onsdag 7. mai 2008

Eggsperten


Eg, Marita, har herved bestemt meg for å begynne å like mat som eg egentlig ikkje ete til vanlig. Prosjektet dinna veka her består i å ete egg, stekte egg. Egg har eg ikkje likt sida den dagen eg fekk meg høne sjølv, og eg finn det ganske motbydelig å ete sida det er ein slags flytande kylling ting inne i skallet. Jaja men som sagt er prosjektet mitt å ete egg. Mmm, jammen om eg likar egg godt er ein av dei tanke gongane eg pressa meg til å tenke medan eg pressa meg sjølv mot å utvide mi matgrense. Det skal eg ha, jammen om eg er flink!
Etter å ha klekt ut egget i panna er neste sak å få ut navletrengen eller kva det no er, du kan sjå det som noko kvitt på plomma på biletet. Og hull i plomma skal det ikkje være før eg snur egget, og da skal egget pressast godt ned i panna, sånn at det ikkje er noko ”vått” egg igjen. Før egget snus, må det skrapast av ei hinne med eggekvite som ligg over plomma. Og då, når det har steikt sånn at nesten brannvarslaren pipe, då kan eg ete det. Faktisk så er ikkje egg så gale, sett vekk frå at eg eigentlig ikkje likar det…

Ingen kommentarer: