fredag 1. februar 2008

Førarprov


Eg har alltid hatt lyst å blitt stoppa av politiet, berre for å ha nokon å vise førarkortet mitt til, og for å vise det at "haha- eg har belte på meg, ingen bot på meg nei", å bli stoppa i fartskontroll trur eg er uaktuelt, sidan bilen ikkje går så voldsomt fort...hadde eg i so fall blitt stoppa i fartskontroll trur eg dei berre hadde gratulert meg fordi eg fekk bilen opp i fart.

Men ja, etter å ha vore ute med Runa til langt på natt, 0430, var tida komen for å gå heim og sove... då eg skulle kjøyre ned til huset her la eg merke til at det var ein bil bak meg...så ser eg at det var politibilen! WææÆÆæ *fullstendig panikk* - skulle eg springe? Låse dørene i bilen og late som om eg sov? 
Skulle eg kaste meg bak i baksetet, bak førarsetet og gjøyme meg under det sota vindaguet slik at dei ikkje kunne sjå meg? Skulle dei arrestere meg for noko eg ikkje hadde gjort?? Nei, dette ville eg ikkje gå med på!!!
Men etter å ha tatt meg litt sammen så fant eg ut at eg likeså godt kunne finne ut kva dei ville
Det var litt nedtur at eg ikkje vart stoppa, men at eg faktisk hadde stoppa, så kom dei mot meg...

Dei ville sjå førar kortet mitt...
Første problem skulle vise seg å være det å finne lommeboka, for den hadde eg lagt på ein lur plass. Men etter litt leiting så fant eg den. Så skulle eg finne førarkortet, eller førarprovet som det heite på NN, og det skulle vise seg å være det andre problemet. Eg kunne ikkje finne det, eg fant alt utav andre kort, og var passe flau av alt det eg hadde prestert å få plass til i lommeboka, og politimannen sto med lommelykta og lyste ned på meg. Etter vel 2 minutt med leiting og ei lommelykt lysande rett over meg, så gav eg opp. Eg kunne ikkje finne det...men då såg han mr.policeman det, off det var no riktig så flaut. Han kikka litt på det og gav det tilbake, så sat han seg inn i bilen sin... var det bare det??
Det tredje problemet skulle vise seg å være frykta mi for at politifolka skulle tru eg hadde drukket eller noko, eg tenkte at eg måtte oppføre meg skikkelig bra(!)...men siden det var veldig glatt ute så for eg no vinglande bort igjennom vegen, mens eg kjente pulsen steig...eg måtte klare å gå på ei bein linje, men nope, det gjekk ikkje...pluss at eg var riktig så overtrøtt og eg hadde nesten glømt kordan eg skulle gå...men etterkvart kom eg meg trygt inn...men så vart eg plutselig skuffa over at dei berre skulle sjå førarprovet mitt, og at eg ikkje fekk blåst i sånn alkotestar...seriøst, etter den gangen min så burde dei ha tatt ein test...Jaja kanskje ein anna gong?

1 kommentar:

Brit. (lille meg) sa...

Dette var en artig blogg!
Snublet tilfeldigvis over den i dag. En knakende god historie du hadde; selvopplevd. Jeg kan levende forestille meg situasjonen.

Jeg har heller ikke blitt stoppet så ofte av politiet. Første gangen hadde jeg vel kjørt bil i over 10 år iallfall.

Den pusen din var såå fin med klær på. Det ser ut til at den liker det ogå. Veldig artig!

Ha en hyggelig kveld!