torsdag 31. januar 2008

PP's middagstips


Det er alltid like kjekt å ete spagetti sammen med familien…men hmm kva var det eigentlig Landstrykaren gjorde då han ba Lady ut på spagetti middag?? For all del, ein italiens restaurant med levande lys og kvit og rød stripete duk er jo berre heilt fantastisk romantisk(!!!!!) og spagetti er nydelig godt (av og til) men du store mi tid, det er vel ingen grunn til å ete det når ein går ut på date!! For min egen del så blir eg ganske så flau om maten slenge rundt munnen og sausen festar seg på alt i omkrets frå munnen og heiltopp til panna. Dessuten så er det svært få mennesker som greier å holde maska om den eine får ein spagetti med saus slengt langt nedover halse, og eg reknar med at alle kjennar til effekta av tyngdekrafta og i kass retning sausen vil renne om ein spagetti henge dinglande… resultatet blir ofte ein rød flekk, nei - opptil fleire røde flekkar på kleda, og i ansiktet då du heilt desperat prøvar å sluke i deg den falne spagettien før den grisar til genseren, men lite tenkar ein på at den vil slenge litt rundt om kring i ansiktet før den omsider har nådd sin ende og kjem heilt inn i munnen… Og endå flauare er det om den andre parten får masse saus rundt munnen, skal du tørre å sei i frå, korleis skal du seie det? Og så endar det med at du begynne å tørke deg febrilsk rundt munnen din sjølv for å gje eit ”skjult hint” til den andre parten om griseriet rundt munnen.
Han PP (Pappa Prest) har eg no fått eit veldig festelig bilete av. Det ser rett og slett ut som om han prøvar å sniffe inn spagettien, eller at han studerar nøye kass krydder det er brukt, men det er feil begge delar. Han ete faktisk, han har faktisk berre funne ut ein måte å ete på for å unngå å søle på skjorta si…kanskje fleire medlemma i familien skulle tatt til seg dinna lærdommen her? Men eg kan ikkje skryte på meg at han sit slik under heile middagen…
dessutan så lurar eg på kor mange utav Noregs befolkning som eige, eller har drukke av slike glas som det er på biletet? Det trur eg jammen er mange!!For der eg har vore på besøk i øst, vest, sør og nord, der har det vore slike glas.

2 kommentarer:

Anonym sa...

et spagetti-apropos en nylig overstått begienhet i tigerstaden...
http://www.youtube.com/watch?v=b7rUjsVTUIE

Mar!ta sa...

hihi komiskt:)