tysdag 2. oktober 2007

Sweet Monday

For ein fantastisk dag!! Altså, for ein fantastisk start på veka!!
I dag har vore ein utrulig bra dag!! Faktisk så bra at eg ikkje greie å formulere det bra nok, og så bra at ordet bra ikkje kan bli brukt nok gonga!! Bra liksom!
Etter skulen susa eg innover til Moa for å shoppe litt sånn derre 1-2-3 kake sånn at eg kunne skylde på ferdig pakken om kaka smakte rart...og det syns eg faktisk den gjorde, pluss at eg greidde å steike den litt for lenge sånn at den blei ein smule (hehe) tørr...
Så fekk eg tatt litt panikkrydding her inne, type alt rotet inn i klesskapet panikk rydding, og så fekk eg støvsuga og vaske golvet!! Faktisk så tørka eg littegrann støv og! All respekt til meg sjølv for det! Så fekk eg besøk av dei eg er på bibelgruppe med, no trur dei at eg er skikkelig ryddig og at eg har null uorden i lght! Har faktisk tenkt litt på det at det kanskje er litt dumt å ha det så ryddig til dei gongane eg får "planlagte" besøk, for tenk om dei kjem eingong her e fullstendig bomba!!?! Ohh no, eg tør ikkje tenke tanken ein gong!
Vi hadde i allefall ein kjempe koselig kveld, med tørr kake og avansert te for vidarekomne, og ikkje minst - eit godt fellesskap! Dessuten så e her blitt så ryddig no at eg rett og slett er imponert over kor koselig her har blitt!! Sett bort i frå at katten har lufta tarmen sin igjen!

Ingen kommentarer: