fredag 19. oktober 2007

"Knips maj i nakke"


Jadda, jadda, då har praksisen starta for nest siste gang for kullet 2005. Så ditta her er skikkelige saker folkens. Åhh det skal blir så kjekt å bli ferdig på skulen og kunne begynne å jobbe på sjukehuset! Til no så har eg vore med på 2 operasjona, ein tonsillektomi - fjerning av mandla og polyppa, og på ein amputasjon av fotbladet!! Utrulig kjekt, og veldig spennande å få være med på!!

På amputasjonene så var det ei koselig og humørfyllt dame frå utlandet ein plass, som tok i mot meg, ho prata litt gebrokkent, men eg skjønte sånn ca kva ho sa, og dersom eg ikkje skjønte noko, sa eg berykta "hæ?" ordet, som ein helst ikkje brukar to gangar på rad. Etter å ha brukt “hæ?” ordet alt for mange gongar så fant eg berre ut at eg skulle smile forsiktig dei neste gongane ho sa noko…ikkje alltid like lurt!! Så Skulle amputasjonen starte, og eg skulle hjelpe den gebrokkne dama med noko. Her kjem eit utdrag av samtalen mellom oss:
Dama:Marrite, kan do komme o knipse nakke?
Meg: ”ehh…hæ?”
Dama: ”kan do komme og knipse maj i nakke?
Meg: ehh…hæ?...Knipse deg?”
Dama: ”ja, du komme her og knipse nakken!”
Midt mellom den merkelige ord-vekslinga mellom meg og dama, så hadde anestesi sjukepleiaren vore der og satt epiduralanestesi. Eg lurte på om den gebrokkne dama hadde blitt gal, og skulle sjå om ho endå hadde følelse i nakken sin, siden pasieten gradvis mista følelsen over beina….eg blei rett og slett total forvirra!!! Eg merka at tonen mellom oss plutselig vart så spesiell, ho vart litt små frustrert for at eg ikkje gjorde som ho sa, og eg var små frustrert over at eg rett og slett ikkje kunne fatte og begripe kvifor eg skulle knipse ho i nakken!
Meg: ”Skal eg knipse deg i nakken? Hehe *falsk latter*, jaja eg får vel gjere det da”
Dama: ”Ja, det kan du gjøre, det ikke er vanskelig.”
Så då gjekk eg bort og knipsa ho i nakken…da begynte ho bare å le…Det ho egentlig lurte på var om eg kunne knipse igjen frakka til ho…Inni granskauen da, gjett om eg var glad for at vi måtte ha på oss munnbind sånn at eg kunne flire stille under operasjonene…Ho var no ikkje så veldig flink til å halde igjen latteren sjølv heller, tilslutt måtte vi berre unngå å sjå på kvarandre, for vi begynte berre å le….off, tenk at eg faktisk knipsa ho i nakken!!!

Ingen kommentarer: