tysdag 14. august 2007

Bergen-Ålesund


Då eg endeleg hadde komt meg opp av senga så var Sissel så snill at ho ville følge med ned til bussen, det var ganske bra, for eg trur ikkje dei hadde latt meg kome inn på bussen uten at ei smilande og søt jente hadde vore med meg- for eg såg ikkje ut, eg såg så trøytt ut at eg såg skummel ut, såg ut som om eg hadde ein banan under kvart auge, nesten sånn at eg måtte snu ansiktet ei anna retning når det kom folk, eller så ville dei vel flykte i panikk, og det ville eg ikkje ha noko av, eg var alt for trøtt til å tåle å sjå at folk sprang.
Fekk no endelig satt meg ned i eit sete aleine på bussen, heilt til det kom ein mann som sikkert hadde ete servelat pølse og satt seg vedsiden av meg.
Eg tenkte at no måtte eg ta å sove siden eg syns folk begynte å lukte pålegg, så da plasserte eg mobilen min i høgrelomma, den lomma som var mot han, så sovna eg. Det skulle eg visst ikkje ha gjort, for når eg sove, da gjer eg som folk flest - drøymar. Eg drøymte at mobilen datt ut av lomma mi, eg måtte forte meg å ta den før den datt på golvet eller noko slikt, ditta her resulterte i at eg tok eit voldsomt kast mot sevelat mannen og greip han hardt i venstra handa...ææææ...gjett om han skvatt da! Off stakkars mann, det går sikkert ei stund før han tør å sitte med nokon på bussen igjen, eller ta bussen i det heile tatt.
I full panikk måtte eg forte meg til å komme på noko å gjere for å roe ned det ultra hyper flaue plutselige grepet eg hadde tatt rundt handa hans, eg tok fort opp mobilen frå lomma mi, la den i lomma igjen, og smadra hodet inn i ruta og håpte på å få sovne så fort så mulig sånn at eg ikkje skulle bryte ut i latter etter å sjå det forskrekka ansikts uttrykket han sitt i utallige reprise på augelokk-lerretet mitt. Eg låg litt og små fniste, og tørte ikkje røre meg meir enn den lille ristinga som var forårsaka av latteren.
Når eg våkna igjen var han heldigvis vekk, men når folk gjekk fram og tilbake i bussen, glana dei utrulig mykje på meg, eg sat igjen med det ofte tenkte tanken min "kva har eg gjort eller sagt i søvne no da?". Eg har aldri vore så gla for å gå av ein buss som eg var i dag!!!!
Eg for innom heime med mamma, pappa og Mirjam før eg starta rånestripa mot Ålesund igjen, der venta flyttelasset til å bli bært opp 5 etg uten heis, har no fått opp det meste, men må ta litt i måra og, etter kl 17 siden brødrene mine jobba til da:) Dei e sååå flinke til å hjelpe meg!! har no så vanvittig gangsperre etter dinna helga her, sikkert etter det tunge bordet som eg bar heilt aleine mens dei andre måtte være to for å bære det, eller feks kanoen som eg og Sissel bar så elegant:)
I måra bære det avgarde til skulen for å begynne forberedelse på mappe oppgåvene, Off for ein hard start!!!Eg vil ha feeerie...SAU!

2 kommentarer:

mr gunnar sa...

Ha,ha! so sissel sto å smilte mens du gjekk på bussen? he,he. lo høgt då eg las om mannen som du ville halde i handa. og for ikkje å snakka om at du bar ein kano i helga! he,he. neida. du skrive bra... den ska du ha.

Mar!ta sa...

Hehe, ja du skulle bare ha sett..stakkars mann!
Men den kanoen, kanskje eg skulle tenkt litt meir på teknikk når eg bar den? Eg syns det gjekk bra eg:) Heilt til alle dissa bilane kom haha