måndag 7. januar 2008

Konklusjon om bananen


Endelig vart det kveld. Tida var komen for å få sove ut etter den første dagen på skulen i år – wow, eg hadde ikkje trudd det skulle være så tøft å gå på skule i 2008! Dagen gjekk seint, fulle benkerader, fult auditorium, dårlig luft –ja faktisk så dårlig at ein hadde pusta betre under vatn…(sjølvsagt med Oksygenkolbe, for vi menneske har ikkje gjeller slik som fisken, vi kan ikkje puste under vatn (utan oksygenkolbe sjølvsagt), og sjølvsagt av den betingelsen at det var oksygen i kolben).
Etter undervisninga som varte langt utover dagen, måtte eg finne litteratur på skulen, og det tar jo ikkje så veldig lita tid. Men når den tida også hadde gått, var det min tur til å gå. No skulle eg heim! Etter å ha merka kalender for 2008 for ting som skjer fram igjennom, det første halvåret, var tida blitt så masse at eg skulle gå igjen. Veldig greitt eigentlig, for det vart jammen ein del merker på kalenderen, men det er jo bare kjekt! Neste sopp var bibelgruppa, og der vart vi værande til 2230. Hadde ei veldig god stund saman.
Min plan vidare: sove! Men nei da, då var Marita blitt aldeles lys våken. Greitt at vi skal være lys for verda, men ikkje akkurat sånn type lys. Eg var utrulig trøtt, og låg lenge før eg fant ut at det ikkje nytta. Så då satt eg meg til å høyre en tale, men då vart eg bare meir vaken. ” Awake, do not fall a sleep”, jadda, gode saker! Etter å ha hatt lyset av ei stund så fant eg ut at eg skulle ta å noter litt på maskina, for som regel blir eg sliten i auga av å stirre på skjermen her. Og det hjelpte på, i tillegg måtte eg ha lyset på i rommet, fordi det var så sterkt at det var vondt å halde auga opne. Så tilslutt, rundt 0330 sovna ho Marita. Og då sov ho godt. Bare typisk at vekkerklokka skal ringe rett etter at eg har tenkt ubevisst ” no låg eg jammen godt”.
Noko av det mest irriterande når eg ete banan er at det skalet som eg skrellar nedover heng og dinglar over handa mi, kaldt, klissete og beiskt på smak, og når du lar skalet ligge ei lita stund før du får kava deg bort til søppelbøtta med det (rettelse: kompostbøtta)er skalet blitt heilt slapt.
Eg anar ikkje kva poeng eg hadde med det eg nettopp skreiv, men for å dra ein konklusjon kan eg alltids sei at banan er sundt, skalet blir slapt etterkvart og at ein må huske å kaste skalet i rett bøtte.

Ingen kommentarer: