fredag 31. august 2007

Sunny sun solskinnsdag

Så sit eg her, ved vindauget, i solskinnet. Åhh livet er hærligt! Eg kan kjenne sola varma, og den har faktisk varma opp eplejuicen min til ca 37 grade, og sjokoladen som ligg på bordet e blitt nokså ute av form, noko som resulterte i at eg mista ned ein stor bit på den kvite t-shorta mi, men det gjer ingenting, det e sånn det pleie å være om sommaren. Kan vel med andre ord skjønne korfor mamma aldri kjøpte kvite klede til meg når eg var yngre, men alltid sånne mønstrete ting sånn at det eg sølte på meg skulle bli meir kamuflert i klesdrakta.
Det er rart at no hinn dagen, so var det snø med Blindheims tunnellen, og i natt regna det for full hals, no e nysnøen på fjella smelta littegrann sånn at det ser litt meir ut som sommar. Lurte faktisk på om eg skulle fare å ta meg en svømmetur, men siden det alltid e 2 hegre som sitte med dei lange går stilke beina sine i vann kanten, så tyde det på at det yra av svømmande liv og partikla i vatnet, så eg tar rett og slett å spara dinne svømmeturen til ein anna gong. Eg har faktisk vurdert å starte opp igjenn året-rundt-svømminga mi, men det er så kjedelig å gjere det aleine, og dumt pga hegre signalet som minne ein på at det er liv i vatnet.
Det er ein ting som er dumt med at det er varmt i været, det er innsekta! No når eg kom heim frå skulen var det ein svart prikk på veggen, ussj, det var ein edderkopp som hadde klatra inn vindauget, den var plassert rett over senga mi. Eg tok ein sko i ei heidundrande fart for å drepe den, men eg hylte høgt då den geidde å hoppe til ein anna plass på veggen. Eg slo alt eg kunne med skoen mens eg lagde en høg sånn "wæææ" lyd for å unngå å høyre knasinga, så var han død. Lille stygge dyret, som faktisk talt har 8 bein og 8 auge!! Grøsss !!

måndag 27. august 2007

Kattalope


I natt så våkna eg i full panikk..du store mi tid kor det hagla på tak-vindauget mitt! Eg vurderte nesten å flytte senga i frykt for at vindauget skulle sprekke!! Men fekk no etterkvart tvingt meg sjølv til å sove etter litt kommunikasjon med "tha Boss". Ein anna ting som er skikkelig irriterande er at det pleier å være ganske så litt under middels temperatur her om dagane, men om natta, då stige temperaturen og når sitt maks i 3 tida, då må eg sprelle av meg dyna, og ligge heilt stille sånn at ikkje katten angripe tåsane mine.Så pleie eg å vokne litt seinare av at eg e iskald, og da er dyna blitt så kald at eg nesten vurdera å berre ligge uten...off det er eit mareritt å ta på seg ei kald dyne! Berre det å orke å legge seg flat i senga på vinteren kan ta opp til 5 minutt. Det er vel derfor eg alltid er så trøytt på vinteren , det tar jo ein evighet å få lagt seg til i senga...blablabla...eg kan hvertfall ikkje ta opp vinduet, for da kan katten hoppe ut og klatre inn eit anna vindu som står åpent.
Har vore på trening i dag og rodd 5000 meter, og det resulterte i 3 vannblemme inni handa...det kjennst ut som om eg har surra gaffa tape rundt knoklane mine, så gale e det. I måra kjem det sikkert til å sjå ut som om eg dyrka plomme inni handa mi..off dei blir no berre større å større...
Ellers så har eg funne ut at katten min e vegetarianar, eller nesten då, eller egentlig ikkje, men han e utrulig glad i frukt. Her en dag når eg kom heim frå skulen hadde han gått laus på eit eple som eg hadde liggande på bordet..så mens eg sto i dusjen en dag hadde han kasta seg laus på melonen, type cantalope, som eg liksom skulle kose meg med etterpå...lorte katt!
'Apropo katt, så kom eg på ein ting som skjedde i sommar. Eg var nettopp begynt på jobb då ei gråtkvalt Mirjam ringte til meg.."Marita, Paazan har fanga ei måke!!" Ojoj nei no ligge den der å pinast tenkte eg, men måka den var død den konstanterte Mirjam. Det ho var bekymra for var at Paazan skulle få fugleinfluensa! Hihihi lille søte Mirjam!

Russen Harald


Når eg hadde vore på loftet å funne fram den hua som mamma sikkert hadde gjømt for meg, så fikk eg auge på eit bilde i trappa som var av pappa. Snakk om å plassere bildet på ein livsfarlig plass då, for eg holdt på å snuble ned heile den bratte trappa når eg såg bildet av pappa-prest!! Haha nei off eg finneikkje ord for ka eg kan skrive på ditta innlegget her...bildet seie meir enn 1000 ord!! Pappa, du ser ut som han der Fleksnes eller ka han no heite "deeeoooo". Det må jammen ha vore artig å hatt fotograf yrket i den tida!
Men ein ting trur eg - ditta her må ha vore ein del år før pappa traff mamma :D

søndag 26. august 2007

Spiker suppa



Ei ny helg va komen, og vi bestemte oss for å reise til feriehuset i Fosnavåg no når mamma og pappa var der. Åhh det er så deilig å være der, det er så fredfullt og stille. Vi fant ut at vi skulle ta å lage en sånn grunnmur, fundament, eller ka det no heite. Først måtte vi spikre sammen nåkken planka sånn at vi kunne tømme betongen nedi der...eg følte meg litt som en tømrar når eg pressa ei neve med spiker inn i munnen, og hamra 5cm lange spikra ned i treverket på 3 slag!! Ohh-ho, flinkare enn pappa til og med!! Det var faktisk ganske vanskelig å unngå å svelge spikrane, brakk meg en gang og holdt på å kaste opp av heile spiker-i-munn prosjektet mitt..
Då det var gjort skulle vi fylle planke-greia med betong..åh du store mi tid for ein dritt jobb, det var utrulig tungt å bare trille betongen i trillebår bort til der muren skulle være.For ikkje å snakke om den stakinga vi måtte gjere!!Det hjalp vel heller ikkje på å tenke på at muren var 5 meter lang, 40cm brei og 60 cm djup! Eg seie berre bedre lønn til dokke alle murara!! Respekt for yrket dokkar!
Då vi hadde fyllt dinna tre-tingen med betong, så måtte vi få til ei glatt overflate på toppen...blææ ikkje så enkelt når du e stivfrossen på fingrane, og hanskane e blitt så blaute at du har utvikla svømmehud på fingrane. Det er heller ikkje så veldig lett å arbeide i støvlane til pappa, som forresten er 7 nr for store til meg, og tunge var dei og..dei blei ikkje nåkke lettare når det regna heller, for alt vatnet rant ned i støvlen sånn at eg etterkvart utvikla svømmehud der og, matchande hende og føtte -johoo! Støvlene var så vide at det ikkje hadde gått an å fått regnbuksa over støvlane, sjølv om regnbuksa var størrelsen "voksen stor mann", regnjakka var bra, den hadde hette, og det var plass til 4 av meg inni...Så fant eg ei hue på loftet som eg trur mamma har prøvd å gjømme for meg (ho syns eg går med så masse rare klede), men den fant eg, så hadde eg jo selfølgelig på meg rosa øredobba..Såg vel med andre ord ikkje så veldig klok ut! Katten flykta når den såg meg!
Når det e kaldt ute, så begynne som regel nasa å renne litt, og eg gadd ikkje å drive å ta opp papir for å snyte meg heile tida, det hadde forresten blitt vått av regnet, så etter å ha studert karane ei stund bestemte eg meg for å gjere som dei gjorde; dei snøyt det inn og spytta det ut, ugg ugg, eg skulle no prøve på det da, men det resulterte i at eg fekk opp litt av middagen...karane bare lo. Så da tørka eg snørr på hansken i staden for, og følte meg egentlig enda meir som ein av karane! Hmm koffer eg skrive ditta her veit eg ikkje...blabla...Uansett, så fekk vi muren ferdig tilslutt:)
NB:hanskane kasta eg etterpå, og eg gjer ikkje sånn til vanlig!

tysdag 21. august 2007

SOL


Åhh i dag har det vore sol og skikkelig varmt, ditta her fortjena eit eget innlegg!!!

måndag 20. august 2007

Tyven, tyven skal du hete....


I dag har eg komt i studie form igjen, har lest litt om pediatrisk sjukepleie og e klar til å begynne på den eine eksamenen. Satsa på å få den någen lunde ferdig til helga:)..ehhh ja bra at eg sette meg mål når eg e inne i ein bra periode:)
Ellers så har eg og han Kenneth spelt squash i dag, ohh utrulig kjekt, så det skal vi nok gjere fleire gonga! Trur vi trenge øvinga for å seie det på ein anna måte:)
Katten, stakkars katt, vart smugla ut av hybelen i dag i ein svart bag, og eg slapp han ut med museumet her borti høgget siden eg ikkje vil at han skal gå så nærme vegen...så når eg kom frå trening så kom han springande mot meg med den værst tenkelige mjauinga du kan tenke deg!! "aoooo" ja prøv å sei det med den grovaste og mest irriterande mjaue stemma du har - så veit du korleis det høyrast ut.
Det heile føltes ut som ein klisje når han kom springande mot meg, nesten som ein berre ser på "Den utrulige reisen" og andre store augeblikk på film, men litt romantisk må man kunne unne seg:)Det heile vart no igrunnen meir en komedie når eg skulle prøve å få tak i han igjen, for då var han "hard to get", han frykta for å bli tatt ned i bagen igjen. Eg sprang etter han, mens han gjømte seg i graset med masse snegla og masse anna dritt, men tilslutt fekk eg tak i han og fekk pressa han ned i bagen, off eg håpa ikkje det var nokon som såg meg, for då trur dei sikkert at eg stjal katten! Ser vel kanskje ikkje noko betre ut når eg stappa ein katt ned i ein bag og forta meg inn i eit stort hus!!Menmen har no gått bra så langt,den første dagen, men å gjere ditta her kvar dag kan no bli ei utfordring tenke eg....men det får no berre gå!

søndag 19. august 2007

Cats


Søndag - og tida var komt for å reise til Ålesund igjen, off, og dagen var komen for å ta med meg Paazan Columbus Speedy Gonzales Runde til Ålesund igjen, uten at eg veit om det er lov til å ha katt her, men det står ingenting om at det ikkje er lov til å ha katt heller, menmen no e han her, stakkars katten som blei smugla inn på hybelen i ein bag, Menmen han e no her i sitt beste velgåande, og mjaua for full hals sånn at eg kjem til å bli kasta ut!Menmen nok om den saka, forresten, apropo katt, Mirjam har no funne eit kostyme som ho sa ho pleide å kle seg ut i når ho skulle leike med Paazan. Sjå bildet da folkens, og legg merke til dei sølv grå silkehanskane som ho har tatt på beina (!!!), inn i granskauen jente, du skrømme jo livet av katten sånn som du ser ut! Ho tilføyde og det at det ikkje var så lenge ho fikk leike med han før han sprang å gjømte seg...nja må vel sei at eg skjønna grunnen til det! Men kreativ det er ho - det skal ho ha:) Ho såg faktisk litt ut som dei derre galningane som er med å spela i "Cats".
Eg håpa berre at eg ikkje får mareritt om ho i natt!!
Ellers i helga så har eg fått greie korfor den eine veggen på garasjen er så skeiv...haha...Jon Øyvind sin første øvelses kjøyrings tur stoppa i garasjeveggen da han tok feil mellom Clutchen og bremsa, hehe veggen for 3 cm ut, og det gjorde vel augene til pappa og kan eg tenke, bra at han hadde brille som holdt litt igjen slik at ikkje augene spratt lenger ut! Way to go, DunderJon!

dgdsSS - (den gang då så Solide Sierra)


Joda, helg igjen no, og regn, masse regn.
Dei 7 minutta det tar å gå til skulen var dei 7 våtaste minutta eg kan minnast!
Såg nok sikkert ganske så komisk ut der eg hoppa bort igjennom vegen for å unngå søledammane som var plassert over alt i vegen! Men tilslutt kom eg meg heimatt og fekk hengt opp kleda mine, det vart faktisk en ganske stor dam på golvet!
Så skulle turen gå heimover til Innvik og feire pappa-prest sin 54 års dag! Eg var komt godt i gang med kjøyringa og satt og tenkte over kor heldig eg eigentlig var siden Sierraen, som e 85 modell, ikkje hadde hatt nåkken spesielle problem. Snart var det Eu-kontroll men det skulle no gå glatt!
Eg hadde vel reist i 40minutt da plutselig vinusviskarane stoppa å virke!!! Det stri regna, og viskarane
sto heilt stille - midt på ruta! I full panikk fekk eg kjøyrt Sierraen nesten ned i ei grøft. Eg såg ingenting gjennom ruta! Men eg måtte selfølgelig prøve å kjøre littegrann til, men til inga nytte, sikten blei berre dårlegare og dårlegare ettersom det regna meir og meir. Heldigvis kom Jon Ø og Kjetil 20 minutt seinare og skulle roe meg ned, men til inga nytte, vindusviskar motoren var ødelagt eller nåke sånn. Det mest irriterande av alt var at eg kunne føle korleis alle folka som kjøyrte forbi tenkte "ååå bombe at det er ein sierra då!!" (sånn tenke eg aldri hehe)
Ka kunne eg gjere? Ingen sjans om at eg lot bilen stå igjen aleine på ei utviding med ein høgs traffikert veg, nokon kunne komme til å bryte seg inn å stjele "anlegget"mitt - som forresten er meir verdt enn bilen, eg måtte finne på noko anna. (jaja no høres det ut som om eg har eit skikkelig heftigt anlegg, det har eg ikkje,men bilen e vel verdt vrakpris tenke eg). Galne Marita Runde sat seg i bilen og kjøyrte den heilt til Innvik - uten vindusviskara, i stri regn! Du skulle ha prøvd! Prøv å skru av vindusviaskarane når det kjem ein bil i møte og som spruta masse vatn og skit på ruta di! wææ galskap! Og midt opp i det heile so stinka det svidd i heile bilen - faktisk
så gale at eg trudde bilen
kom til å eksplodere, men da lo bare Kjetil. Eg trur han trur at bilen e i for dårlig stand til å eksplodere i det heile tatt, men ja når eg kom heim so lukta eg så svidd bil at eg fekk vondt i haudet. Måtte skifte klede for å sleppe å kjenne på svi-lukta, til og med pappa sa at eg stinka!

torsdag 16. august 2007

Wc-do-toalett-toilett-klosett


Utruli kor mage rare skilt det er her altså! Ditta skiltet her overgår dei fleste!!!
Kjære alle folk som laga skilt i Norges land: Kass iq trur dokke folk har egentlig?
Eg trur dei fleste kunne skjønne at toalettet var dinna vegen her. Personlig så trur eg at "WC" berre hadde trengt å stå ein plass. Og korfot male alle dei personane på skiltet, er det ikkje betre å berre male på eit toalett?
Og korfor e det bilete av ei tåteflaske på skiltet? Av ulike grunna så tar aldri eg med meg niste pakka mi inn på eit offentleg toalett for å kose meg der, jaja ikkje det at eg bruka tåteflaske da men det er no mat. trur det e ganske sjelden at folk tar med seg små barna inn på doen for å mate dei der i det heile tatt, dei som amma barna sine pleie no ofte å ha ein litt diskre plass å kunne sette ned for å gje ungen mat, menmen kanskje dei vil ta to fluge i eit smekk ved å sette seg på do...har no høyrt at småbarns foreldre har begrensa med tid... men kanskje det skulle vore måla eit stellebord der i staden?
Konklusjon: spar på blekken og skriv berre "Wc" ein gong pr.skilt!

Endelig var dagen komt for å henge sammen meg June igjen:)
Jaja må no sei vi finne på så masse rart, har no bla vore på by-raid igjen i dag, rart med det, men eg har aldri vore så godt kjent i byen etter at eg har hengt med June ei stund:) Hang litt på Lyspunktet men vart avskrømte av å sitte der når mannen på nabo bordet rapa som bare det...så da tusla vi bort på kaia og satt og såg på den nydelige utsikta. For å avslutte kvelden måtte vi selfølgelig opp på "fjellstua" sånn at vi fekk sjå Ålesund på kvelden. Jaja sist gang er var der oppe så endte det med at eg greidde å låse nøklane inne i bilen, så da måtte politiet komme å dirke opp låsen...selfølgelig var et to bu-bila på kvar side av bilen min sånn at dei lurte vel fælt på kva gale eg hadde gjort siden tre politi menn kom å skulle "bryte" seg inn i bilen min...det var vel ikkje mindre flaut at dei sto å smug kikka gjennom blondegardinene dei hadde i bilen...men bilen min var no ganske solid, for det tok ei stund før dei greidde å låse opp døra, ganske tjuveri sikker bil!! off alt eg greie å gjere altså...
Har no ellers skreve litt preaching til ungdomskvelen på Emblem no, så eg e klar for en bra haust!

tysdag 14. august 2007

Not alone


Jepps då va skulen starta for ditta skuleåret her, vi begynte rett på med å få utlevert ei oppgave som vi må ha begynt på til torsdag, siden vi har veiledning då! Ahh snakk om å bli demotivert da! Har ikkje fått tida til å sjå så masse på den i dag, men har no fått pakka ut på hybelen i dag, og fått det ganske greit i stand. Det e jo ultra lite i forhold til ka eg og Hk hadde, men utrulig nok så e eg gla for at det er så lite som det er - mindre areal å vaske:) Så det blir bra! No skal eg straks legge meg og lese litt vedsiden av Dorthea - puta mi, så  skal kikke ut av vinduet og sjå på stjernene før eg sovna *kliss kliss* sjekke vinduet da, najs!!
Eg har hatt en utrulig bra dag egentlig, sjølv om det e kjipt å begynne på skulen igjen ettersom alle dei eg har gått sammen med dei to siste åra har slutta, tatt friår eller reist til Australia. Men da blir det no berre meir tid til lesing- trur eg...  eg fant igjen eit kort eg har fått med badenymfa mi Marte, og Marte: det var skikkelig godt å lese, du e så ekte og god! Tusen takk, trengte å høyre dei orda!
No skal eg ta å legge meg, må opp tidleg i mårå å lage min første skikkelige frukost her:) Rart å ete frukost aleine, Hilde Kristin: eg saknar deg veldig! Va så rart å gå på moa tidligare i dag uten deg!
Menmen eg veit eg ikkje e aleine:) Hurra hurra!

Bergen-Ålesund


Då eg endeleg hadde komt meg opp av senga så var Sissel så snill at ho ville følge med ned til bussen, det var ganske bra, for eg trur ikkje dei hadde latt meg kome inn på bussen uten at ei smilande og søt jente hadde vore med meg- for eg såg ikkje ut, eg såg så trøytt ut at eg såg skummel ut, såg ut som om eg hadde ein banan under kvart auge, nesten sånn at eg måtte snu ansiktet ei anna retning når det kom folk, eller så ville dei vel flykte i panikk, og det ville eg ikkje ha noko av, eg var alt for trøtt til å tåle å sjå at folk sprang.
Fekk no endelig satt meg ned i eit sete aleine på bussen, heilt til det kom ein mann som sikkert hadde ete servelat pølse og satt seg vedsiden av meg.
Eg tenkte at no måtte eg ta å sove siden eg syns folk begynte å lukte pålegg, så da plasserte eg mobilen min i høgrelomma, den lomma som var mot han, så sovna eg. Det skulle eg visst ikkje ha gjort, for når eg sove, da gjer eg som folk flest - drøymar. Eg drøymte at mobilen datt ut av lomma mi, eg måtte forte meg å ta den før den datt på golvet eller noko slikt, ditta her resulterte i at eg tok eit voldsomt kast mot sevelat mannen og greip han hardt i venstra handa...ææææ...gjett om han skvatt da! Off stakkars mann, det går sikkert ei stund før han tør å sitte med nokon på bussen igjen, eller ta bussen i det heile tatt.
I full panikk måtte eg forte meg til å komme på noko å gjere for å roe ned det ultra hyper flaue plutselige grepet eg hadde tatt rundt handa hans, eg tok fort opp mobilen frå lomma mi, la den i lomma igjen, og smadra hodet inn i ruta og håpte på å få sovne så fort så mulig sånn at eg ikkje skulle bryte ut i latter etter å sjå det forskrekka ansikts uttrykket han sitt i utallige reprise på augelokk-lerretet mitt. Eg låg litt og små fniste, og tørte ikkje røre meg meir enn den lille ristinga som var forårsaka av latteren.
Når eg våkna igjen var han heldigvis vekk, men når folk gjekk fram og tilbake i bussen, glana dei utrulig mykje på meg, eg sat igjen med det ofte tenkte tanken min "kva har eg gjort eller sagt i søvne no da?". Eg har aldri vore så gla for å gå av ein buss som eg var i dag!!!!
Eg for innom heime med mamma, pappa og Mirjam før eg starta rånestripa mot Ålesund igjen, der venta flyttelasset til å bli bært opp 5 etg uten heis, har no fått opp det meste, men må ta litt i måra og, etter kl 17 siden brødrene mine jobba til da:) Dei e sååå flinke til å hjelpe meg!! har no så vanvittig gangsperre etter dinna helga her, sikkert etter det tunge bordet som eg bar heilt aleine mens dei andre måtte være to for å bære det, eller feks kanoen som eg og Sissel bar så elegant:)
I måra bære det avgarde til skulen for å begynne forberedelse på mappe oppgåvene, Off for ein hard start!!!Eg vil ha feeerie...SAU!

ACTS i Austevoll


Jaujau da har no eg vore i Austevoll, haha komiskt, men fint var der, det skal dei ha.
Eg og Sissel Kristin reiste nedover mot Bergen i ni tida på morningen, men var ikkje framme i Austevoll før 17 tida trur eg. Då va no Kalvenes family.com så snille at dei henta oss på Huftekaia og dei hadde til og med laga til kveldsmat til oss!! Wow, over all forventning.
Så har eg no blitt iakttatt nøye under mitt første glas med rett-fra-kua-melk-som-heldigvis-var-kald-melk, men det var ikkje gale, ikkje akkurat den melka eg drakk:)
Noko av det verste eg veit er å ligge på rom med mange mange menneske, men det skjedde då ikkje dinna gongen her siden vi fekk klasserommet heilt for oss sjølv, kun på deling med nokre langbein dyr og en edderkopp med en eggsekk eller noko sånn (som desverre døde av ei overdose med hårspray..Loreal "fole fa låbbja" - fordi du fortjener det!)
Første natta låg eg uten ligge underlag siden hadde glømt å ta det med (ikkje det at eg hadde fått plass uansett då) så då var nakken litt sånn herpa, men trass i dette så sloss eg, og kan med godt humør sei at eg vant jaffal en av bryte-matchane!! APPLAUS til meg!! Siden eg var så sterk, så var det nokre kara som ville prøve å sloss med meg, men eg lot dei vinne siden dei ikkje hadde takla et solid tap mot meg...kremt, nok om den saka..
Møtene var veldig bra, med mykje hærleg lovsang og litt norsk undervisning med austevoll og moi dialekt..."om åkke vil såva på sjuskjuskasi eller vil du bala med någo anno? Eg smilar ein gong i blant.Eg har gjort litt ymse".
Kokken vår, LG, viste seg å være ein utmerka kokk og imponerte med fleire kilo brownies, bagetter, og til og med vafler, som vart laga av heilt naturlege råvarer som feks; egg, vaniljesukker, mjøl og faktisk talt melk også, bare dumt at eg ikkje fekk smake på vaflane....det var dumt, skikkelig dumt...
Helga i Austevoll gjekk så alt for fort, faktisk så fort at vi ikkje rakk den båten vi egentlig skulle ta så da måtte vi ta ferjo til "bydn", og plutselig var eg og Sissel komt oss til Bergen, vi satt faktisk på med ein Brann-spelar, wow liksom, Knut- eg skal heie på deg for resten av livet mitt.
Vi fekk også med oss en konsert med bla Rebecca St.James .
Sjølv om vi var aldri så trøytte og hadde lagt oss, så skvaldra vi til klokka var halv fire på natta!! æææ så var det opp kl 0715.

fredag 3. august 2007

Din sau!!

Etter fleire veke med somar jobb e det endeleg godt å kunne greie å telle ned vaktene på ei hand. I dag har eg vore på dagvakt, og skal straks legge meg å sove sånn at eg kjem meg opp til nattevakta i natt. Menmen det går greitt å jobbe så masse, for no e eg snart ferdig:)
Det e så rart egentlig, for når eg går på skule så kan eg rett og slett ikkje vente til ferien skal begynne, og det som dei fleste meina med ferie det er somar jobb, så etter ca ei veke på jobb har eg begynt å telle ned dagane til den "normale" kvardagen på skulen begynne....det heile er i grunnen bare ein "narre-sirkel", der eg trur det skal bli så mykje betre i den andre tilværelsen vekk frå det ein til vanleg drive med, som feks skule.... Jaja saue e dumme dyr, så eg skjønna korfor menneske blir samanlikna med saue i blant....
Har no forresten testa ut massage stole på jobben i dag, og har funne ut at eg har mykje meir vondt i ryggen no enn kva eg hadde før eg satt meg i stolen, ettersom minutta gjekk vart stolen meir og meir hardhendt med ryggen min, først trudde eg det at eg var stiv eller nåke sånn, men eg har no konkludert med at stolen og ofte massage-folka får oss til å tru at vi er spente i ryggen, siden dei knar og grafsa fingrane langt inn i ryggen heilt til nervane seie "AU", med andre ord så blir ein lurt til å tru at ein har vondt i ryggen slik at man skal benytte seg av massage tjenesta oftare...(No høyrtes eg skikkelig streng ut)...no kjenst det ut som om det er nokon som drive å knar på ryggen min enda, føla ut som eg sitte i en båt...hmm trur eg skal droppe dinna massage stolen i måra. ..