![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEixlYw3XwbvbmQBwiYdwHBKV45zp8_9pNOrPAs7Ezv-fpaIr2Gu32oeifBdcFg_D_trA6EV0gNk6yIUEwBS9_huNdz70GIFvr-lUSVsQFt_apxGGrq4DKU_bA6qXAw_BcSf3io_s8JMeVI/s320/Ulsthuset+069.jpg)
Idag så måtte retten og sletten eg og Gunhild fare å skjemme bort gutta boys med litt frukt. Heldigvis dreiv Sigmund å flytta inn tinga sine sånn at det var nokon heime sånn at vi slapp inn. Og når han hadde litt å styre med der, så fekk vi tida til å gjere litt av dei tinga vi eigentlig var komne for å gjere. Vi skar fint opp ein jalapeno liknande sak på fruktfatet og flirte litt før Sigmund kom og satt seg. Rett etterpå hadde eg brukt samme kniv til å skjære opp litt melon med, og du store mi tid, det er noko av det sterkaste eg nokon gong har smakt!!
Vi knakk sammen i latter mens sola skinte bak skyene (bak skyene bokstavlig talt) og måtte fortelle kva vi hadde gjort, då han tok eine frukta som hadde vore borti chili/jalapeno tingen. SÅ fant vi ut at vi skulle prøve å ete dinna knall røde grønnsakstingen opp...nei off, det var vondt det. Eg trudde eg skulle kvelast, for det kjentes ut som om halsen min hovna opp! Etter å ha slukt nokken desiliter med væske, gjekk det gradvis over. Men eg greidde ikkje dy meg med å lure Erlend til å tru at det var "søtpaprika" (lang paprika), så han tok heile greia inn i munnen, tygde og svelgte. Stakkars gutten som ikkje drikke melk til vanlig, men som drakk ein heil liter for å nøytralisere smaken...det funka egentlig dårlig, for det var ALT for sterkt...eg er slem! unnskyld!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar