onsdag 13. februar 2008

Ååå glede


Etter å ha hatt nåken heilt fantastiske daga, aleine, sammen med venna, og aleine men ikkje aleine alikavel, så kjenne eg det at eg e skikkelig glad:) Og på ein skala frå 1-10 vil eg definere dinna gleden som så masse bedre enn skalaen, at det faktisk ikkje går ann å måle den opp mot ein skala i det heile tatt...å måle alle ting opp mot noko er bare teit...
Skikkelig glede, kan ikkje målast trur eg, berre følast - og erfarast!!

Eg tok og bytta "mottoet" på MSN til "GLEDE". Men det som er så rart, er at utrulig mange kjem å spør, "koffer er du så gla, er det noko som har skjedd?" - jo, utrulig kjekt at folk bryr seg, og spør, men det fenurlige med heile greia er vel egentlig at det virkar som om du må ha ein grunn til å være glad, mens det å være trist er berre noko som følge med det fenomenet med å være i live, det er liksom heilt naturlig å være trist, trenge ingen grunn.... er det uvanlig å være glad, ein sjelden tilstand?
Dessuten så er det laga mange bøker om kordan du kan føle glede. "Varig glede" sto det på ei bok, men kva garanti er vel dette? Skal du liksom bli gla av å lese den boka? Ja, om dette stemmer så må vel han være mange millioner, forfattaren, og det er han sikkert og...ein må jo være sikker på at ein iallefall har 2 av dei bøkene, for kva kan gjerast om dei blir så masse lest at dei blir utslitt, og som ein veit så kan jo menneske dø. Tenk om boka som forresten sikkert hadde blitt kalla "boka for vidarekomande i glede, nivå 2" aldri kom, tenk om forfattaren døydde ?!? Korleis kunne dei då få vite den vidare vegen til glede??Ein forfattar som har skreve ei bok som liksom skal redde heile verda frå å ramle ned i ei einaste stor gryte av usalta depresjon? Kva med å rette blikket ein anna plass? Ikkje mot noko menneske som ikkje har peiling på noko anna enn å fokusere på depresjon og det å skulle ha ei løysing på alle verdens problem, men det å halde auga festa på Gud.

Nei, eg er ikkje enig i at det å være trist er den mest "naturlige" sinnsstemninga som følge med det å leve, mens glede er ein ukjent tilstand. Det har vel alt å seie kva du fokuserar på? Tenk over det litt, kor er ditt fokus?
Glede er ein av dei mange "godene" som følge med det å leve, tenk, det er faktisk ikkje alle som lever her i verden...

3 kommentarer:

hjemme bra sa...

jeg er så glad for at du er glad ;-)

Glede er en GOD ting!

Så de to husmor-emna har slått til igjen! Såg bilder fra bakedagen! og Den koselige kveldsmaten!
Dere er flinke!

Hilsen Bodil F.T. sa...

Å, så glad jeg ble!!!

Mar!ta sa...

Så bra girls!!!

Godt å høyre frå dokke:)