fredag 31. august 2007

Sunny sun solskinnsdag

Så sit eg her, ved vindauget, i solskinnet. Åhh livet er hærligt! Eg kan kjenne sola varma, og den har faktisk varma opp eplejuicen min til ca 37 grade, og sjokoladen som ligg på bordet e blitt nokså ute av form, noko som resulterte i at eg mista ned ein stor bit på den kvite t-shorta mi, men det gjer ingenting, det e sånn det pleie å være om sommaren. Kan vel med andre ord skjønne korfor mamma aldri kjøpte kvite klede til meg når eg var yngre, men alltid sånne mønstrete ting sånn at det eg sølte på meg skulle bli meir kamuflert i klesdrakta.
Det er rart at no hinn dagen, so var det snø med Blindheims tunnellen, og i natt regna det for full hals, no e nysnøen på fjella smelta littegrann sånn at det ser litt meir ut som sommar. Lurte faktisk på om eg skulle fare å ta meg en svømmetur, men siden det alltid e 2 hegre som sitte med dei lange går stilke beina sine i vann kanten, så tyde det på at det yra av svømmande liv og partikla i vatnet, så eg tar rett og slett å spara dinne svømmeturen til ein anna gong. Eg har faktisk vurdert å starte opp igjenn året-rundt-svømminga mi, men det er så kjedelig å gjere det aleine, og dumt pga hegre signalet som minne ein på at det er liv i vatnet.
Det er ein ting som er dumt med at det er varmt i været, det er innsekta! No når eg kom heim frå skulen var det ein svart prikk på veggen, ussj, det var ein edderkopp som hadde klatra inn vindauget, den var plassert rett over senga mi. Eg tok ein sko i ei heidundrande fart for å drepe den, men eg hylte høgt då den geidde å hoppe til ein anna plass på veggen. Eg slo alt eg kunne med skoen mens eg lagde en høg sånn "wæææ" lyd for å unngå å høyre knasinga, så var han død. Lille stygge dyret, som faktisk talt har 8 bein og 8 auge!! Grøsss !!

Ingen kommentarer: