onsdag 27. februar 2008

Smake sin eigen medisin


Etter å kanskje ha gjort litt narra av ein kamerat som var sjuk, vart eg altså sjuk sjølv. Eg tenkte at ”no fekk eg smake min eigen medisin”. Men kass ordtak er vel eigentlig det? Å smake sin eigen medisin?
For det første må eg seie at eg ikkje lagar medisin, og om eg hadde gjort det så hadde eg i allefall ikkje turt å smake på den sjølv, og eg trur ikkje eg hadde turt å fått andre til å smake på den heller!
Og medisin, tja, det er vel eigentlig ein positiv ting, om det blir administrert på riktig måte. Så kvifor får ein smake sin eigen medisin når ein har sagt for eksempel haha du er sjuk, så blir ein det sjølv? Då har ein i allefall ikkje tatt medisin. Hadde eg tatt medisin, som i ditta tilfellet ville vore influensa vaksina sida det dreide seg om influensa, så hadde eg neppe blitt sjuk, kvifor vart eg då sjuk? Eg fekk jo smake min eigen medisin, influensavaksina. Nei, eg skjønnar ingenting.
Eg fekk smake min eigen medisin – rett og slett, på ein veldig rar måte, og medisinen resulterte i at eg vart sjuk.

søndag 24. februar 2008

SSM - sjuke, stakkarslige meg


Ånei, eg er sjuk. EG er skikkelig skikkelig sjuk – synes iallefall eg! Feber, tett nase, sår under nasa, tørr i halsen, hovudverk, og nåkre auge som kjennast utruleg tørre. Men i realiteten så ser det ut som om eg har grine skikkelige masse, for dei er ikkje tørre i det heile tatt. Typisk at eg skal bli sjuk når eg får besøk av lille søstra mi da!! På lørdagen skulle vi egentlig i svømmehallen. Men pga tilstanden i nasa mi fant eg ut at uansett kor masse klor det hadde vore i bassenget – ville det ikkje vore nok til å tatt knekken på det som kom til å havne i vatnet. I stadenfor baka vi. Vi baka masse! Brød, rundstykker og boller, ja du store mi tid, effektive søstre vil eg seie. Dessutan så fekk vi med oss S.O.S Svartskjær på kino, og ein liten middag på Egon med klassa mi. Og i dag, søndag, du store, eg var så trøytt, men eg kunne ikkje legge meg ned, for då fekk eg berre vondt i hovudet. Og paracet? Nei, eg tar ikkje tabletta. For all del, masse medisin er bra, men det er noko med dissa medisinane som byr meg i mot, sjølv om eg ikkje har noko i mot dei…nei off, nokre ting er vanskelig å forklare. No, no skal eg legge meg, skal bare bygge opp ryggen i senga litt først…jadda gleda meg til framføring på skulen i mårra!! Trur ikkje eg kjem til å bli tatt så veldig seriøst når eg har to stk papir bitar flagrande ut i frå nasa mi…menmen I’ll give it a try…

onsdag 20. februar 2008

Bestigning av eit fjell


Sprekingane som vi er så fant eg og Maria ut av vi skulle ut å gå litt i det fine været og bestige ein fjelltopp, ingen ringare enn sukkertoppen! På veg mot toppen møtte vi mange forskjellige utfordringa – som sølete veg, elv i veg, mose som såg tørr ut som bare egentlig ikkje var mose i det heile tatt og inneholdt masse vatn, skikkelig mose med masse vatn, og til slutt, og ikkje minst – ein iskald vind som fekk øyra våra til å kjennast ut som – tja, noko skikkelig kaldt noko, kanskje til og med så kaldt som eit jernrekkverk på ein iskald vinterdag der du har greidd å sett fast tunga å må rive den laus. Ja, faktisk, så kald var den vinden. Vi kom oss til toppen, og etter å ha speida litt imot Runde – the island, tok vi rett og slett å sprang ned igjen, og trakka i masse ting som kunne sjå ut som mose, men som egentlig var berre vatn og masse søle.
Når eg kom heim så fant eg ut at eg ikkje var så sprek allika vel – eg var utslitt – eg MÅTTE sove!! Og det med ein gong. Så då la eg meg, klokka viste ikkje noko meir enn 1714. Så då sov eg, så vakna eg, det var skikkelig kaldt, nei, for varmt, ja det var definitivt alt for varmt her inne, eg røyste meg og fekk skrudd av omnen, nei du store mi tid, no vart det med eitt mykje kaldare, men sida det kjentest ut som om eg hadde gangsperre i heile kroppen, orka eg ikkje gjere noko anna enn å håpe på at eg snart skulle bli varm igjen. So sovna eg igjen, heilt til neste dag. Og da var eg jammen utkvilt. Av og til kan det være litt godt å være litt sjuk, sånn at ein ikkje gjer noko anna enn å sove, og det å tenke over kass temperatur kroppen din er i…

torsdag 14. februar 2008

Flyturen


Endelig var dagen komen for å fyke til Bergen å besøke både Sissel og Møyfrid. For å gjere ditta her mulig måtte eg altså stå opp 0510 (!!!!!!!!!) for å rekke flybussen som gjekk ein halv time seinare. Eg kom meg på bussen, og til Vigra, og fekk etter litt makk til å skrive ut boardingkortet. Så kom eg meg om bord på flyet og fekk ei stolrad heilt for meg sjølv. Med eitt, kom eg på drøymen som eg hadde hatt dinna natta her. Eg hadde tidligare prata med ei venninne som sa at ho var litt skeptisk til å fly, medan eg ikkje har noko problem med det, det er faktisk fantastisk kjekt å fly Her er draumen:
Alle passasjerane hadde funne plassane sine inne på det veldig fulle flyet. Alt gjekk som det skulle, og eg gleda meg til flyet skulle ta av, for det er jo så aldeles kjekt når det killa litt i magen. Flyet begynte å rulle, og kom opp i god fart, men så slakka farta ned litt. Eg kikka ut det lille firkanta vindauget, og såg at vi køyrte på ein bratt oppover bakke, laga av grus. Bakken var både humpete og isete. Ditta her ville aldri gå bra. Av dei 4-5 gongane eg har tatt fly før, er det ingen av dei som har vore slik som ditta her. Ville vi komme opp i stor nok fart slik at vi ville lette? – nei. Eg sa til Gud: Kjære Gud, ditta her kjem no aldri til å gå bra!! Jo, og riktig nok som det var så fekk eg svar frå Gud; Bare slapp av du Marita, det er ein grunn til at du sitte på ditta flyet her. Det er einaste du som kan førstehjelp!!!
Og der slutta draumen….
Inni granskogen – gjett om eg var nervøst når eg kom på dinna draumen her, var det eit teikn, slik at eg skulle forberede meg på den forferdelige ulukka som skulle skje? Hadde det skjedd ein glipp i sikkerheits kontrollen slik at det var kome nokre terrorista om bord? Eg kikka meg fort til alle sider for å finne ut kor nødutgangane var plassert, og forsikra meg om å ha leste godt igjennom dinna sikkerheitsmanualen. Og gjett om eg følgde godt med på når dei skjønne flydamene peikte og viste korleis oksygenmaskene og redningsvesten fungerte!! Eg kasta hovudet fort 90 grade til venstre og fekk sjå eit russisk ektepar, var det dei som ville gjere slik at flyet skulle styrte – eller kva det no var det skulle, slik at eg måtte utøve førstehjelp – aleine – for det var jo ingen andre som kunne det!! Nei og nei! Eg høyrte flyvertinnene snakke om kor dårlige dei hadde blitt i magen av nokre druer dei åt dagen i forvegen- nei uffa meg- tenk om maten var forgifta? Uansett kor svolten eg var, ville eg ikkje ta i mot, og dessutan har eg ei formeining om at hjerte-lunge-redning ikkje er så bra å få til om ein har fult av mat i munnen. Men heldigvis, landa vi trygt på Flesland. OG faktisk så gjekk turen tilbake til Vigra ganske så knirkefritt den og. Halleluja!!! hehe

Valentines


Valentines. Hmm ein merkelig dag, ein dag i året då du skal gje kort og blomar, og ein bamse som helde eit hjerte med teksten ”I love you”, til nokon du er gla i. Seriøst, ein av 365 dagar? Nei, koffer ikkje lage det til sånn at det er ”fri” på valentines, og resten av dagane i året kan ein bruke på å minne andre kor gla ein er i andre? Som eg sa til søstra mi (som lovte meg å være min fasta valentines is-etar-kompanjong, før ho gifta seg..hehe) at valentines e dagen då dei single skal sørge over berre å være ein, mens resten av året skal ein fryde seg over at ein berre er ein…eg lurar på om det er ein trøste tanke eg har laga meg sjølv, men nei, det vil eg ikkje innrømme!
Men visste du forresten grunnen til at vi (eller nokre av oss) feira valentines day? Valentine var visst ein martyr, så skreiv han eit brev til kona si med avslutninga ”Your Valentine” eller noko sånn, rett før han døydde, so de.

onsdag 13. februar 2008

Ååå glede


Etter å ha hatt nåken heilt fantastiske daga, aleine, sammen med venna, og aleine men ikkje aleine alikavel, så kjenne eg det at eg e skikkelig glad:) Og på ein skala frå 1-10 vil eg definere dinna gleden som så masse bedre enn skalaen, at det faktisk ikkje går ann å måle den opp mot ein skala i det heile tatt...å måle alle ting opp mot noko er bare teit...
Skikkelig glede, kan ikkje målast trur eg, berre følast - og erfarast!!

Eg tok og bytta "mottoet" på MSN til "GLEDE". Men det som er så rart, er at utrulig mange kjem å spør, "koffer er du så gla, er det noko som har skjedd?" - jo, utrulig kjekt at folk bryr seg, og spør, men det fenurlige med heile greia er vel egentlig at det virkar som om du må ha ein grunn til å være glad, mens det å være trist er berre noko som følge med det fenomenet med å være i live, det er liksom heilt naturlig å være trist, trenge ingen grunn.... er det uvanlig å være glad, ein sjelden tilstand?
Dessuten så er det laga mange bøker om kordan du kan føle glede. "Varig glede" sto det på ei bok, men kva garanti er vel dette? Skal du liksom bli gla av å lese den boka? Ja, om dette stemmer så må vel han være mange millioner, forfattaren, og det er han sikkert og...ein må jo være sikker på at ein iallefall har 2 av dei bøkene, for kva kan gjerast om dei blir så masse lest at dei blir utslitt, og som ein veit så kan jo menneske dø. Tenk om boka som forresten sikkert hadde blitt kalla "boka for vidarekomande i glede, nivå 2" aldri kom, tenk om forfattaren døydde ?!? Korleis kunne dei då få vite den vidare vegen til glede??Ein forfattar som har skreve ei bok som liksom skal redde heile verda frå å ramle ned i ei einaste stor gryte av usalta depresjon? Kva med å rette blikket ein anna plass? Ikkje mot noko menneske som ikkje har peiling på noko anna enn å fokusere på depresjon og det å skulle ha ei løysing på alle verdens problem, men det å halde auga festa på Gud.

Nei, eg er ikkje enig i at det å være trist er den mest "naturlige" sinnsstemninga som følge med det å leve, mens glede er ein ukjent tilstand. Det har vel alt å seie kva du fokuserar på? Tenk over det litt, kor er ditt fokus?
Glede er ein av dei mange "godene" som følge med det å leve, tenk, det er faktisk ikkje alle som lever her i verden...

tysdag 12. februar 2008

Avgud

Dagens kommentar: Eg eg så glad i melk at eg trur nesten det er blitt ein avgud for meg!

Men bare for å gjere det klart, nei eg tilber ikkje kua eller melka. Men melka får veldig masse av tida mi =)

Kveldsmat på Fjellstua


For ein utrulig effektiv dag for alt som ikkje har hatt med skulearbeid å gjere!! Må sei en rekke å gjere masse, når ein egentlig skulle gjort andre ting!! Men det er bra å få ting gjort, av og til i allefall.
Dagen starta ganske sprekt ved å ta ein tur inn til Moa, og når klokka var blitt så masse at eg rett og slett ikkje orka å lure meg sjølv med at ”eg trudde eg trengte noko som eg hadde glømt kva var, og måtte vente på Moa til eg fant det ut” . Men det var altså ingenting.
Dagen i forvegen hadde eg prata med Grete, sida ho er ein av dei som er så heldige å ha ferie (utan å måtte TA seg fri, ved å gjere ingenting)skulle ho vaske og bake. Joda, då fant eg ut at ditta her kunne eg ikkje gå glipp av. VI har jo aldri baka sammen før.
Hadde til og med tenkt å spør om eg kunne hjelpe ho å vaske, ho har masse golv, og det å vaske golv er kjekt!! Men eg tenkte at i allefall måtte gjer eit lite forsøk på å gjer litt på opg. Men det var forgjeves, eg fekk nemmelig ein ide om å fare opp på fjellstua og ete kveldsmat der. Så då fauk eg rett og slett til Grete, med bake saker i bagen, og vi begynte å bake! 
Anna Deigvik og Frøken Fryd var i sitt rette element når dei knadde deiganen!!
Har no hørt at folk har blitt imponert over kalkunpartyet som vi hadde førre helg, så vi må leve opp til det gode husmor –objekt- ryktet som vi har fått. Og jammen om vi gjorde det!!
Vi pakka med oss fersk mat og bila opp til fjellstua. Vi fant ein ganske bra plass, men det blåste veldig, også bråka det så masse i ein port. Eg vart litt redd og trudde det var ein villmann som sto å rista i porten, så eg gjekk der i frå kjempe fort før eg nesten var i hel skrømt av at eg plutselig såg to skikkelsa i rød jakke framfor meg; Irene og Kristin. Men dei er ikkje noko å vere redd for, dei er to kjekke jenter =)
Vi fekk lagt teppet ned på bakken, duken vart lagt oppå der, og maten vart plassert utover, mens stearinlysa blaffra i vinden inne i syltetøy glasa…faktisk blaffra dei så masse at dei slukkna. Kakaoen var rykande fersk, og makrell i tomat boksen var selfølgelig eit "must" på turen.
Vi fekk litt rare blikk frå folk når vi satt der, og frå ein hund, men vi konkluderte med at dei sikkert var litt misunnelige fordi vi hadde det så koselig. Det var faktisk nokon som lurte på om vi hadde foreining!!! Ja, dei skulle berre visst!! =)
Litt kjipt at det skya over, og at det begynte å regne litt, for det hadde no vore veldig koselig om det var stjerneklart. Ein slik tur skal vi absolutt gjenta!
For min del, vart kvelden avslutta ned hos Grete over ein kopp varm drikke og ein koselig, oppbyggande samtale.
ÅÅååå GLEDE over deg Grete!

Eit opprop: i mot kvitvasking


Inne på Facebook i dag la eg merke til ei reklame til venstre på skjermen: "hvite tenner 1 kr".
Du store mi tid, ka i alle verdens dagar? Eg vil no vel ikkje kjøpe tenner, æsj!!
Er det virkelig sånn at tannlegene trekker tennene til uskyldige mennesker, og sel dei over internett, til den svært rimelige prisen: 1 kr??
Her kastar du so og sei 1 kr til kråkene, for dei tennene kan du nemmelig ikkje bruke, ikkje når dei har blitt kalde, og har tørka - for da blir dei øydelagte...Ikkje la deg lure!!!! Å lage smykke av dei, eller anna tilbehør, er vel heller ikkje så populært da du kan bli tatt for å være ein kannibal (?!??) eller ein anna slags form for kannibal. 
Heller ikkje det å plassere dei på rekke og rad på peishylla er så veldig aktuelt, eller attraktivt. 
Tannhjul? Kan det være eit forslag?
Eg som frivillig lot tannlegen trekke mine 4 visdomstenner, for så å betale mange tusen, så vil han ha nok ei krone til ut av dei tennene?? Heile 4 krone det faktisk!!! Eg har blitt utnytta- til det maksimale!!! Først for tusner, så for kroner! Og som vil alle kjenner til etter år med å kveike fyrstikker så blir ører til millioner! Og når ører blir til millioner, kor mange milliona blir ikkje kronene til då?
Er det tannlegane som drive med slikt salg over internett, eller er det rett og slett foreldre til barn, som endelig har fått barne sine til å lirke melketennene ut av den siste syltynne hudfolda som helde dei igjen i munnen, før dei "lodda" dei ut på nettet? Bare for å tjene inn 1 av dei kronene som dei legg i eggeglasset? Nei fysj - ufyselige greier!!!
NEI !! til kvitvasking av tenner

søndag 10. februar 2008

Strømrekning


Oj, da var jammen strømrekninga komt da, det sto ein lapp på ytterdøra. Apropo ytterdør, koffer heite det det når ein både går ut og inn? Ytterdøra. Det heile kan misforståast og ein kan tru at ytterdøra er den døra som er ytterst på huset, kva no enn det måtte bety. Og apropo apropo, visste du at apropo skrivast apropos? - eit utrulig rart ord forresten.
Men ja, tilbake til strømrekninga. Eg kunne kjenne at eg vart litt nervøs når eg såg konvulutten på botnen av postkassa mi(eg får ikkje post eg..hinthint)og hadde litt lyst til å bare legge den i nokre andre si, men då risikerte jo eg å få purrings gebyr…, og då hadde det gått nok ein dag siden eg ikkje hadde fått brev...jaja, så eg tok den opp, spratt opp konvolutten og såg det skremmande beløpet!! Hjelpe meg!! For ein pris!!!E ditta verkelig mi rekning? Eg vurderte å ringe til husværten…Under heile oppveksten har eg høyrt at eg brukar masse strøm, ord frå mamma og pappa, ord som har satt preg på min tilværelse.
”Ikkje dusj så lenge Marita”
”Nei da”
”MARITA!!!”
” ehh ja, eg skal bare vaske ut balsamen…”
Ja sånn har det vore gåande, sjølv om eg egentli aldri var komen lenger enn til å nettopp ha tatt i sjampoen…Eit kappløp i mot tida for å få vaska ut sjampoen og klæsja i balsamen før dei ropte igjen... 
Jo, eg har hatt ein kjempe flott oppvekst, og foreldre som verkelig er kremen av krem når det gjelde foreldre, men akkurat her bomma dei skikkelig – big time! Strømrekninga mi var på svimlande 190 kr, på 5 mnd! Du store, det er jo nesten flaut, men veldig bra på samme tid! Nesten sånn at det var grunn til å klage. Har MÅ jo ha rekna feil!!
Gjennomsnitts prisen låg på over 1000-lappen (eller det må jo ikkje være ein lapp eller seidel, det kan være i mynt også, eller i fleire seidlar; tusen kr. i 10’ara ,50 øringa, 20 stk femti lappar, eller rett og slett 2 tohundre lapar + 6hundrelappar og litt mynt og ein femtilapp?) for å sei det sånn så bidrog eg med det eg kunne for å få ned gjennomsnittet! Globaloppvarming? Nei ikkje frå ho Marita! (om ein ser vekk i frå bilen da). Så det blir nok ikkje nåkke investering på miljøkvote på meg ditta året her heller…

laurdag 9. februar 2008

Beethoven


I dag var det rett og slett på tide å sjå ein koselig film. Så da falt faktisk valget på Beethoven, ja ein skikkelig god slager frå eg var liten, og det er den forresten enda - ein slager!
Må jammen sei at eg kjenne meg igjen i dinna filmen, det å ha eit kjæledyr som irritera deg nåkke så inne i granskogen nokre tider, og av og til faktisk så masse at du har lyst å dusje dyret, siden det egentlig ikkje skulle være så voldsomt gla i vatn...
Men når det oppstår blikkkontakt mellom deg og dyret, ein connection, så ser du ikkje anna enn kjærlighet og takknemmlighet i augene, og du greie rett og slett ikkje å være sint lenger, det enda faktisk berre opp med at du gir han mat, slik at han blir tjukk, trøstespising frå dyret si side, men jammen er det terapi for begge parta om du har kallt han "dumme hankatt" eller trua med "du skulle jammen vore kastrert"...
Og når ramme alvoret skjer, da familiefaren må kjøre Beethoven til veterinæren for å avlive han, jo da skal eg fortelle deg at tårene trilla nedover kinnet på meg, eg grein! Off, Beethoven er jo like trist som Titanic, bare det at filmen inneholde litt meir slim og håravfalll!!
Og på dinna filmen her er det anbefalt aldersgrense 11 år? Nei og nei, eg syns det e for sterke scene i filmen til å seie 11 år, heller 16.
Nei, eg ville ikkje likt å vore kjæledyret til nokon som skulle avlive kjæledyret sitt, ville du?

torsdag 7. februar 2008

Left overs


Dagen var torsdag, og etter å ha vore på Krik og etter ein kjøretur til Blindheim så var tida komen for å kome meg heim, og i seng. Når eg entra parkeringsplassen her, såg eg Paazan komme forsiktig gåande mot bilen. Åå så skjønn tenkte eg, løfta han opp og gjekk opp på hybelen.
Min eigentlige sans for å skjønne at noko var gale slo meg, men nei, eg var trøtt, den måtte spele meg eit puss! Når eg slapp Paazan ned på golvet, ja då skal eg love deg at eg fekk sjå puss! Nåken hadde klort Paazan, i auge!! Ahhh smerte!! Der sto han, såg opp på meg, med store ”det går bra” auge, men som sjukepleiar har eg lært meg å observere smerte, eg såg smerte – eg såg Paazan.
Eg kunne høyre bak i lilehjernen min at trist musikk blei spelt og lydbølgane blei sendt til øret og dets vidare kanal innover i hovudet. Paazan, min skjønne, stakkars. Med eit fant eg ut at det ikkje vart spelt trist musikk, eller – jo, på ein måte, det var den stakkarslige ”syns synd på meg” mjauinga. Og det gjorde eg, eg syns synd på han. Han var faktisk litt søt der han satt, med det eine auge lata igjen, hovent og raudt, og ein stor pelsdott som var rive vekk frå halsen han sin. Dotten min!
Ein tanke slo meg, det er alltid dei kattane som er oppklorte ein som regel syns er stygge og ekkle, men kven er det eigentlig som har gjort det mot dei? Kass katt er det som eigentlig er stygg, den stygge stygge eller den som er fin stygg? Frå no av skal eg være glad i alle oppklorte stygge kattar, og bestemme meg for at dei er fine… (!!!). Dei hannkattane som er fine, er sikkert dei som er sterkast, og dei som klora opp alle dei andre, dei som terrorisera andre katta, dei som får dei stygga kattane til å få skylda for den voldsomme mjauinga som foregår rundt eit kvart hushjørne, nei du, det er berre lurerier! Stygge fine hannkattar!
Eg fekk vaska han litt i auge, og kjente eg var litt irritert over at eg ikkje hadde skikkelig sjukehus utstyr her sånn at eg fekk gjort det skikkelig, og det vart ikkje så veldig masse betre når han skulle begynne å vakse seg, og slikke ditta der væske greiene i seg! Nei fysja meg din uhygieniske katt!
Håra som festa seg på den svarte genseren min syntes ikkje lenger å spele noko stor rolle, sjølv om genseren så og sei ikkje kunne definerast som svart meir, og dei utallige kattehåra som hadde festa seg i nasa mi, og fekk meg til å klø så masse at eg vurderte å klippe av nasa syntes heller ikkje å spele ei stor rolle, for saksa var sikkert like full i hår, det hjelpte heller ikkje å klø seg, for kattehåra sat som limt til handa mi...
At det forresten går an å miste så masse hår, og likevel ha så masse igjen? Nei eg skjønnar det ikkje. Fytti katta kor masse kattehår her er. Eg skjønnar ikkje, så masse som har drive å sleika på dinna pelsen sin, og likevel er det så masse ”left overs” til meg?

onsdag 6. februar 2008

Strekker seg litt lenger??


Nei, hoff og hoff. Å strekke seg. “Ingenting er som å strekke se etter at ein har stått opp?” . Nei og nei, feil! Ingenting er som å stå opp uten å måtte strekke seg. Å strekke seg er noko heilt forferdelig, eg strekke meg ALDRI. Det byr meg i mot. Eg kan faktisk rett og slett ikkje sjå på at folk strekker seg, det er så ekkelt. Koffer eg syns det veit eg ikkje, men det er bare noko med det fenomenet med å strekke seg. Om det er nokon i nærleiken av meg som strekke seg så får eg faktisk frysninga, heilt sant. Eg må rett og slett berre snu meg vekk. Og enda verre er det når den typisk strekke seg lyden kjeme, offffff – frysninga all over the place!!!Meir er det rett og slett ikkje å seie.
Laban seigemenn har ein teit logo – strekker seg litt lenger, kanskje det er derfor eg ikkje er så glad i seigemenn/ damer/ sure dritt skrikerunger?
Bildet av eit menneske som strekke seg var rett og slett upassande å ha her, sensurert faktisk...får nøye meg med ei seig dame

måndag 4. februar 2008

Karakteristika, eller noko slikt


Då har eg blitt utfordra av "Forgjengeligeting" til å skrive noko som karakterisera meg:)
  • Glad og munter til sinns, "optimist - jeg vet det går bra til sist"
  • Noko av det kjekkaste eg veit er å pussle!!
  • Når eg frustrert går eg ut og kastar mat til (på) endene og svanane (obs: små, mjuke bitar)
  • Eg går barbeint HEILE sommaren (untatt når eg er på jobb)
  • Sommar regn, plutselig regn med store, tunge dråpar er kjempe hærlig
  • Eg er kjempe glad i blomster, alle fasongar og vekster
  • Eg har ikkje TV, tida kan brukast så mykje bedre uten
  • Det går ikkje ein dag uten at eg synge
  • Eg er redd brøytebilen
  • Forgiven

Brød-tips


Ojojoj kor utrulig masse ein kan finne på i staden for å jobbe med hovudoppgåva! I dag så har eg faktisk baka brød!! Og så har eg ete opp meste praten av det eine brødet!! Joda, det er stort når Marita baka, så då må ho forte seg å ete opp så masse ho kan før det blir gammalt...
Du store mi tid, det e virkelig på tide å anbefale "Kornbrødet", for det var snabla godt, pakk tvilen tilsides og kast deg på 1-2-3 bølga, for ei lita stund!
Eg, Marita Runde, går god for dinna brød typen her!

søndag 3. februar 2008

Kalkun party


Joda, no var det nok ein gong duka for kalkun party, datoen var 3.februar. Sida eg har ein komfyr på størrelse med ein mikrobølgeovn, veit eg at det ikkje hadde vore så lurt å prøvd å pressa heile kalkunen inn i der…eg veit at Mr.Bean har prøvd, og det gjekk jo ikkje så veldig bra….og heller har eg ikkje nok sitte plassar her, så då måtte nåken ha sutte i gangen, og nåken inne på toalettet med asjetten i fanget eller på toalettsetet, men i staden for ditta her så fekk eg altså låne leiligheta til mi gode venninne, Grete. Klokka var to då vi begynte å lage til dinna her svært formelle middagen, der heile 13stk var invitert! Ville det verkelig bli nok mat? Joda måtte bare ta sjansen på det. Førre gang det var kalkun party var det eg og Lars Ole som var meister kokkane, då vi debuterte med å overraske alle med ein førsteklasses middag om eg kan sei det slik, jo – eg kan nok sei det slik ja!! Og då var vi ganske mange, 10 stk trur eg, og jammen om det var masse ”left overs”.
Når klokka var vel 18, var alle gjestane komne, vi krevde til og med ein medbrakt stol, og så alt var klart til å bli satt ut på bordet;
  • kalkunen
  • poteter
  • saus (som var veldig god)
  • Surkål og raudkål
  • Løk
  • Ein miks av ananas og paprika x 3 farga
  • Grønsaker
Men det som var så dumt, var at kalkunen var blitt heilt svidd, og potetene var ikkje skikkelig kokte, surkålen var tørr og raudkålen var grøn, og heile måltidet vart spolert, alle måtte reise heim, svoltne og ete tørre brødskive. Neida, alt gjekk som det skulle, og alle vart mette, og masse resta som Grete måtte ete opp i løpet av dei følgande dagane, pluss ein sekk med poteter =) hehe
Hurra for at kalkunen lever (levde) sånn at dei kan bli mange fleire sånn at vi kan ha mange fleire kalkunparty!! Amen

fredag 1. februar 2008

Førarprov


Eg har alltid hatt lyst å blitt stoppa av politiet, berre for å ha nokon å vise førarkortet mitt til, og for å vise det at "haha- eg har belte på meg, ingen bot på meg nei", å bli stoppa i fartskontroll trur eg er uaktuelt, sidan bilen ikkje går så voldsomt fort...hadde eg i so fall blitt stoppa i fartskontroll trur eg dei berre hadde gratulert meg fordi eg fekk bilen opp i fart.

Men ja, etter å ha vore ute med Runa til langt på natt, 0430, var tida komen for å gå heim og sove... då eg skulle kjøyre ned til huset her la eg merke til at det var ein bil bak meg...så ser eg at det var politibilen! WææÆÆæ *fullstendig panikk* - skulle eg springe? Låse dørene i bilen og late som om eg sov? 
Skulle eg kaste meg bak i baksetet, bak førarsetet og gjøyme meg under det sota vindaguet slik at dei ikkje kunne sjå meg? Skulle dei arrestere meg for noko eg ikkje hadde gjort?? Nei, dette ville eg ikkje gå med på!!!
Men etter å ha tatt meg litt sammen så fant eg ut at eg likeså godt kunne finne ut kva dei ville
Det var litt nedtur at eg ikkje vart stoppa, men at eg faktisk hadde stoppa, så kom dei mot meg...

Dei ville sjå førar kortet mitt...
Første problem skulle vise seg å være det å finne lommeboka, for den hadde eg lagt på ein lur plass. Men etter litt leiting så fant eg den. Så skulle eg finne førarkortet, eller førarprovet som det heite på NN, og det skulle vise seg å være det andre problemet. Eg kunne ikkje finne det, eg fant alt utav andre kort, og var passe flau av alt det eg hadde prestert å få plass til i lommeboka, og politimannen sto med lommelykta og lyste ned på meg. Etter vel 2 minutt med leiting og ei lommelykt lysande rett over meg, så gav eg opp. Eg kunne ikkje finne det...men då såg han mr.policeman det, off det var no riktig så flaut. Han kikka litt på det og gav det tilbake, så sat han seg inn i bilen sin... var det bare det??
Det tredje problemet skulle vise seg å være frykta mi for at politifolka skulle tru eg hadde drukket eller noko, eg tenkte at eg måtte oppføre meg skikkelig bra(!)...men siden det var veldig glatt ute så for eg no vinglande bort igjennom vegen, mens eg kjente pulsen steig...eg måtte klare å gå på ei bein linje, men nope, det gjekk ikkje...pluss at eg var riktig så overtrøtt og eg hadde nesten glømt kordan eg skulle gå...men etterkvart kom eg meg trygt inn...men så vart eg plutselig skuffa over at dei berre skulle sjå førarprovet mitt, og at eg ikkje fekk blåst i sånn alkotestar...seriøst, etter den gangen min så burde dei ha tatt ein test...Jaja kanskje ein anna gong?