onsdag 20. februar 2008

Bestigning av eit fjell


Sprekingane som vi er så fant eg og Maria ut av vi skulle ut å gå litt i det fine været og bestige ein fjelltopp, ingen ringare enn sukkertoppen! På veg mot toppen møtte vi mange forskjellige utfordringa – som sølete veg, elv i veg, mose som såg tørr ut som bare egentlig ikkje var mose i det heile tatt og inneholdt masse vatn, skikkelig mose med masse vatn, og til slutt, og ikkje minst – ein iskald vind som fekk øyra våra til å kjennast ut som – tja, noko skikkelig kaldt noko, kanskje til og med så kaldt som eit jernrekkverk på ein iskald vinterdag der du har greidd å sett fast tunga å må rive den laus. Ja, faktisk, så kald var den vinden. Vi kom oss til toppen, og etter å ha speida litt imot Runde – the island, tok vi rett og slett å sprang ned igjen, og trakka i masse ting som kunne sjå ut som mose, men som egentlig var berre vatn og masse søle.
Når eg kom heim så fant eg ut at eg ikkje var så sprek allika vel – eg var utslitt – eg MÅTTE sove!! Og det med ein gong. Så då la eg meg, klokka viste ikkje noko meir enn 1714. Så då sov eg, så vakna eg, det var skikkelig kaldt, nei, for varmt, ja det var definitivt alt for varmt her inne, eg røyste meg og fekk skrudd av omnen, nei du store mi tid, no vart det med eitt mykje kaldare, men sida det kjentest ut som om eg hadde gangsperre i heile kroppen, orka eg ikkje gjere noko anna enn å håpe på at eg snart skulle bli varm igjen. So sovna eg igjen, heilt til neste dag. Og da var eg jammen utkvilt. Av og til kan det være litt godt å være litt sjuk, sånn at ein ikkje gjer noko anna enn å sove, og det å tenke over kass temperatur kroppen din er i…

Ingen kommentarer: