onsdag 31. oktober 2007

Spele avhengig!!


Åå for ein koselig kveld!! Har hatt besøk av brødrene mine i dag og spelt spel og laga brownies, rett og slett kost oss:) Hurra for kokken Marita og den usteikte browniesen (?) og for at eg vant i Scrabble:) Ditta her må vi gjere oftare kara! Off, når eg skulle gå inn døra, så kom det ei jente med skrik maske, off nåke så ekkelt! Eg e redd folk som bruka maske, ja så er eg redd ballonga. Må nok innrømme at eg kikka bak meg når eg prøvde å springe opp trappa, utan å snuble. Men utan å snuble funka ikkje, for eg trur eg holdt på å ramle på kvart 3. Steg…jaja…
Det er faktisk utrulig koselig å spele spel, spesielt når det går din veg! Det forklara vel kvifor eg alltid spela Ludo med lillesøstra mi når vi er heime, med tre farga kvar, og der eg tenker taktisk og ho berre flytta brikkene i god tru om at eg ikkje skal greie å skubbe ho inn. Ho tar alltid feil. Det gjer forresten Sissel og, hehe:) Stakkars Mirjam, alt ho må gå igjennom. Ja, memory, ohh-ho det er eit fantastisk spel, spesielt om du spela det med lillesøstra di som er 10 år yngre enn deg sjølv! Men etter å ha spelt det ein del gonga i sommar, og når ho rett og slett tilslutt knuste meg, så fant eg ut at memory var teit, derfor spela vi alltid ludo før vi tyr til memoryen, og da e vi som regel kjempe leie av å spele, at vi gjer oss! Og det er bra! Må gje seg når ein er på topp:)

Det er så godt når det er onsdag, for da kan ein begynne å telle ned til helga!! Då er det berre torsdagen du må stå opp tidlig på, eller ja fredagen og, men da er det jo liksom helg!!

Ingen kommentarer: