fredag 8. august 2008

Skåla opp - og ned






Skåla. Norges lengste motbakkeløp. Der har eg hatt lyst til å reise leeenge!
Og siden eg e så heldig å ha så mange sporty venna, så sa det seg egentlig sjølv at eg skulle invitere ein drøss med turglade Sunnmøringa til fagre Nordfjord for ei helg spekkfull av fjelltura.
På fredagen ankom eg, Gunhild, Elisabeth og Stig den fantastiske lille bygda med namnet Innvik. Siden vi kom seint, og siden ingen av oss var særlig opplagde, var det utrulig godt å kome heim til mamma sine nybakte rundstykke og fint pådekka bord. Åhh, eg elska familien min!! Dessuten hadde ho kjære fantastiske mamma mor laga til madrassene ute i stabburet, med belysning frå det kunstige ute juletreet. Vi var klare til å legge oss. Stig skulle få sove i dukkehytta.
Lørdagen for vi på tur opp i Løja, vi måtte jo rett og slett varme opp til vi skulle på Skåla. Eg skulle vise folka hytta oppe med drikkevannet, men siden eg heile tida skulle finne ein betre sti enn den som var merka opp, så vart turen kanskje 2/3 lengre enn kva den trengte å være - men det gjorde ingenting, det regna ikkje så masse:)I 2000 tida var vi komen ned til Innvik-huset igjen. Og no kom Olav, Erlend, Helen, Sandra og Andre. Vi hadde eit heidundrande grillparty på veranden og satt oppe alt for lenge i forhold til det vi hadde planlagt til.

søndagen kom so alt for tidlig. Faktisk så tidlig at eg rakk å nynne på "Pål sin høner" før eg vakna. Vi sto opp klokka 9 og åt ein stor frukost før vi kom oss avgarde med Skåla som mål. Kl 1020 starta vi i motbakken. Bakkane starta så altfor fort, og så altfor bratt, men det gjekk seg til. Etter mange høgdemeter med stigning lurte eg fleire gongar på kass fjell det var vi dreiv på å besteig. Etter mange steg, mange nøtter, mange meter og litt smerte var vi komt til toppen, SKÅLA!! 1848 meter over havet. Vi hadde ein god times pause på toppen, før vi sprang nedover og aka på snøen. Det var fantastisk godt å kunne sette seg ned i sofaen heime, og få varm ferdig laga middag (takk mamma!!!)
Turen mot Ålesund var fullspekka i dårlig overtrøtt humor.
Folkens, ditta her blir visst tradisjon frå no av! Skåla opp neste sommar også, for påmelding kontakt Marita!!

4 kommentarer:

Anders sa...

hei marita:)
det hørtes veldig kjekt ut!
men skåla er vel mer enn 1448?
er den ikke 1848? Ingen grunn til å underdrive ;)

Mar!ta sa...

Ja ditta her var utrulig kjekt!!!
oj, ja hehe det stemmer det, kloke student Anders:)1848 m.o.h!!
Nei, du veit, eg kan no ikkje skryte for masse av dei flotte fjella i heim kommunene min:)

Anonym sa...

Neste år e e klar igjen. Bare å skrive me opp :D

Mar!ta sa...

Ja eg skal ta å skrive deg opp, eg rekna med at du vil ha plassen din i dukkehytta då også? hehe
Eg skal lage ein event når turen nærma seg:) jeeyy:) Eg teke med meg ein pose med nøtter på turen:)..og gnagsårplaster til Gunhild:)