torsdag 4. september 2008

Saklig

No er dinna skribenten her kome seg godt tilrette på rommet sitt i Stavanger. Dinna veka her har egentlig gått med på å bli litt kjent rundt om kring over alt i dinna store byen her. Eg kan vel egentlig ikkje sei at eg hugsar alt som eg har sett, eller har peiling på kor den og den plassen ligge i forhold til den staden eg befinn meg på, men alt går ann, det veit eg for sikkert og visst. Heldigvis har eg nåkken kjente som har vore utrulig snille og vist meg plassane i byen og plassar som er verdt å vite kor er, tusen takk peeps!! Ellers så smugspelar eg litt på pianoet her i heimen, og skal fortsette med deg! 

No er eg på rommet mitt, og har det ganske bra. Lukta av nysteikte bollar og vaffler fær sikk-sakk mellom nasehåra mine og hjerna mi registrerar kva som luktar so godt - nettopp bollar og vafler.  
Ting har roa seg, og alle dei nye inntrykka har begynt å slå seg til ro i kroppen min, og eg veit at det er masse masse som ventar meg ditta året her! Gleda meg :)

Ingen kommentarer: