torsdag 14. februar 2008

Flyturen


Endelig var dagen komen for å fyke til Bergen å besøke både Sissel og Møyfrid. For å gjere ditta her mulig måtte eg altså stå opp 0510 (!!!!!!!!!) for å rekke flybussen som gjekk ein halv time seinare. Eg kom meg på bussen, og til Vigra, og fekk etter litt makk til å skrive ut boardingkortet. Så kom eg meg om bord på flyet og fekk ei stolrad heilt for meg sjølv. Med eitt, kom eg på drøymen som eg hadde hatt dinna natta her. Eg hadde tidligare prata med ei venninne som sa at ho var litt skeptisk til å fly, medan eg ikkje har noko problem med det, det er faktisk fantastisk kjekt å fly Her er draumen:
Alle passasjerane hadde funne plassane sine inne på det veldig fulle flyet. Alt gjekk som det skulle, og eg gleda meg til flyet skulle ta av, for det er jo så aldeles kjekt når det killa litt i magen. Flyet begynte å rulle, og kom opp i god fart, men så slakka farta ned litt. Eg kikka ut det lille firkanta vindauget, og såg at vi køyrte på ein bratt oppover bakke, laga av grus. Bakken var både humpete og isete. Ditta her ville aldri gå bra. Av dei 4-5 gongane eg har tatt fly før, er det ingen av dei som har vore slik som ditta her. Ville vi komme opp i stor nok fart slik at vi ville lette? – nei. Eg sa til Gud: Kjære Gud, ditta her kjem no aldri til å gå bra!! Jo, og riktig nok som det var så fekk eg svar frå Gud; Bare slapp av du Marita, det er ein grunn til at du sitte på ditta flyet her. Det er einaste du som kan førstehjelp!!!
Og der slutta draumen….
Inni granskogen – gjett om eg var nervøst når eg kom på dinna draumen her, var det eit teikn, slik at eg skulle forberede meg på den forferdelige ulukka som skulle skje? Hadde det skjedd ein glipp i sikkerheits kontrollen slik at det var kome nokre terrorista om bord? Eg kikka meg fort til alle sider for å finne ut kor nødutgangane var plassert, og forsikra meg om å ha leste godt igjennom dinna sikkerheitsmanualen. Og gjett om eg følgde godt med på når dei skjønne flydamene peikte og viste korleis oksygenmaskene og redningsvesten fungerte!! Eg kasta hovudet fort 90 grade til venstre og fekk sjå eit russisk ektepar, var det dei som ville gjere slik at flyet skulle styrte – eller kva det no var det skulle, slik at eg måtte utøve førstehjelp – aleine – for det var jo ingen andre som kunne det!! Nei og nei! Eg høyrte flyvertinnene snakke om kor dårlige dei hadde blitt i magen av nokre druer dei åt dagen i forvegen- nei uffa meg- tenk om maten var forgifta? Uansett kor svolten eg var, ville eg ikkje ta i mot, og dessutan har eg ei formeining om at hjerte-lunge-redning ikkje er så bra å få til om ein har fult av mat i munnen. Men heldigvis, landa vi trygt på Flesland. OG faktisk så gjekk turen tilbake til Vigra ganske så knirkefritt den og. Halleluja!!! hehe

Ingen kommentarer: