søndag 24. august 2008

Surprise party- part II


Søndagen våkna vi opp til heilt fantastisk vær. Og utsikta ut mot det glinsande havet og mot Runde - ikkje minst - var heilt utrulig! Vi åt ein stor god frukost, før vi sola oss litt og leika oss litt med luftgevær.
Vi for opp ein tur i fyrtårnet, og kikka ned på bakken frå 36 meter. Eg har funne ut at eg ikkje kjem til å hoppe i strikk, det var alt for høgt med 36 meter over bakken, og eg ville ikkje ha hoppa der i frå.
Vidare for turen bort på stranda med dei fantastiske surfe mulighetene, to bad ingen av oss hadde med surfe brett, men kanskej like greitt då eg ikkje hadde fått det til. I staden gjekk vi og vassa, og fant steina langt ute i vatnet som vi satt på medan sjøvatnet slo over steinane. Plutselig begynte floa å kome, og det var på tida å komme seg inn til land, og då dette Marita, nesten heilt blaut. Gunhild hadde allerede ramla over ende og vannskada mobilen sin. Ho kom bort ein tur til meg då eg sto å balanserte på ein ganske glatt stein, då eg tok tak i Gunhild si hand ramla vi begge ned i vatnet igjen. Gjennom blaute.
Avslutningspartyet vart avslutta med grilling ute på plenen, med havet i bakgrunnen. All sjølufta var utrulig trøttande, og det var godt å få legge seg i eiga seng den kvelden. Eg kan ikkje få sagt det nok for ei utrulig bra helg ditta her var!! Takk takk, tusen takk!!

2 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Huff da, var dette friskt eller var det trist?

Surprise var det iallfall....

Mar!ta sa...

det var veldig friskt :) ...og litt trist:)