fredag 7. september 2007

Egg er kvalm(t)


Hello people! Marita is back!
Det slår rett og slett ikkje feil. Kvar gang eg skal til å ete, så fise katten, eller så bæsja han. Off, og det e liksom ikkje så voldsom stor plass her inne så lukta kjeme ganske fort, og den blir utrulig intens. Etter eit par slike tilfelle så fant eg ut at eg skulle lure katten til å drite eller fise FØR eg åt, så da laga eg til maten, tok plasfoli over og satt meg ned for så å late som eg skulle ete...nope, ingenting skjedde, alt måtte ha vore ei tilfeldighet med tanke på det å ete og at katten lagde ekkle lukte...eg skrella av folien og tok meg ein god bet av skiva, fekk faktisk tida til å ta to bit før det kom ein voldsom eim ut av ingenstads, katten hadde sleppt ei due, ei kraftig ei, faktisk så gale at eg måtte stå å puste ut vinduet og kaste maten i frykt for at lukta hadde satt seg i den, teite katten som bare ligge der med store augen, og ein kan faktisk nesten sjå at han smila...Katten måtte ut. Og eg måtte lage meg ny mat, kokt egg.
Lika egentlig ikkje egg siden eg har hatt høne før og innbille meg at egg e flytande kylling, uutvikla høne, og med tanke på at høna bæsja egga ut, og det ofte er bremsespor på eggeskallet! Men eg skulle no ta å ete to egg da, siden eg hadde dei liggande her. Fekk kokt dei og skulle til å ete dei. For det første så var ikkje egga skikkelig kokt, sjølv om eg kokte dei i 7 minutt, og så lukta det kattefis når eg skrella dei ... ohh nei, ingen meir egg på meg, og dinna katte fise lukta kjem til å forfølge meg så lenge eg har plana om å ete når eg har katt...må vel til å isolere meg inne på toalettet når eg skal ete...

Ingen kommentarer: