søndag 10. februar 2008

Strømrekning


Oj, da var jammen strømrekninga komt da, det sto ein lapp på ytterdøra. Apropo ytterdør, koffer heite det det når ein både går ut og inn? Ytterdøra. Det heile kan misforståast og ein kan tru at ytterdøra er den døra som er ytterst på huset, kva no enn det måtte bety. Og apropo apropo, visste du at apropo skrivast apropos? - eit utrulig rart ord forresten.
Men ja, tilbake til strømrekninga. Eg kunne kjenne at eg vart litt nervøs når eg såg konvulutten på botnen av postkassa mi(eg får ikkje post eg..hinthint)og hadde litt lyst til å bare legge den i nokre andre si, men då risikerte jo eg å få purrings gebyr…, og då hadde det gått nok ein dag siden eg ikkje hadde fått brev...jaja, så eg tok den opp, spratt opp konvolutten og såg det skremmande beløpet!! Hjelpe meg!! For ein pris!!!E ditta verkelig mi rekning? Eg vurderte å ringe til husværten…Under heile oppveksten har eg høyrt at eg brukar masse strøm, ord frå mamma og pappa, ord som har satt preg på min tilværelse.
”Ikkje dusj så lenge Marita”
”Nei da”
”MARITA!!!”
” ehh ja, eg skal bare vaske ut balsamen…”
Ja sånn har det vore gåande, sjølv om eg egentli aldri var komen lenger enn til å nettopp ha tatt i sjampoen…Eit kappløp i mot tida for å få vaska ut sjampoen og klæsja i balsamen før dei ropte igjen... 
Jo, eg har hatt ein kjempe flott oppvekst, og foreldre som verkelig er kremen av krem når det gjelde foreldre, men akkurat her bomma dei skikkelig – big time! Strømrekninga mi var på svimlande 190 kr, på 5 mnd! Du store, det er jo nesten flaut, men veldig bra på samme tid! Nesten sånn at det var grunn til å klage. Har MÅ jo ha rekna feil!!
Gjennomsnitts prisen låg på over 1000-lappen (eller det må jo ikkje være ein lapp eller seidel, det kan være i mynt også, eller i fleire seidlar; tusen kr. i 10’ara ,50 øringa, 20 stk femti lappar, eller rett og slett 2 tohundre lapar + 6hundrelappar og litt mynt og ein femtilapp?) for å sei det sånn så bidrog eg med det eg kunne for å få ned gjennomsnittet! Globaloppvarming? Nei ikkje frå ho Marita! (om ein ser vekk i frå bilen da). Så det blir nok ikkje nåkke investering på miljøkvote på meg ditta året her heller…

2 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

O arme menneske!!!
Du må nok la den regninga ligge til du har fått roen over deg igjen ;) Ta deg en god laaang dusj imens ;)

Mar!ta sa...

hihihiii ja eg føla den må ligge litt i skuffa før eg tør å legge den opp på benken, for så å legge den bort til dataen og så tørre å klikke meg inn på nettbanken og skrive inn beløpet!!!
Eg ringe deg om eg trenge støtte - oki?
Kjenne eg får hetetokt av heile greia, kanskje eg skal la frysedøra stå open i natt?? Og om det skulle bli for kaldt, kan eg jo alltids bare sette på komfyren ei stund :)