onsdag 30. juli 2008

K-seie?

I løpet av ei tid no så har eg komt inn i ei periode då eg har sagt mange ting på ein litt rar måte. Jepps her kjem ei lita liste:
- eg kan telle på ein finger kor mange gonga eg har hatt pause til no som sjukepleiar
- skal du ha planka eller flexiglass på verandaen?
- åhh, eg fekk lyst på nybakt fisk
- ånei du, eg ligg ikkje på flatsida
- eg har aldri ete det på lenge
- har du curling ski?

Jobben


Innleiing
Her må eg nesten henvise til tidligare innlegg då eg har sagt noko liknande som "eg fekk ikkje jobben, men då dukka det vel noko anna opp..".
Men her må eg faktisk legge meg flatt ned og innrømme kor feil eg kan ta!!Eg kan faktisk ikkje ta meir feil. Fordi det har ikkje dukka opp noko anna, men faktisk så har eg blitt tilbudd ein jobb på dag/aften på den samme plassen som eg søkte på. Utrulig kult.
Hovuddel
Eg våkna i dag i tolv tida (!!!) etter ein sein kveld på byen med Erlend, Stig og Eivind, med ein ganske bra feeling for dinna dagen her. Etter å ha rydda litt, og etter eg hadde fått sunge (heite det sunge? Eg syng, i går sang eg, skal synge, har sunge?!) ut sangen som var på hjernen min når eg vakna følte eg at eg måtte sette meg ned å lese litt i "biblioteker" men gullkant på sidene. Telefonen ringte, og eg trudde faktisk det var frå sjukehuset Stavanger, så eg svarte "hallo" med så koselig stemme som eg kunne, men det viste seg at det var ein telefonselgar som skulle selge meg DetNye. Etter 10 minutt ringte telefonen igjen, joda, då ønskte dei meg velkomen til ei kirurgisk avdeling på SUS. HURRRRRRA. Eg gleda meg!
Konklusjon
Nok ein gong visa det seg at ting ordna seg, om du berre lar dei bli ordna. Utholdenhet - og bønn. Amen.

søndag 27. juli 2008

Bomstasjonen


I dag har eg oppdaga noko særdeles STORT. Innvik har faktisk ein eigen bomstasjon! Faktisk så har eg no kjøyrt og gått forbi dinna bomen mange gonga før, men det slo meg så sterkt i dag; bomstasjon (!) i Innvik (!!!). Kult. Eg har liksom ikkje kost meg sånn når eg har betalt til ein bomstasjon før, men i dag koste eg meg. Tenk, bomstasjon i Innvik. Dessutan so er den sjølvstyrt. Du går ut av bilen, tar opp ein konvolutt frå den grøne potkassa, legg oppi 30 kroner, riv av ei kvitering, postar så konvolutten med pengane i, og kjøyrar vidare, smilande, for kven hade vel eigentleg trudd at det var bomstasjon i Innvik??

laurdag 26. juli 2008

Skilt ??



Det skal no være måte på kor mange rare skilt som finnast rundt om kring. Ditta skiltet her e lokalisert på ferja mellom Hareid og Sulesund. Er det nokon i det heile tatt som veit kva ditta skiltet tyder?
Eit skilt med ein 3 barns familie i midten, og 4 stk menneske som springe veldig veldig fort mot familien og har tenkt å angripe dei. Kan dette går bra?
Nei, faktisk så prata vi om bakholdsangrep. Eit kaldblodigs skilt som oppfordrar menneske til å angripe familiar med 3 barn. Vær difor varsam om du har med deg far, mor og to søsken på ferja.
Eg syns faktisk ditta skiltet her e på grensa, og bør takast ned. (forsovidt også på grensa til Hareid og Sulesund).
Skilt?? Nei, eg syns ikkje det, koffer ikkje berre halde sammen? Man skal være snill og grei mot alle.

torsdag 24. juli 2008

Den mjuke kartoffel


Åhh i dag hadde eg skikkelig lyst på fisk til  middag. Alt var klart til eg kom heim frå jobb. Den lettsalta torsken, purren, ferske gulerøtter og fersk blomkål. mm ditta her skulle bli deilig. Plutselig kom eg på at eg hadde gløymt å kjøpe poteter. Og siden eg sikker hadde gått like langt som eit 10 dagars maraton på jobben i dag, fant eg ut at eg ikkje orka å gå på butikken. Eg begynte å leite i leilighetea, i håp, om at det skulle være nokre vekk gløymte poteter her, og jammen om eg fant det!
Faktisk så trur eg dei var riktig så  vekk gløymte, for dei var nærmast i ein "kokt" tilstand framfor ein "rå" tilstand, dei var nemmelig like mjuke som lambi.
Men eg fekk skrella dei og lagt dei i det kokande vatnet. Etter fisken hadde trekt ferdig i vatnet var det klart for ein middag utan kvit saus (for den vart svidd). Men det eg faktisk hadde eg nok ein gong gløymt at eg har mista smakssansen min, kor eg mista den veit eg ikkje, men det synes som den ligge langt vekke. Eg åt og eg åt, men eg fekk ikkje smakt på fisken.  Kanskje det eigentlig var bra, med tanke på at potetene sikker ikkje smakte godt?

onsdag 23. juli 2008

pis

I dag vakna eg lenge før klokka ringte, heile 8 minutt før! Men eg tok og stilte vekkarklokka lengre inn i framtida og la meg ned for å kvile litt til. Eg vakna igjen litt seinare. Tørst. I går var eg så rastlaus, i dag var eg berre tørst.
Eg gler meg so til eg skal til Stavanger!! Eg fekk svar på jobbsøknaden at eg sto som nummer 4 på lista, så eg fekk ikkje den jobben eg søkte på. Men det gjer ingenting, då får eg berre ein anna jobb. Eg har ganske fred på ditta her. Inga uro i kroppen, berre fred. Og det er bra!
Siste veka i august tenker eg å reise nedover. Pappa skal være privat sjåføren min nedover, noko eg gler meg til. Eg og pappa på tur er alltid kjekt. Dessutan får eg ein god del timar saman med han før vi skillast, og før eg sikkert innser at det er langt heim til Innvik og til familien, lengre enn 2 ½ time som eg er vant med, og avstanden er endå lenger til Ålesund der alle mine flotte venna bur. Ganske trist å tenke på eigentlig, men likevel så kjenner eg dinna gleda.
Faktisk så er det litt rart å tenke på. Eg kjenner ingen der nede. Men no i sommar på Oase møtte eg på ein kompis av lillebror min som vi hadde mykje kontakt med når vi var yngre, han skal faktisk bu på same plass som meg. Pluss at eg fekk helse på ei som heitte Kristin som skal være miljøarbeidar eller noko slikt der eg skal bu. Utrulig artig. Inga uro. Berre fred. Fred og glede.

Fretex og div.



Meg og Gunhild på tur - igjen. Dinna gongen her heldt vi oss innafor Ålesund kommune, faktisk så for vi berre inn til byen og litt i omegn der.
Etter ein god lunsj på LysPunktet fant vi ut av vi skulle traske litt i byen og sjekke ut litt butikka. Turen gjekk innom Fretex, og der fant vi jammen mange komiske ting som lukta 4 kg støv og gammalt skap. Eg vart tett i nasa, men det var som om støvet reska litt nasa mi medan vi var innom butikken slik at eg kunne ta del i dei monge ulike støv luktene i butikken.
Vi fant oss nokre kule klede som vi berre MÅTTE prøve. Og det gjorde vi selfølgelig.
Etter masse latter gjekk turen vidare til bowlinghallen. Meg mot Gunhild. Eg vant. Hurra:)


Etter bowlingen for vi heim til meg å slappa av, såg vi ein eller anna romantisk kokke-film, og etter det måtte vi rett og slett berre komme oss ut ein tur. Turen gjekk opp alle trappene mot fjellstua før den tilslutt endte ute med Anders Egil som vi ikkje har sett siden alt for lenge siden! Etter masse ting vi fant på vi skulle gjere dinna dagen her, var vi slitne begge to, og endte med å legge oss ganske så masse forseint...igjen.

"Fridagen"


Dagen var onsdag, og eg skulle reise til Fosnavåg og møte mormor og tante Åse og resten av Rundane frå Innvik. Uturulig koselig å sjå dei igjen alle mann og dame. Faktisk så gjekk det meste av tida med på å arbeide ute. Alle vi Rundane er ekte arbeidsfolk som likar å grave i jorda og bære stein(?!?). Den første dagen var det prosjekt få vekk noko av eit fjell sånn at vi kunne lage ein ganske så høg mur som avgrensa fjellet frå uteområdete. Noko av fjellet var like porøst og luftig som ein stratos, medan resten inneheldt mykje jern og var ganske så tettpakka - akkurat som kofferten som eg teke med meg på ferie. Etter å ha hakka og gravd og kasta vekk stein som eingong var fjell, var nevane mine heilt øydelagde. Det verka, og eg klarte nesten ikkje knipe handa mi sammen. Derfor bestemte eg meg for å heller gå laus på ein gammal båt som har vore i fjøra over lengre tid, mange år faktisk. Så då tok eg med meg kubein, hammar og øks og begynte å slå og hamre på båten. Faktisk så var det ganske kjekt å sjå at båten vart mindre og mindre, og endå fortare gjekk det då big brow kom for å halde meg med selskap og hjelpe til med "kubeininga".
Båten vart plukka frå kvarandre spiker for spiker, planke for planke, glassfiber for glassfiber, og tilslutt var alle tinga samla i ein diger haug som min svoger PK foreslo vi kunne lage eit digert bål av. Bål vart det. Og røyk vart det. Svart røyk. Det stinka. Mamma var redd naboane skulle merke det. Men båten vart fjerna, og vatnet i fjøra var full av tjære og olje frå gamle dampen. Dessuten så vart det litt steinbæring i fjøra også, måtte no ta å lage til litt fint der nede også:) Gleda meg til å fortsette på å "innrede" strandsona igjen:)
Og forresten, jepps eg lånte pappa sine ORANGE hanskar som matcha dei ORANGE støvlane han har:)

MRF svelå


Ein ting eg kjenner eg blir skikkelig stressa over er faktisk det å være fremst i ferje køen, eller i det heile være ombord på ei ferja om ein har med seg ein bil. Kvifor det spør du sikkert deg sjølv om no, og det skal eg faktisk svare deg på.
Når ein står fremst i ferje køa så er det faktisk du som ledar heile køa ombord på ferja - på ein måte. Opptil fleire gonga har eg komt fremst i ferje køen (fordi eg alltid kjem akkurat forseint til ferja) og har begynt å kjøyre mot ferja for ombordstigning når den siste bilen har kome ut av ferja. Men då har det seg ofte slik at ferja skal ha ei pause før den skal kjøyre vidare, noko som resultera i at ferje-bommen går ned. Og Marita og alle bilane som er bak må til å rygge. Ja, alltid like kjekt.
Når ein er ombord i ferja så er eg alltid nødt til å ha kontroll på kor ferje-betalings-mannen er, dette er for å kunne planlegge kortid eg skal ta ned vinduet, og tilrette legge betalinga på best mogleg måte. Ekstra ille er det når ein får eit slikt kort ein skal levere i retur når ein skal kjøyre ut av ferja, grøss, eg kjøyre alltid så fort når eg kjem ut av ferja for å ha eit lite forsprang, med min kjære 85 modell Sierra, før bakkane begynner. Og det hjelper heller ikkje når bilen er sånn som lika å kvele seg når den går på tomgang, og då må eg sitte å ruse bilen litt. Off alltid nokon som ser på meg, og då greier eg i allefall ikkje å halde gassen stødeig, då blir det meir uregelmessig rusing, noko som ser ut til å irritere dei fleste. Eg gruar meg til laurdag, då skal eg ta ferja over til Sykkylven...

tysdag 15. juli 2008

jaiii

I dag når eg satt og høyre på najs worship ringte plutselig telefonen. Dei ringte i frå Stavanger Universitetssjukehus og kalla meg inn på jobbintervju:) Så kjekt!
Sjølv om eg kanskje ikkje får jobben er det jo heilt fantastisk at dei vil ha meg på intervju!! Jaiii

Pålegg revolusjonen


Brød er svære saker, i allefall om du ikkje har kutta det opp i skiver. Eg likar brød, og eg boikottar Fedon sin teori om at brød ikkje e sundt - eller kva det no var han meinte. Eg skal ete brød så lenge eg lever og så lenge eg har tenner. Men det som ofte kan bli eit problem er kva pålegg ein kan nytte seg av.
Eg har nemmeleg slike bygar då eg får akutt lyst på eit pålegg, og då ete eg det til eg blir skikkelig lei av det...
makrell i tomat har eg ete i mange månader no, samt leverpostei, og eg må sei eg er lei av dei guleboksane...joda eg kunne no kjøpt ein anna slags fasong på boksane, men nei, for store forandringar er aldri heldig.
Men no har Marita gått inn i individets store revolusjon, ho har oppdaga "Sommer salaten", og andre slags sortar av salatar, noko som innebær ein forandring for kva pålegg dinna jenta kjem til å ete ei stund framover - til ho går lei.
Men det som er så dumt med pålegg du likar godt, er at du kan ete eit svært brød utan å merke at du blir noko særlig mett. Og det er jo dumt.I går åt eg 5 skiver - uten å merke at eg var mett, no har eg nett ete 3 skiver og har lyst å ete opp resten av brødet, men eg kan ikkje, då får eg ikkje mat til i måra...no prøve eg å gjere alt anna enn å tenkje på skive med sommar salat, men nei, det funka dårlig, eg må gå å ete litt til

søndag 13. juli 2008

dag 6

Siste dagen. Det var ikkje bare eg som var totally tom for batteri i går kveld, mobilen min hadde også tatt natta, faktisk sånn at eg ikkje våkna før lenge etter eg hadde tenkt å stå opp - men det var bare godt å få sove litt.
Vi fekk pakka sammen teltet, og det var litt tris å tenke på at det kjem til å være lenge til neste gong eg skal ligge i telt igjen. Dei guleflekkane på fotballbana vitna om at det var mange andre som hadde hatt vekkerklokker som hadde virka.
Eg sa at eg alltid blir så fasinert over kordan eit så stort telt skal ned i ein så liten pose, vel eg blir berre frustrert med tanken når eg skal slå ned teltet at eit så stort telt skal inn i den lille posen. Men eg fekk det til, etter at posen hadde rakna so masse at det nesten ikkje gjekk an å bære det.Vi fekk satt oss oppe på tribuna då vi tenkte vi berre vi skulle ha med oss første halvdel av gudstenesta før vi for mot Ålesund igjen. I full fart vart det sagt hade til folka, og tida var komen for å reise. Trist. Tida går liksom så alt for fort når ein samlast på dinna måten her. Det er så mange eg kunne tenke meg å prate meir med, men så skjer det ikkje alltid som ein planlegge. Jaja.
Det var godt å få oppsummert stille i sitt eige hovud på bilturen nordover igjen, og tankane spinnna og spinna. Men det er godt å tenke - ikkje sant Gunhild:) ?!
Eg syns det har vore ei fantastisk veke på Oase, og har med meg masse heim igjen. Som festivalsjefen sa: "vær velsignet, og vær til velsignelse". Amen.

laurdag 12. juli 2008

dag 5


Ditta her skulle vise seg å bli den beste dagen på Oase.
Det var siste gongen "handballgruppa" var samla, og vi avslutta med vannkrig. Eg må vel seie at eg fekk meir vann-bank av kidsa enn kva eg hadde planlagt, og det toppa vel heile greia då eg fekk ei heil bøtte med vatn over meg...men kjekt var det.
Vi avlsutta med pølser og is, og fekk prata litt med dei andre medarbeidarane, noko som var kjekt og veldig kaldt sida eg ikkje hadde fått tatt på meg tørre klede.
Etter å ha fått tatt på meg tørre klede levde eg i håpet om at svømmehuda over heile kroppen snart skulle forsvinne. For å få varmen i oss tok vi oss ein liten gå tur til "Himalaya parken". WOW utrulig stilig laga til med masse klatre ting langt oppe i treda, utrulig kult. Berre synd eg ikkje fekk tida til å prøve, men pff - eg tar det neste år:) Dessutan så møtte eg han kule Lars Gunnar mellom alle dissa høge trea. Det var veldig kjekt å få sjå han igjen i sin egen person og ikkje berre over nett:)
Dinna kvelden her var det duka for meir underfulle ting. Utrulig å sjå på altså! Det var Duncan Smith som var talaren på ditta kveldsmøtet.
Kvelden vart avslutta med eit kebab måltid på ei sjappe der dei visst nok brukte katte og hunde kjøt, dessutan trur eg at det var ein av oss andre som åt som erfarte å få ein rottehale i den siste tygga på kebaben. Faktisk så sprella halen så masse at noko av maten som var (les: var)i munnen berre spruta ut over bordet. Dei kunne no i allefall ha drept den skikkelig!!
Når klokka var blitt 0200 hadde alle gått og lagt seg - untatt Marita. Ho var vaken og klar for å være våken heile natta. Men ettersom alle andre sov så var det ikkje noko anna å gjere her heller. Det har liksom alltid vore tradisjon på Oase, være våken den siste natta, men neida - ikkje i år...men jammen om det var godt å få lagt seg...ZZzzZZZzzzzzzzZzz

fredag 11. juli 2008

dag 4

Gunhild sin bursdag, noko som vi feira skikkelig med å sette oss inn på Peppes Pizza, og gå derifrå før vi fekk bestilt. Gratulerer med dagen beste vennen min!
Det var utrulig godt å drikke melk i dag, eg måtte ha meg 1 liter med melk i dag då eg følte eg leid av mangel på kalsium og hadde på følelsen av at skjelettet mitt begynte å bli avkalka.
På kvelden følte meg meg heilt tom, eg måtte bare legge meg ned på tribuna for meg sjølv, og berre være der, lytte og puste. Etter litt så ser eg ho mamma, og etter ein god samtale med ho mamma Kari vart alt so mykje bedre. Mamme er så klok. Mamma er best. Tenk å ha ei så flott mamma som meg då! Heldiggrisen Marita! Det rare er faktisk at mamma veit kordan eg har det før ho har prata med meg. Eg skal bli sånn som mamma når eg blir stor jente.
Eg måtte legge meg tidlig i dag, klokka var knapt blitt 23 då eg følte augenen såg ut som boller som var ferdig etterheva. Og det gjorde dei også. Det er godt å få lagt seg ned litt for seg sjølv, samla tankane og være stille. Så er ein ikkje aleine alikavel - er det ikkje bra vel??

torsdag 10. juli 2008

dag 3


Litt tungt å stå opp i dag, men ein dusj gjer underverk. Og underverk skulle det vise seg at vi fekk sjå i dag - utrulig kult!!! Det var faktisk veldig deilig å kunne smøre på skiva med ein kniv, og ikkje ei gullerot då vi først hadde fått tak i det i dag.
Var på seminar med ein eller anna Bob i dag, og det var heilt utrulig kordan han profeterte inn i liva til ymse folk som var i salen (ymse- eg lika det ordet sjølv om eg ikkje er heilt sikker på kva det betyr, eg trur det betyr "forskjellig").
Eg og Gunhild satt nesten heilt fremst i salen, og song høgt med då ei kjent dame skulle synge nokre songar for oss i salen. Då ho hadde gitar og skulle synge "hvem er jungelens konge - ugg - ugg" syns eg det var synd at ho ikkje kunne gjere bevegelsane, så då fekk eg lokka med meg Gunhild fram under scena og vise bevegelsane til resten av dei 2000 andre menneska. Ikkje nok med dette, men då vi var kome fram dit og begynte med bevegelsane, kom vi på at VisjonNorge var der og filma, direkte sendt. Vi såg kordan kamera vart trilla mot andleta våra og zooma inn. Hjelpe meg, gjett om vi skalv då!?! Og det såg nok heller ikkje så veldig truverdig ut når vi sang "... og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd..." Det var nok ikkje så veldig stødig grep det såg ut som Han heldt handa i...he he...
Etter 3 songar med bevegelse, fekk vi heldigvis applaus frå publikum, joda vi var utrulig flinke!!Berre synd at ingen av dei andre menneska var med å gjorde bevegelsane. Men det var veldig vanskelig å halde latteren igjen seinare den kvelden då vi tenkte tilbake på kva vi hadde vore med på :)

onsdag 9. juli 2008

dag 2

Natta hadde flydd fort avstad, og endå godt var det då eg hadde dreve å frøse heile natta. Men eg skal ikkje klage, eg syns telt livet e hærlig:)
Vi sto opp og var klare til å ta i mot kidsa. Det viste seg til å være 20 heilt fantastiske barn frå alderen 8-12 år. Hurra for dei!! Eg gledde meg vidare til neste gong vi skulle samlast, og rule heile gymsalen der møta fant stad.
Seinare på kvelden var det møte med talaren Duncan Smith, utrulig inspirerande og godt å høyre på.
Det er så rart at når kvelden plutselig kjem, og du skal til å pusse tenna, slår dinna bølga av trøttheit i mot deg som ein tsunami, sånn at du bare nesten må legge deg rett ned å sovne i 15 minutt før du kan fortsette å gjere noko som helst. Heldigvis kom eg meg inn i teltet, og fekk snurpa igjen soveposen.

tysdag 8. juli 2008

1.dag

Dinna dagen gjekk med på å orientere oss litt på "Herkules idrettspark", for det var jammen stort her, nesten større enn Innvik. Vi fekk også ein del informasjon om kordan Oase var lagt opp dette året. Eg og Gunhild hadde nemlig sagt "ja" til å være med som medarbeidara på JuniorOase. Ditta her gleda vi oss veldig til:)
Etter masse informasjon som vi hadde gløymt lenge før vi hadde gått ut av lokalet, og etter eit heilt fantastisk suppemåltid, var det godt å dra luftmadrassa ut i sola og sove litt. Skikkelig "Fit for fight".
Seinare på kvelden var det møte på TenOase. Ditta her tok av med masse deilig høg musikk med "trøkk", og mange folk som berre "praisa together". Jepps eg veit eg e skikkelig "good" på dissa smænsi orda innklaffa i "hermeteikn".

måndag 7. juli 2008

Turen til Skien


Sommaren e faktisk kome her til Noreg, og fra 8.juli og ei veke fram i tid so har eg faktisk ferie - hurra! Turen går faktisk til Skien, der det skal være Oase. Har ikkje vore på oase på ca 8 år, så det blir kjekt å sjå kva som ventar meg.

Turen starta frå Ålesund kl 0930. Eg og Gunhild var så heldige å få sitte på med Knut Olav nedover ditta lange landet her, og på Bjorli plukka vi på Oddkeir. Etter langt om lenge og lengre enn langt om lenge så kom vi fram til Oslo. Der skulle dei to karane tilbringe natta, så vi jentene bestemte oss for å fare vidare til Skien samme dagen sidan vi allerede var på flyttefoten. Vi tok tog frå Oslo kl 1943 og var i Skien kl 22-ett eller anna. Forresten så heite det Skien, ikkje skje-en.

Etter litt kaving kom vi oss fram til camping området som viste seg å være ei diger fotballbane, med nokre få telt plassert ytterst med kvitestripa, så då fant vi ut at vårt telt skulle stå på midten av bana, for då var det so masse lettare å skulle finne fram og forklare til andre kor vi hadde busett oss for den komande veka.
Det vart litt større utfordring å skulle få opp teltet da ingen av oss hadde peiling på kordan det skulle sjå ut, det var mørkt, og det var mange av oss som bare hadde lyst å sove. Nesten heile fam.Runde skulle hjelpe til å slå opp teltet - noko som berre bydde på problem. Men til slutt fekk vi det opp, og då var det duka for kjøttsuppe i Rundes utrulig kule compicamp med pressenning over. Det var ei fryd å legge seg i den knørva, kalde soveposen!
Like fasinert blir eg kvar gong eg skal slå opp telt - at ein så stor "bopel" får plass inn i den lille telt-bæreposen.

onsdag 2. juli 2008

Båt turen

Klokka var blitt 1530, og etter ein nydelig middag med Gunhild var det tida for å finne på noko...noko artig. Vi har lenge prata om å kjøpe ein gummibåt og ta den med ut på Lillevannet for å ro. Og det skjedde. Vi blåste opp båten på ein stor parkeringsplass og fekk nok ein del rare blikk, men dei smilte, så då vart alt bra. Det er bra å smile:)
Vi rodde ei lita stund, og etter eit par åretak kom forslaget om å ro heilt inn til byen, men først skulle vi ro litt på ditta vatnet her.
Vi oppdaga at lillevannet var svært konsentrert av diverse avfallsstoff etter fleire hundre tusen ender og måker, samt masse grønt "hår" på botnet av vatnet. Faktisk så var det kjempe vanskelig å ro dinna båten, sjølv om det ikkje blåste...vi kom oss så vidt på land igjen. Vi vart enige om å faktisk overnatte i dinna båten her ei natt - jepps på eit vatn, men vi må kjøpe myggnetting først:)
for å sei det så blir det ikkje rotur til byen...aldri..(kanskje)