søndag 7. september 2008

Den E andungen (E= storE)


I dag tenkte eg at eg skulle ta å være snill med endene og svanene og alle andre dyr som kan svømme på vatnet der eg bur, så eg tok med meg det ganske så tørre brødet som eg hadde og rusla mot vatnet. Der fant eg meg ein plass ganske nærme vatn kanten slik at eg kunne finne ut av fugledyra kva dyr som var dei tammaste. Det kom faktisk ganske masse dyr tilslutt, spurv, due, måke, ender og svaner. Faktisk må eg sei det at eg satt å lo litt for meg sjølv då eg såg svanene komme opp av vatnet, for jammen om dei har store bein. Den eine svana hadde så digre svømmebein at den ikkje klarte å gå utan å trakke på den andre foten, det såg ganske så komisk ut. Men så slutta det å være komisk, for svana hadde kome opp på land, faktisk var det tre svanar som hadde kome opp på land, dei hadde omringa meg!! Den eine hveste høgre enn den andre og den andre meir enn den tredje og den tredje hveste ikkje fullt så høgt, men den kunne ha gjort det. Eg satt så stille eg kunne og vart temmelig gla da svanene fant ut at dei skulle ut å symje. Eg for heim igjen, med klarheit om at eg ikkje skal lokke svanene så nærme meg fleire gongar. Et opp maten din sjølv, so blir du stor og sterk og slepp sånne vanskar!

Ingen kommentarer: