måndag 26. mai 2008

Helsepolitikk


Det er alltid så utruleg kjedelig når eksamenstida, for då blir ein støtt minna på kor flott livet var på utsida av lesesalens mange båsa og vegga. Sukk. Men men, på neste onsdag då skal eg ha det kjekt utanfor desse veggane her, då skal eg springe barbeint i graset medan vinden lyfter håret langt opp frå hårrøtene…det skal bli so godt det! Eg greie sikker å svelgje eit par insekt medan eg spring slik, men eg seie berre Hakuna Matata – ingen bekymringar!
Fortida lese eg om helsepolitikk – ”sykehusledelse og hlesepolitikk”, og ”organisatorisk kompetanse i sykepleie og helsefaglig samarbeid”. Ja, høyrtes ikkje det kjekt ut vel? Hadde eg hatt ein lighter her i nærleiken hadde det eksplodert her, for ditta stoffet her e så tørt at det må sjåast på som lett antenneleg og derfor farlig!! Eg seie berre betre lønn til sjukepleiarane!!
Sidan eg gløymte å ta opp brød før eg la meg i går, så måtte eg ta med meg eit halvt heimebaka brød til skulen. Plutselig vart eg akutt svolten og då måtte eg til å pakke brødet ut av den knitrande posen inne på stille lesesalen. Når eg først hadde fått brødet ut av posen so skar eg ei skive som var like høg som lille fingeren min!!!! Kvifor? Jo fordi då slapp eg å bråke unødig ved å ete 3 skiver på ein gong, og ved berre å skjære i brødet ein gong. Det var relativt gode sjansa for at kjeven kunne gå ut av ledd eit par gonga mens eg trygde, men det gjekk bra. Jau jau, eg får vel fortsette lesinga no då…

Ingen kommentarer: