Her om dagen skulle eg finne fram til kor sjukehuset låg, og om eg faktisk hugsa kor garderoben og avdelinga eg skal jobbe på befant seg…joda faktisk så fant eg fram!! Utrulig bra!!
Eg veit eigentlig ikkje kva dinna hagen er forslags diger hage, men det kan sjå ut som om det er eit stort område som er gjort om til mange private hagar som konkurrerar om å ha finast hage. Det var so masse fint der! Faktisk so var det ein ”solsikke konkurranse” der, om å ha høgst og finast solsikke. Som sikkert dei fleste av nordmenn har gjort i tillegg til å ha planta karse i enten ein mjølkekartong eller på bomull, så veit vi det at solsikker ikkje er dei som er enklast til å sjå fine ut. Ofte blir blomsten fin, men av eiga erfaring blir stilken veldig, tja stilkete og tynn. Men so såg eg den finaste solsikka, og høgste! Hjelpe meg. Eg som har jobba på blomsterbutikk føla ikkje eg har noko å stille opp med i dinna hagen her. På tide å reise heim!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar