søndag 19. august 2007

dgdsSS - (den gang då så Solide Sierra)


Joda, helg igjen no, og regn, masse regn.
Dei 7 minutta det tar å gå til skulen var dei 7 våtaste minutta eg kan minnast!
Såg nok sikkert ganske så komisk ut der eg hoppa bort igjennom vegen for å unngå søledammane som var plassert over alt i vegen! Men tilslutt kom eg meg heimatt og fekk hengt opp kleda mine, det vart faktisk en ganske stor dam på golvet!
Så skulle turen gå heimover til Innvik og feire pappa-prest sin 54 års dag! Eg var komt godt i gang med kjøyringa og satt og tenkte over kor heldig eg eigentlig var siden Sierraen, som e 85 modell, ikkje hadde hatt nåkken spesielle problem. Snart var det Eu-kontroll men det skulle no gå glatt!
Eg hadde vel reist i 40minutt da plutselig vinusviskarane stoppa å virke!!! Det stri regna, og viskarane
sto heilt stille - midt på ruta! I full panikk fekk eg kjøyrt Sierraen nesten ned i ei grøft. Eg såg ingenting gjennom ruta! Men eg måtte selfølgelig prøve å kjøre littegrann til, men til inga nytte, sikten blei berre dårlegare og dårlegare ettersom det regna meir og meir. Heldigvis kom Jon Ø og Kjetil 20 minutt seinare og skulle roe meg ned, men til inga nytte, vindusviskar motoren var ødelagt eller nåke sånn. Det mest irriterande av alt var at eg kunne føle korleis alle folka som kjøyrte forbi tenkte "ååå bombe at det er ein sierra då!!" (sånn tenke eg aldri hehe)
Ka kunne eg gjere? Ingen sjans om at eg lot bilen stå igjen aleine på ei utviding med ein høgs traffikert veg, nokon kunne komme til å bryte seg inn å stjele "anlegget"mitt - som forresten er meir verdt enn bilen, eg måtte finne på noko anna. (jaja no høres det ut som om eg har eit skikkelig heftigt anlegg, det har eg ikkje,men bilen e vel verdt vrakpris tenke eg). Galne Marita Runde sat seg i bilen og kjøyrte den heilt til Innvik - uten vindusviskara, i stri regn! Du skulle ha prøvd! Prøv å skru av vindusviaskarane når det kjem ein bil i møte og som spruta masse vatn og skit på ruta di! wææ galskap! Og midt opp i det heile so stinka det svidd i heile bilen - faktisk
så gale at eg trudde bilen
kom til å eksplodere, men da lo bare Kjetil. Eg trur han trur at bilen e i for dårlig stand til å eksplodere i det heile tatt, men ja når eg kom heim so lukta eg så svidd bil at eg fekk vondt i haudet. Måtte skifte klede for å sleppe å kjenne på svi-lukta, til og med pappa sa at eg stinka!

Ingen kommentarer: