fredag 29. august 2008

Det var ein gong ein nøkkel...

I dag gjekk det faktisk opp for meg. Eg har ingen nøkkla. Bilnøkkelen er gitt til lillebroren min, og husnøkkel - nei den har eg ikkje lenger. Eg eige ingen nøkkel. Rart. Frå veldig tidlig i livet har eg nesten alltid hatt ein nøkkel, dagbok-nøkkel, nøkkel til sykkelen - ja det var vel egentlig det eg har hatt nøkkel til...null nøkkel, null nøkla å rote vekk - hærlig!

torsdag 28. august 2008

Ei historie frå gamledagar

Mamma Kari fortel, medan Marita tek seg lov til å publisere for alle der ute i verden, med ein liten touch av innleving og skildring som sikkert ikkje e tilfelle:
Det var då eg og Harald var nyforlova. Eg hadde ikkje vore nåke særlig ute å trent, og var heller ikkje i særlig god form. Men joggetur skulle vi på. Eg tok på meg joggeskoa og Harald var ivrig etter å vise kor sprek han var. Vi begynte og jogge, og tempoet var vel kanskje litt for høgt, men det var ingen av oss som ville være den som bremsa. Varmen utvikla seg, no var det ikkje lenger den pressande varmen inne i skoa, men no var eg blitt så varm at heile ansiktet såg ut som ein mosa tomat, ketsjup med andre ord. Skulle joggeturen ingen ende ta? Var dette den sprekaste teologistudenten som Kari nokon gong hadde trudd skulle være skapt? Ja, det var nok det. Ikkje nok med det å håpe på at nokon av dei to nyforlova (Harald) skulle seie at dei var kome til endes so gjekk Kari og grudde seg til det, for ho viste at det var like lang veg tilbake...omsider kom dei fram til det punktet ingen av dei orka og jogge meir, og dei fekk komt seg heim til kvar sine busted 1 time frå då dei starta.
Kari hadde gangsperre i ei veke etterpå. Harald lata som han ikkje hadde gangsperre i ei veke. Mamma har ikkje vore på joggetur sidan då,  Harald er ein mann som går i kjole og likar multe.

onsdag 27. august 2008

Siste dagen i Ålesund


No skriv eg faktisk i fortid, for ditta her skal gjerast i måra. Eg skal plukke opp Gunhild etter jobb, so skal vi kjøyre inn til byen og ro med den ultra super kule gummibåten vår gjennom brosundet. Der skal vi finne ein plass vi kan "fortøye" båten medan vi tar oss ein kaffitår og ein matbit åttåt.
Etter å ha farta midt i byen i gummibåt skal vi finne ein flott plass å henge opp hengekøyene å sove der den natta. Stormkjøkkenet skal selfølgelig være med, og frukosten skal bestå av te, egg og pannekake. Ditta her blir kjekke greier, siste kvelden i byen, sammen med ho eg e mest gla i av alt!
Då torsdagsmorgen kjem skal eg farte heim til Innvik, for so å farte til Stavanger på søndag.

tysdag 26. august 2008

Turkeyparty - volum 3


Atter ein gong var det duka for kalkunparty. Avslutnings middag. Festen arrangert av Eivind og Marita, men Marita sto for middagslaginga, Eivind var der og åt - men det var vårt party =0)
Alt skulle lagast uten oppskrift, for den hadde eg kasta, så da måtte eg berre la fantasien spinne, og faktisk så spant den ganske bra, for maten den vart god den!! Hurra, endelig får eg til å lage nåke bra mat. No kjem folk i allefall til å savne meg!! Ditta her var ein fantastisk flott og kjekk kveld på alle måtar. Festen vart husa av Ålesundsteamet, og masse masse bra middagsgjesta! Dokke e soooo bra folkens! Eg gleda meg til neste kalkunfest!!!

søndag 24. august 2008

Surprise party- part II


Søndagen våkna vi opp til heilt fantastisk vær. Og utsikta ut mot det glinsande havet og mot Runde - ikkje minst - var heilt utrulig! Vi åt ein stor god frukost, før vi sola oss litt og leika oss litt med luftgevær.
Vi for opp ein tur i fyrtårnet, og kikka ned på bakken frå 36 meter. Eg har funne ut at eg ikkje kjem til å hoppe i strikk, det var alt for høgt med 36 meter over bakken, og eg ville ikkje ha hoppa der i frå.
Vidare for turen bort på stranda med dei fantastiske surfe mulighetene, to bad ingen av oss hadde med surfe brett, men kanskej like greitt då eg ikkje hadde fått det til. I staden gjekk vi og vassa, og fant steina langt ute i vatnet som vi satt på medan sjøvatnet slo over steinane. Plutselig begynte floa å kome, og det var på tida å komme seg inn til land, og då dette Marita, nesten heilt blaut. Gunhild hadde allerede ramla over ende og vannskada mobilen sin. Ho kom bort ein tur til meg då eg sto å balanserte på ein ganske glatt stein, då eg tok tak i Gunhild si hand ramla vi begge ned i vatnet igjen. Gjennom blaute.
Avslutningspartyet vart avslutta med grilling ute på plenen, med havet i bakgrunnen. All sjølufta var utrulig trøttande, og det var godt å få legge seg i eiga seng den kvelden. Eg kan ikkje få sagt det nok for ei utrulig bra helg ditta her var!! Takk takk, tusen takk!!

laurdag 23. august 2008

Surprise party

Gunhild fekk kjøyrt meg heim frå Vestnes og virka ganske stressa då ho sat meg av. I bilturen frå Vestnes fant vi ut at vi skulle overnatte ute i det fri, og konstanterte fleire gonga at ho skulle hente meg, og at eg måtte ta med toalettveske og sovepose. Gunhild kom og henta meg og virka iutrulig ivrig med telefonen sin, ho ringte og sendte meldinga i et sett. Ho var heller ikkje så veldig gira på å kjøpe inn frokost og mat til kvelden i det fri. Det var noko som ikkje stemte. Då eg sa at eg hadde gløymt soveposen min heime sa Gunhild at det ikkje gjorde noko, for ho hadde tatt med seg ein ekstra, noko var galt, for til vanlig huskar berre Gunhild å ta med seg bilnøklane. Det var avtalt at vi skulle på Lyspunktet saman med ein liten gjeng, men då ho svingte inn mot Godøye fatta Marita mistanke. Eg tok å ringte til dei vi hadde avtalt å møte på lyspunktet for å prøve å finne ut av kor det var vi skulle, og høyrte på stemmene deira at dei vart litt satt ut av dei lure spørsmåla mine. Hehe. Eg fekk ut av dei lite grann, og nevnte so vidt Alnes. Og jo, det var der vi skulle. Vi kom til verdas koseligaste hus, og der sto Stig, Birgitte og Sandra og mekka i stand middag. Seinare på kvelden kom det fleire folk, åh det var so kjekt! So fekk eg no ei presskanne og ei t utrulig bra bilde i avskjedsgåva. Heilt fantastisk. Ditta her kunne ikkje blitt ein betre kveld folkens – tusen takk for det dokke gjorde for meg og laga i stand!! Eg digga dokke, og kjem til å savne dokke masse masse! Gunhild – takk skal du ha, kjære du!

fredag 22. august 2008

VHS på Vestnes

Eg og Gunhild vart enige om å dra på en liten tur til Vestnes for å besøke søstra hennar, svogeren og dei to sjarmerande tante barna. Etter å ha digga gammal musikk frå 90 tallet, kom vi oss fram til Vestnes. Begge følte vi oss litt reduserte etter ei natt med lite søvn, faktisk ei heil veke med alt for lite søvn. Etter fotball, dissing (sitte på reie, disse, ronse etc.)bading i sjøen, og eting av bolla var det tid for at barna og dei voksne skulle legge seg. Men eg og Gunhild måtte koble av med ein film før vi kunne legge oss til å sove. I den siste tida fortalte søstera til Gunhild at mange av dei elektriske tinga deira berre hadde slutta å virke, bla dvd spelaren, så vi satte på ein god gammal VHS. Faktisk så var det litt uvant å skulle håndtere den store kassetten, men vi fekk det til tilslutt. Etter ei heil rekke med skumle trailera, begynte filmen, og vel ute i handlinga smalt plutselig den eine høgtalaren og begynte å kaste verdas høgaste skurrelyd ut i rommet. Eg var livredd for at den skulle eksplodere og kasta dyna over hovudet og landa på Gunhild sitt fang. ”Pass på, den kjem til å eksplodere!! Dra ut kontakta Gunhild” joda, der låg eg, under dyna, så skrekkslagen at eg berre lo. Det gjorde Gunhild og. Men etter mange laaange sekund greidde Gunhild omsider å skru ned lyden. Resten av tida då filmen sto på vart avbrutt av mange latteranfall då vi såg for oss hendinga med høgtalar skurringa igjen og igjen. Haha. Hahaha. Hahahha.

torsdag 14. august 2008

Overnatting på "Lesten"


Dagvakta på sjukehuset var nettopp ferdig, og den neste vakta var ikkje før på fredagen, det betyr nesten 2 daga fri...så då bestemte eg og Gunhild oss for å fare på eit nytt eventyr.
Dinna gongen her fant vi ut at vi skulle overnatte på Godøya, nærmare bestemt i ei grotte ut mot havet. Eg pakka ned tinga som eg skulle ha med meg i ein bag(!) og det viste seg at eg hadde med meg mykje meir enn kva eg nokon gong skulle tru eg skulle få bruk for på grotte-overnattingstur. På Godøya fekk vi pakka med oss endå meir, og vi fant til og med ein DIGER sekk, type XXXL fjellsekk som vi pressa full med kjempetung ved, for vi måtte jo ha eit bål!
Det begynte å tordne ut, det lyna og det regna, alt tydde på at ditta her skulle bli ein kanon bra tur. Vi kjøyrte ut til "LUUUSI"-ruinane, og gjekk der i frå, allerede etter 20 meter fant vi ut at vi hadde pakka alt for masse med oss. Det skulle også vise seg at myggen var overbegeistra for å sjå oss, faktisk så masse at dei stelte i stand ein feste ¨på oss, koldtbord -som resulterte i mange myggstikk i ansiktet og på halsen.
Aldri før hadde eg gått så langt med ein så tung bag før, og det gjorde det heller ikkje betre at vi gjekk i støvlar på glatte berg. Dessutan hadde vi på oss dongeribukse, med vinterbukse utan på der igjen - vi var varme!

Grotta. Joda vi kom fram. Oppspiste, lav blodprosent. Vi fekk fyrt opp bålet, tent masse stearinlys, og laga til den fine liggeplassen vår. Så var det på tide å ete kveldsmat, og kva passa vel ikkje betre til kveldsmat enn reker, når vi sat og kikka ut mot havet? Klokka vart over midnatt, og vi sovna.
Tidlig neste morgen vakna eg at eg var blaut på beina, eg hadde lagt meg oppi ei lita elv, men men det gjorde ingenting, for no skulle vi ha skikkeli villmarksfrukost, men egga var vistt blitt knust, for plastikkposen var ikkje god nok beskyttelse i den overfulle bagen. Pannekakarøra ville rett og slett ikkje bli til ei pannekake, men siden vi hadde tatt med oss så masse, så hadde vi ganske mange alternativ å velje mellom. Klokka vart 1300 og vi traska avgarde mot den vanlige sivilisasjonen på Godøya. Vi hadde ein FANTASTISK tur, eg digga deg Gunhild'a mi!!

fredag 8. august 2008

Skåla opp - og ned






Skåla. Norges lengste motbakkeløp. Der har eg hatt lyst til å reise leeenge!
Og siden eg e så heldig å ha så mange sporty venna, så sa det seg egentlig sjølv at eg skulle invitere ein drøss med turglade Sunnmøringa til fagre Nordfjord for ei helg spekkfull av fjelltura.
På fredagen ankom eg, Gunhild, Elisabeth og Stig den fantastiske lille bygda med namnet Innvik. Siden vi kom seint, og siden ingen av oss var særlig opplagde, var det utrulig godt å kome heim til mamma sine nybakte rundstykke og fint pådekka bord. Åhh, eg elska familien min!! Dessuten hadde ho kjære fantastiske mamma mor laga til madrassene ute i stabburet, med belysning frå det kunstige ute juletreet. Vi var klare til å legge oss. Stig skulle få sove i dukkehytta.
Lørdagen for vi på tur opp i Løja, vi måtte jo rett og slett varme opp til vi skulle på Skåla. Eg skulle vise folka hytta oppe med drikkevannet, men siden eg heile tida skulle finne ein betre sti enn den som var merka opp, så vart turen kanskje 2/3 lengre enn kva den trengte å være - men det gjorde ingenting, det regna ikkje så masse:)I 2000 tida var vi komen ned til Innvik-huset igjen. Og no kom Olav, Erlend, Helen, Sandra og Andre. Vi hadde eit heidundrande grillparty på veranden og satt oppe alt for lenge i forhold til det vi hadde planlagt til.

søndagen kom so alt for tidlig. Faktisk så tidlig at eg rakk å nynne på "Pål sin høner" før eg vakna. Vi sto opp klokka 9 og åt ein stor frukost før vi kom oss avgarde med Skåla som mål. Kl 1020 starta vi i motbakken. Bakkane starta så altfor fort, og så altfor bratt, men det gjekk seg til. Etter mange høgdemeter med stigning lurte eg fleire gongar på kass fjell det var vi dreiv på å besteig. Etter mange steg, mange nøtter, mange meter og litt smerte var vi komt til toppen, SKÅLA!! 1848 meter over havet. Vi hadde ein god times pause på toppen, før vi sprang nedover og aka på snøen. Det var fantastisk godt å kunne sette seg ned i sofaen heime, og få varm ferdig laga middag (takk mamma!!!)
Turen mot Ålesund var fullspekka i dårlig overtrøtt humor.
Folkens, ditta her blir visst tradisjon frå no av! Skåla opp neste sommar også, for påmelding kontakt Marita!!

tysdag 5. august 2008

Det å velge eit kjæledyr

Mange har faktisk spurt meg kvifor eg nettopp valgte Paazan blandt alle kattungane...jo, no skal du høyre;
Då eg skulle velge meg ut ein liten kattepus var valget faktisk svært vanskelig. For det første var alle kattepusane veldig søte og små og bæsja lite og mjaua lite. Alle var passe rampete og viste seg fram på kvar sine måta. Bortsett frå ein, Paazan. Han var bare rar, dessutan var han den styggaste kattungen i kullet. Dessutan klatra han berre opp langs listene på kjøkkendøra og viste liten interesse for besøkande. Rare katten, tenkte eg. Han der kjem ingen til å ville ha.
Men så begynte Marita å legge sammen ein og ein. Om ikkje eg veljer han, så kjem ingen andre til å velje han heller, då kjem han til å dø. Sånn valgte eg. Plutselig hadde eg ein rar, vill, liste klorande klatt, eg hadde fått meg ein katt - Paazan.

laurdag 2. august 2008

Dark Knight


Då tok plutselig eg, HK og Pk oss turen til Løvenvold kino for å sjå kino, ja det seie vel seg eigentlig sjølv. Valget landa på Batman - dark knight, som eg ikkje har peiling på kordan ein uttala (knæit, næit, kniiiht, osv...)
Faktisk så lika eg egentlig ikkje sånne superhelt filma, der dei uovervinnelige mannfolka kan fly, kræsje bilane til totalvrak uten å knekke en negl (uten å bli sinte sånn som dei ville blitt om det var ei dame som kræsja) og koffer har det seg egentlig sånn at mannfolk på film aldri bruka plaster? Men dei store oversized bandasja kan dei ha på??? Dessuten skal dei alltid sy såra sine sjølve. Og infeksjona, nei det finst ikkje på film. Og forresten, ken e det som tar suturane etterpå? Så mange spørsmål, og ingen manus å finne svar i!!!
Men ja, sjølv om batman ikkje brukte plaster (trur eg) så var det faktisk ein ganske bra film...tatt i betraktning at Jokeren aldri hadde greidd å smugla so masse sprengstoff inn på sjukehuset...

fredag 1. august 2008

Kajakk turen


Etter ein lang og travel dag på jobb var det så kjekt å få melding om eg ville være med ut på kajakk tur. Kajakk har eg aldri befunne meg i før, så ditta her skulle bli særs spennande:)
Vi kjøyrte til Ulsteinvik der Anders hadde tatt ut 4 kajakka. Vi fekk litt lyninnføring i kordan pedalane fungerte og kordan vi i det heile tatt skulle greie å halde oss ombord i den lille smale, lang båten. I begynnelsen var det ta utrulig vaglande, og enda meir vaglande kjentes det ut at det vart når eg såg tusenvis av brennmaneta i vatnet. Etter å ha "kadla i pajakk" ei stund for vi i land på ei lita øy der vi grilla og bada. Tida for fort, og eg og Gunhild tenkte vi skulle være super super raske og padle frå gutta boys, og det greidde vi med det store forspranget som vi fekk.
Den fantastisk fine dagen vart avslutta på Kari Kaffi, etterfulgt av ein sein kveld heime hos Gunhild.
Eg lika kajakk og skal definitivt ut på kajakk tur igjen!

Run Forrest, RUN!!!

Åh, nei no altså, koffer e det sånn at når folk flykta frå nåke på film eller tv så springe dei rett fram over? Altså, om det feks er ein grasklyppar som kjøyre i retning ein personene med feks. namn Halvard, så prøva Halvard å springe i frå grasklypparen ved å fortsette rett fram i same retning som grasklipparen. Slik pleier det å fortsette heilt til han Halvard ramla over ende, og grasklipparen kjem nærare og nærare. Vidare i manus står det at Halvard febrilsk prøva å ake seg framover med hendene, men blir som regel fort tatt igjen av klipparen, i siste liten blir han redda.

Men koffer i alledaga kan dei ikkje berre hoppe 1 meter til sida? Då hadde alt vore over. Altså, kjem det eit tog på togskinnene, så hjelpe det jo ikkje å fortsette å springe på togskinna, du må altså kome deg ut av jernbana. Eller du kan no ta sjansen på at grasklipparen/toget skal gå tom for bensin medan du spring, eller d kan håpe på at det snart kjem eit sånnt dobbelt spor likande og satse på at toget tar av der, eller rett og slette satse på at du har super god kondis slik at du greier å springe i frå saken med motor som snart kjøyre over deg.