fredag 5. september 2008

Fire-vier-four-ild


I går hadde vi det første husmøtet her i heimen, då tok vi opp viktige ting og tang som gjeld oss som bur her, ansvarsfordeling osv osv.
Bla. var det behov for å ha ein brannansvarlig. Sida eg sikkert er den personen som kjem til å være her mest av oss folka som bur her meldte eg meg. Men med ein gong eg sa "eg kan godt være det asso", så begynte tankane mine å spinne, og eg fekk med det samme flashback til reaksjonane mine då brannalarmen ringte når eg budde i Ålesund...wæææ...korleis skal no ditta her gå?
Eg har endå ikkje høyrt brannvarslaren, men tippa på at den er ultra høg, pluss at den i samme omgang er knytta direkte til brannvesenet. Her gjeld det faktisk ikkje kun å kome seg ut av rommet/senga (fordi det alltid skal gå alarm når ein søve), men har skal ein i tillegg springe å sjå på branntavla, finne plassen som branntavla seie det brenne på, for så å konstantere om det brenne eller ikkje brenne, ringe brannvesenet ved falsk alarm, sammtidig som ein gjer alt ditta her, skal ein i tillegg sørge for at ein sjølv ikkje springe rett inn i flammane, og sørge for at alle kjem seg trygt ut....hjelpe meg...Kjære Gud, ikkje la det begynne å brenne her, og ikkje la nåken svi maten sin. Amen. 

Ingen kommentarer: