fredag 22. august 2008

VHS på Vestnes

Eg og Gunhild vart enige om å dra på en liten tur til Vestnes for å besøke søstra hennar, svogeren og dei to sjarmerande tante barna. Etter å ha digga gammal musikk frå 90 tallet, kom vi oss fram til Vestnes. Begge følte vi oss litt reduserte etter ei natt med lite søvn, faktisk ei heil veke med alt for lite søvn. Etter fotball, dissing (sitte på reie, disse, ronse etc.)bading i sjøen, og eting av bolla var det tid for at barna og dei voksne skulle legge seg. Men eg og Gunhild måtte koble av med ein film før vi kunne legge oss til å sove. I den siste tida fortalte søstera til Gunhild at mange av dei elektriske tinga deira berre hadde slutta å virke, bla dvd spelaren, så vi satte på ein god gammal VHS. Faktisk så var det litt uvant å skulle håndtere den store kassetten, men vi fekk det til tilslutt. Etter ei heil rekke med skumle trailera, begynte filmen, og vel ute i handlinga smalt plutselig den eine høgtalaren og begynte å kaste verdas høgaste skurrelyd ut i rommet. Eg var livredd for at den skulle eksplodere og kasta dyna over hovudet og landa på Gunhild sitt fang. ”Pass på, den kjem til å eksplodere!! Dra ut kontakta Gunhild” joda, der låg eg, under dyna, så skrekkslagen at eg berre lo. Det gjorde Gunhild og. Men etter mange laaange sekund greidde Gunhild omsider å skru ned lyden. Resten av tida då filmen sto på vart avbrutt av mange latteranfall då vi såg for oss hendinga med høgtalar skurringa igjen og igjen. Haha. Hahaha. Hahahha.

Ingen kommentarer: