søndag 30. september 2007

KRIK tur


Jaja ikkje så dumt å bli med på KRIK folkens! No i helga så reiste vi faktisk på tur opp på Embelmsfjellet, til Langevatnet, og overnatta i hengekøye!! Det var utrulig kjekt, og stemninga var på topp! Ingenting er som å flykte litt får den vanlige kvardagen, ta med seg sovepose og sitte oppe til langt på natta med bål, koselige folk, og hoste og harke, og tårene trilla av all røyken frå bålet:) Ja, for ikkje å nevne den nystekte nydelige Ørreten, og "popcorn" rogna, som eg egentlig ikkje syns var så veldig god! Været var supert, berre littegrann regn men det tok presenninga i mot, på kvelden vart det stjerneklart og fullmåne!
Om natta så var det drita kaldt, så eg våkna i full panikk og trudde at nyrene mine hadde fryst til is! Men det hadde dei ikkje...Hurra for det! Eg var faktisk den første som sto opp...ville få med meg soloppgangen, sprang med den rosa fleece buksa mi oppover skævven, med nistepakka og makrell i tomat tuba på slep...fekk tatt nåkken bilde, men så skya det til...Jaja fekk no vertfall varmen i meg, og fekk ete nistepakka mi i fred og ro, og fikk konsa litt på den nye dagen:)
John hadde bursdag, så eg og Grete laga til ein heftig bursdagsrap: "Yo, vi har laga eit bursdags bål til deg, dette handla ikkje ikkje om meg,
sjå kor fint og gildt det brenn, med dette vil vi gje deg ein bursdags klem!"
Konklusjon: ein utrulig bra tur! Eg har funne ut at eg er utrulig priviligert som har blitt kjent med dissa
flotte folka her!!

torsdag 27. september 2007

Smerte


Dinna morgenen her har vore svært smertefull, type enorm svie i augene mine! Faktisk så smertefull at eg lura på å stappe nåken paracet inn på kvart auge! Men siden augene mine e so hovne frå før av, tvila eg sterkt på at det vil funke! Faktisk so gale at det ser ut som om eg har pressa ein banan under kvart auge, i tillegg til å ha pressa ein over auge..banantrynet Marita!!
Så e det vel typisk at timeplanen e endra når vi har kjempa for å komme oss til skulen 0815, og vi eigentlig ikkje begynne før 0915!! Arrrgh!! Så vi satt en gjeng i kantina og lo ut litt overtrøytthet...no, no e eg bare for trøtt til å le!!
No sitte vi her, skulelysa, på bakerste rad, og har lap-toppane oppe og lata som om vi skrive notata frå det læraren seie..jaffal gjer eg det ved å gløtte opp på læraren, nikke litt, skjerpe augene sånn at dei blir mindre : type "skeptisk look" før eg notera litt til på nettopp bloggen...no orka eg ikkje skrive meir...når eg bruka fingrane til å skrive fær blodet meir perifert..eg trenge blodet og alt O2-et til hjernen og augene.....ZZzzzZZzzz

tysdag 25. september 2007

Moppen og Fredrik

Ja,det er tydeligvis ikkje alle som har fått opp augene for kor effektiv dinna parkettkluten er, for hadde du hatt dinna kluten her så hadde du slept å tenke så kreativt på kva du skulle vaske gulvet med. La meg ta eit hvilket som hels navn, Fredrik foreksempel, tenk om han hadde kjent til den berykte "parkett-kluten" på skulen i dag, då hadde han sleppt å bruke Marita som klut. Forresten så brukte han ganske så lang til på å få lagt meg i bakken siden eg e laga av ingenting anna enn muskla og stål! Faktisk så var det ikkje han som la meg i bakken, eg la meg frivillig ned fordi eg gadd ikkje å sloss(?).
I kantinga på torsdag i matfriminuttet, da skal eg løfte han opp ned framfor alle folka sånn at han blir flau:)Og til jul, da skal Fredrik få ein parkettklut av meg i julegave, til minne om den dagen då han trudde han la meg i bakken:) hehe

måndag 24. september 2007

Jordan vet hvordan


I dag har eg kjøpt meg ein ny klut..ein "Parkettklut". Syns det er heilt fantastisk kor vidunderfull dinna kluten her er: "ekstra god oppsugingsevne, skånsom mot gulvet, glir lett på gulvet", ja du skjønna nok kvifor eg har kjøpt akkurat dinna kluten her:)Ditta her var ikkje berre eit kjøp av ein klut, men inkludert i prisen så sto det på pakken kordan du skal vri opp ein klut!!! Det er det ingen som klara uten å få ei skikkelig innføring: "Når du skal vri opp en klut: Brett og rull kluten til en pølse. Mer effekt uten å bruke mer krefter, får du om du holder rundt kluten med begge hender slik at innsiden av hendene perke oppover når du vrir. Men, dette er ikke så lett, så prøv deg frem". Alt eg har lært idag, fantastisk bra! Vi kan tydelig sjå at dei ikkje prøva å tvinge på deg ein vidunertittel sidan du har kjøpt nettopp dinna "Parkettkluten", men her innrømma dei at det er vanskelig å vri opp ei fille, sjølv om du har "Parkettkluten". Så står det litt om buksområder: "Egner seg godt til daglig renhold av parkett og andre harde og flate gulv". Ja det er jammen bra at eg har eit hardt og flatt golv..Åhh dinna kluten her passa bare SÅ bra til meg! No føla eg meg utlært og klar til å vaske golvet!! Eg legge med ein link om DU vil lære meir om den fantastiske "Parkettkluten": http://www.jordan.no/sw1865.asp

søndag 23. september 2007

Sporlaust forsvunne


I går så såg eg ein gedigen kveps som svirra rett vedsiden av øyret mitt, og som hadde kursen vidare inn i øyrekanalen min, sikkert for å lage bol og legge egg og sånne ting...men eg hylte så høgt at han for inn på badet..så fant eg den rett og slett ikkje igjen...men det gjorde eg i dag! Bzz, der var den, på tannkremtuba mi, i full panikk fekk eg kasta tannkosten i golvet, hylt så drøvelen sto ut av munnen, og slengt igjen døra på badet! Flugesmekke det hadde eg ikkje, så eg fant fram ei passande bok som eg skulle kaste på den, "Mentale knagger" heitte den...når eg lata opp døre på vidt gap, satt den seg bare ned på sånne lause ting, så eg hadde ikkje treft kvepsen om eg hadde prøvde ein gong...tanken om å spraye hårspray på den virka ikkje så veldig klok ettersom eg sikkert måtte brukt 2 flaske sånn at den skulle stivne til sånn at eg fekk kasta den i do og skylt ned..nei, det er så gale! Dessuten hadde eg ikkje 2 flaska med hårspray ein gong...så då fekk eg den geniale ideen om å hente støvsugaren og støvsuge den opp..eg fekk den opp og lata opp døra på gløtt igjen..no satt han stille, men jammen så tørte eg ikkje å støvsugen den opp, skaftet var for kort!! Etter å ha prøvd å funne på ei anna løysing måtte eg ringe på med naboen for å høyre om ho hadde ei flugesmekke...det hadde ho selfølgelig ikkje..eg måtte kaste bok på den...eg hadde no alltids ei psykologi bok eg kunne kasta på den og...eg lata opp døra, og ingen kveps å sjå!! Eg henta paraplyen min og flytta på alle tinga inne på badet, men kvepsen var sporløst forsvunne...eg har høyrt at nokre dyr kan lukte frykt, kanskje akkurat dinna kvepsen her hadde lukta så mykje frykt at han blei redd sjølv og stakk av? Teoriane er mange..eg syns det begynne å bli gale når du e så redd eit dyr at du ikkje tør å drepe det..så leve du faktisk i frykt om at innsektet skal stikke av, eller i værste fall angripe deg før du får angrepe den...

$€$€$$€

Ditta her har vore ein koselig dag:)I 11-tida for turen ut på Emblem med brørne mine. Det varte til 13 trur eg, så for vi heim til Jø(jon Øyvind) og Kj(etil) og fekk tatt på oss fotballkleda våra, for klokka 13.30 var det duka fotball på Herd-bana. Vi var faktisk ganske mange i dag, så vi måtte forflytte oss til grusbana, noko eg syns er utrulig bra siden eg foretrekke å spele fotball på grus:) Faktisk så imponerte eg vettet av meg sjølv i dag med å score 2 mål!! Wow liksom:) Når klokka vart 15 så for vi heim til Jø og Kj. Så vart det ein fort dusj før eg for inn til Grete på ettermiddags kaffi besøk! Skikkelig koselig:) Når klokka vart 1830 for vi ned på Ålesund Bedehus ein tur, så etter det så stakk eg heim...var heime kl 2115 og følte meg utrulig trøytt og sliten...men tja det er vel kanskje ikkje så veldig rart det når eg rett og slett har hatt det så kjekt og har hatt så mange ting å vore med på at eg har gløymt at eg var svolten! Til kveldsmat har eg derfor kompensert for all den maten eg har gått glipp av heile dagen, så no skal eg fortelle deg at Marita Runde er mett...skikkelig fullstappa i megen mett...faktisk så mett at eg ikkje greie å være våken lenger...dessuten er det skikkelig irriterande at € og $ knappen er der dei er, for eg trykka på dei heile tida!!!

Eple

I dag var Hilde Kristin her i Ålesund, så eg fekk henge med ho litt før turen gjekk vidare til Vestnes. Fekk til og med lokka ho til å bli med til hybelen min fordi eg såg ein diger kveps her før eg for inn til brødrene mine tidligare på dagen. Men neida ingen kveps å finne, så eg rekna med at eg vokna av at eg svelge den i natt, eller at eg greie å få den inn i nasa mi eller ett eller anna i den duren (det skjedde med ei fluge ein gong, eg fekk den ikkje ut før dagen etterpå då eg kjente eg hadde ein klump i halsen). Så stakk eg ut igjen og endte opp på Misjonssalen ein tur, satt der og spelte Ligretto og vant heile greia med 1 poeng i godt samarbeid med Sigmund:)Hurra for oss!!
Når eg kom heim til hybelen igjen, joda, då låg det eple og appelsin utover heile golvet. Eg kunne rett og slett ikkje sjønne ka som hadde skjedd, var det skjedde eit jordskjelv med utslag 7,9 på richters skala eller noko? Når eg såg katten springe over golvet etter eit trillande eple så skjønte eg heile greia. Seriøst, ditta har katten gjort for å irritere, vippe ned kvart einaste eple på gulvet sånn at alle blir bulkete...dritt..Han skal alltid grise med maten, og rote til sånn at eg får ekstra masse å gjere...jaja så har eg no fått vaska her skikkelig i dag, og henta plantane mine:)

Fjelltur


Spreke Marita Runde og spreke Hege Kvalheim bestemte oss for å gå på fjelltur no i dinna veka her, så då falt valget på fjellet på Alnes, som eg rett og slett ikkje huska om det heite Giske - eller Godøyfjellet...jaja et fjell var det no hvertfall. Dagane før vi skulle på tur hadde det regna so og seie heile tida, men det slutta faktisk å regne når vi begynte å gå..eit par dråpa spela inga rolle. Vi snakka med ei dame frå Alnes som sa det tok 30 minutt å gå opp...tja vi brukte 1,5 time!! Men eg kan rett og slett ikkje sjønne kordan ho har greidd det på 30 min, ho må no ha juksa på ein eller anna måte! Etter å ha ledd masse av Hege som gjekk forran meg og snubla på kvart 7 skritt, og trakka i myre eller søledamma på kvart 5 skritt, kom vi oss omsider opp på den toppen vi skulle nå:) Det var iskaldt, med masse vind. Så gjekk vi litt ned frå høgda for å finne ein lun plass å ete frosne bolla og varm kakao. Etter å ha ete ei stund, og pirka vekk fleire kilo med snerk frå kakaoen begynte det å regne, piss regne, hølj regne, styrt regne - ja kall det kva du vil, men det regna nåkke voldsomt! Kakaoen vart kald, og den vart så uttynna av regnvatn at det rett og slett ikkje vart mulig å danne seg snerk på, fingrane var stive som greinene på ei furu, kledene begynte å ta til seg vatn, siden dråpane datt ned frå himmelen i ei so stor fart at dei bårte seg inn i fibra i kleda...men men vi kom oss både fram og tilbake og hadde ei utrulig koselig tur:)

torsdag 20. september 2007

Bleike pannekaka


Middag - off alltid en vanskelig sak å finne ut av...tenkte eg skulle ha fiskebolla i dag, men siden dinna kvit saus laginga mi ikkje alltid går som den skal, og siden eg har drukke opp all melka i huset, så måtte eg lage noko anna. Så da tok eg rett og slett en "riste miks", der eg berre skulle tilsette litt vatn - så vips så hadde eg ei pannekake røre. Men det eg alltid har tenkt over, og faktisk blitt ganske irritert over, er det faktum at den første pannekaka aldri blir sånn brunfarga!! Eg steikte og eg steikte, men nei, pannekaka ville rett og slett ikkje bli brun, sjølv om plata hadde stått på lenge, og pannekaka låg i panna lenge. Som du sikkert veit sjølv, så ser pannekaka mykje bedre ut om den er litt "steike farga" enn om den ser ut som et A4 ark (som er rundt då selfølgelig). Jaja så tok eg den no vekk frå plata og heiv oppå neste...vips, på under 30 sekund var pannekaka nesten svidd, og eg frykta heile hybel huset skulle bli evakuert frå røyken! Syns eg ser det for meg: eg står med ei svart pannekake og ei som nesten ikkje ser stekt ut, og brannmenna bare ler av meg fordi eg ikkje greie å steike ei "perfekt" pannekake...
Men til bake til saken,eg hadde røre nok til 1 sånn kake til, men då skjedde det igjen, den ville rett og slett ikkje bli brun!! Eg steikte og steikte og steikte...men neida, dritt pannekaka såg like rå ut! Eg gav meg ikkje, den låg der på sterk varme...men til slutt reiv sulten så i kroppen at eg bare måtte ta den av...då var den bleike pannekaka blitt heilt stiv og tørr...Syltetøyet som eg åt attmed, det var forresten utgått på dato, men det såg eg selfølgelig ikkje før etterpå...men frykt ikkje, eg trur det går bra med meg fordi om!

tysdag 18. september 2007

Melk eller blyfri??


Eg kan rett og slett ikkje sjønne kor eg har dinna apetitten min frå!! Eg ete og ete, men mett - nei det blir eg sjelden...hverfall om eg skal ete brød! Når eg ete attmed folk, så kan eg bli mett på nokre få skiver, men når eg ete aleine, åh du store mi tid kor eg pressa i meg...i dag har eg ete eit heilt brød på 2 måltid...eller 1 av skivene åt eg utenom...eg trur det er makrellen i tomaten som gjer at eg ikkje blir mett! mmmm det beste pålegget ein kan få, er knust, hakka makrell i tomat, som egentlig ser ganske motbydelig ut, spy kanskje? Men sånn er det eigentlig med anna pålegg eg likar og...eg blir aldri mett! Kanskje eg skulle satsa på å kjøpe pålegg eg ikkje likar for å spare pengar på brød? Og for ikkje å snakke om alle boksane med makrell eg må kjøpe i løpet av ei veke...eller ein dag for den slags skyld når eg ete ein boks på 3 skiver, og om det går eit heilt brød på under ein dag!! Når eg ete makrell i tomat, då er jo eit sjølvsagt tilbehør eit stort glas (helst 1 liters glas, som eg ikkje har) med melk!! Og då drikke eg masse melk!!
Og melk er like dyrt som bensin, det vil sei, eg må nesten velge om eg vil eg vil drikke melk eller om eg vil kjøyre bil!! Studentane har ikkje råda til begge dela, hvertfall om mennesket sluka melk, og bilen bensin!Livet er vanskelig!!
Lura litt på om skal investere i ei ku? Eg drive no å smugla katten inn og ut, så korfor ikkje prøve med eit litt større prosjekt?! Kua e genial!!

måndag 17. september 2007

Middag - ein planleggingsfase


Nei, ditta her kjem til å bli eit elendig innlegg siden eg sitte å synge og digga musikk samtidig som eg skal skrive...det er faktisk ikkje bare mannfolk som ikkje greie å gjere to ting på ein gong, eg er hvertfall i den samme kategorien, dei andre fell under kategorien "vidunder menneske" trur eg.
Når vi er inne på det å greie å gjer to ting på ein gong så kan eg no nevne det at eg skulle lage meg ein sunn og god middag i går. Då vart valget: lettsalta torsk, kokte poteter, grønnsaker og kvit saus og purre selfølgelig. Om du er god i matte så finne du ut at ditta her kreve 4 kokeplate (for deg som ikkje er flink i matte treng eg fortsatt 4 (=fire) kokeplater). På det lille hybel kjøkkenet mitt har eg bare 2 plater, så dinna middagen her krevde faktisk ein voldsom planleggings fase. Først måtte eg sette potetene på, for dei koka eg alltid forlite. Så fant eg ut at eg skulle koke sausen, så kunne eg bare varme den i full fart seinare, så skulle eg la fisken trekke ikkje koke ei stund, og tilslutt varme grønsakene, og deretter kaste purren oppi sausen. Åhh blei no varm av å tenke så masse, men eg satte i gang og fyrte opp guffa på platene.
Potetene, joda 3 gigantiske poteter måtte eg no ha siden eg var SÅ sulten, og sausen, den stod no og kokte ei stund før eg plutselig kom på at eg måtte røre i den...forseint, den var svidd- då meina eg totally svidd altså i botnen av kasserolla! Det såg nesten ut som om om eg hadde prøvd å koke tikkoman (svart kina mat saus). Så måtte eg til å måle opp ingrediensane igjen...mens potetene kokte...så prøvde eg igjen. Dinna gongen så gjekk det betre, sausen vart ferdig, så roterte eg på kasserollene og satt fisken på. Den vart fort ferdig, så då var det berre å varme sausen på nytt og varme opp grønsakene.
Mmmm så vart det mat på meg i dag og, ein 4 kasserollers middag faktisk, ikkje værst Marita! sjølv om potetene var kjempe harde å dele, og at eg hadde laga ALT for masse, så vart det eit bra måltid!!
På samme tid så skjønna eg kvifor mange studenta leve på nudlar og grandiosa (som eg for min egen del må brette i to for å få inn i "steikeovene" som ser ut som ein mikrobølgeovn)og med tanke på oppvasken...det blir så masse oppvask tilslutt at du lura på om du må begynne å plassere det på golvet, for benken blir jo full av ein gaffel og ein tallerken! I love student livet!!
bildet:eg har vaska kasserolla, men får ikkje vekk resten!! No skin den jo nesten...

søndag 16. september 2007

Fri og frank

Åhh katten irritera meg!! Prøv å ta på deg i svart bukse i nærheten av ein kvit katt! Det seie seg sjølv, det går ikkje uten at buksa blir kvit av hår!! Og når dinna firbeinte hannkatten i tillegg skal gå å stryke seg opp etter alt som går ann å stryke seg opp etter, og alt som går ann å irritere, er det utrulig irriterande å ha ein katt i huest...Han va faktisk "bortkomen" i 3 daga, men så fant eg han igjen, og då hadde han blitt enda meir klengete enn ka han har vore før, greitt nok så sakna eg han når han var vekke, men åhh kor deilig det var å ha "fri" ei lita stund!!No går det ikkje å sette seg ned uten at han skal klatre opp på fanget, lese bøker- nei, då skal han ligge oppå bøkene, han prøve å klatre opp beina når eg står, og mjaua heilt til han får augekontakt med meg, eller i det heile tatt å skulle kunne gå her inne når katten e i vegen for kvart eit skritt du prøva å ta - det resultera alltid at snubla inn i nåke for å unngå at eg trakka på den stakkars søte katten...åhh katten e no overalt!!! Nei, eg e gla eg e singel...

onsdag 12. september 2007

sushi


I dag var dagen for å ete sushi - igjen. Eg åt sushi for ca 1 år sidan, og kan ikkje seie at eg har lengta etter smaken på det, men eg har lengta etter den komiske opplevelsen:) No fekk eg narra med meg Siwa og Benedikte på tur...hehe...vi for på "Sunn og nam" og bestilte oss 9 sushi bita. Eg må innrømme at ditta va dei største sushi bitane eg nåkken gang har sett, så det kunne nesten sjå ut som dei hadde flådd ei heil flyndre og lagt litt ris under den. Jaja, så begynte opplevelsen, først så fekk eg voldsom hjertebank siden hjernen fortalte meg at ditta her var noko eg avskydde forrige gang eg åt, men det dunka også litt ekstra når eg tenkte over kass reaksjon Siwa og Benedikte ville ha på heile greia. Stakkarsane som eg utsatt for ditta her, men dei var jammen tøffe og smakte på det som gjekk an å smake på. Joda den første biten gjekk ganske greit ned den, etter å ha tygd nåkken ganga så måtte vi rett og slett bare svelge ned for å ikkje kaste opp...og det var faktisk ikkje den rå laksen som var problemet her, det var risen. Det kjentes ut som om dei hadde kokt den i sjø vatn, for så å marinere den i sjøvatn, og deretter dyppe den i sjøvatn igjen, ussj for ein ekkel saltvannsris. Bit nr 2 var værre, då skulle vi ete ein bit med sånn svart tang-tare-gras opplegg, nei fysj, det kan ikkje være folk som lika ditta der!! Eg får brekninga berre eg tenke til bake på lukta, smaken og konsistensen. Den var seig, og hadde ein heilt intens smak, det kan rett og slett ikkje beskrivast, men eg vil heller ikkje anbefale deg å oppleve den heller!! Bakepulver eller gjær må bare ha vore ein av hovudingrediensane her, for dinne biten vokste og vokste dess meir eg forsøkte å tygge... Vi fekk og nåkke grønt ekkelt greier, som var utrulig vannvittig sterkt, det fekk Benedikte erfare, med berre å ta 1 riskorn, med bittelitt sånn grønt greie på, då var vatn glaset godt å ha...Etter å ha velta den svarte tare-tang-sjø gras greia nåkken ganga rundt i munnen måtte vi rett og slett bare spytte den ut...for no var det jammen ikkje langt før at vi kasta opp! Litt flaut å sitte på eit bord rett att med kassa, og med ansiktet vendt mot alle andre folka som åt...mmm, sikkert kjempe kjekt for dei å sjå på jentene som åt sushi, og som sat å brakk seg mens tårene fylte seg opp i augene og som prøvde å spytte maten ut i handa litt diskre, men det var egentlig ikkje diskre alikavel... Alle kina og japan folk eg har møtt har vore slanke, kanskje det er fordi dei rett og slett ikkje orka å ete maten, dvs sushien, som dei får til alle måltida sine? Eller har dei anna mat der Siwa?
Etter på for vi og såg Shrek 3. Må innrømme det har vore den mest artige kino opplevelsen - ever. Ikkje fordi den var så himla bra, men fordi det satt ei dame bak meg med verdens artigaste latter! No skal eg sove...i går la eg meg 2050(!!!!) og sov til 0730, no svir det i augene mine...auuu

tysdag 11. september 2007

Litt om meg, frå no og då


No skal du jammen få vite litt om kva slags vesen eg er:

- Det flauaste eg veit å kjøpe er dopapir
- Eg smilar alltid når det blir grønn mann, fordi eg syns det er så komisk når alle skal gå over vegen...(!!)
- Eg har skubba lillebror min ned frå ei køyeseng slik at han datt opp på ein ovn,slik at øyret nesten datt av., eg var vel 8 år og eg sa han datt ned...eg har enda ikkje sagt at eg skubba han ned...
- Eg har slått hål i haka ved å kræsje inn i eit gjerde med sykkelen min
- Noko av det værste eg veit, er når folk strekk seg!
- Eg måtte til rektor i 2 klasse, då eg hevda at ein gutt i klassen likte Litago
- Eg likar ikkje å tygge rosin eller erter, derfor svelg eg dei heile
- Eg greidde ikkje å svømme 25 meter på barneskulen
- Min største draum som liten var å bli som Geir Moen
- Min nest største draum var å bli den første kvinnelege spelaren på Liverpool
- Eg fekk meg katt då eg kjeda meg når eg sat heime og las til eksamen
- Eg har ete fiskegrateng til middag nesten kvar dag, eit heilt skuleår(2005-2006)
- Når eg var yngre gjekk eg og ei venninne å "demonstrerte"mot bilførara som kjøyrte på ein veg med masse larvar. På skilta stod det "kjøyr sakte, åmer i vegbana"
- Eg laug på eksamen, og sa at under 2.verdens krig i Innvik, kommuniserte innbyggarane med Jødane (som budde langt opp i fjellet i ei hole) med ku-bjeller. Damene hadde kubjellene rundt livet sitt... Eksamen var på våren 2005
- Eg og ei venninne har brukt unnskyldninga "nokon har døydd" for å komme oss ut av ein restaurant.
- Eg likar ikkje blåbær sidan eg åt så mykje eingogn og kasta opp
- Eg er ikkje så veldig glad i ananas sidan eg åt så mykje ein gong at eg kasta opp
- Eg har ete 8 sneglar..eg orka ikkje tygge dei, så eg svelgte dei rett ned
- Eg har fått ei fluge inn i nasa mi, og fekk den ut gjennom munnen dagen etterpå
- Eg gjorde det dårlig på matteprøvene mine med vilje, slik at læraren skulle få meir arbeid med å rette dei!
- Eg har drept ein kylling i senga mi, då eg rulla over den og knakk nakken på den...off kor forferdelig

Koffer kan ikkje eg sjå, når vit-ser


I dag så tenkte eg rett og slett at eg skulle ta å få deg til å smile, så da skal eg ta å skrive ned nåkken vitsa:
- Alle barna heitte Markus, untatt Kåre, for han heitte Per Atle
- Alle barna likte å rape, untatt Lise, hun likte å fise
- Kvifor kan ikkje eg ha arr i handa, når Mârta har Ari Behn?
- Kvifor kan ikkje"M" være "H" når NRK?
- Kvifor kan ikkje handa le, når Lofoten?
-  Kvifor kan ikkje du være kul, når Marita?
- Kvifor kan ikkje eg skvette, når kortstokk?
- Hvorfor gå over på grønt, når man kan bli overkjørt på rødt?
- Hvorfor kan ikke jeg le, når Zalo?
- Hvorfor kan ikkje jeg omkomme, når ytterdør?
- Hvorfor kan ikke jeg vinne, når gelètopper?  
- Hvorfor vil ikke jeg, når spinnvill?  
- Hvorfor kan ikke jeg hoste, når Morten Harket?
- Hvorfor kan ikke jeg ramle, når asfalt?
- Hvorfor kan ikke jeg være slik, når Olav Tryggvason?
- Hvorfor være vill alene, når man kan være Willy Flock?
- Hvorfor kan ikke jeg bite negler, når Ludwig van Beethoven?
- Kvifor kan ikkje du være firkanta når Runde Marita?
- Kvifor ror ikkje du , når rosin? (ehh ?!?)
- Kvifor greier ikkje eg å lage vitsar?
Nei no skal eg slutte...

måndag 10. september 2007

Krokodille tåra


I dag, var den første dagen på leeenge at eg har sett på tv, og eg føla eg ikkje har gått glipp av ein einaste ting, utrulig bra måte og ikkje kaste vekk tida på med å ikkje ha tv på hybelen!! Men eg fant meg eit program om ei jente som hadde blitt forelska i ein tysk soldat, Hugo, under den 2.verdenskrigen. Det var kommentert av ho dama, som heitte Gladys, sånn at det heile blei veldig virkelig, og lett å leve seg inn i. Liksom litt sånn forbudt kjærlighets historie.
Det var heilt vannvittig kor eg levde meg inn i filmen, eg kjente klumpen i halsen vokse, og tårene pressa på...måtte skru av lyden på tv for å ikkje bli grine meg i hjel, off flaut å nevne det, men eg har aldri grått så mykje framfor ein tv før!! Eg er berre glad for at Kjetil og Jon Øyvind var å "shoppa" bil dela, men eg trur dei skjønte litt kva som hadde skjedd då dei såg ansiktet med mascara "all over the place" når dei kom heim igjen! Hvertfall, eg følte ein utrulig tørste resten av dagen, og følte eg måtte drikke resten av dagen for å kompensere for væske tapet som hadde skjedd! Trukje eg skal sjå Titanic på ei stund nei, såg maltraktert nok ut forrige gang eg såg den...apropo Titanic, første gangen eg hadde med meg Maria og Astrid til lght på lynvisitt satt Hilde Kristin i sofaen med ryggen til...ho satt å såg på Titanic, ho snudde seg ikkje å helste på dei, og eg trudde ho var dritt sur eller nåke sånn siden ho virka så avvisande...Ei lita stund etterpå reiste Maria og Astrid, sikkert med følelsen av å være uvelkommen, så når eg hadde lata igjen døra snur HK seg, men mascara frå panna og ned på haka, hovne auge og gråtkvalt stemme...ho hadde ikkje tørt å snu seg då ho var redd dei skulle finne ut at ho satt å hylgrein til Titanic, aleine, midt på dagen! Genialt! Eg føla frykta di!

fredag 7. september 2007

Egg er kvalm(t)


Hello people! Marita is back!
Det slår rett og slett ikkje feil. Kvar gang eg skal til å ete, så fise katten, eller så bæsja han. Off, og det e liksom ikkje så voldsom stor plass her inne så lukta kjeme ganske fort, og den blir utrulig intens. Etter eit par slike tilfelle så fant eg ut at eg skulle lure katten til å drite eller fise FØR eg åt, så da laga eg til maten, tok plasfoli over og satt meg ned for så å late som eg skulle ete...nope, ingenting skjedde, alt måtte ha vore ei tilfeldighet med tanke på det å ete og at katten lagde ekkle lukte...eg skrella av folien og tok meg ein god bet av skiva, fekk faktisk tida til å ta to bit før det kom ein voldsom eim ut av ingenstads, katten hadde sleppt ei due, ei kraftig ei, faktisk så gale at eg måtte stå å puste ut vinduet og kaste maten i frykt for at lukta hadde satt seg i den, teite katten som bare ligge der med store augen, og ein kan faktisk nesten sjå at han smila...Katten måtte ut. Og eg måtte lage meg ny mat, kokt egg.
Lika egentlig ikkje egg siden eg har hatt høne før og innbille meg at egg e flytande kylling, uutvikla høne, og med tanke på at høna bæsja egga ut, og det ofte er bremsespor på eggeskallet! Men eg skulle no ta å ete to egg da, siden eg hadde dei liggande her. Fekk kokt dei og skulle til å ete dei. For det første så var ikkje egga skikkelig kokt, sjølv om eg kokte dei i 7 minutt, og så lukta det kattefis når eg skrella dei ... ohh nei, ingen meir egg på meg, og dinna katte fise lukta kjem til å forfølge meg så lenge eg har plana om å ete når eg har katt...må vel til å isolere meg inne på toalettet når eg skal ete...

laurdag 1. september 2007

King of the microwave


Nei og nei, i dag kunne eg rett og slett ikkje fatte og begripe kor i alle verdens daga Paazan hadde blitt av! Hybelen e liksom ikkje så veldig stor at skal være vanskelig å finne en katt! Eg leita, overalt, nei-katten den var sporløst forsvunne! Pulsen steig, og svetten sila, pupillane utvida seg mens augene nærmast stod på stilk ut av augene mine for å betre kunne skimte katten. Leitinga fortsatte, eg såg til og med inne i kjøleskapet, i tilfelle eg skulle ha stengt han inne der...når ein blir desperat etter å finne noko, må ein leite på alle mulige plassar. hmm nei, ingen katt i kjøleskapet heller...nede i do? mm-nei ikkje der heller. Inni granskauen no var det liksom ikkje fleier plassa å leite. Det begynte å regne ute, dråpane tromma vilt på vindauget som om det skulle være bly kuler som ramla ned frå himmelen...men då, plutselig, som om det gikk opp eit lys for meg, og mens eg nesten kunne sjå meg sjølv frå ein anna persons perspektiv, nesten som å sjå meg sjølv på "film", tok eg ein 180 graders omvendning og såg microen stå for mitt åsyn, arvegods frå bestemor og bestefar, døra stod ikkje på gløtt slik den pleie å gjere, den var meir open, mystisk, dette var uvanlig. Eg kunne skimte et snev at lykke av å tenke på at eg enndå ikkje hadde leita i microen, eg kjente håpet blusse opp igjen, samtidig som eg kjente frykten bygge seg opp i meg sidan døra ikkje var slik den pleide. Eg følte korleis trommevirvelen blei satt på, og lyskastaren var stilt inn på microen og ein anna fulgte meg bortover golvet. Spennande saker. Pulsen steig, svetten sila, og då plutselig hadde eg tatt dei to stega som behøvdes for å komme bort til microen, trommevirvlinga blei stadig sterkare når eg strakk ut handa og berørte micro-døra,kva ville skje no? Tankane flaug hulter til bulter, og eg kunne sjå eit fort glimt av heile livet mitt i revy, eg lata døra forsiktig opp, og kunne høyre ei skummel knirking, liksom ei gammal dør i ein skummel film blir lata opp, då såg eg, katten var der...the end