fredag 30. mai 2008

Den raude tråden


Eg ville berre dele med resten av web'en at eg syns så synd på meg sjølv som skal ha eksamen så seint som på onsdag...det innebære faktisk at eg må lese i 1-2-3-4 dagar til! No e eg lei skal eg sei deg...men kor mykje som sitte igjen mellom øyra mine kan eg ikkje sei...håpar berre det er meir enn den raude tråden, for på dinna eksamenen her må eg ha heile den raude gensaren med matchande sokka, hue, skjerf og votta...
Forresten så følar eg meg som ho stakkaren på bildet (stakkars meg), ein åme, inntulla i trang silke, som ventar på å få kome ut å flakse som ein vill sommarfugl i sommarsola..eller berre dingle på ein fin blomst og sove!

tysdag 27. mai 2008

Eit under!


I løpet av praksis perioden fekk vi mulighet til å søke hospitering på andre avdelingar. Eg var så heldig at eg fekk meg ein dag på hjertepoliklinikken og ein dag på føde/barsel.
På hjertepoliklinikken lærte eg mange prosedyrar, pluss at eg fekk med meg ein coloskopi, og noko som heiter cristabiopsi og cristapunksjon. Off, ikkje spør kva det er ein gong, i tilfelle du nokon gong skal på dei undersøkingane, det er nemleg ikkje alt ein treng å vite.
Så var dagen då eg skulle på føden. Eigentlig så ville eg ikkje opp dit, var redd den mellom menneskelege forforståelsen mellom det kvinneleg kjønn skulle ta overtak og resultere i ein besvimelse, eller kanskje opptil fleire. Men eg tok med meg ein sekk med mot, og tok heisa opp i 9 etg. No var eg her. ” Håpar ikkje det er nokre fødslar i dag” tenkte eg, mens eg eigentlig håpte eg tok feil. Eg ville no ha noko ut av dagen. Dessutan hadde eg forberedt meg på å være profesjonell (!!) – på ikkje å begynne å hylgrine når eg fekk sjå noko so fantastisk som eit under, altså at eit menneske blir født!
Vi helste på det vordane paret, utrulig koselige folk, enda i alle fall tenkte eg. Eg såg for meg korleis ho ville kalle oss stygge ting når ho føda, og eg var bekymra for glasset som stod på nattbordet, håper ho ikkje treff meg tenkte eg… Veane begynte, alt såg til å gå fint – for pappaen i alle fall. Stakkars mammaen. Men ho var flink! DU STORE mi tid!
Så skulle vi hjelpe til litt, støtte beina mens barnet skulle komme ut. Å nei, stakkars mammaen! Ta no å få ut dinna ungen, ho har jo vondt! Eg hadde så lyst å rope det, men eg hadde meir enn nok å konsentrere meg om å halde tårene igjen, eg holdt på å begynne å grine!! Eg syns så synd på ho, så var det jo så fælt å ikkje kunne gjære noko!! Medfølande ? ja du kan vel seie det sånn. Men etter litt, så kom ungen ut. Ei jente! Åhh kor fantastisk. Igjen måtte eg konsentrere meg for å ikkje begynne å grine, så ser eg pappaen måtte tørke nokre tårer. For å sei det sånn så er det lenge sida eg har konsentrert meg så mykje. SÅ utrulig følelsesladd!! Heilt fantastisk – etterpå! Og eg fekk noko ut av dagen, ei jente!

Hva har du gjort Marita??

Timene var gått så altfor fort. Kvelden var komt, og solen begynte å dale ned mot horisonten. Marita gikk en tur på Kiwi før hun planla å ta turen ned i strandsonen. På butikken møtte hun Tine, og bestemte seg for å ta henne med ned til stranden, det er jo så koselig der nede. Tine hadde ikke vært ute i solen før antok Marita, hun var så hvit, så det var bra hun ble med ut en tur, men hun er fin når hun er hvit. ”Noen syns Tine er best når hun er brun” tenkte Marita, mens hun såg ned på leggene sine og smilte. Tine er god. Flott er hun. Nesten best, tenkte Marita, men Gunhild er bedre enn Tine, bare for å nevne en.
Det var varmt. Marita tok noen slurker med drikke, og smurte på rundstykket. Hun hadde bare kjøpt et, men delte det fint i to med å bryte det sånn ca. på midten. Marita spiste det ene halve, for så å spise den andre halvdelen av rundstykket. Tine fikk ikke, det ville bare vært ekkel. Tine er så ekkel når hun har mat. Hun er ikke så veldig fet, men hun har ikke godt av mer, tenkte Marita mens hun trykte i seg rundstykkene.
Tine såg så tom ut, helt fjern. Ingen respons. Marita tenkte at dersom hun ikke fikk noe ut av Tine snart så ville hun ikke tilbringe noe særlig mer tid sammen med henne. Dritt Tine, du gir meg jo ingenting! Tine var fortsatt like tom. Marita pakket sammen tingene i en fei, nå orket hun ikke mer, hun ville hjem, sette seg ned ALENE og ta en kopp med te. Marita gikk fort fra stranden. Tine fulgte etter. Hvorfor, hvorfor kunne hun ikke bare dra dit hun kom ifra og komme tilbake?
Når Marita gikk over dørkarmen var Tine hakk i hel. Marita la Tine i bakken, og trampet på henne. Når foten traff henne var det som det gikk et smell igjennom rommet. Tine låg urørlig på bakken. Hva var det Marita nettopp hadde gjort? Og for et søl det var, flekker og sprut overalt. Hva var det hun hadde gjort?? I full fart tørket Marita opp griset, og kastet det i søpla. Hvor skulle hun gjøre av Tine, ikke i søpla i alle fall, tenk om noen ville finne henne? Halsen til Marita var tørr, hun måtte ha noe drikke, vann, ja vann var godt nå. Marita fikk en ide hvor hun kunne gjøre av Tine! Hun presset Tine så godt hun kunne sammen, og la henne der resten av melkekartongene låg, de skulle jo resirkuleres.

3 dagar - 31 timar

3 daga er gått med til lesing på lesesalen. På dei tre dagane har det gått med totalt 31 timar. Ligge no ikkje på latsida når det kjem til antall tima, eg kan vel heller spør meg sjølv kva i alle dagar eg gjer på alle desse timane…hmm tja les du førre innlegg så kan ein vel konkludere med at eg har telt alle tinga som det går an å telle inne på lesesalen…men eg har faktisk jobba veldig bra. Leser som ein gal. Har forresten høyrt at ein kan få firkanta auge av å sjå for masse på tv, men kass form er det auga får når ein les so myje? Kjemt dei til å likne på bokstaven ”M” eller ”0” eller kanskje faktisk noko so gale som ein ”Å”, eller det som verre er, tenk om auga forsvinne??
Eg er glad det er ei veke til eg er ferdig, faktisk ferdig utdanna og greier då! Marita Runde- sjukepleiar. Ja det klinge fint i øyra! Forresten så skal eg jobbe her i Ålesund på sjukehuset i sommar, og til hausten fyke eg til Stavanger. Spennande saker, det veit eg det blir:) Må berre få meg ein jobb. Er blitt oppringt av den eine jobben eg søkte på, ville ha meg på jobbintervju, men det var ikkje den jobben eg hadde mest lyst på, så då berre ventar eg:) Ting ordna seg veit du:)

måndag 26. mai 2008

Marita Betjent


Eg tar meg eit drops, ein lâkerol - cactus….Eg lurar forresten på kor mange lampar det er i taket…1-2-3-4-5-6……18 stk. Dessutan er det 18 stk på den andre sida av veggen også…hmm 18x2 =…ja det blir vel 36.
ER det ikkje fleire ting eg kan telle her inne?? Kor mange mursteinar er det her inne?? Etterpå eg har funne ut det kan eg telle kor mange folk her e her inne, kor mange med lyst hår, kor mange med mørkt hår…så kan eg lage statistikk for dei dagane eg er her inne…
Nei OJ, ein ting eg har gløyt å telle er kor mange drops eg har ete…det ser ut som om pakken seie at eg har ete alt for mangen...håpa bare ikkje dei er lakserande…
”overdriven bruk kan ha laxerende effekt”…oj dritt! Jaja Hakuna Matata.
Jo, eg får litt flash back til Sesam Stasjon og eg følar meg litt som Bjarne Betjent når eg sitte å telle ting...jaja snart ferie

Helsepolitikk


Det er alltid så utruleg kjedelig når eksamenstida, for då blir ein støtt minna på kor flott livet var på utsida av lesesalens mange båsa og vegga. Sukk. Men men, på neste onsdag då skal eg ha det kjekt utanfor desse veggane her, då skal eg springe barbeint i graset medan vinden lyfter håret langt opp frå hårrøtene…det skal bli so godt det! Eg greie sikker å svelgje eit par insekt medan eg spring slik, men eg seie berre Hakuna Matata – ingen bekymringar!
Fortida lese eg om helsepolitikk – ”sykehusledelse og hlesepolitikk”, og ”organisatorisk kompetanse i sykepleie og helsefaglig samarbeid”. Ja, høyrtes ikkje det kjekt ut vel? Hadde eg hatt ein lighter her i nærleiken hadde det eksplodert her, for ditta stoffet her e så tørt at det må sjåast på som lett antenneleg og derfor farlig!! Eg seie berre betre lønn til sjukepleiarane!!
Sidan eg gløymte å ta opp brød før eg la meg i går, så måtte eg ta med meg eit halvt heimebaka brød til skulen. Plutselig vart eg akutt svolten og då måtte eg til å pakke brødet ut av den knitrande posen inne på stille lesesalen. Når eg først hadde fått brødet ut av posen so skar eg ei skive som var like høg som lille fingeren min!!!! Kvifor? Jo fordi då slapp eg å bråke unødig ved å ete 3 skiver på ein gong, og ved berre å skjære i brødet ein gong. Det var relativt gode sjansa for at kjeven kunne gå ut av ledd eit par gonga mens eg trygde, men det gjekk bra. Jau jau, eg får vel fortsette lesinga no då…

laurdag 24. mai 2008

Sova bort sumarnatta du lisje vennen!


Ja det eg eigentleg gløymte å skrive i førre innlegg er det at når vi sat å åt is kom vi på ein song, ”du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det”, men kva i verdens dagar skal det bety då?
1. Du MÅ sove, det går ikkje an å ikkje sove over ein periode der sumaren blir sånn ca definert som 3 månader!! Pff, sei til folk at dei ikkje må sove på sumaren! Det er jo heilt absurd!
2. Om det er sånn at det ikkje er så strengt som det kan (mis)forståast som, så er det lov til å sove på dagen, men skal ein liksom sova bort ein flott solskinns dag då? No tenkjer du sikker, jammen du kan jo sove ute, nei fysj og fy, kven har vel ikkje erfaring frå å sovne i sola, og våken av at du ser ut som ei rød glødande varmelampe?? Eller at du er slik på halveandletet medan det andre har skrukkete merke etter underlaget du har sove på?
3. Faktisk så er det så masse mygg ute om natta på sumaren, at då er det ingenting å være ute for. Kanskje du tenkar at ein må ta på seg meir klede, men når ein har på seg kled som tilsvara nesten det dobbelte av kroppsvekta di og myggen framleis forårsakar raude, kløande utståande blemmer på huda, er heller ikkje det noko godt alternativ.
4. ”Men du kan no sitte inne på sumarnatta”, men inne er det jo godt og varmt, og om det ikkje er godt og varmt så pakkar eg meg inn i pledd, og då sovnar eg. Eg klarar ikkje halde meg vaken!
5. Her i Ålesund er det faktisk ikkje alltid sumarnatta er så ljos, ikkje om det er mørkt i allefall, er det liksom lov til å sove då?
5.Dessutan så vil eg ikkje sitte oppe for å sjå når sola stig opp der borte i horisonten ein plass, eg tvilar ikkje på at det fint, for det er det nok sjølv om eg ikkje har sett det før, men eg vil sjå den sammen med min kjære ein gong langt inn i framtida, ja jammen om eg skal sjå ein solnedgong også med han, for det har eg heller ikkje sett!

Nei du Wenche Gausdal, du lurar ikkje meg, faktisk så skal eg sova bort sumar natta! Eg vil ikkje høyre på deg!

Eit nesten mord, ein is, eit skip, og ein flokk med kvefsar?


I dag tidlig holdt eg på å drepe Paazan...ja faktisk talt!! Han hadde lurt seg opp i senga mi, noko eg ikkje hadde merka, eg fant det først ut da eg låg oppå ein klump som bevegde seg, heldigvis bevegde han seg (!), det var då altså Paazan, han flykta då han kom seg vekk og vart liggande under senga ei stund…
Men for min del så fekk eg glede meg over den blå himmelen, og turen gjekk til Ålesund city for å ta ein is med gode venner :) Eg har ikkje ete ein so god is før i år, ei kule pistasj med nokre gode klumpar i og ei med jordbær utan verken gode eller vonde klumpar…mmm…
Faktisk så var skipet Queen Victoria her i byen, når det skulle reise sprang vi bort på kaia og vinka til alle menneska som var ute på dekk i solsteiken, medan det vart spelt HØG musikk frå Rådhuset. Ein song som inneheldt noko slikt som ”sunnyday” og ” I dont know when”… ein ganske så fengande song skal eg sei deg, faktisk sånn at eg måtte konsentrere meg for å ikkje begynn å danse...nesten… Heilt fantastisk flott når sola skein og alle innlandske turistane (jo, norske folk altså) stod å hadde konkurranse om å halde ut lengst med å veive med henda som nokre villmenn medan dei fekk det til å sjå ut som vinking, eller faktisk så såg det ut som om dei prøvde å vifte vekk ein diger sverm med usynlege kvefsar, tenk kor flott avskjed ditta var for dei utanlandske turistane. (jo, dei er faktisk utanlandske) Fekk faktisk lyst å hoppe ut i vatnet og symje etter båten, kvifor veit eg ikkje heilt, kanskje fordi eg var redd det faktisk var usynlege kvefsar på kaia, men eg er no enda glad eg ikkje gjorde det… no er det å skrive hovudoppgåve igjen…Jeeyy

torsdag 22. mai 2008

Ein skikkelig kattavask!


For ein hærleg dag! Den siste dagen på praksis er over, og eg lika å leve! Eg måtte gjere noko bra i dag, så når eg kom heim tenkte eg at eg skulle vaske og rydde litte, ta ein kattavask rett og slett (Gjere noko bra??!!).
Då eg skulle ta å støvsuge borte med døra ser eg ei sølvfarga perle som ligge der, eg skulle akkurat til å ta den opp då eg ser at perla har bein!! Nei fysj og fy, det var ein bra, eller ein flott med andre ord, den flotten som hadde vore på P.C.S.Gonzales som eg ikkje turte å ta vekk fordi den var så stor at eg var redd den skulle sprekke!! Det var nett som eg kunne høyre den sa medan den låg der på ryggen: ”hjeeelp, eg kjem meg ikkje av flekken, hjeeelp”. Stakkars flotten, så då fant eg ut at eg skulle hjelpe den, eg kunne jo ikkje drepe den da for då hadde det blitt eit stort søl tenkje eg. SÅ då tok eg den opp på eit papir og… ÅNEI – eg ”mista” den i do! Nei du din overvektige flott håpa for din sin del at katten hadde oksygenrikt blod slik at du kan flyte…så tappa eg ned
Eg var rett og slett så livredd for at P.C.S.Gonzales skulle ha fleire flotta at eg fant ut at eg skulle dusje han. Våt katt er ikkje noko bra lukt, så då måtte det shapoo til, Sunsilk- ”ein beskyttande shampoo”, den må no selfølgelig beskytte mot flott og trur eg sidan det ikkje er utdjupa noko meir på kva deira definisjon på beskytte er…Katten lukta i allefall godt etterpå og fekk ein hærlig glans ”all over the place”!! Eg trur katten satt og slikka seg i 3 timar før han vart nokon lunde tørr…
Kordan det gjekk å vaske han? Joda, han sto nokon lunde stille han medan han skua ut mot stova gjennom sprekka i døra,(sjå bildet), men han prøvde no å klatre opp på meg eit par gongar då eg var den einaste plassen på toalette som var (les VAR) tørr…

Pus har løpetid


Her e ein sang som eg syns var sooo fin når eg var mindre. Men eg syns det var så veldig dumt at katten løpte vekk og vart lykkelig...
idag har eg sjønt kva løpetid betyr...

Katta mi, katta mi, katta mi
Katta mi har løpeti' ,Iøpeti'
Katta mi, katta mi, katta mi
Katta mi e lykkelig, lykkelig

Katta mi har blitt så rar
Kan det vær' katarr ho har
Ho va så lita og så snill
Ho va så tam, nu e ho vill

Hagen e en katedral
Jorda e en jammerdal
Monsa svarte,
kvite, grå
Her får dem sitt, her får dem stå

Å oh å ho pus har løpeti'
Å oh å ho pus e lykkelig

Her blir alle ekspedert
Stakkars han som e kastrert
D'e kattas lek med musa nu
Hundre herra og en fru

Å oh å ho pus har løpeti'
Å oh å ho pus e lykkelig

Mi-iiii-au, mi-iii-iih-jau...

Katta mi, katta mi, katta mi
Katta mi har løpeti' ,Iøpeti'
Katta mi, katta mi, katta mi
Katta mi e lykkelig, lykkelig

Katekismus og muskatt
Katapult tell langt på natt
Æ sku så gjerne hatt en blund
Æ sku så gjerne hatt en hund

Å oh å ho pus har løpeti'
Å oh å ho pus e lykkelig

Mi-iiii-au, mi-iii-iih-jau...

Miau ...

laurdag 17. mai 2008

17 mai



Sjølv om at Innvik er ei særs lita bygd, så har dei aller fleste høyrt om 17 mai. Og derfor blir 17 mai faktisk feira i Innvik og, faktisk så går vi i tog der også, har og ein prostentdel av befolkninga som spelar diverse horninstrument eller blåseinstrument heiter det vel kanskje, slik at vi har eit lokalt ”skulemusikk” band. Ikkje verst, hurra for det!
Om du ser på biletet kan det sjå ut som om nokon går og ber ei høg kvit mast med eit norskt flagg, men dette er altså slik flaggstonga til naboen vår ser ut.
Lille søss hadde no også tatt omsyn til Tanja, hunden, og laga 17.mai sløyfe til ho også! Ho vart so fine! Dessutan sitte eg å ete oversteikt middag no, eg likar ikkje ordet svidd, så oversteikt er eit ord som passar personar som ikkje handterar kjøkkenet og dets element so utruleg bra! Men tilbake til 17.mai, eller nei, det var vel alt å sei om den dagen eigentleg. Is og pølse og ketchup på bunaden høyrer sjølvsagt med, og eit høgt ”AUU” då ein stikk seg på enten sølje eller sløyfe med det norske flagget! Dessutan må det no også gjerast klart at 17.mai ikkje blir 17.mai utan at nokon pratar om dinna bunadsskjorta som dei må stryke...men kjære folk, om de brettar den skikkelig etter kvar gong den er brukt – nei forresten heng den skikkelig på ein kleshengar, så slepp dykk å stryke den når den skal brukast, berre eit tips frå ei jente som ikkje har bunad. Hipp hipp hurrrrrrrrrrrrrrrRRRRRRra!!

tysdag 13. mai 2008

Kakemonsteret



Dinna dagen her bestemte eg meg for å bruke heime, for å bake brød, og tja jammen om eg bestemte meg for å lage ei kake og!
Mens brøda heva, så fekk eg slengt sammen litt egg, og litt sånn sukker og sånne andre ting som er normalt å ha i ei kake, ditta her skulle bli ei suksess! Alt såg ut til å gå bra, den blei større, og jammen såg det ut til at eg hadde fått den jamnt ut i langpanna. Mmm hærlig lukt! Så skulle glasuren lagast, joda det gjekk no greitt, men den smakte no ikkje så godt, men men det skulle no botnen ta igjen for. Kaka vart ferdig, og den kjentes utrulig bra ut på konsistens. Eg greidde nesten ikkje vente til at den vart avkjølt. Omsider vart kaka avkjølt, og kaka vart sprøare og sprøare, nesten som eit flatbrød. Berre enda større, brunare og hardare. Nei og nei, Marita Runde hadde greidd det igjen, bake ei kake som ingen kunne ete! Eg prøvde no, men det kjentes ut som om eg tygde på noko tørt noko som eg aldri vil smake igjen! Så da fant eg ut at eg skulle leike med maten, du kan no sjå resultatet på biletet.
Neste prosjekt: støvsuge heile hybelen for tørre, harde og stikkande kakesmula!!

onsdag 7. mai 2008

On the road again...



Eg skulle ut på emblem i dag på ungdoms- rådsmøte. Joda eg var ganske fornøgd der eg for køyrande i bilen, sida eg ikkje måtte vrake den alikavel. ”Tenke seg til at eg er så heldig å ha ein bil som går så bra, sjølv om at det er ein 85’ modell! Hurra for bilen, og Han som gjer at den kan trille enda”. Når eg hadde komt meg opp bakken i Vegsundet merka eg at bilen begynte å riste litt, men ja, det er jo normalt for dinna bilen her, så ingen fare, dessuten rista den meir når det eine dekket var laust, så ingenting å tenke på! Når eg hadde komt meg opp bakken ser eg at det begynte å lyse masse røde lys inne i… ehh ja bak der med rattet. Eg hadde ikkje kvelt den, og batteriet var ikkje flatt. Off dritt da mann, eg var gått bensintørr! FLAUT! Selfølgelig var det klokka 2000, då mange er ferdig på jobb og måtte køyre forbi busslomma der eg og bilen sto. Heldigvis hadde eg kome meg ut på ei busslomme! Jaja då var det å plinge på til kjære Gunhild som kom fartande i golfen sin for SOS tom for bensin på sierrane hjelp! Etter ei stund så fekk vi fylt på bensin og bilen starta igjen. Eg, jo eg kom 1 time for seint til styre møtet! Men hurra, bilen funka!
Dagens lærdom: ikkje tru at du spara tid ved å utsette ting til seinare!

Eggsperten


Eg, Marita, har herved bestemt meg for å begynne å like mat som eg egentlig ikkje ete til vanlig. Prosjektet dinna veka her består i å ete egg, stekte egg. Egg har eg ikkje likt sida den dagen eg fekk meg høne sjølv, og eg finn det ganske motbydelig å ete sida det er ein slags flytande kylling ting inne i skallet. Jaja men som sagt er prosjektet mitt å ete egg. Mmm, jammen om eg likar egg godt er ein av dei tanke gongane eg pressa meg til å tenke medan eg pressa meg sjølv mot å utvide mi matgrense. Det skal eg ha, jammen om eg er flink!
Etter å ha klekt ut egget i panna er neste sak å få ut navletrengen eller kva det no er, du kan sjå det som noko kvitt på plomma på biletet. Og hull i plomma skal det ikkje være før eg snur egget, og da skal egget pressast godt ned i panna, sånn at det ikkje er noko ”vått” egg igjen. Før egget snus, må det skrapast av ei hinne med eggekvite som ligg over plomma. Og då, når det har steikt sånn at nesten brannvarslaren pipe, då kan eg ete det. Faktisk så er ikkje egg så gale, sett vekk frå at eg eigentlig ikkje likar det…

tysdag 6. mai 2008

Brannvarslaren - igjen!


Mørket hadde senket seg over Ålesund, og himmelen var fri for skyer slik at stjernene kunne vise sin prakt. Klokken hadde bikket midnatt - ja faktisk var klokken blitt så mye som 0120. Alle i boligen der den 21 år gamle jenten bodde sov. Slik de pleide. Ingen av dem viste at denne natten kom til å bli annerledes. Ingen.
Når klokken bikket 20-tallet og ble 0121 startet det hele. Jenten på 21år våknet i bråhast, noe hadde skjedd, ikke var hun synks, men allikevel merket hun på kroppen at dette ikke var en helt normal natt, noe hadde skjedd. Hvordan hun viste dette? Jo, det hadde brannvarsleren gjort henne fullstendig klar over. Ikke bare ristet trommehinnene, men for jenten som ennå ikke hadde fått opp øynene kunne hun føle hvordan kroppen hoppet bortover sengen, i takt med den skyhøye ”WIOOOWiiioooo” lyden som ikke syntes å gi seg, og det gjorde den heller ikke.
Jenten tenkte på at dette ville passet bra i en reklame for surrond anlegg, men orket ikke tenke mer på den da ”WIOOOWiiiooo” lyden saboterte all normal hjerneaktivitet.
Plutselig gikk det opp for jenten hva som var i ferd med å skje – kom hun seg ikke ut snart, så ville hun faktisk bli døv! I all hast og litt springing frem og tilbake på golvet fikk hun samlet noen tanker slik at hun omsider fant ut hvordan hun skulle opne døren for å komme seg ut. Jenten var irritert. Hun følte dette skjedde stadig vekk. Ørene pep. Eller var det innbilning? Kunne hun høre noe i det hele tatt? Ikke var det å sove med hørselsvern noen god idè heller, verken eide hun hørselsvern, eller så var det særdeles upraktisk og sove med, med tanke på å ha mulighet til å høre vekkerklokke lyden morgenen etter...
Etter å ha gått ned alle etasjene, ankom hun 1 etg. Alle elevene, like trøtte alle som en, stirret på hverandre. ”Det brenner i 4 etg ute på korridoren” sa den brannvarslings maskin greien. Ingen var i stand til å tenke, men x-antall av de som sto ute var av de som bodde i 4etg. De hadde ikke sett noen brann. Maskin greien lyger. Etter å ha stått på gangen i ca 10 minutter var det endelig en klok sjel som sa, det brenner vist ikke. Jenten på 21 år var da allerede komt et stykke opp i trappen og fnyste lett da hun skjønte at hun hadde blitt snytt for 15 minutter med søvn. Hun la seg ned på puten. Lettet. Lettet over at brannvarsleren hadde sluttet å skjære seg innover ørekanalen, ikke som en lydbølge, men mer som en tsunami som ødelegger alt i sin veg. Jenten måtte kjenne på ørene, det var bra, de satt på enda, håper bare de holder til i morgen, det vil være så trasig å gå på jobb uten ører. Jenten la seg for å sove, og sov søtt resten av den natten – helt til vekkerklokken ringte ”RRrrrrrRR”.

Om eg har ein skrue laus?


Ja, jammen var det lurt at eg fekk ein fagman til å sjå på bilen før den skulle vrakast. Tenkte det var greitt å høyre med ein som er "inn" i faget om rådføring på at eg skulle gjere det riktige valget - å vrake min kjære 4beinte venn - Bård Frode. LItt jekking måtte til sånn at vi fekk sjå litt under bilen og finne ut av kva som gjorde at bilen bråke og rista sånn. Etter ca 30 sekund i lufta så tenkte kloke mekanikar mann- Andrè å kjenne på dissa skruane til dekka - joda, klok det er han, for jammen om 3 av skruane var lause. ehhh..jahh ganske så flaut ja! 3 stk!!!
Vrake bilen kontra skru fast skruane med hjelp av ein faglært? Eg går for det siste alternativet, sjølv om det innebær utrulig masse flauhet dosert på ein gong! seriøst, skruane på bilen?!?!Det har eg aldri høyrt om!

Comfort


Joda, her midt i klesvasken så ser eg nok ein fenurlig etikett på ei vare. "Velduftende og myk" står det. Hadde ikkje tøymyknaren vore mjuk, så ville den ha vore hard, dvs i fast form. Hmm ja, det er faktisk ein veldig lur idè å ha flytande, mjukt, skyllemiddel sånn at du sleppe å stå å skrape det ut av flaska midt i klesvasken! Hurra for mjuke tøymykara!!
Og ja, fysj, ein comfort replikk til: "tørker fortere", kva i alle dagar, ditta trur eg ikkje på altså. Pff kleda e no vel like våte sjølv om du brukar det eller det merket! nei og nei...dokke lurar ikkje meg "Lilleborg-selskapet"!!

Drittfint vær!

For ein fantastisk dag! Sola skin, klokka er masse, og det er endå lyst her inne:) I loooove it! Ingenting er som sol, blåhimmel og ein nypressa fugle bæsj som nettopp har treft ruta med ein "splætth"- lyd på vindauget, som må skyllast vekk med 1 liter vatn, der vindauget må haldast stødig så ikkje vatnet renn inn på hybelen! Hurra for reine vindauge!

måndag 5. mai 2008

Eit innlegg dedikert til Hilde:)

HURRA for HILDE KRISTIN som har bursdag i dag, og som fyller 24 år!!
Eg er jammen gla for at du er født sistah! Stor klem frå lisja di:)

Flashback frå barndomen:
nitsirK atiraM
nitsirK atiraM
vi har fått det til
vi har fått det til

og for ikkje å gløyme den gongen å vi overbelasta øyra våra med smykker,store plastikk smykker i alleslagsfarga, fordi vi hadde lyst å være like fine som dei tamilane som budde rett over vegen med bestemor og farfar:)

laurdag 3. mai 2008


Paazan syns det er så kjedelig når eg lese til eksamen, at han finne ut at han skal sove oppå papira mine sånn at eg er nødt til å løfte han vekk sånn at han får oppmerksomhet! For ein katt, kjeme å frista meg med søvnen når eg prøva å være flittig student. Dessutan så smittar ein gjesp i frå ein katt til eit menneske, men eg har ikkje sett at det smittar frå menneske til katt enda. Sikkert fordi katten alltid er opplagt og klar for å leike når eg skal sove…