torsdag 11. oktober 2007

WASA - the discussion


Knekkebrød, jah, eg skal love deg at eg har hatt mange diskusjoner om det! Heile diskusjonen går egentlig ut på kass side du har pålegget på, altså den med sånn stæsh på, type frø, havregryn og sånn type stæsh, eller den sida som e ganske så tom for stæsh.

Altså mi meining er, eller nei, eg veit at pålegget SKAL være på den sida der det ikkje e stæsh på. Her er eit av mine argument for ikkje å ta pålegget på den sida med stæsh: dersom du skal ta på smør, så resultera det i at du flytta på alt stæshet, sånn at alle frøa eller ka det no enn måtte være, hamnar i eine enden på knekkebrødet. Jaja tatt i betraktning at nokon likar 5 gram med smør på det sunne knekkebrødet. Skulle du være så uhelidig å ta for mykje smør på knekkebrødet, er det ingen sjanse i havet om at nokon hadde synes det va appetittlig med smør med svarte frø i på smørbokskanten. Då tenkar du sikkert at du berre kunne brukt det smøret på neste knekkebrød som du skulle ete, men kva om det ikkje var fleire knekkebrød igjen? Eg tvilar på det hadde vore godt med frø-smør på ei skive med syltetøy, og nei, du kastar vel ikkje mat, gjer du?

Etter å ha studert samtlige knekkebrød pakka ei stund, ser eg at det er bilete av pålegget på sida med stæshet. Men som vi alle veit, så lyge reklamen, ikkje tru på det!!

Dessutan har eg sendt mail til WASA med spørsmål om kva deira meinig var med knekkebrødet då dei ”skapte” det. Kva side som er rett å ha pålegget på. Dei sendte meg mail tilbake og sa at under 40 % av befolkninga meinte at dei skulle ha pålegget på sida med stæsh…haha mindretal då eller?

Gje meg gjere kommentara sånn at eg kan sjå kass side du står på i den store WASA saka.

Ingen kommentarer: