søndag 20. april 2008

Ulsthuset


Du herlige solskinns dag! Det har vore sooo utrulig deilig ute i dag. Eg og Gunhild tok oss ein svipp til Ulsthuset for henge og slenge med gutta boys. Etter å ha ete is på verandaen og blitt lurt til å lukte på ei skei med is, for så å få pressa all isen på skeia opp i nasa, fant vi ut at vi skulle være litt hjelpsomme og bidra med litt arbeidskraft på tomta. Tja, eg trur ikkje eg har heilt inne den riktige arbeidsteknikken, men eg fekk klypt opp dei røttene eg skulle, faktisk så saga vi ned 2 tre også, etter at vi hadde klatra heilt til tops :) Det er vel kanskje heller riktig å sei at Erlend var krafta, mens eg og Gunhildet vart arbeidet…ja det er vel heller riktig sånn:) Men vi hadde det no kjekt vi 3 :)
Etter ”dugnaden” var det klart for å grille litt. Eg pakka med meg litt laks og litt potete så var prosjekt å grille middag i gang. Eg og Gunhild mixa og matcha saman litt krydder og ting og tang, og jammen om det vart utrulig godt! Vi åt oss jammen gode og mette i dag og. Dessutan fekk vi kryssa av ein strek til på ”besøke Ulsthuset” veggen. Åhh eg lika Ulsthuset, skikkelig snasent hus! Olav – du er flink du!

fredag 18. april 2008

Ulst-huset


Idag så måtte retten og sletten eg og Gunhild fare å skjemme bort gutta boys med litt frukt. Heldigvis dreiv Sigmund å flytta inn tinga sine sånn at det var nokon heime sånn at vi slapp inn. Og når han hadde litt å styre med der, så fekk vi tida til å gjere litt av dei tinga vi eigentlig var komne for å gjere. Vi skar fint opp ein jalapeno liknande sak på fruktfatet og flirte litt før Sigmund kom og satt seg. Rett etterpå hadde eg brukt samme kniv til å skjære opp litt melon med, og du store mi tid, det er noko av det sterkaste eg nokon gong har smakt!!
Vi knakk sammen i latter mens sola skinte bak skyene (bak skyene bokstavlig talt) og måtte fortelle kva vi hadde gjort, då han tok eine frukta som hadde vore borti chili/jalapeno tingen. SÅ fant vi ut at vi skulle prøve å ete dinna knall røde grønnsakstingen opp...nei off, det var vondt det. Eg trudde eg skulle kvelast, for det kjentes ut som om halsen min hovna opp! Etter å ha slukt nokken desiliter med væske, gjekk det gradvis over. Men eg greidde ikkje dy meg med å lure Erlend til å tru at det var "søtpaprika" (lang paprika), så han tok heile greia inn i munnen, tygde og svelgte. Stakkars gutten som ikkje drikke melk til vanlig, men som drakk ein heil liter for å nøytralisere smaken...det funka egentlig dårlig, for det var ALT for sterkt...eg er slem! unnskyld!!

tysdag 15. april 2008

Munnbindet


15 april, dagen då stipendet kjem, det nest siste stipendet som eg får under sjukepleie utdanninga mi. Hurra, for snart å være ferdig utdanna på papiret!!

Dagen starta med at klokka ringte…og trøtt som eg var klarte eg å få pressa i meg frukost, komt meg på badet, og tilslutt kom eg meg på bussen som skulle frakte meg til sjukehuset på jobb. Kroppen kjenntes litt sånn rar ut i dag, men mest sannsynlig fordi eg var så utrulig trøtt.
På dagsplanen sto det oppført ein operasjon som eg kunne tenke meg å være med på. Vi forberedte pasienten og for i hu og hast bort til operasjonsstova. Eg fekk på meg sånn fancy snancy grønn dress, matchande sko, munnbind som lukta veldig rart og hette, og tilslutt ei slags kappe og halsbeskyttar som skulle beskytte mot røntgen strålar, faktisk litt tung (for dei som ikkje er like sterk som meg meinar eg).
Eg har vore med på operasjonar før, og sjølv om ditta her viste seg til å være eit lite inngrep i forhold til amputasjon, så skulle det gå veldig bra.

Operasjonssjukepleiaren begynte å desinfisere pasienten. Off for ei rar lukt inne i ditta munnbindet her. Og det ble hengt opp litt i.v væske som pasienten skulle få. Merkelig lukt ditta munnbindet hadde. Det blei dekka opp steril kledning rundt pasienten. Litt sånn småkvalmande lukt i ditta munnbindet her. Pasienten fikk lokalanestesi og etter ei lita stund kunne kirurgen innta plassen sin. Det er jo skikkelig varmt inne i dinna maska her. Kirurgen begynte å sprette opp brystet på pasienten, og alt gjekk fint for seg. Eg er litt varm eg. Så skulle det settast litt kontrast væske slik at ein fekk litt betre kontroll på blodårene. No luktar det ikkje så rart i ditta munnbindet meir, så er eg ikkje så varm heller. Men, du store mi tid kor rart eg tenkar då. Eg har ikkje tenkt noko så rart før, det er lenge sidan. Men eg veit ikkje heilt kva eg tenker på, men eg veit at eg tenker noko rart. Men det er godt å slappe av litt uansett. Eg lurar på korleis pasienten kjem til å ha det etter inngrepet. Eg er litt trøtt. Det er godt å ligge litt då. HÆ? Ligge? – Opne opp augene sine- Nei, ojj, ho dama likna på ho som var på operasjonsstua, vent litt det er jo ho!! Er eg på operasjonsstua no?? Ja, det er eg visst. Eg ligge jo på golvet. Korfor det? Skulle ikkje eg være med på dinna operasjonen her da? ”Går det bra? Klara du å reise deg opp, Marita?” Eg måtte tenke litt, ”Går det bra?Reise meg?” Selfølgelig har eg det bra, og eg klara no å reise meg. SÅ var det som om alle brikkane datt på plass. Marita Runde, født i 86 hadde besvimt. Eg vart fulgt ut på pauserommet og satt blant mange kirurgar og operasjonssjukepleiara. ”oj. Du er ganske bleik”. Heldigvis kunne eg bruke til unnskyldning at eg hadde besvimt, dei finne nok aldri ut at eg ikkje er så veldig brun til vanlig heller tidlig på våren :) Hurra for unnskyldningane!
koffer eg besvimte anar eg ikkje. Men etter mange kommentara på at eg såg blei ut, vel eg å konkluderar at besviminga skyldast mangel på D-vitamin(som kjem frå sola)!!

laurdag 12. april 2008

Bård Frode Sierra Runde

off no må eg sikkert vrake bilen min...den bråka så masse, det er noko som drive å teke bort i hjulet...eg får prøve å sjå det positive i det, eg får vrakpant for den...og tross alt så er det ingen som til vanlig snur seg etter bilen min, men no laga den så rare lyda at alle snur seg etter den!...eg lika det ikkje...
WrææÆÆÆÆææL. Stakkars trufaste bilen min Bård Frode. Trur eg skal ta å høyre med nåkken folk som har litt meir peiling enn meg før bilen skal bli til ein rusten, porøs spiker.

onsdag 9. april 2008

Bob, bob, dæddi, dæddi, bob, bob, suuuh!


Har du hørt historien om de tre små fisk - nei, eg trur ikkje det, fortell, fortell!!
Som endte sine dager på en fiskehandlers disk - du store mi tid, stakkars dei 3 små!
De svømte, og de svømte, og de svømte rundt - off, stakkars han som eigde den fiskebutikken, han fekk sikkert masse å gjere når han måtte ta ut alt det vatnet, det var vist masse vatn der inne siden fisken kunne svømme på disken der...
for deres mor hadde sagt at svømming var sunt - bra oppdragelse på dissa dyra der. Dei gjer slik som mora seie, sjølv om at dei egentlig veit at no er livet deira snart over...

Bob bob dædi dædi bob bob suh (3x)
for deres mor hadde sagt at svømming var sunt.

Den ene hette Per og den andre het Hans,den tredje vet jeg ikke for han var utenlands.,
Her er det litt krølla. Var fiske mora utro? Eller hadde ho rett og slett fått kloa i litt russisk kaviar som ho klekkte ut?? Eg syns ikkje noko om forskjells behandling sjølv om fisken er frå eit anna land!
De svømte, og de svømte, og de svømte rundt,
for deres mor hadde sagt at svømming var sunt.


Den ene ble stekt og den andre ble kokt, den tredje vet jeg ikke for han var uten lukt. Det var dei norske fiskane som stinka trur eg. Men kjære folk da, forfattar til dinna songen her, om du har så masse inside-info om fiskane, så må du vel kunne finne ut kva som skjedde med den 3. fisken!!
De svømte, og de svømte, og de svømte rundt,
for deres mor hadde sagt at svømming var sunt
Eg trur ikkje dissa fiskane dødde eg. For ein død fisk kan vel ikkje svømme? Kanskje fisken hadde luft i magen og lurte folka til å tru at vatnet kokte?? Og den fisken som dei skulle steike, han fant på noko anna lurt. Og fisken uten lukt, han lukta ingenting, fordi han bare var der.

Den ene svømte bryst og den andre svømte rygg,
den tredje vet jeg ikke for han var veldig stygg.
Oki, her kjeme det fram igjen, den 3.fisken som er utelands, uten lukt han blir også kalla stygg? Her e det tydelig mobbing på gang! Shame on you!! Og igjen - du må no kunne ha ei lita antyding til korleis fiske symjer!! Og igjen blir det sagt at dei svømma...Eg har hatt fiska sjølv, og når fisken begynne å svømme på rygg er det faktisk ikkje så bra som det ser ut til...fisken helde på å kolapse!!Dyreplageri!! Du må drepe fisken før du kasta den i gryta!!
De svømte, og de svømte, og de svømte rundt,
for deres mor hadde sagt at svømming var sunt
Det er ikkje alltid dei råda mor di gjer som er best. I ditta tilfellet her ser vi det tydelig. Om desse tre fiskane hadde slækka'n på botnen av det O'store hav, så hadde dei ikkje svømt rett inn i fiskegarnet...

tysdag 8. april 2008

Alle fugler små de er??


Alle fugler små de er - for nåke tull. Det er faktisk talt ikkje alle fugla som er små. Hegra feks, er ganske stor, for ikkje å snakke om strutsen og sånne andre store fugla, ja feks ørna. Vranglære seie no eg. Det er ikkje berre små fuglar som blir kalla fugl.
kommer nå tilbake! - Oki. Ta utgangspunkt at alle fugler er små,som det blir uttalt i sangen her, type spurv og dompapp og sånne der. Kor skal dei komme tilbake frå? Dei er jo her på vinteren fordi folk matar dei med solsikke frø og tørre skorper, og kanskje ein sånn meiseball eller kva det no heiter. Eg blir heilt forvirra av dinna songen her.
Gjøk og sisik, trost og stær - endelig kjeme det litt fakta i dinna songen her. Personen som har laga songen viser at han veit kva ein fugl er. Men det er jo ikkje av dei minste fuglane han har nevnt.
synger alle dage - det er no ikkje kvar dag fuglane synge, ikkje framfor menneske. Kva er hans definisjon på å synge? For mange av fuglane skrattar, sånn at du har lyst å springe etter dei og jage dei litt. Og når han seie "kommer nå tilbake" kordan kan han då vite at dei synger alle dager, når dei er komt tilbake frå ein eller anna destinasjon? Fulgte sangskrivaren etter dei? Kanskje. Eg skal ikkje anta at han ikkje gjorde det, til det motsatte er bevist.
Lerker jubler høyt i sky Korleis kan han høyre at lerka jubla når den er "høyt i sky"?! Er sangskrivaren ein person som er høyt i sky sjølv? Eller har han berre ekstremt god hørsel? Spørsmåla er mange!!! Dessuten trur eg dei fleste fuglane synge/jubla når dei sitte stille på ei grein. For om dei synge når dei flyr, er det store sjansa for at dei kan svelge innsekt, og det hadde ikkje vore så veldig bra...med unntak av hakkespetten, som hadde spart seg for eit par hakk.
ringer våren inn på ny - Korleis skal ein liten fugl klare å ringe våren inn? Eg var vant med at ein ringe jula inn, men då er det ein sterk mann som drar i dissa taua inne i kirke tårnet. Dei har heller ikkje telfon så det går ikkje an å ringe på den måten heller "Hallo, hallo, no er det vår på ny. Hade"
Frost og snø de måtte fly - trost og sne. Jaja, mange år måtte det gå før eg fant ut at sne ikkje var ein fugl, men at det var frost og snø som måtte fly. Eg har berre sett snø som har dalt, eg har aldri sett den fly. Bortsett frå når nokon kastar snøball, men då styrtar den straks etterpå. Heller ikkje frosten har eg sett fly. Eg trur eg må tilbringe meir tid ute, eg har fortsatt mykje å lære har eg skjønt...
Her er sol og glede! - eg veit ikkje heilt eg. Er dinna songen berre laga for visse delar av landet? Kva med Bergen, synge dei dinna sangen her? Eller Ålesund for den del. Det er ikkje mange dagane i året ein kan synge dinna songen her. Men det er vel kanskje til det beste, sidan det er masse her som ikkje stemmer med fakta, om det går an å sei det på den måten...

Det å pante flasker...


I dag var dagen eg måtte fare på butikken. Her skal du høyre.
Eg tenkte eg skulle ta ei skikkelig opprydding i alle tinga mine sånn at det blir litt mindre ting å gjere til hausten når eg skal flytte. Ja, eg skal flytte faktisk, til Stavanger, har ikkje fått jobb der enda, men eg har trua på at eg får det. Etter litt over eit halvt år hadde det samla seg eit par flasker som eg tenkte eg skulle bli kvitt, og for å bli kvitt dei på ein bra måte, så kan man pante dei. Off, pante flasker, det er noko av det flauaste eg veit, ved siden av det å kjøpe toalett papir… Men eg fant ut i dag var dagen, for eg orka ikkje spare det til seinare. Eg tok dei i ein berepose, sprang ned trappenen i huset her, og kom meg bort til butikken.
Pante flaske frykta mi slo meg midt i andletet når eg gjekk inn gjennom dissa skyvedørene til butikken, og når alle blikka møtte meg. Selfølgelig var det masse folk som sto i kassa, og eg følte alle såg på meg i det eg gjekk mot automaten. Skulle eg kaste posen i frå meg og flykte der i frå, skulle eg ta ein u sving og late som om eg hadde glømt lommeboka mi heime, skulle eg sette posen ned ved automaten og stikke der i frå, makta eg å gjere noko som helst ? Ville eg greie å overvinne frykta, ville eg i det heile tatt klare å nærme meg automaten meir enn 2 meter? Joda, eg kom meg bort til automaten, og selfølgelig på den første flaska så begynte det å pipe, det var ikkje etikett på flaska…så teit, det er jo ikkje etiketten eg betalar pant for, er det de då? Jaja, så fekk eg no faktisk lagt inn på dei andre flaskene og, og trykte fort på den grønne knappen slik at kvitteringa kom ut, og gjekk så fort inn dinna automatiske envegs greia at eg måtte skubbe den opp. Pulsen roa seg noko i det eg fekk røska med meg eit par is-kaffe og la dei på kassa. No var det over. Eg klarte det. Men eg skal ikkje kjøpe noko på flaske meir. Pant er berre teit. Hurra for melkekartongen!!!

måndag 7. april 2008

OL


FOLKENS!!! Det er skikkelig krise! OL ilden har slukna mange gangar allerede før OL har begynt!! Tenke seg til at folk gidde å skrive om det i det heile tatt…eg er jo eit bra unntak syns eg, fordi eg skal ikkje forklare alt om Bejing og Tibet og dissa handjerna inne i flagget, for det er det einaste eg veit. Eller nei, eg veit at OL ilden har slukna, og at Richard Gere er på lag med Tibet folka…
Snakke seg til dobbeltmoral, her konsa verden på miljøet, så skal plutselig dinna fakkelen som skal brenne så lenge ikkje spele noko rolle? Eg skjønna koffer folk sløkka den, miljø aktivista, det er det dei er. Men kanskje det berre blir stort verre av det, sida ein må kvitte seg med meir avfallstoff, type CO2 når ein anstreng seg, pga økt O2 behov. Hmm, eg får det liksom ikkje heilt til å gå opp, så derfor vil eg dikte ei historie som eg syns kan gje meir meinig.
Det var ein gang ein mann frå Bejing som var på besøk i Tibet. Han var inn på den Bejingske utgåva av 7eleven – ”8halvtolv”. Han hadde bare 5 NOK med seg (ja, norske penga som var blitt kvitvaska i landet, av onkelen til Bejing mannen) og prøvde å prute ein lighter som kosta 15 NOK ned til 5 NOK. Ditta ville ikkje butikkdama høyre snakk om. Så da tok Bejing mannen lighteren i lomma, gjeipa til ho og sprang der i frå. Mange Tibetianare slo følgje med butikk dama for å få tak i Bejing mannen, dei for fjernt og nært, men ingen mann. Men då kom dei på noko lurt, dei fant ut at dei skulle lokke han fram. Dei delte seg i 2 grupper, den eine gruppa skulle lage flagg med handjern på, forma som OL symbolet, og den andre gruppa skulle angripe OL ilden, og sløkke den!!!! Det er ikkje mange som har lighter pga miljøkrisa, så rett som det var kom Bejing mannen og tente på ilden, men kom seg unna. Tibet people.com fekk slukka ilden igjen, så sneik Bejing seg og fekk tent den igjen. Sånn vart det gåande. Faktisk så lenge at OL måtte utsettast med ein mnd, fordi ilden kom ikkje fram. Partane vart kalla inn til forhøyr!
Etter uttallige avhøyr med Tibet og Bejing kom det fram at Bejing slett ikkje hadde stelt nokon lighter, han visste ikkje kva det var ein gong, og Tibet jobba ikkje på 8halvtolv, ho var syerske på toppen av eit fjell, der ho sydde alpelue. Faktisk talt så visste ingen av dei kva OL var, for ingen av dei hadde noko form for media rundt seg, og dei syns OL høyrtes teit ut, i alle fall med å gå å bære ein fakkel. Og faktisk så hadde politiet tatt feil folk inn til avhøyr. Så sånn slutta den historia. Like dårlig som resten av OL oppstyret.

Ikkje pga, men pta

Stopp opp litt og tenk. Har du tenkt over det at det meste, eller neste alt, kanskje alt til og med, eg og du foretar oss blir målt opp imAlt opp i mot noko?? Det blir satt opp i mot ein verdi. Ein verdi som i mange tilfeller er uoppnåelig. Eller ein "perfekt" tilstand for mange. Og det innhaldet mange har lagt til det fenomenet med å leve, er å fullføre - for så å avslutte. Kass verdi er det du har i ditt liv? Finn du ein verdi med å gjere "di plikt", dei tinga som nesten e påtvunge deg fordi du eksistera, fordi du er eit menneske som skal yte noko. Kordan vil di karriere som menneske bli, kva blir din verdi, og kass "pris" har du fått klistra på deg? Blir du dyrebar? Verdifull?

Kva er det egentlig som gjer deg verdifull. Kva er det som gjer at folk elskar deg?
Folk elskar deg på grunn av noko.
Det blir litt vridd når ein tenkar på Gud, han elskar deg ikkje på grunn av, Han elskar deg på tross av.

Eg las no hinn dagen i ei sjukepleie bok at det å skulle være sjukepleiar ikkje alltid var så lett, fordi hjelparen må tåle å være hjelpeslaus somme tider. Ein kan ikkje alt, og i situasjonar som er vanskelig å harde, som feks i pleie til ein kreft pasient, er det ikkje alltid ein veit korleis ein skal forholde seg til pasienten og til situasjonen. Men ditta her er akkurat som andre mennesker også, det er jo ikkje menneskelig å være hjelpeslaus egentlig. Mange menneske gjer seg sjølv til verdensmestera i sin egen tanke gang, og klara ikkje å være den personen som blir litt hjelpeslaus. Kor er det du skjular deg? Bak eit skall, eller bak ein "verdensmester" holdning, eller bak din egen tanke gang?
Mange gjer det til ein stor sak det å være kristen. Jo absolutt det er kjempe stort, men mange har sagt at det er så vanskelig å være kristen, fordi dei trur dei må leve etter ein formel. Men ditta her er ikkje tingen, Gud vil ha deg som du er. Fordi du er du. Det å være ein kristen er ikkje det å måtte ta seg sammen, men å bekjenne det som står skreve i Guds Ord. Og når du gjer det, så vil du finne ut at din verdi ikkje kan målast slik som det blir gjort på den verdslige måten. Bekjenn for deg sjøl det bibelen seie om deg du er verdifull i mine øyne. Lær deg å bekjenn for deg sjølv. Og det er nettopp ditta her som er kraften til forvandlelse. Når du blir klar over din verdi, ikkje den verdien som verden har satt på deg, eller som du sjølv har satt på deg, så er ditta her kraften til forandring i ditt liv. Og bli i det!! Ikkje høyr på den høge stemma di, ikkje på den høge stemma til resten av verden heller, for det er berre støy.
I mine øyne er du verdifull...

søndag 6. april 2008

Bad Taste



Bad taste ja, direkte oversatt dårlig smak. Ja, og om du ikkje skal oversette det direkte så blir det noko heilt anna, spørst eigentlig kva du gjer det til sjølv. Vil du gjere det litt meir ”kjekt” for deg sjølv når du ikkje skal oversette direkte, så kan du tenke på ein utrulig dårlig vits, som faktisk er bad taste. Ja, det kan du gjere. Om nokon nåkken gong seie ”direkte oversatt” i ein samanheng, så spør korleis dei ville oversatt det på ein u-direkte måte.
men ja, eg var i eit sånn bad-taste party her hinn dagen. Då hadde eg smeisa masse gele opp i håret i eit tappert forsøk på å lage noko som kunne likne på pigg sveis, men det resulterte i ein hanekam liknande tilstand oppsatt i strikk. Skikkelig gale med andre ord. Og om eg ikkje skulle brukt andre ord, så hadde eg sagt ”bad-taste-style”. Faktisk så har eg funne ut at håret mitt er lengre når eg sette det oppover, enn når eg har det nedover. Korfor? Jo, for no når eg hadde det i 90 graders vinkel, så måtte eg synke skikkelig langt ned i setet for å unngå å skrape opp taket med det spisse håret mitt, men når håret henge ned, så sleppe eg å sitte på nokon krakk for å kunne sjå ut frontruta…merkelig.
Det var nok frå den overtrøtte meg for dinna runda her, eg skal opp kl 05:59 i måra, så då har eg nåkken par 3 tima å sove på (par 3 tima= 6 tima). Det er forresten mange som ikkje kan matte, for det er mange som seie for eksempel ”det tar eit par tima til Tr.heim, nei det gjer det ikkje, eller jo for nåken så er det jo sant,dei som faktisk bur 2 tima frå Tr.heim, men du kan ikkje sei ditta om du bur i Ålesund, for eit par tima betyr faktisk 2 tima. Roger. Over and out. Slutt. The End. Quit. Nød utgang.

torsdag 3. april 2008

Bæ, bæ, lille lam


”Bæ, bæ lille lam” et ein song ikkje så mange veit innhaldet av trur eg, eg syns det er viktig at du veit kva du eigentlig synge om, slik at du kan forstå innhaldet i songen. Eg huskar vi hadde ein analyse av den songen når eg gjekk på vidaregåande, og eg vil no dele funne med deg, og resten av verden som kan songen, og som klara å lese norsk, eller rett og slett dei som finne seg ein tolk…

Bæ, bæ lille lam – barnet snakkar til sauen med å seie bæ, og konstanterar at barnet har fått med seg at det er eit lam, ein smart unge med andre ord. Barnet gjer narr av sauen med å seie ”bæ, bæ”, og som alle veit er det ikkje kjekt å bli kalla liten, i allefall ikkje når du er eit barn, då seier ein ”åhh, er du to år, da er du jammen stor”. Bæ - ditta ordet her skal eg love deg at samtlige av den norske befolkninga har ordlagt i sin munn, opptil fleire gonga, ja sikkert eit hundretals gongar.
Har du noe ull? – Barnet spør eit spørsmål til lammet. Barnet er blind, for det kan ikkje sjå sjølv, og/eller manglar evna til å bedømme. Barnet manglar også evne til å kjenne om lammet har ull, faktisk så er barnet lam (song om to lam nesten) og manglar kjensle sansen.
Ja, ja, kjære barn – lammet syns synd på barnet, og svarar ja to gongar. Noko som kan tyde på at lammet syns barnet spør eit teit spørsmål. Alle lam har som regel ull, om ikkje nokon har barbert dei, eller om det ikkje er ein form for naken sau, som eg er usikker på om eksisterar. (Om det ikkje finnast ein form for naken sau, så skal vel forskarane blande litt genar sånn at sauen kan være naken, og slik at den kan lære seg å spele gitar, henvisning til innlegget nedafor) Kjære barn, skjønna du ingenting? Lammet syns synd på barnet pga at det ikkje kan sjå, og fordi det er lam.
Jeg har kroppen full – Lammet har masse masse ull. Og konstantere at ungen ikkje har auge som ser, eller at ungen ikkje veit kva ull er i det heile tatt – dette kan tyde på lav iq eller omsorgssvikt med tanke på å gi informasjon innafor den store dyreverda. Det kan også forståast som at lammet lide av vanskjøtsel, då sikkert forskarane har dreve med for masse gentukling, sånn at lammet er ein einaste stor dott av ull. Ditta her kan føre til ein enormt stor kroppstemperatur, slik at lammet blir kokt/stekt levande, eller at det resultera i at ulla tar fyr.
Søndagsklær til mor – mor skal få nye søndagsklede. For dei ho har no er ikkje fine. Ho trenge nye klede. Så masse masse ull har lammet, at det kan lage klede til mor!!
Og søndagsklær til far – far skal få nye søndagsklede. For dei han har no er ikkje fine. Han trenge nye klede. Så masse masse ull har lammet, at det også kan lage klede til far!!
Og to par strømper til bitte lille bror – lille broren din får ikkje meir enn to par sokkar. Lammet drive med forskjellsbehandling, og favoritisera dei som er vaksne. Dessutan er lammet blitt så irritert på barnet etter spørsmålet at barnet ikkje får nye klede, ikkje eit sokke par eingong, heller ikkje bare ein sokk er aktuelt!!

Glupinga? Tvert i mot


Eg veit no jammen ikkje kordan dinna verda her skal kunne greie seg stort lenger. Eg må no sei det e alt for mange "glupinga" her som skal finne ei løysing på alt. Når eg logga meg på nettet og gjekk inn på dagbladet, fekk eg sjå eit innleg på . Eg vart vel egentlig ikkje så veldig overraska, fordi eg trur det er mange slike ting som foregår rundt om kring utan at vi veit om det. Dessutan så er eg klar over at folk har greidd å "dyrka" fram fullstendig lunge-vev slik at ei heil lunge kan "modnast".
Eg trur rett og slett ikkje folk veit ka dei drive med.

Hensikten med å skape embryoet er å kunne forske på stamceller. Egg fra menneskelige donatorer er ikke lett tilgjengelig, derfor forsøker forskere å skape hybridembryoer.
Jasså, er det ikkje enkelt å få tak i menneskelige donatorer? Eg lura på koffer dei må ha donatora. Koffer tar dei ikkje berre av sine egne celler? Det er jo mange forskara som drive å skal finne ut av dissa tinga her, sikkert. Jo, eg trur dei er redde for å involvere seg for masse med egne gener i dissa forsøka. Veit den eigentlig konsekvensane av det dei drive med? Neppe.

Stamceller er unike hos tidlige fostre, da de har evnen til å produsere alle nye celler i kroppen. Det er vel kanskje ei grunn til at cellene er unike hos foster, fordi eit foster skal kunne vokse, og utvikle dei organ og funksjona som eit menneske treng for å leve. Og koffer har ikkje voksne menneske dissa cellene her? Fordi mennesket er ferdig utvikla, der stoppa utviklinga for mennesket. Var det meint at mennesket skulle utvikle seg vidare, så hadde det gjort det, punktum med den saken.

Håpet er bl.a. å kunne finne fram til nye behandlingsmetoder - ved hjelp av stamceller - ved sykdommer som Parkinsons og Alzheimers. Eg lura på ken som må være forskningsmenneske for å finne ut om det vil hjelpe. Kva vil skje med den personen? Kordan vil desse genene virke inn på hans kropp, og kordan vil vidare slektsledd arte seg? Tenke ikkje forskarane på kordan den påståtte evolusjonen vil arte seg vidare framover??

Forskerne hevder på sin side at alle retningslinjer er fulgt. Hmm ja, det er det no mange andre og som hevda. Vi kan no dra fram visse politikara som alltid kjem med lovnada og sånnt som dei stadig bryte, og som hevda dei ikkje har gjort noko feil. Alt handla vel egentlig om å framstå som "uskyldig".

Det vi har laget er en liten klump med celler, som aldri vil få utvikle seg videre, sier professor John Burn ved universitetet i Newcastle.
De forsøker å få hybridembryoene til å leve til de er seks dager gamle. Da blir det mulig å hente ut stamceller.
Veit du ka eg håpa på skjer? At dei ikkje greie å tilintetgjøre dissa embryoane, sånn at dei vokse til å trampa ned heile forsknings bygget. Dei sa også at cellene er unike osv. Mange av dissa forskarane trur på evolusjonene og ditta der.Kordan veit dei då at dei skal greie å tilintetgjøre embryoen kvar gong? Ka om det ikkje går an, fordi det har fått unike overlevelses evner?

De forsikrer at de aldri ville la en slikt fosteranlegg utvikle seg mer enn 14 dager - da vil det være på størrelse med et knappnålshode.Aldri sei aldri. For om det ser bra ut til den 14 dagen, koffer ikkje la det vokse litt til, slik at dei kan sjå kva som skjer? Kanskje ku/mennesket vil bli til ein boks med 100 tabletta, kanskje til og med 1000 pilla!! Ja, koffer ikkje bare la det vokse seg til slik at det kan gå og ete og fungere som ein anna skaning,så må det no selfølgelig få lov til å adoptere unga etterkvart, for så lenge barnet får kjærlighet så er det vel ikkje noko gale???

Nei, som du sikker skjønna, så prøve å berre å vise litt av min tankegang, ved å sette ting på spissen. Eg er heilt i mot ditta her. Fysj og fy - og masse oppkast over heile saken!!

tysdag 1. april 2008

Aprilsnarr

I dag tenke du kanskje at du ikkje har blitt lurt, men der tok du feil!!!

No har du nettopp blitt skikkelig lurt, for dinna mld her vart skreve 2.april kl 23.24...
Got yah!!

Tidenes beste spøk?! Å ja

Men ja, litt fakta om 1.april då når eg først e i gong med å skrive:
Den nordiske formen for aprilsnarr stammer fra Frankrike, hvor de "ga noen aprilfisken". Det gjorde de ved å feste en papirfisk i all hemmelighet på ryggen til den som ble narret, og denne skikken skriver seg tilbake til sent på 1500-tallet.

Nåkken av spøkane som har blitt gjort gjennom tidene:

- I 1957 rapporterte ærverdige BBC om at de sveitsiske spagettitrærne var blitt rammet av en sykdom, men at faren nå var over. Det skulle altså fremdeles bli spagetti å få. Heldigvis. Hageelskende briter ringte inn for å få greie på hvordan de kunne dyrke frem spagettitrær selv.
- I 1962, i sort/hvitt-fjernsynets glansdager, kunne Sveriges televisions tekniker Kjell Stensson stolt annonsere at en ny teknologisk oppdagelse kunne omdanne din gamle tv til et ekte fargefjernsyn. Enkelt var det også: Det eneste du trengte å gjøre var å dra en nylonstrømpe over skjermen. Akk.
- I spansktalende land og deler av Belgia lurer en gjerne folk 28.desember, til minne om barna som ble drept av Herodes- Seriøst? Ditta MÅ no være tull!!