onsdag 31. oktober 2007

Spele avhengig!!


Åå for ein koselig kveld!! Har hatt besøk av brødrene mine i dag og spelt spel og laga brownies, rett og slett kost oss:) Hurra for kokken Marita og den usteikte browniesen (?) og for at eg vant i Scrabble:) Ditta her må vi gjere oftare kara! Off, når eg skulle gå inn døra, så kom det ei jente med skrik maske, off nåke så ekkelt! Eg e redd folk som bruka maske, ja så er eg redd ballonga. Må nok innrømme at eg kikka bak meg når eg prøvde å springe opp trappa, utan å snuble. Men utan å snuble funka ikkje, for eg trur eg holdt på å ramle på kvart 3. Steg…jaja…
Det er faktisk utrulig koselig å spele spel, spesielt når det går din veg! Det forklara vel kvifor eg alltid spela Ludo med lillesøstra mi når vi er heime, med tre farga kvar, og der eg tenker taktisk og ho berre flytta brikkene i god tru om at eg ikkje skal greie å skubbe ho inn. Ho tar alltid feil. Det gjer forresten Sissel og, hehe:) Stakkars Mirjam, alt ho må gå igjennom. Ja, memory, ohh-ho det er eit fantastisk spel, spesielt om du spela det med lillesøstra di som er 10 år yngre enn deg sjølv! Men etter å ha spelt det ein del gonga i sommar, og når ho rett og slett tilslutt knuste meg, så fant eg ut at memory var teit, derfor spela vi alltid ludo før vi tyr til memoryen, og da e vi som regel kjempe leie av å spele, at vi gjer oss! Og det er bra! Må gje seg når ein er på topp:)

Det er så godt når det er onsdag, for da kan ein begynne å telle ned til helga!! Då er det berre torsdagen du må stå opp tidlig på, eller ja fredagen og, men da er det jo liksom helg!!

En løvetann-det må være sommerens siste!!


Tomt for grønt gras, blomstra og blad på trea!
Då er det offisielt begynt å snø her i Ålesund!!No går vi mot den kalde istida som vara fram til, tja mars, april? Det snødde no egentlig første gong i slutten av august, men sia den gong så har det ikkje snødd nåkke særlig, berre hagling. Off eg skal alltid vente til det blir så kaldt ute at eg ikkje orka å legge om til vinterdekk…bare tanken av blåfrosne fingra med neglebit gjer meg sjuk! Og for ikkje å snakke om panikk opplevelsen når du skal til å vaske deg på henda etter at dei har vore nedkjølt ei stund, offa meg, det kjennast ut som om du pressa fult av torna inn i finertuppen, og lange tjukke kanyle langt under neglen, sånn at du kan sjå nåla gjennom neglen faktisk!! Grøss og gru, det er bra eg har to flotte brødre disponible!! Litle brow e no heldigvis bilmek.lærling, så han kan låne verkstedet når han vil!! Hurra for bil.mek yrket og verksteda deira, og ja, brødrene mine, oki da søstre og, og foreldre og venna osv osv.
Eg må nok ærlig innrømme at det å få på vinterdekka er eit nederlag! Rett og slett fordi dei er så ufattelig stygge! Ikkje det at eg gidde å investere i nye, for da blir dekka meir verdt enn bilen. Men samtidig så er det vel litt greitt at bila matcha bilen nåken lunde? Ikkje det at eg seie at Sierraen er stygg – eg berre får det fram litt sånn indirekte…Etterkvar so kjem vel frosten, isen, snøen og sluddet på vegen, og i tillegg til det: Marita med Sierraen med bakhjulsstrekk. Dissa kombinasjonanen her passa dårlig saman, det skal eg love deg! Men men får no sjå kordan det går no da…om eg i det heile tatt får start på bilen i den tida…

måndag 29. oktober 2007

Makk er teit


I dag så vokna eg atter ein gong til nyvaska vindauge. I natt hadde det regna so masse at eg nesten vurderte å hente paraplyen min å sette den opp over senga, og det kjentes nesten ut som om eg hadde vannseng… du skjønna, eg har skrå vindauge over senga mi!
Vokna av meg sjølv i dag i 9 tida, åhh utrulig deilig å vite at klokka er skrudd ein time tilbake!! Eg tenkte eg skulle dra meg inn på skulen for å få lest litt, og få utnytta den ekstra timen…så da pakka eg saman skule tinga mine og trakka ned igjennom den støvete trappa som har to tyggis og ein sneip på det 3. nedste trappetrinnet. Eg gjekk ut døra og måtte bråbremse!! Ussj, nei fyttigrisen kor dumt det er når det renga, ikkje nødvendigvis fordi det blir så vått, men fordi at alle makkane skal kravle opp av jorda og legge seg på asfalten slik at du i allefall trakkar på tre av dei før du får kasta deg inn i bilen! Inni granskogen, at det går an, for nåkken motbydelige dyr, insekt eller pattedyr eller blautdyr det egentlig er! Ikkje nok med at dei er seige og ekkle, men dei skal no strekke seg så lange som dei er, det ser faktisk ut som om dei vil at du skal trakke på dei, eg kjenna at eg nesten blir provosert! Kordan i alle dagar greier dei forresten å krype ei så lang strekning, for eksempel frå plenen til inngangsdøra på nåkken få timar på nattestid, men når dei har komt til trappa så blir dei liggande der til dei ser ut som overkokt spagetti, og vidare til dei går fullstendig i oppløysing…Tilbake til den ”ferske” makken, om du trakkar på dei, så kan du kjenne gjennom skoen kordan dei krøllar seg og slår endane av den lange tynne kroppen opp langs sidene av skoen sånn at skoen får makkeslim på seg!! Og da får du nesten dårlig samvittighet for at du har pint den stakkars makken, men kordan du skal spare den for lidelsen er umulig og vite, det hjelpe vel ikkje akkurat å kutte den opp, for da sprella jo alle delane, nei off, du kan bli forvirra av mindre…blæh!!Eg kan vel ikkje heller akkurat innrømme at eg går å børe med meg ei kjøttkvern kvar gong det regna heller…Av og til kan ein faktisk kjenne at det luktar makk når det har regna…ei utrulig ekkel lukt! Dessutan for nokon utrulig teite dyr, kva i allverdens dagar er det dei skal på asfalten då? Dei legge seg jo midt i skuddsona for spisse harde nebb av linerler og andre fuglar som likar spagetti type dyr…eg trur ikkje makkane er særlig kloke nei!

laurdag 27. oktober 2007

Bad taste


Bad taste, åhh eg lika det ordet!! Og eg spara ikkje på mine kreative gåver når det gjeld slike ting! Off eg må vel innrømme det at eg var ganske så skeptisk til det å måtte gå ned trappa her i huset, tenk om eg møtte på folk! Off dei hadde no ramla over rekkverket på trappa og landa på brusautomaten og øydelagt den, sånn at reparasjonen hadde blitt over 30.000 kroner, og eg måtte betale den sida eg hadde skyld i heile episoden! Nei ditta her måtte eg prøve å unngå.
Men eg lura egentlig på kortid folk går ut og inn av ditta huset her, for det e ganske mange hyblar her, men eg trur berre eg har møtt på folk i trappa 6-7gonga på snart eit halvt år!!…hmm merkelig, eller kanskje dei berre vil unngå å ramle ned på brusautomaten?
Eg lura faktisk på kor lenge dinna oktoberfestival plakaten kjem til å henge i oppgangen, det har eg tenkt på kvar gang eg går forbi, også lura eg på kven som kjem til å sette opp den andre døra sånn at vi sleppe å late den opp når vi skal ut og inn…det er noko som irritera meg…men eg, eg har alltid for dårlig tid til å gjere det sjølv…kremt…jadda…og når eg går nedover trappa så legge eg alltid merke til alt støvet som er på toppen av eit ”sikringsskap” eller noko som likna på eit sikringsskap… for ikkje å snakke om alle håla som er i vegen, kanskje dei skulle vore fiksa? Eg som sikker har 17’ felga, om eg har nåkken tomma i det heile tatt då, begynne å bli bekymra for at dei kvite fæncy felgane mine skal bli øydelagde!! Dei knuste vindauga? ”skuddskadene” på veggane langs trappa, dei raude gamle malingsrestane på ”listene” i gongen. Huset ser ut som eit kråkereir, men faktisk talt så e det ganske greitt å bu her… bad taste på ein måte! Det er vel eigentlig eit tidsspørsmål før heile huset ramla ned på brusautomaten?

onsdag 24. oktober 2007

Tomat og sennep



Tomat, ketchup , tomat ketchup, ketchup som har opninga peikande mot himmelen, og ketchups om har opninga peikande nedover, ketchup uten sukker (?) og ketchup på glassflakse, ketchup i porsjons pakke, og ketchup for heile familien ketchup, og rett og slett ikkje ketchup for dei som ikkje lika ketchup – meg foreksempel . Ja egentlig det samme ulla alt det eg har skrevet, ditta her innlegget omhandla faktisk talt katchup. Idun ketchup? Heinz ketchup? Du bestemma typen, men om eg skulle ha likt ketchup, så ville eg ha valgt Idun ketchup, den orginale ketchupen med opninga peikande oppover!
Det eg lura på, kva er vitsen med å sløse med tomat planten? Altså, når du for eksempel ete hamburger, så er det mange som har tomat på i tillegg til ketchup! Men det er jo samme tingen, bare det at ketchupen, som er mosa tomat tilsett sukker og andre E-stoff ikkje lenger har forma som ein tomat med ein grøn ting på toppen. ”Spis fem om dagen” seiast det…kanskje pølse med ketchup ikkje e så usunt som dei skal ha det til, tatt i betraktining at du tar ei heil flaske med ketchup på? Den mengda må no være over 5 solmoden tomata!! Tenk på det du!! Ja, det smaka sikkert forskjellig, men koffer ete det når det smaka rart?
Og sennepen, eg har alltid lurt på kva sennep eigentlig er, ein gul form for tomat? Neida, eg veit at den er laga av sennepsfrø. Men kva er no eigentlig sennepsfrø? Har du peiling? Korleis ser ein sennepsplante ut? Eg måtte rett og slett ”google” det! Men resultatet vart dårlig, det kom bare opp 3 bileter! Og ingen av dei viste planten, berre nåken middaga eller nåke sånn…jaja eg får vel ta det som eit teikn på at eg skal legge meg…og kanskje slutte å reflektere over usakelige ting?

måndag 22. oktober 2007

Redusert opplagt


Ojojoj, eg må jammen ta å lære meg at eg må legge meg tidligare i helgene, for ditta her funka rett og slett ikkje i lengda...eller joda, det gjer egentlig det, men på eit veldig redusert nivå!
På fredag vart det i seng kl 0500, på lørdag 0300 og på søndag sov eg faktisk til 0930, la meg klokka 1500 og sov til 21, for så å sitte oppe i 2 tima før eg la meg igjen! Det var så kult når klokka ringte i dag, kl 0550, at eg faktisk greidde å sjå kor mobilen låg før eg fekk skrudd den av, vanligvis må eg bruke henda og la dei gli på golvet til eg e komt så langt ut av senga at eg dette ned, så finne eg mobilen, ca 2 meter i frå senga, og då er det gjort, eg er ute av senga!!!
Eg greidde faktisk å gå beint ut på badet uten at eg rangla sånn at det såg ut som om eg var full og ramla over ende, som eg forresten ofte kan gjere på morningen...det er gale!!
Eg hadde super god tid i dag tidlig, eg var effektiv, og slapp å bruke tida på å vakne! Utrulig deilig, digge musikk, synge (stakkars naboa), og rett og slett bare sitte å glo i veggen ! Men så, midt oppe i den gode tida fant eg faktisk ut at eg hadde hatt så god tid at eg hadde glømt at det var noko som heitte dårlig tid, eg kom ikkje til å rekke bussen!! Eg sprang ned til den "smoothe" Sierraen, vridde om nøkkelen, og fresa innover til sjukehuset og parkerte på ein plass eg kom til å få bot, gjekk fort til garderoba og fekk kasta på meg uniformen.
Men det var jo ingen andre folk der, kva hadde skjedd?? Hadde eg sett på feil veke sånn at det egentlig var no søndag vi skulle skru klokka fram eller tilbake, eller hadde eg vore så våken fordi eg hadde sove til 1750, ikkje 0550, eller var det heile ein stor "lure kampanje" mot meg og mitt vesen? Eg måtte skimte ned på mitt fancy "søster ur" og såg at eg hadde komt 20 min for tidlig på jobb...åhh eg som ein gong hadde vore opplagt, kjente plutselig behov for 20 minutt til med søvn...og den tanken hang på meg resten av vakta...typisk, at når du føla deg opplagt, så må det komme ein sånn tanke som øydelegg heile opplegget

laurdag 20. oktober 2007

Criminal minds

I dag hadde eg ein merkelig følelse på at noko kom til å skje...det heile starta med at eg vakna 15 minutt før eg skulle på jobb..eg fekk kasta nåkke vatn i ansiktet før eg sprang ned til bilen. Det var glatt ute, og selfølgelig hadde det lagt seg frost på bilen sånn at eg måtte skrape…ikkje berre eit lag med frost, men opptil 5 lag!! Typiske saker når ein har dårlig tid…når det var unnagjort var det masse dogg inne i bilen, eg hadde ikkje tida til å vente på at den skulle fare vekk, så eg fauk av garde, med eit lite kikk-hull i doggen…det skulle eg aldri ha gjort…når eg kom til meny i hatlesvingen, merka eg eit smell i bilen, eg trudde eg hadde kjørt oppå fortaus kanten, og fortsatte å kjøre…når eg kom eit lite stykke vidare møtte eg på ein ambulanse i full fart og blå lys. Ikkje rart at det skjer ulukker på ditta føret her tenkte eg… Eg fekk parkert bilen og bytt om til sjukepleie drakta. Midt på vakta ringte tlfen min, det var politiet. Dei sa at eg måtte møte opp på politistasjonen i byen innan ein halv time, fordi dei måtte prat med meg ansikt til ansikt. Eg skjønte ingenting, men eg fekk avspasering for å finne ut av kva politiet meinte, eg kjente eg vart litt redd, hadde noko skjedd med familien??
Eg kom meg inn til byen på politistasjonen. Då forklarte dei meg at eg var sikta for å ha kjøyrt på ei gammal dame, og køyrt ifrå kvinna med alvorige skader. Ditta her grensa mot uaktsomt drap, ikkje berre kunne det bli fengsel, men eg kunne og miste autorisasjonen min som sjukepleiar. Eg nekta, eg skjønte ingenting av kva dei meinte, ditta her måtte være feil!! Dei sa dei gjerne ville undersøke bilen min, heilt greitt det, kva kunne dei finne liksom? Eg vart med ut, og til mi store overrasking var bilen bulka, det var noko rødt søl på bilen, masse kvite hår …det heile gjekk opp for meg…det var nok ikkje berre fortaus kanten eg hadde køyrt på om morgonen…det var den gamle dama!! Politiet tok handjern på meg, og førte meg inn på glattcella. Eg fekk ringt til ein advokat som lovde å sjå nærare på saken, og eg fekk ringt heim til mamma. Tenk, at eg hadde køyrt på ei dame, og tilstanden hennar var kritisk!! Nei da eg bare tulla…ingenting av det du har lest no har vore sant…eg bare kjeda meg så!!

fredag 19. oktober 2007

"Knips maj i nakke"


Jadda, jadda, då har praksisen starta for nest siste gang for kullet 2005. Så ditta her er skikkelige saker folkens. Åhh det skal blir så kjekt å bli ferdig på skulen og kunne begynne å jobbe på sjukehuset! Til no så har eg vore med på 2 operasjona, ein tonsillektomi - fjerning av mandla og polyppa, og på ein amputasjon av fotbladet!! Utrulig kjekt, og veldig spennande å få være med på!!

På amputasjonene så var det ei koselig og humørfyllt dame frå utlandet ein plass, som tok i mot meg, ho prata litt gebrokkent, men eg skjønte sånn ca kva ho sa, og dersom eg ikkje skjønte noko, sa eg berykta "hæ?" ordet, som ein helst ikkje brukar to gangar på rad. Etter å ha brukt “hæ?” ordet alt for mange gongar så fant eg berre ut at eg skulle smile forsiktig dei neste gongane ho sa noko…ikkje alltid like lurt!! Så Skulle amputasjonen starte, og eg skulle hjelpe den gebrokkne dama med noko. Her kjem eit utdrag av samtalen mellom oss:
Dama:Marrite, kan do komme o knipse nakke?
Meg: ”ehh…hæ?”
Dama: ”kan do komme og knipse maj i nakke?
Meg: ehh…hæ?...Knipse deg?”
Dama: ”ja, du komme her og knipse nakken!”
Midt mellom den merkelige ord-vekslinga mellom meg og dama, så hadde anestesi sjukepleiaren vore der og satt epiduralanestesi. Eg lurte på om den gebrokkne dama hadde blitt gal, og skulle sjå om ho endå hadde følelse i nakken sin, siden pasieten gradvis mista følelsen over beina….eg blei rett og slett total forvirra!!! Eg merka at tonen mellom oss plutselig vart så spesiell, ho vart litt små frustrert for at eg ikkje gjorde som ho sa, og eg var små frustrert over at eg rett og slett ikkje kunne fatte og begripe kvifor eg skulle knipse ho i nakken!
Meg: ”Skal eg knipse deg i nakken? Hehe *falsk latter*, jaja eg får vel gjere det da”
Dama: ”Ja, det kan du gjøre, det ikke er vanskelig.”
Så då gjekk eg bort og knipsa ho i nakken…da begynte ho bare å le…Det ho egentlig lurte på var om eg kunne knipse igjen frakka til ho…Inni granskauen da, gjett om eg var glad for at vi måtte ha på oss munnbind sånn at eg kunne flire stille under operasjonene…Ho var no ikkje så veldig flink til å halde igjen latteren sjølv heller, tilslutt måtte vi berre unngå å sjå på kvarandre, for vi begynte berre å le….off, tenk at eg faktisk knipsa ho i nakken!!!

tysdag 16. oktober 2007

Gal - galare - Marita


Åhh eg e gald at tidene forandra seg… eg for til frisøren for å klippe meg til sommaren 06 , og ho rett og slett skam klipte meg!! Eg trur ho var ganske inspirert av Mc’Gyver på ein skikkelig ”bad hair day”. Så eg kunne ikkje gjere anna enn prøve å lage det til sånn at det vart sjåande betre ut…men ja bildet tala vel for seg sjølv… Du store mi tid liksom!!

laurdag 13. oktober 2007

Du må aldri....Jo, tenk for eg må faktisk det!


ohh- my neck! My neck is so ødelagt! Menmen, sånn kan det gå, og sånn gikk det. Møtte Siwa på moa en tur tidligare i dag, ho va litt herpa i nakken ho og. Ho fortalte meg at det var ein ting eg ikkje måtte gjere, det var å sleppe hodet fort ned mot brystkassa, for det gjorde skikkelig vondt...off, nei og nei, du må no aldri sei sånn ting til meg… "du må aldri..." for da skal eg love deg at eg gjer det...eg skal fortelle deg det at Siwa hadde aldeles rett om at det var vondt!!
Her om dagen, så åt eg ein stor del av kjernen på ein cantalope melon, som består av "slim" og steina som det ikkje går ann å tygge... og det skal eg love deg var ekkelt, men der kjem ein inn på det samme igjen "du må aldri”… Men så kjem kontrasten da: ”Marita, du kan spytte dei ut”. Nei, det kjem ikkje på tale altså!!
Fortid: "Marita, du må ikkje klippe i sengetøyet"...Ooops...Men ka kan eg kan sei da? "Det var ikkje fint sagt? "Du må aldri ta på stømgjerdet” - nei, så dum var eg faktisk ikkje, eg fekk heller lillebroren min til å ta på det...
Jaja sånn ellers så har det vore ein utrulig bra dag! Har hengt med Frank og Jonas og hatt ein utrulig koselig og artig kveld/natt. Kina restaurant kan faktisk være utrulig artig det! Servicen er på topp, blinkande bambus ting, masse ting over alt, og karane blir faktisk tatt for å være homofile, hehe, kanskje. Mens eg, jo eg e den som spør om dei har ope lenger enn til klokka 23, for så å gå 2258, og nesten bli angrepen fordi eg spurte om dei hadde ope lenger, mens eg går før klokka faktisk er der!! Masse latter på oss dinna kvelden her ja:)
Så må eg vel få sei det at eg har funne ut kor gjesterommet er: nr 215!! Hehe, og nøkkelen, den må eg spør etter med ein av dei som bur her. Men ja, det er mykje koseligare på min hybel!!Kva skal ein vel med ei seng når ein har solseng og sofa puter? Livet er hærlig folkens:) For meg som har dyne i alle fall!

fredag 12. oktober 2007

Pilot Seven


Du får vente til freddan', og så kom fredagen, og det var tid for rock'n roll!! Woho, har ikkje vore på konsert med Pilot Seven siden 1.mai for 2 år siden! Om du ikkje skulle vite det så består bandet av trommis Byron, el-gitarist Frank, vokalisten Jonas og bassisten Håvard. Alt for lenge siden sist konsert, så eg hadde ladda opp nakken min til masse head banging...i ettertid viste det seg at det ikkje var nok opplading alikavel...men ja en knall konsert var det i allefall!! Prøve å ta heilt av, men en blir så facinert av å sjå bandet ta av, sånn at en nesten berre blir ståande å sjå på:)
Faktisk ganske farlig å være på konsert, hvertfall når det e dts studenta der - dei hoppa overalt, og headbanging - skulle tru dei ikkje hadde gjort nåke anna, lura på ka dei egentlig gjer på "music track"? Eg blir no så svimmel at eg helde på å dette over ende...Dessuten skulle ein tru at dei vart slitne etterkvart, men nope, bare meir og meir energi, og villare blei headbanginga og!! Du store mi tid!
Hadde ein skikkelig artig rock'n roll kveld, og det var altså så koselig å møte igjen karane igjen! Så fekk eg no signert cd'en min!! Wohoooo ditta her e stas people!

torsdag 11. oktober 2007

WASA - the discussion


Knekkebrød, jah, eg skal love deg at eg har hatt mange diskusjoner om det! Heile diskusjonen går egentlig ut på kass side du har pålegget på, altså den med sånn stæsh på, type frø, havregryn og sånn type stæsh, eller den sida som e ganske så tom for stæsh.

Altså mi meining er, eller nei, eg veit at pålegget SKAL være på den sida der det ikkje e stæsh på. Her er eit av mine argument for ikkje å ta pålegget på den sida med stæsh: dersom du skal ta på smør, så resultera det i at du flytta på alt stæshet, sånn at alle frøa eller ka det no enn måtte være, hamnar i eine enden på knekkebrødet. Jaja tatt i betraktning at nokon likar 5 gram med smør på det sunne knekkebrødet. Skulle du være så uhelidig å ta for mykje smør på knekkebrødet, er det ingen sjanse i havet om at nokon hadde synes det va appetittlig med smør med svarte frø i på smørbokskanten. Då tenkar du sikkert at du berre kunne brukt det smøret på neste knekkebrød som du skulle ete, men kva om det ikkje var fleire knekkebrød igjen? Eg tvilar på det hadde vore godt med frø-smør på ei skive med syltetøy, og nei, du kastar vel ikkje mat, gjer du?

Etter å ha studert samtlige knekkebrød pakka ei stund, ser eg at det er bilete av pålegget på sida med stæshet. Men som vi alle veit, så lyge reklamen, ikkje tru på det!!

Dessutan har eg sendt mail til WASA med spørsmål om kva deira meinig var med knekkebrødet då dei ”skapte” det. Kva side som er rett å ha pålegget på. Dei sendte meg mail tilbake og sa at under 40 % av befolkninga meinte at dei skulle ha pålegget på sida med stæsh…haha mindretal då eller?

Gje meg gjere kommentara sånn at eg kan sjå kass side du står på i den store WASA saka.

onsdag 10. oktober 2007

Siste lab dag


Jess, endå eit skritt nærmare til autorisasjonen min!! Eller, ja eg håpa no hvertfall eg ein gong får den...så då hjelpe det på med eit godkjent B-HLR og D-HLR kurs!! Hurra!! jaja alle som var der fikk no godkjent uansett så jaja, men eg satsa på at eg har lært noko:)
Rare saker at vi egentlig ikkje har lært å oppføre oss på lab'en enda...vi var værre enn nokon gong før, skikkelig merkelige studenta! Men ja, det er viktig å ha det kjekt sammen, sjølv om at det gjekk utover thorax-dukkene vi skulle få liv i...ein ting vi ikkje har blitt opplært i, er korleis vi legg ein person med ein fot og ingen hender i stabilt sideleie...ho som var "kurs-ledaren" vår sa at eg måtte slutte å tenke...Hege sa og eingong at det å tenke ikkje kledde meg...sukk...
Dagen vart avslutta av at vi skulle utføre ein gitt case, der vi blei filma slik at resten av gruppa vår kunne sitte å sjå på det i eit anna rom...eg og Hege måtte ta stein-saks-papir om kven som skulle ta kommandoen, og johoo Hege måtte være det:) Gjett om eg greidde å halde meg fokusert på å redde dukka under filminga då? Nope, eg måtte gispe etter luft mellom kvar innblåsning på dukka, og ein kunne berre høyre ein "ho-ho-ho" lyd mens eg blåste inn i dukka sin munn etterfulgt av ein latter som eg prøvde å halde igjen....jaja....Hege var den heldige som satt med ryggen til kamera og kunne smile litt ondskapsfult til meg...
seinare på kvelden var det duka for kaffi besøk i Skarbrøvika, med han Anders. Det var veldig koselig, og det var veldig godt selskap. Fekk slurka i meg ein del kaffi, men eg kan ikkje seie at eg følte graden av våkenhet blei noko betre, følte meir og meir og meir at eg blei forandra til ei kineser jente, skrå auge liksom, eg lura faktisk på kordan eit "morgentryne" ser ut på kinesera...i 2 tida fant vi ut at vi skulle ha psyjamasparty på torsdag, ansiktsmakse, tøffla og mat:) Det blir kjekt hihi
Forresten så er det Fredrik som er den proffe fotografen til bildet:)

måndag 8. oktober 2007

Irritasjonsmomenta: melange, melk og purre


Hyper sultne Marita som skal lage seg middag...selfølgelig tar potetene så lang tid å koke at eg rett og slett har fått tida til å ete så masse anna før middagen er ferdig, at eg rett og slett er ganske så mett når middagen er ferdig... Hurra for bra planlagde måltid!
Melange: Ellers så har eg over eit lengre tidsrom vore svært fasinert over den flytande melange oppfinnelsen! Så no hinn dagen så tok eg faktisk å kjøpte meg ei sånn fæncy-flytande-melange-på-flaske-flaske. Skulle ta ein sprut i steikepanna og vart overraska over kor hardt eg måtte klemme før det kom ut noko...men etterkvart kom det ein god dæsj i panna. Så på slutten av steiketida, skulle eg frese purren litt...eg kasta purren i panna, og skulle ta den fænsy flytande-melange-på-flaske-flaska og ta litt smør i panna, eg klemte forsiktig, men ingenting kom...Eg klemte litt hardare, men nei, fortsatt ingenting, litt til, nei fortsatt ingen reaksjon, litt til, og då berre spruta det ut sikkert 1 dl med melange over purren...eg vart no så sjokka at eg rett og slett ikkje fekk meg sjølv til å slutte å klemme på flaska, sto bare å måpte mens melangen fortsatte å sprute ut av flaska, og eg måtte tenke mange tankar om kor upraktisk flaska var, etter det kunne eg slutte å presse på den...den ein gong så sunne purren vart no til ei einaste kolesterol rik suppe-bombe!! Eg lika ikkje den fænsy-flytande-melange-på-flaske-flaska meir!
Purren: kor langt ned går det egentlig an å bruke av purren? Ka med ei bruksanvisning til dinna grønsaken her?
Melka: etter at TINE ikkje gidde å lage kvit papp til å ha inne i melkekartongane, syns eg melka har skifta smak…(sjølv om den mørke pappen skal bevare melka betre av ein eller anna grunn). Dessutan må det no være måte på kor mykje superlim, ja superlim faktisk, dei skal bruke til å få melkekartongen tett!! Kor ofte er det ikkje du har prøvd å opne ein melkekartong så får du sjå at ”inner pappen” henge igjen? Så må du begynne å grave med peikefingrane i håp om at du skal få ei opning på det som skil deg og melka. Så endelig – når det er gjort, kan du drikke melka, men då er det neppe ein positiv opplevelse, enten så er melka full av pappbitar, eller så er den blitt så oppvarma av at du har dreve å makka så lenge med å få opna kartongen...

"Farfar-sovestilling"

Hmm eg kan liksom ikkje skjønne kvifor eg var så trøytt i dag, for eg la meg kl 21 i går, og sovna ca 22! Menmen sånn går no dagane...fekk no kava meg på skulen og komt meg på ei obligatorisk forelesning...obligatorisk - eit ord som får deg til å kjenne deg ekstra trøytt, og som får deg til å ville droppe skulen. Rare saker, og selfølgelig tenkte eg på ordet obligatorisk under alle 6 timane med forelesning…dvs utbyttet var nok ikkje noko særleg… dessutan lurar eg på kor mange gongar lufta inne på Åse har blitt pusta inn og ut av mine medstudenta, før eg gjorde det same med lufta, før nokre andre tok over den lufta igjen osv. Faktisk talt trur eg det var så mykje CO2 i klasserommet at om nokon hadde funne på å skulle sprenge ei atombombe der inne, ville resultatet blitt som ein defekt kinaputt i ei postkasse – ingen effekt med andre ord! Heldt faktisk på å sovne eit par gongar, men tanken på at eg sikkert hadde sovna i ”farfar”stilling holdt meg vaken. (Farfar stilling: hodet vippar frå side til side, mens munnen er open, som ein ekstra piff til farfar sove stillinga kan vi legge på litt spytt som renne ut av munnen. Med andre ord ikkje så veldig egna om du har ete sjokolade som får fram den seige konsistensen i spyttet…må liksom begynne å ”spagetti” suge inn sjokoladespyttet etter på). Etter kvart som dagen nærma seg slutten fant eit par av karane i klasse ut at dei kunne ha det svært morosamt med ei bonaqua flaske, blåse luft i ansiktet på kvarandre, og inn i øyra mine, ingenting er som ein frisk dusj med luft og vassdråpar!! Har rett og slett fått god tid til å tenke på kva eg skulle skrive på bloggen i dag…eg hadde mange bra tanka, men no e dei vekke...
Dersom du er ein KRIK’ar eller ikkje, så skal du vite at vi spela fotball i ballbingen der med Rådhuset/Hials ein plass, torsdag frå 18-20. Vi møte opp utanfor gymsalen kl 18. Blir det eit svinevær så stikke vi kanskje på bowling muligens etterfulgt av ein tur på Pepps Pizza.Ta deg ein tur då vel!!

fredag 5. oktober 2007

Ludo


I går så kom ho Sissel på besøk hit til Ålesund! Utrulig kjekt! Faktisk utrulig kjekt, og det er sjelden at eg har besøk av folk som lika og spele ludo, som er eit utrulig undervurdert spel, for det e skikkelig artig! Tja eg veit ikkje heilt om Sissel lika det enda då, for å prøve å sei det på ein fin måte: Sissel du var drit dårlig!! Hehe det gjekk somregel i 1’ara og kanskje ei 3’ar om ho var heldig, og om ho skulle få ein 6’ar så var Marita sine gule og blå brikka der for å slå ho inn igjen (måtte jo spele med to farga sånn at det blir litt meir action, for meg tydeligvis, for Sissel hadde max tre brikka ute om gongen)…Når eg hadde alle mine i mål, så trur eg ho akkurat hadde greidd å få ut sine brikka, men det var fordi eg sto ei stund å venta på en 1’ar til å komme meg i mål…ikkje så veldig enkelt når Sissel bruka opp alle, og når terningen berre vil vise meg eit tal som var 5 eller høgre! Hurra for meg og mine dyktige Ludo-skills:) etter på så for vi ut for å få litt frisk luft, vi såg blant anna ein rar katt med stor kropp og lite haud og store auge, tyttebær som voks på tre, og eit tomat tre…

Tok oss ei runde på KRIK på høgskulen etterpå, der vi fekk spelt litt fotball i ein overoppheta gymsal, men det må til av og til! Så kom vi oss heim hit igjen og laga til litt koselig stemning med stearinlys, te og pops, og snakka om sånne derre framtidsting til vi rett og slett ikkje greidde å halde auga opne meir. I dag tidlig var vi rett og slett så trøytte når vi vakna av at vi nesten vart skremte av å sjå på kvarandre!! Sissel var litt bekymra for at ikkje mora ville kjenne ho igjen når ho kom heim!! Så kjørte eg ho til busstasjonen og kjørte vekk medan eg SMILTE og vinka til ho, og ho SMILTE tilbake! (jaja eg veit eg e litt treig, men eg har tatt den no, hihi)

onsdag 3. oktober 2007

Mi gode Marte


I dag var Marte her i Ålesund igjen:) Åhh det var så koselig det!
Marte, mi Marte som eg har bada med ein gong i veka, eit heilt år! Marte som eg e så gla i Marte:)
Vi reiste no av stad og kjøpte ingrediensa til ein særs sunn matrett, type veldig grønn type inspirert salat! Mmm "skills" seie eg berre!! 
Gleda meg til å reise til Oslo å besøke ho igjen, då skal ho få øve seg på 
massasje leksa si på meg, siden ho studera fysioterapi, så skal vi lage den gode salaten vår! Eg trur vi er salat M'ane faktisk, dyktige på den fronten:) 
Kanskje ikkje så dyktige på å ta bilde?? hehe viktig å zoome inn på tenna!!
Når eg kom heim igjen, så åt eg forresten opp resten av salaten! Tenkte faktisk på den heile den tida eg var ute av hybelen! Så det var utrulig godt å få satt tenna i den igjen...no, no har eg bare lyst på alt anna, sjokolade, kjeks, tja det meste som går ann å ete faktisk! Gleda meg til dagen i måra...då har eg mange fleire tima på å bruke på å ete ting! Som Olav sa eingong: det e ete e utrulig fett, det å bli mett- det er berre ein bonus!!! Åsså kjeme Sissel på besøk i måra:)Hurra:)

Lab og Michael Jackson


I dag var det duka for lab dag på skulen igjen, og siden sist vi hadde lab, som er manga mnd siden, har lab-kleda vært på botnen av ei pappekse, ganske så krølla sammen i ein krøll, resulterte det i ein særs krøllete uniform! Heldigvis var det ikkje berre eg som hadde lagt uniformen i ei kasse, det såg faktisk ut som om alle sammen hadde gjort det!! Eg lurte faktisk på om eg skulle varme opp ei kasserolle og gni over dressen sånn at den vart litt betre, men siden eg ikkje veit kordan resultatet kunne ha blitt - eller korleis eg får brannalarmen til å slutte å ringe, så fant eg ut at eg lik så godt kunne gå med den krøllete dressen! Strykejernet mitt kan eg ikkje sjønne kor eg har gjort av...dessuten er det vanskelig å skriver ordet "strykejern", eg skrive berre "strykehjern"...samme problemet med "vaffelhjern" jaja rare saker....
Laben starta med eit voldsomt brak i dressen til Fredrik, nei, han feis ikkje, men den rakna en eller anna plass..kanskje det står inne på sida hans? Ja, og masse latter er ein viktig del av forberedelsane til labdagen, få trimma magemusklane skikkelig av å gå på sjukepleien...6-pac heile gjengen! Tenke dei på fagskulen er bra fornøgde med at vi har labdaga så sjelden!!
Etter å ha fjerna agraffa og sutura,og sår dren, så var plutselig labdagen over...Vi var faktisk oppe på tekinsk fagskule på den opp-pussa lab'en, utrulig grei å være på faktisk! Faktisk litt sånn nedtur at laben er så fin, men dei dukkene som ligge der skulle jammen hatt ei opp-pussing dei og! Alle sammen ser ut som super fan av Michael Jackson, der dei har fått ufaglærte sjukepleie studenta til å utføre illegale plastisk kirurgi operasjone i ansiktet, med den formeininga om å bli meir lik han!! På bildet er forresten Michael Jackson dukka til venstre!!

tysdag 2. oktober 2007

Sweet Monday

For ein fantastisk dag!! Altså, for ein fantastisk start på veka!!
I dag har vore ein utrulig bra dag!! Faktisk så bra at eg ikkje greie å formulere det bra nok, og så bra at ordet bra ikkje kan bli brukt nok gonga!! Bra liksom!
Etter skulen susa eg innover til Moa for å shoppe litt sånn derre 1-2-3 kake sånn at eg kunne skylde på ferdig pakken om kaka smakte rart...og det syns eg faktisk den gjorde, pluss at eg greidde å steike den litt for lenge sånn at den blei ein smule (hehe) tørr...
Så fekk eg tatt litt panikkrydding her inne, type alt rotet inn i klesskapet panikk rydding, og så fekk eg støvsuga og vaske golvet!! Faktisk så tørka eg littegrann støv og! All respekt til meg sjølv for det! Så fekk eg besøk av dei eg er på bibelgruppe med, no trur dei at eg er skikkelig ryddig og at eg har null uorden i lght! Har faktisk tenkt litt på det at det kanskje er litt dumt å ha det så ryddig til dei gongane eg får "planlagte" besøk, for tenk om dei kjem eingong her e fullstendig bomba!!?! Ohh no, eg tør ikkje tenke tanken ein gong!
Vi hadde i allefall ein kjempe koselig kveld, med tørr kake og avansert te for vidarekomne, og ikkje minst - eit godt fellesskap! Dessuten så e her blitt så ryddig no at eg rett og slett er imponert over kor koselig her har blitt!! Sett bort i frå at katten har lufta tarmen sin igjen!