torsdag 28. august 2008

Ei historie frå gamledagar

Mamma Kari fortel, medan Marita tek seg lov til å publisere for alle der ute i verden, med ein liten touch av innleving og skildring som sikkert ikkje e tilfelle:
Det var då eg og Harald var nyforlova. Eg hadde ikkje vore nåke særlig ute å trent, og var heller ikkje i særlig god form. Men joggetur skulle vi på. Eg tok på meg joggeskoa og Harald var ivrig etter å vise kor sprek han var. Vi begynte og jogge, og tempoet var vel kanskje litt for høgt, men det var ingen av oss som ville være den som bremsa. Varmen utvikla seg, no var det ikkje lenger den pressande varmen inne i skoa, men no var eg blitt så varm at heile ansiktet såg ut som ein mosa tomat, ketsjup med andre ord. Skulle joggeturen ingen ende ta? Var dette den sprekaste teologistudenten som Kari nokon gong hadde trudd skulle være skapt? Ja, det var nok det. Ikkje nok med det å håpe på at nokon av dei to nyforlova (Harald) skulle seie at dei var kome til endes so gjekk Kari og grudde seg til det, for ho viste at det var like lang veg tilbake...omsider kom dei fram til det punktet ingen av dei orka og jogge meir, og dei fekk komt seg heim til kvar sine busted 1 time frå då dei starta.
Kari hadde gangsperre i ei veke etterpå. Harald lata som han ikkje hadde gangsperre i ei veke. Mamma har ikkje vore på joggetur sidan då,  Harald er ein mann som går i kjole og likar multe.

Ingen kommentarer: