måndag 29. oktober 2007

Makk er teit


I dag så vokna eg atter ein gong til nyvaska vindauge. I natt hadde det regna so masse at eg nesten vurderte å hente paraplyen min å sette den opp over senga, og det kjentes nesten ut som om eg hadde vannseng… du skjønna, eg har skrå vindauge over senga mi!
Vokna av meg sjølv i dag i 9 tida, åhh utrulig deilig å vite at klokka er skrudd ein time tilbake!! Eg tenkte eg skulle dra meg inn på skulen for å få lest litt, og få utnytta den ekstra timen…så da pakka eg saman skule tinga mine og trakka ned igjennom den støvete trappa som har to tyggis og ein sneip på det 3. nedste trappetrinnet. Eg gjekk ut døra og måtte bråbremse!! Ussj, nei fyttigrisen kor dumt det er når det renga, ikkje nødvendigvis fordi det blir så vått, men fordi at alle makkane skal kravle opp av jorda og legge seg på asfalten slik at du i allefall trakkar på tre av dei før du får kasta deg inn i bilen! Inni granskogen, at det går an, for nåkken motbydelige dyr, insekt eller pattedyr eller blautdyr det egentlig er! Ikkje nok med at dei er seige og ekkle, men dei skal no strekke seg så lange som dei er, det ser faktisk ut som om dei vil at du skal trakke på dei, eg kjenna at eg nesten blir provosert! Kordan i alle dagar greier dei forresten å krype ei så lang strekning, for eksempel frå plenen til inngangsdøra på nåkken få timar på nattestid, men når dei har komt til trappa så blir dei liggande der til dei ser ut som overkokt spagetti, og vidare til dei går fullstendig i oppløysing…Tilbake til den ”ferske” makken, om du trakkar på dei, så kan du kjenne gjennom skoen kordan dei krøllar seg og slår endane av den lange tynne kroppen opp langs sidene av skoen sånn at skoen får makkeslim på seg!! Og da får du nesten dårlig samvittighet for at du har pint den stakkars makken, men kordan du skal spare den for lidelsen er umulig og vite, det hjelpe vel ikkje akkurat å kutte den opp, for da sprella jo alle delane, nei off, du kan bli forvirra av mindre…blæh!!Eg kan vel ikkje heller akkurat innrømme at eg går å børe med meg ei kjøttkvern kvar gong det regna heller…Av og til kan ein faktisk kjenne at det luktar makk når det har regna…ei utrulig ekkel lukt! Dessutan for nokon utrulig teite dyr, kva i allverdens dagar er det dei skal på asfalten då? Dei legge seg jo midt i skuddsona for spisse harde nebb av linerler og andre fuglar som likar spagetti type dyr…eg trur ikkje makkane er særlig kloke nei!

Ingen kommentarer: