tysdag 8. april 2008

Alle fugler små de er??


Alle fugler små de er - for nåke tull. Det er faktisk talt ikkje alle fugla som er små. Hegra feks, er ganske stor, for ikkje å snakke om strutsen og sånne andre store fugla, ja feks ørna. Vranglære seie no eg. Det er ikkje berre små fuglar som blir kalla fugl.
kommer nå tilbake! - Oki. Ta utgangspunkt at alle fugler er små,som det blir uttalt i sangen her, type spurv og dompapp og sånne der. Kor skal dei komme tilbake frå? Dei er jo her på vinteren fordi folk matar dei med solsikke frø og tørre skorper, og kanskje ein sånn meiseball eller kva det no heiter. Eg blir heilt forvirra av dinna songen her.
Gjøk og sisik, trost og stær - endelig kjeme det litt fakta i dinna songen her. Personen som har laga songen viser at han veit kva ein fugl er. Men det er jo ikkje av dei minste fuglane han har nevnt.
synger alle dage - det er no ikkje kvar dag fuglane synge, ikkje framfor menneske. Kva er hans definisjon på å synge? For mange av fuglane skrattar, sånn at du har lyst å springe etter dei og jage dei litt. Og når han seie "kommer nå tilbake" kordan kan han då vite at dei synger alle dager, når dei er komt tilbake frå ein eller anna destinasjon? Fulgte sangskrivaren etter dei? Kanskje. Eg skal ikkje anta at han ikkje gjorde det, til det motsatte er bevist.
Lerker jubler høyt i sky Korleis kan han høyre at lerka jubla når den er "høyt i sky"?! Er sangskrivaren ein person som er høyt i sky sjølv? Eller har han berre ekstremt god hørsel? Spørsmåla er mange!!! Dessuten trur eg dei fleste fuglane synge/jubla når dei sitte stille på ei grein. For om dei synge når dei flyr, er det store sjansa for at dei kan svelge innsekt, og det hadde ikkje vore så veldig bra...med unntak av hakkespetten, som hadde spart seg for eit par hakk.
ringer våren inn på ny - Korleis skal ein liten fugl klare å ringe våren inn? Eg var vant med at ein ringe jula inn, men då er det ein sterk mann som drar i dissa taua inne i kirke tårnet. Dei har heller ikkje telfon så det går ikkje an å ringe på den måten heller "Hallo, hallo, no er det vår på ny. Hade"
Frost og snø de måtte fly - trost og sne. Jaja, mange år måtte det gå før eg fant ut at sne ikkje var ein fugl, men at det var frost og snø som måtte fly. Eg har berre sett snø som har dalt, eg har aldri sett den fly. Bortsett frå når nokon kastar snøball, men då styrtar den straks etterpå. Heller ikkje frosten har eg sett fly. Eg trur eg må tilbringe meir tid ute, eg har fortsatt mykje å lære har eg skjønt...
Her er sol og glede! - eg veit ikkje heilt eg. Er dinna songen berre laga for visse delar av landet? Kva med Bergen, synge dei dinna sangen her? Eller Ålesund for den del. Det er ikkje mange dagane i året ein kan synge dinna songen her. Men det er vel kanskje til det beste, sidan det er masse her som ikkje stemmer med fakta, om det går an å sei det på den måten...

2 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Du komer til å bli en berømt dikta-analytiker, det skal jeg vedde på :D :D

Mar!ta sa...

Hehe:) Åhh takk takk, du smigra meg:)