tysdag 8. april 2008

Det å pante flasker...


I dag var dagen eg måtte fare på butikken. Her skal du høyre.
Eg tenkte eg skulle ta ei skikkelig opprydding i alle tinga mine sånn at det blir litt mindre ting å gjere til hausten når eg skal flytte. Ja, eg skal flytte faktisk, til Stavanger, har ikkje fått jobb der enda, men eg har trua på at eg får det. Etter litt over eit halvt år hadde det samla seg eit par flasker som eg tenkte eg skulle bli kvitt, og for å bli kvitt dei på ein bra måte, så kan man pante dei. Off, pante flasker, det er noko av det flauaste eg veit, ved siden av det å kjøpe toalett papir… Men eg fant ut i dag var dagen, for eg orka ikkje spare det til seinare. Eg tok dei i ein berepose, sprang ned trappenen i huset her, og kom meg bort til butikken.
Pante flaske frykta mi slo meg midt i andletet når eg gjekk inn gjennom dissa skyvedørene til butikken, og når alle blikka møtte meg. Selfølgelig var det masse folk som sto i kassa, og eg følte alle såg på meg i det eg gjekk mot automaten. Skulle eg kaste posen i frå meg og flykte der i frå, skulle eg ta ein u sving og late som om eg hadde glømt lommeboka mi heime, skulle eg sette posen ned ved automaten og stikke der i frå, makta eg å gjere noko som helst ? Ville eg greie å overvinne frykta, ville eg i det heile tatt klare å nærme meg automaten meir enn 2 meter? Joda, eg kom meg bort til automaten, og selfølgelig på den første flaska så begynte det å pipe, det var ikkje etikett på flaska…så teit, det er jo ikkje etiketten eg betalar pant for, er det de då? Jaja, så fekk eg no faktisk lagt inn på dei andre flaskene og, og trykte fort på den grønne knappen slik at kvitteringa kom ut, og gjekk så fort inn dinna automatiske envegs greia at eg måtte skubbe den opp. Pulsen roa seg noko i det eg fekk røska med meg eit par is-kaffe og la dei på kassa. No var det over. Eg klarte det. Men eg skal ikkje kjøpe noko på flaske meir. Pant er berre teit. Hurra for melkekartongen!!!

Ingen kommentarer: