tysdag 12. februar 2008

Kveldsmat på Fjellstua


For ein utrulig effektiv dag for alt som ikkje har hatt med skulearbeid å gjere!! Må sei en rekke å gjere masse, når ein egentlig skulle gjort andre ting!! Men det er bra å få ting gjort, av og til i allefall.
Dagen starta ganske sprekt ved å ta ein tur inn til Moa, og når klokka var blitt så masse at eg rett og slett ikkje orka å lure meg sjølv med at ”eg trudde eg trengte noko som eg hadde glømt kva var, og måtte vente på Moa til eg fant det ut” . Men det var altså ingenting.
Dagen i forvegen hadde eg prata med Grete, sida ho er ein av dei som er så heldige å ha ferie (utan å måtte TA seg fri, ved å gjere ingenting)skulle ho vaske og bake. Joda, då fant eg ut at ditta her kunne eg ikkje gå glipp av. VI har jo aldri baka sammen før.
Hadde til og med tenkt å spør om eg kunne hjelpe ho å vaske, ho har masse golv, og det å vaske golv er kjekt!! Men eg tenkte at i allefall måtte gjer eit lite forsøk på å gjer litt på opg. Men det var forgjeves, eg fekk nemmelig ein ide om å fare opp på fjellstua og ete kveldsmat der. Så då fauk eg rett og slett til Grete, med bake saker i bagen, og vi begynte å bake! 
Anna Deigvik og Frøken Fryd var i sitt rette element når dei knadde deiganen!!
Har no hørt at folk har blitt imponert over kalkunpartyet som vi hadde førre helg, så vi må leve opp til det gode husmor –objekt- ryktet som vi har fått. Og jammen om vi gjorde det!!
Vi pakka med oss fersk mat og bila opp til fjellstua. Vi fant ein ganske bra plass, men det blåste veldig, også bråka det så masse i ein port. Eg vart litt redd og trudde det var ein villmann som sto å rista i porten, så eg gjekk der i frå kjempe fort før eg nesten var i hel skrømt av at eg plutselig såg to skikkelsa i rød jakke framfor meg; Irene og Kristin. Men dei er ikkje noko å vere redd for, dei er to kjekke jenter =)
Vi fekk lagt teppet ned på bakken, duken vart lagt oppå der, og maten vart plassert utover, mens stearinlysa blaffra i vinden inne i syltetøy glasa…faktisk blaffra dei så masse at dei slukkna. Kakaoen var rykande fersk, og makrell i tomat boksen var selfølgelig eit "must" på turen.
Vi fekk litt rare blikk frå folk når vi satt der, og frå ein hund, men vi konkluderte med at dei sikkert var litt misunnelige fordi vi hadde det så koselig. Det var faktisk nokon som lurte på om vi hadde foreining!!! Ja, dei skulle berre visst!! =)
Litt kjipt at det skya over, og at det begynte å regne litt, for det hadde no vore veldig koselig om det var stjerneklart. Ein slik tur skal vi absolutt gjenta!
For min del, vart kvelden avslutta ned hos Grete over ein kopp varm drikke og ein koselig, oppbyggande samtale.
ÅÅååå GLEDE over deg Grete!

2 kommentarer:

en familie - en inntekt sa...

Ja, det var litt av en dag! Så glad for at du pakka sekken og kom! Dette må vi gjøre igjen :)
Må bare si at du er TOPPERS Marita. Er så glad for at jeg har blitt kjent med deg. Så glede over deg også ;)

Mar!ta sa...

Hehe ja eg e glad for at eg pakka bagen eg og:)
Så bra å høyre då Grete, då kan vi no glede oss i lag:) Dobbel glede liksom:)