande gåtur og kjent kordan kinna våra har blitt gode (betre) og rød sprengte av den friske lufta. Det interessante var vel egentlig at vi prøvde å komme oss ned til sjøen på ein måte, men uansett kor og kordan (!!!) vi gjekk, så endte vi opp på den plassen vi begynte på...vi gjekk i ring...jaja sånn kan det gå når ingen av oss har retningssans...bare bra at vi kom oss heim begge to etterpå...eller e du heime Janneke!?!??!!
Dessuten var det ein britisk psykolog som sa at dagen i dag er den værste i løpet av året? Pff 
for nåke tull! Jaja dei får no berre fortsette å plukke bomull på antarktis.... (prøvde å få til eit nytt ordtak her...men eg ser no at det heller var ganske så dårlig...)

søndag 20. januar 2008

AMEN

Åhh i dag må eg berre seie AMEN!!!
Kast alle deres bekymringer på Han! Jammen - koffer kom eg først på det i ettermiddag i dag da?
Bankers!! Sjølv om eg ikkje e heilt sikker på kva bankers betyr - bare at det er nr 9 eller 10 på menyen til Dolly Dimples... Bankers!!
Ta å gjer det da, kast alle dine bekymringa på Han, ikkje bare tenk det, gjer det, og tru det!!!
Koffer bære dei sjølv? Kast dei av deg då vel! Ikkje gidd å tenk så masse, gjer det!!! Tru det!!!

laurdag 19. januar 2008

Fata på lørdag


10 + 1 ting som Paazan Columbus Speedy Gonzalez Runde lika:
  • Melon
  • Tomat
  • Sjokolade
  • Å dusje..litt i allefall
  • Chips
  • Skallet eller skinnet på fisken, som eg ikkje kjem på ka heite
  • Mjaue veldig høgt og stygt!!!!!!!
  • Kokt potet
  • Snack à Jack
  • Nøtter, type valnøtt
  • Leike katten i Shrek, sånn at ein syns synd på han...seriøst, kor e det den musikken kjem i frå?

11 -1 ting som Paazan Columbus Speedy Gonsalez Runde ikkje lika:
  • Fisk
  • Kjøre bil, for det kan han ikkje
  • Sitte på når nåken kjøra bil
  • Respektere andre når dei sove
  • Respektere andre når dei e våkne
  • Marita når Mirjam er der....
  • Støvsugaren
  • Hårfønaren
  • Menn
  • Å ikkje mjaue...

onsdag 16. januar 2008

Det var ein gang to sokkar


Ein sokk. To sokka. Tre sokka. Fire sokka og fem og seks sokka, men ingen sokka som det er par av! Eg har leita høgt, lavt, bort om der, og her og litt vedsiden av der, men fortsatt ingen spor etter sokkane. Kor blir det eigentlig av sokkane som forsvinne? For dei kan jo ikkje berre forsvinne sånn utan vidare. Og nei, eg trur ikkje på at vaskemaskina ete sokkane, heller ikkje tørketrommelen. For om vaskemaskina eller trommelen skulle ha ete noko, trur eg den ville ha velgt noko litt meir eksklusivt enn ein sokk eller to.
Eg innrømma det, eg rota vekk sokkane mine! Stadig vekk! Når eg skal vaske kle så er det alltid ein eller anna sokk som blir liggande igjen ein lur plass. Når eg skal legge saman kleda finn eg berre den eine sokken, og finn ut at eg like så godt kan kaste den, fordi dei andre sokkane som det har skjedd det samme med, har vore til samme fot – dobbelt nedtur liksom. Og neste gong eg skal vaske kle, så finn eg den andre sokken…endå ein nedtur! Spare på den eine sokken? Nei då lura eg meg til å tru at den andre sokken er i skuffa, og bruka masse tid på å leite etter noko som er på søppeldynga…
Eg har no eit litt finurlig system på sokkane mine. For det er ikkje berre berre kass fot sokken skal på. Nei, det er faktisk blitt slik at eg bruka sokken som skal være på høgre foten på høgre foten… for om du ser nøye på sokkane, kan du sjå på kass side det er plass til store tåa på…ikkje det at eg har så voldsomt digre tær at eg utvida sokkane slik at tåa bare får plass på eine sida, men ta å sjekk det ut, så legge du merke til det neste gang du skal ta på deg sokkane dine!

Mine sokke tankar og erfaringa, frå mitt og andre sine liv. Avgrensing: Eg vil berre ta med dei 3 hovedgruppene av sokke farga!!
Kvit sokk:
Pluss: Reine bein. Sitte godt på foten. Personen er sporty. Sokken er god, og den varma. Sokken luktar nyvaska. Assosiasjonar til "tennistida" på 80-90 talet!!
Minus: Får ofte nuppa på seg. Det viser veldig godt at du evnt ikkje har vaska golvet på ei stund. Ikkje til å anbefale å ha på når det regnar- OBS fare for at skoen farga av!! Ofte er hælen litt slitt, du har ofte plukka litt for masse på nubbane og oppdaga at det er sokke tråden du drar i slik at den stramma seg rundt ankelen...
Svart sokk:
Pluss: Ein sokk som får deg til å tru at sokkane dine er reine heile tida. Kan brukast til alle antrekk. Viser ikkje om sokken er våt, eller om skoen har farga av på sokken.
Minus: Ofte litt lange slik at dei henge og dinglar framme på tuppen. Det luktar ofte litt tåsefis av dei, og dei er ofte ganske fuktige. Sokken er ikkje tjukk, men ein tynn finstrikka type. Ellers ein sokk som lura deg til å tru at den vil hjelpe deg med å halde varmen. Ofte hull framme med tærne.
Grå sokk:
litt usikker på om ein greier å halde dei kvite sokkane kvite, og resten av dei svarte sokkane er på vask. Ein vel å kombinere den svarte og den kvite sokken for å unngå å havne i nokon av dei to førstnemnte kategoriane. Eit anna alternativ er å ta ein svart og ein kvit sokk for å møtast på halvvegen.

tysdag 15. januar 2008

Fyrstikkeska



Fyrstikkeska. Ei eska som ikkje bære preg av eit samfunn i utvikling, den samme gamle fyrstikk eska består. Og det er jo koselig da, du får jo flash back frå dåpen din når du ser på den. Og dåpen er jo ei flott handling. Og visste du forresten at furua som er modell på eska er frå Grønøya nord for Vågaholmen, Meløy kommune, Nordland, og at motivet trulig har sin opprinnelse fra et maleri av en T. Holmboe?
Men teksten ”Ører blir til millioner” har eg faktisk aldri heilt forstått! Kanskje ei fyrstikk eske ein gong kosta nokre ører, men då høyrast det jo ut som om fyrsikkfirmaet.com skryte over kor mange millionar dei har tent pga fyrstikksal. Dette virka litt rart syns eg. Og slik som eg trudde betydinga var når eg var mindre var at ører (altså øyrene) blir til millioner, var at øyret var verdt masse om du hadde mista det, som for eksempel i ulukker med raketter. Kanskje dette er grunnen til at eg er redd for rakettar? Frykt for å miste øyret mitt, for først då ville eg ha funne ut kor masse eg sat pris på øret mitt – millionar masse!! ER det nokon som har ei tyding???
Men ja, det som er litt rart er det fenomenet med å tenne lys med fyrstikker. For sjølv om ei fyrstikk eske kostar kun 1 krone, og innehelde ca 20 fyrstikker, har ein alltid eit kappløp med tida og mot flammen om å få tent på alle lysa som du skal. Det er jo ingen problem å blåse ut fyrstikka og tenne ei ny, men kvifor MÅ alle prøve å tenne alle lysa, sjølv om dei veit at det byrt på prøblem for fingrane sine? Sjølv eg som bur på lille hybelen min har problemer. For å tenne stearin lys er jo bare kjempe koselig, det er liksom prikken over i’en, og det må til, uansett om det berre er meg og katten som er her. Men uansett kor fort eg går, og uansett i kass taktisk vinkel eg helde fyrstikka, og kor mange lys eg har, så resultera det heile nesten alltid i at eg brenne meg. I eit desperat forøk på å ikkje brenne meg, tar eg tak i den delen av fyrstikka som allereie har brent frå seg, men fortsatt er ganske varm, slik at flammen kan brenne opp resten av fyrstikken. Men seriøst, kanskje ein lighter hadde vore betre? Nei, det blir liksom ikkje det same. Fyrstikker er genialt!! Det er noko med den gleden når du drar fyrstikka over det prikkete området (fyrstikker som ikkje har teksten ”Ører blir til millioner” eller har prikkete ”dra fyrstikken over felt” er ikkje fyrstikker) og høyre lyden av at fyrstikka tar fyr, er heilt eksepsjonell!!! Enda meir fasinerande er å sjå kor langt den kan brenne utan at du brenn det sjølv! Små barn, store gleder??!
"Tag vare! Tag vare!"
" det er jo
en Fyrstikke bare!"
Hør mig engang,
Hr. Paal og Hr. Per:
sig, ved I vel,
hvad en Fyrstikke er ?
Mon I forstaar
hvilken Evne og Magt
der er i en eneste
Fyrstikke lagt ?
Kan I vel fatte,
at den er istand
til endog at sætte
en Verden ibrand,
hvor Stoffets Betingelser ligger tilrette ?
Men saa du en tændsvanger
Fyrstikke dø,
saa vid, at der døde
en Flamme i Frø.
Den eied Gnisten,
se, det er Tingen.
-Og der er saa mange,
som eier slet ingen.

Miljø katastrofa




I dag har eg lest eit veldig bra innlegg i VG. Med overskrifta ”bil må bli dyrare”, ja det er eg heilt eining i . Eg har jo ein Sierra 85 modell som eg gjerna har lyst på fleir foldige tusen kroner for. Så kvifor ikkje være einig? Har du lyst på ein bil forresten? Berre ta kontakt. Neida, eg bare tulla, super bilen min e ikkje til salgs! Veteran bil om 7 år! WOW det blir saker!!

Men etter å ha lest litt meir enn bare overskrifta gjelde det visst ikkje nødvendigvis prisen på bilen som skal opp, men avgifter, bensin og sånne ting. Alt for å minke CO2 utsleppa, joda då må visst prisane opp har dei funne ut. Men eg sjønna egentlig ikkje heilt alt ditta der styret der.
Det er bra at Norge set i gang tiltak for å redusere CO2 utsleppa, men kanskje det hadde vore ein ide om at alle landa burde stå saman om dette. Eg meinar, Norge som er det bitte lille landet har vel kanskje ikkje dei største utsleppa.
Kva med frimerka, har dei høgre prisane på dei sammanheng medmiljøkrisa? Joda det har det sikkert på ein måte, det er jo sopass dyrt for eit frimerke at folk snart begynner å køyre breva sine ut til mottakaren sjølv, her er caset: sett ned prisen på frimerker, og forebygg CO2 utslepp. Blir det dyrare med frimerker, finn folk ut at det er like greitt å berre fare på besøk til folka i staden for. Og då vil ikkje det være vitsen med å ha folk som jobbar i posten lenger, fordi det blir ingen brev å sortere, og heller ingen lastebila som kjøyra ut breva. Åhh, no gjekk det opp for meg, Norge prøva å redusere CO2 utsleppa med å boikotte Posten!!! ÆÆÆÆÆ!! For på den måten blir det mindre ark og kort som må brennast, fordi folk er dårlege på å gjenvinne og berre kasta ting i peisen…
Og kva med ferjene, det er no ein del ferjer her i Norge, og dei fleste har vore i drift i mange mange år. Kva er det dei pengane går til som dei får inn i løpet av ein dag? Kva med å samle dei opp og bygge bruer i staden for ferjer, med gang og sykkesti. Tenk, då slepp dei å verken ta buss eller bil, eller båt. Det ville på sikt vore ein reduksjon i utsleppa. Eg er så klok!

Åhh, eg altså , eg har jo berre svarte på all verdens spm! Stortinget/Bigthing: Here I come!

måndag 14. januar 2008

Rød som ein tomat (suppe)


Etter å ha gått lengre enn langt, og lengre enn det igjen, heile 3 km eller noko slikt, kom vi fram til eit tårn. Joda eit digert tårn! Faktisk så høgt at eg lurte på om det stakk ut av ozonlaget… men det gjekk fint an å være på toppen, ingen problem med å puste, ingen ekstremt farlige stårlingar frå sola, og vi letta heller ikkje av den vektlause tilstanden, ikkje fordi vi har ete så masse i jula, men rett og slett fordi at det ikkje var noko vektlaus tilstand der...håpar eg… Etter å ha stått på toppen og speida rundt om kring og studerte alle øyene i augets omkrets, fant vi ut at det var på tide å trakke heimover igjen. Det prikka i kinna av den kalde friske lufta, og nasa var raud, ørene var så kalde at når eg trykka dei mot hovudet trudde eg at eg skulle få forfrysninga på hjernen. Når vi kom tilbake vart det tid for kokkelering av høg avansert, utrulig god tomat suppe. Grete, wow, du imponera! Takk for ei veldig koselig helg:)
Apropo tomat, eg har nettopp lært meg til å like tomat, ikkje fordi eg måtte, men fordi eg er så lei av å pirke det ut av all maten som eg får servert. Hurra for meg og viljestyrken min.
Rød som ein tomat, er eit uttrykk som blir brukt masse om personar som rødmar, ukontrollerte utbrudd i ansiktet i form av rødfarge og varmetokter. Oppstår ofte i situasjonar der ein seier noko dumt. Derfor er det ganske lurt å seie litt dumme ting no og då, for då venner ein seg av dinne medfødde eigenskapen, i staden for å vente til at du blir så flau at haudet bles seg opp til ein diger tomat som eksplodera fordi den så og sei blir overmoden. BANG, så er det gjort! Betre å være føre var enn etter snar??!!
Men så, når du først har begynt å rødmt, så kjem tankane:” å nei, no rødma eg, alle ser at eg ser ut som ein cherry tomat, ein plomme tomat og resten av navna på tomatane som eg ikkje kjenne til”. Så kjem alle kommentarane: ” sjå, ho er til og med rød på ørene” og personen prøver panisk å skjule ansiktet ved å grave det ned i hendene. Og dess verre blir det, du kan nesten kjenne at blodet frå resten av kroppen tar ekspressen opp i haudet for å delta i det fargesprakande arbeidet. Det positive med dette er at tenna blir sjåande så kvite ut! Så ein bør ikkje skjule hovudet, det er då ein skal smile og glise så stort ein kan! Dessverre hjelper ikkje det å slutte å ete tomata for å bli kvitt rødminga. Du kan og late som om du får akutt overfylt blære og må springe der i frå før rødfargen overtar ansikt og ører, le gjerne litt på vegen ut sånn at det blir mest mulig fortrulig. Eller du kan for eksempel isolere deg, utan at eg kan seie kva resultatet blir neste gang du møter på folk. Eller du kan skru av lyset, sånn at det blir mørkt, veldig mørkt…eller kanskje dette bare vil føre til at hodet ditt begynner å lyse fordi du blir så varm i topplokket? Prøv gjerne dette ut på forhånd, FØR du gjer det sammen med folk! Stå gjerne framfor speglet og sei teite ting, og lær deg til å dumme deg ut framfor folk…ha gjerne eit bilde av tja Bill Clinton der.
Lykke til!!

laurdag 12. januar 2008

Turen




På laurdag var det faktisk så fint vær ute at eg og Grete bestemte oss for å fare på ein gåtur. Det første som møtte meg når eg kom ut døra var ein diger Rododendro busk (ein busk eg nesten kan garantere deg at mora di har). Den var full av friske knoppar. Rare greier.
Vidare på turen fant vi stadig fleire interessante funn.

Vi oppdaga blant anna ei grotte eller noko slikt. Den måtte vi jo bare gå inn i og utforske. Modige Grete, hadde ikkje ho gått framfor meg så hadde eg flykta, ikkje frå den vegen vi kom i frå men mot lysninga i den andre enden. Eg hadde jo nettopp erfart kor skummelt det var der vi allereie hadde gått, så å flykte framover måtte jo være betre. Men heldigvis, så kom vi oss gjennom grotta og ut på den andre sida, og sjølv når vi hadde komt oss ut var frykta der fortsatt for å ramle ned i ei diger ”bjørnefelle”. Det vart ikkje noko steinras som kom heller som kunne ha blokkert inngangen og som sikkert hadde gjort slik at mobildekninga hadde vore lik null. Det var heller ingen flaggermus, isbjørn eller tiger inne i grotta. Ikkje som vi såg i allefall. Heldigvis seie no berre eg. For om det hadde vore isbjørn der så ville det bety at den hadde vore veldig svolten fordi det ikkje var sel der (kanskje den hadde ete opp alle?), og då ville den ha ete oss(evnt til dessert). Hadde det vore ein tiger der så ville den og ha ete oss fordi den ikkje kan sloss med den store sterke isbjørnen, og det er ikkje antilope her heller, og flaggermusene hadde vore for små til å bli mett av. Derfor er eg veldig gla for at det ikkje var tiger, isbjørn og flaggermus i grotta. VI lever!!!

måndag 7. januar 2008

Konklusjon om bananen


Endelig vart det kveld. Tida var komen for å få sove ut etter den første dagen på skulen i år – wow, eg hadde ikkje trudd det skulle være så tøft å gå på skule i 2008! Dagen gjekk seint, fulle benkerader, fult auditorium, dårlig luft –ja faktisk så dårlig at ein hadde pusta betre under vatn…(sjølvsagt med Oksygenkolbe, for vi menneske har ikkje gjeller slik som fisken, vi kan ikkje puste under vatn (utan oksygenkolbe sjølvsagt), og sjølvsagt av den betingelsen at det var oksygen i kolben).
Etter undervisninga som varte langt utover dagen, måtte eg finne litteratur på skulen, og det tar jo ikkje så veldig lita tid. Men når den tida også hadde gått, var det min tur til å gå. No skulle eg heim! Etter å ha merka kalender for 2008 for ting som skjer fram igjennom, det første halvåret, var tida blitt så masse at eg skulle gå igjen. Veldig greitt eigentlig, for det vart jammen ein del merker på kalenderen, men det er jo bare kjekt! Neste sopp var bibelgruppa, og der vart vi værande til 2230. Hadde ei veldig god stund saman.
Min plan vidare: sove! Men nei da, då var Marita blitt aldeles lys våken. Greitt at vi skal være lys for verda, men ikkje akkurat sånn type lys. Eg var utrulig trøtt, og låg lenge før eg fant ut at det ikkje nytta. Så då satt eg meg til å høyre en tale, men då vart eg bare meir vaken. ” Awake, do not fall a sleep”, jadda, gode saker! Etter å ha hatt lyset av ei stund så fant eg ut at eg skulle ta å noter litt på maskina, for som regel blir eg sliten i auga av å stirre på skjermen her. Og det hjelpte på, i tillegg måtte eg ha lyset på i rommet, fordi det var så sterkt at det var vondt å halde auga opne. Så tilslutt, rundt 0330 sovna ho Marita. Og då sov ho godt. Bare typisk at vekkerklokka skal ringe rett etter at eg har tenkt ubevisst ” no låg eg jammen godt”.
Noko av det mest irriterande når eg ete banan er at det skalet som eg skrellar nedover heng og dinglar over handa mi, kaldt, klissete og beiskt på smak, og når du lar skalet ligge ei lita stund før du får kava deg bort til søppelbøtta med det (rettelse: kompostbøtta)er skalet blitt heilt slapt.
Eg anar ikkje kva poeng eg hadde med det eg nettopp skreiv, men for å dra ein konklusjon kan eg alltids sei at banan er sundt, skalet blir slapt etterkvart og at ein må huske å kaste skalet i rett bøtte.

Siste semester

Då har skulen starta for i år, og tida er komen for å velje tema til bacheloroppgåva. Oppgåva som vi får 5 veke på, 10.000 ord, joda det skal nok gå bra – om eg greie å kome i skule modus igjen. Tenka det skal gå greitt, det må det. Alltids litt kaotisk i begynnelsen pga alt det nye pensum, og når ein i det heile tatt veit at det er det siste semesteret før eg forhåpentligvis får autorisasjonen i handa, eller i posten for den delen. Alt skal gå etter planen og 30.juni får eg autorisasjonen har eg bestemt. Jess no e det offisielt. 30 juni tek eg i mot gratulasjonar hehe.

Obligatorisk undervisning den første veka – som eg ikkje heilt kan skjønne kvifor er obligatorisk. Timane har gått med på klaging – frå studentane si side. Eg tenkte eg skulle være stille, som ofte kan være ganske lurt. No virkar det som om folk har fått ”tømt” seg, og er klare til å gå ut i praksis eller begynne på oppgåva. Det er no utrulig rart kor trøytt ein skal være når ein MÅ på forelesninga. Obligatorisk – ordet får senga til å virke like god, nei, betre enn kva eg likar fiskegraten og mjølk, og augene vil liksom ikkje heilt opne seg.

Etter å ha vore på biblioteket på skulen og gravd med meg det meste av litteraturen innen emnet, følar eg meg litt på veg. Det skal bli litt godt å få 5 veker på oppgåva, for til mappeoppgåver som vi elles har hatt har vi alltids hatt fleire ting å makke med, men no har vi berre ein ting å fokusere på – rart. Eg får no også fordjupa meg i eit tema som eg kanskje kjem til å søke vidareutdanning på om par år?

fredag 4. januar 2008

Av Mirjam 11år

Jah… eg lure no på kva det er som gjer at Paazan er blitt så feit no i jula…
Og det kan vel ikke være det at han har spist en del gulost og potet+ gullerot?!
Næhh… gullerot- det spiser jo han masse av… så det er jo egentli litt rart at han er SÅ feit, for gullerot er jo SUNT!! Åsså ser det jo nesten litt ut som om eg ete mykje meir usunt enn ka hann gjer.. hehe….. nei det er jammen rart det at han lika nesten ikkje fisk!!
Eg måtte jo mate han for at han skule ete det… nei han derre Paazan… nei han er ikkje ein vanlig katt heller… HIHI!! ;) jahh… eg har jo vert på skulen og drivd på som vanlig… ska ikkje seie at det er så VELDIGT kjekt der da… i friminutta som gjekk var jo eg ute og sklei en to-tre gangar på isen…
Det var ikkje så deilig heller ska du skjønne… for eg heldt på å gå ut i spagat!!!- auuu!!!!
Men nok om det… han paazan er jo kjempeglad i alslags mat han får… og ikkje snakk om aktiv… viss han søv, og du kjem inn til han med ein tråd, varer det ikkjelenge før han slår kloa i den…Og når VI søv, kjem han og borer snuta inn i munnen min og vil kose!!! Og når han også høyrer nokon som rasler i et papir, spretter han opp av stolen, og springer rett mot meg/deg. Det er vel kanskje fordi han tror det er noe godtreipapir som driver å rasler. Han er også veldig glad i kips og snack a jack… som også eg er…
Favurittpålegget mitt er pianøttsmør nedst og sjokonøtt øvst… ikkje så veldig sunt da.. men kjempegodt! Prøv det sjølv! Og litt salt på toppen!!

Og når eg kosar med paazan, får eg ofte støt… - kven veit!? Kanskje han er en elektrisk katt som går på strøm!?
Da vi var på tur til nokre venner i florø, så hadde mamma med litt snacs! En kvikklunch!!
Men gjett kven som åt opp den da! Sjølveste søstra mi Marita!! Men den andre søstera mi Hilde Kristin var jo også med på å spise den opp da… så…Ja, og når vi skulle ha kvelsmat eller st måltid, så ville dei berre vere der.. dei var så mette…og trøytte…Det var jo berre ein firepakning med kvikklunsj da!! For det er jo ”ikkje ”masse sjokolade i den da! ;)

torsdag 3. januar 2008

Ta å gje meg ein sokk



Noko av det teitaste eg kjem borti er slike meldingar eller kjedemailar som du MÅ sende vidare til vennane dine for å unngå at ulukke skal ramme deg dei neste 7 åra eller ett eller anna sånt.
Kven er det som trur på slikt? Kven er det som gidde å lage dei?
Beskjedane seier ofte ”send vidare til venna..”. Venna? Kven er det som vil utsette vennane sine for slikt, tenk om dei du sender kjeden vidar til ikkje har muligheit til å sende den vidare til andre innen den gitte tida (som ofte er 15 minutt), tomt kontantkort eller kva det no måtte være. Er du ein god venn om du sendar slikt vidare til dei då? For om du sendar det vidare sjølv, så må du no ha trua på at det stemmer det som står i kjeden. Vil du sende ulukka over på andre? Tenke mest på di eiga lukke? Kva med dei andre? Venna?

Hmm eg vil vel heller kanskje påstå og sei at dei som absolutt MÅ lage desse mailane/meldingane, eller MÅ sende dei vidare, er dei personane som leve sine ulukkelege stund. For kva glede kan ein finne i å lage slikt tull? Trur verkeleg folk at slike kjede greier har evne til å gje dei glede, kjærleik eller kva det no enn måtte være?
Og tek ein seg tid på å svare på alle desse greiene, så vil no det ta ei halv evigheit, kva definisjonen på ei halv evigheit enn måtte være. Tenk om ein heller hadde brukt den tida på å spreie glede på ein skikkelig måte!
Ulukke? Ja, det vil eg seie. Om du er så dum at du trur på slikt. Ei ulukke for heile din person.
Apropo slike kjede greier så hugsar eg at eg vart med i ein sokkeklubb for lenge lenge siden…joda ein sokkeklubb. Det betydde at du skulle sende eit par sokkar til den du fekk brevet med, og så sende brevet vidare til neste 10 personar. Hjelpe meg. Eg har serdeles kloke vennar, og dei var nok klokare enn meg på den tida, (les: på den tida…hehe)for eg fekk ikkje eit einaste sokkepar igjen…litt trist faktisk! Ulukke? Eg sendte den no vidare…

tysdag 1. januar 2008

Free to fly



Jupps, då e det starta, året 2008. Tida går fortare enn nåken sinne, og eg får panikk. Ja, det gjer eg. Tida går alt for fort.
No sit eg her i stova, skal snart gå på jobb, nattevakt i dag og. Må sei det er sprekt at eg har jobba meg inn i det nye året. Det er litt godt at det er siste vakta mi for dinna gongen, for no er eg passe lei av twist og anna slags sjokolade.
Tenk at eg om eit halvt år er ferdig utdanna, det er litt skummelt. Men det skal bli godt å sleppe studie livet for ei stund. Sjukepleiaren Marita. Rart. No gjenstår berre det siste semesteret, den siste innspurten. So skal eg begynne å jobbe på sjukehuset her i Ålesund, i alle fall i sommar tenke eg, om eg får jobben då sjølvsagt . So får eg sjå kva som skjer. Kanskje ein tur til Israel til hausten? Eller London for eit par veke? Åhh det hadde vore kjekt. Vidare planar veit eg ikkje, veldig godt å være ”free to fly”. Så eg får sjå kor eg flaksa helst, ikkje nordover i alle fall.
Men først skal eg på roadtrip med Grete, nedover vestlandet. Det blir kjekt!! Det gleda eg meg masse til! Eg e klar for eit fantastisk bra år!!! Eg tek ein ting i gongen, og dei andre tinga skyv eg framføre meg til eg står der i stor forundring over at eg ikkje byrja å planlegge tidlegare. Det er godt!! Å leve i nuet, ta problema når dei kjem.
”Vær derfor ikke bekymret for dagen i morgen! For dagen i morgen skal bekymre seg for det som hører den til. Hver dag har nok med sin egen plage”. Det er godt å kunne praktisere dinna her. Sjølv om det kanskje ikkje akkurat betyr at du skal gi blaffen i å tenke framover, og planlegge.
Lev livet folkens!!