søndag 21. september 2008

No begynne det øyeblikkelig ei ny veke. Ei ny veke der eg skal fokusere meir på det som er viktig for meg. I 10 daga framover skal eg kutte ut ting i livet mitt som tar masse av tida mi og som er viktige for meg. Koffer? Jo, fordi eg vil oppleve nåke meir, ved å ære og søke, fokusere og forandre. Jepps, det var det. Då skal eg gje deg ei oppdatering om ca 10 dagar. Inntil då, og etter det, så får du ha det riktig så fint så lenge - det skal eg :)

torsdag 11. september 2008

På djupt vatn?

Av og til kan det virke som om eg er på djupt vatn. ”Kva i alle verdens namn og rike har eg gjort sida eg flytta til Stavanger?” var den tanken som slo meg hardast den første veka eg var her i byen. 
Før eg flytta så var eg heilt sikker på at det ikkje kom til å bli nåkke vanskelig å flytte til ein ny plass, alt skulle gå på skinner frå begynnelsen av, eg hadde jo freden på at eg skulle hit. Før eg reiste kjente eg på ein utrulig fred og ro for å flytte hit til, og det gjer eg faktisk endå og. Men det som er så teit, er at so snart det ikkje går som ein sjølv har planlagt med ting, så begynne ein å tvile, faktisk på ting som ein veit er sanne og er rette. Åh, det er så teit det! Ein føler seg liten, og skuggen er so utrulig stor. Ein snur seg frå lyset og ser på skuggen. Stakkars meg!!!!
Kor e trua, tilliten, blitt av i sånne situasjona? Alt fokuset blir flytta på alt det trasige rundt ein, og ein gløymer kva planar som ligg føre. Men det er så godt å vite at ein har ein Gud som har omsorg for oss, kva meir treng vi?!Det er ein som ser, sjølv om ikkje du gjer det.
”Så står da disse tre - tro, håp og kjærlighet, og størst av dem er kjærligheten.
Foto: SteveBloom frå byutstillinga i Stavanger-2008

off, brannvarslaren igjen!

Ja trur ikkje du at brannalarmen greidde å gå i dag då??? Og smarte meg som velgte seg sjølv ut til brannansvarlig. Klokka begynte å ringe og eg springe alt eg har inn i stova og tenkte berre "typisk, kor dum er du eigentlig som utnevnte deg sjølv til ditta her?!?". Frå før av hadde eg pugga kva eg skulle gjere når det begynte å ringe, men det hadde eg sjølvsagt gløymt no. Nokon hadde laga mat på kjøkkenet, eller tja prøvd kan vi vel seie. Eg fekk tasta inn 110 på mobilen og fekk sagt det var falsk alarm, " hei, Marita her, det brenne ikkje, eg meina det er falsk alarm, bibelskulen, nei her eg bur så e det falsk alarm", stakkars brannmannen, han høyrte så vidt kva eg sa, og eg høyrte knapt han for eg kom ikkje på å skru av alarmen. Han spurte tilslutt høffelig om eg ikkje hadde tenkt å skru av alarmen, og faktisk så fekk eg gjort det! Hurra!!
Ti minutt etterpå kom eg faktisk på at eg hadde gløymt å sjå kor det var påstått at det brann på dinna branntavla...eg fekk så panikk at eg berre trykte på stopp. Det har ikkje vore noko brannalarm sida eg stoppa den, og heller ikkje røykutvikling, så eg håpar på at det går bra! Eg kunne aldri vore brannmann!! Ein stor applaus til 110 folka! KLAPP KLAPP

måndag 8. september 2008

Første jobbdagen

Første dag i den nye jobben. Hjelpe meg, alt er nytt. Det er utrulig stor forskjell på kordan avdelinga i Ålesund var, men ditta her skal gå bra – det må det jo gjere, og det skal det nok (håpa eg). Alle var utrulig koselig og avdelinga virka utrulig spennande. Faktisk så skjedde det litt akutte ting slik at eg fekk sjå litt rutiner rundt det, spennande, men også utrulig skummelt, det er jo ganske stort ansvar som ligg på meg. Etter dinna dagen her var eg utrulig sliten, ikkje minst fordi eg begynte mykje tidligare i forhold til kva eg har stått opp den siste veka. Eg ser verkelig fram til å jobbe her vidare!

søndag 7. september 2008

Sunsick


Her om dagen skulle eg finne fram til kor sjukehuset låg, og om eg faktisk hugsa kor garderoben og avdelinga eg skal jobbe på befant seg…joda faktisk så fant eg fram!! Utrulig bra!!

På vegen heim tok eg like gjerne turen innom ein kolonihage! Åh, det var so utrulig fint der, ikkje minst fordi portveien var der, men eg fant ikkje hus nr2, og eg såg heller ingen giraffa der....
Eg veit eigentlig ikkje kva dinna hagen er forslags diger hage, men det kan sjå ut som om det er eit stort område som er gjort om til mange private hagar som konkurrerar om å ha finast hage. Det var so masse fint der! Faktisk so var det ein ”solsikke konkurranse” der, om å ha høgst og finast solsikke. Som sikkert dei fleste av nordmenn har gjort i tillegg til å ha planta karse i enten ein mjølkekartong eller på bomull, så veit vi det at solsikker ikkje er dei som er enklast til å sjå fine ut. Ofte blir blomsten fin, men av eiga erfaring blir stilken veldig, tja stilkete og tynn. Men so såg eg den finaste solsikka, og høgste! Hjelpe meg. Eg som har jobba på blomsterbutikk føla ikkje eg har noko å stille opp med i dinna hagen her. På tide å reise heim!

Den E andungen (E= storE)


I dag tenkte eg at eg skulle ta å være snill med endene og svanene og alle andre dyr som kan svømme på vatnet der eg bur, så eg tok med meg det ganske så tørre brødet som eg hadde og rusla mot vatnet. Der fant eg meg ein plass ganske nærme vatn kanten slik at eg kunne finne ut av fugledyra kva dyr som var dei tammaste. Det kom faktisk ganske masse dyr tilslutt, spurv, due, måke, ender og svaner. Faktisk må eg sei det at eg satt å lo litt for meg sjølv då eg såg svanene komme opp av vatnet, for jammen om dei har store bein. Den eine svana hadde så digre svømmebein at den ikkje klarte å gå utan å trakke på den andre foten, det såg ganske så komisk ut. Men så slutta det å være komisk, for svana hadde kome opp på land, faktisk var det tre svanar som hadde kome opp på land, dei hadde omringa meg!! Den eine hveste høgre enn den andre og den andre meir enn den tredje og den tredje hveste ikkje fullt så høgt, men den kunne ha gjort det. Eg satt så stille eg kunne og vart temmelig gla da svanene fant ut at dei skulle ut å symje. Eg for heim igjen, med klarheit om at eg ikkje skal lokke svanene så nærme meg fleire gongar. Et opp maten din sjølv, so blir du stor og sterk og slepp sånne vanskar!

laurdag 6. september 2008

...

I dag lurte eg nesten på om eg skulle ta ned bildene som eg har hengt opp på veggen.  Bilda e faktisk veldig fine, så det har ikkje nåke med det at eg ikkje lika dei. Men eg får nesten vondt når eg ser på dei.  Men samtidig så lar eg dei henge, fordi det gjer noko med meg.
Kva er det så med dissa bilda då? Jo, det er bilde av gode venner og familie, det er så trist å tenke på at dei er så langt vekke...savna dei alle sammen so utrulig masse!

fredag 5. september 2008

Fire-vier-four-ild


I går hadde vi det første husmøtet her i heimen, då tok vi opp viktige ting og tang som gjeld oss som bur her, ansvarsfordeling osv osv.
Bla. var det behov for å ha ein brannansvarlig. Sida eg sikkert er den personen som kjem til å være her mest av oss folka som bur her meldte eg meg. Men med ein gong eg sa "eg kan godt være det asso", så begynte tankane mine å spinne, og eg fekk med det samme flashback til reaksjonane mine då brannalarmen ringte når eg budde i Ålesund...wæææ...korleis skal no ditta her gå?
Eg har endå ikkje høyrt brannvarslaren, men tippa på at den er ultra høg, pluss at den i samme omgang er knytta direkte til brannvesenet. Her gjeld det faktisk ikkje kun å kome seg ut av rommet/senga (fordi det alltid skal gå alarm når ein søve), men har skal ein i tillegg springe å sjå på branntavla, finne plassen som branntavla seie det brenne på, for så å konstantere om det brenne eller ikkje brenne, ringe brannvesenet ved falsk alarm, sammtidig som ein gjer alt ditta her, skal ein i tillegg sørge for at ein sjølv ikkje springe rett inn i flammane, og sørge for at alle kjem seg trygt ut....hjelpe meg...Kjære Gud, ikkje la det begynne å brenne her, og ikkje la nåken svi maten sin. Amen. 

torsdag 4. september 2008

Saklig

No er dinna skribenten her kome seg godt tilrette på rommet sitt i Stavanger. Dinna veka her har egentlig gått med på å bli litt kjent rundt om kring over alt i dinna store byen her. Eg kan vel egentlig ikkje sei at eg hugsar alt som eg har sett, eller har peiling på kor den og den plassen ligge i forhold til den staden eg befinn meg på, men alt går ann, det veit eg for sikkert og visst. Heldigvis har eg nåkken kjente som har vore utrulig snille og vist meg plassane i byen og plassar som er verdt å vite kor er, tusen takk peeps!! Ellers så smugspelar eg litt på pianoet her i heimen, og skal fortsette med deg! 

No er eg på rommet mitt, og har det ganske bra. Lukta av nysteikte bollar og vaffler fær sikk-sakk mellom nasehåra mine og hjerna mi registrerar kva som luktar so godt - nettopp bollar og vafler.  
Ting har roa seg, og alle dei nye inntrykka har begynt å slå seg til ro i kroppen min, og eg veit at det er masse masse som ventar meg ditta året her! Gleda meg :)

Fields Of Grace

Då tenkte eg faktisk at eg skulle ta å anbefale ein song til dokke alle der ute i verden. Satt her og måtte berre fortsette å sitte her etter eg hadde høyrt "Big Daddy Weave" med songen "Fields of Grace", åh ein fantastisk song!! Meir e det faktisk ikkje å sei om den, kunne sagt som mykje men skal fatte meg i kortheit i og med at eg har ein kaffi eg har lyst å drikke ståande her...men berre høyr på teksa, og ja, forresten så e resten av songane på den cd'en utrulig bra! 

tysdag 2. september 2008

Ny plass, masse dyr


Ja no har eg fått meg ein stk nøkkel, og faktisk så har eg fått meg ein ny nøkkelring. Den nøkkelen passa til ei dør i Stavanger der eg skal være på ubestemt tid. Nøkkelen går også inn til eit fellesareal der 17 ? stk dela stue. Dei fleste i dinna gjengen her går på Acta bibelskule. Alle sammen virka som trivelige folk, og det er lett å prate med dei. Det blir kjekt å bli bedre kjent med dei.
Men du store mi tid, ein ting som eg ikkje kan fordra med dinna plassen her e alle dei klumsete, ekkle, klossete stygge langbeinflygedyra!!! ussja meg! Eg e livredd dei, og det kan tydeligvis dissa dyra lukte...for dei omringa meg...wææ, i dag måtte ei jente drepe dyret for meg. Ho var tøff ho skal eg sei!! Ho drap det med å mose det i golvet med handa...
nei no må eg legge meg, endå eit langbeindyr har kome inn i stova...no kjem det mot meg...wææ