onsdag 7. mai 2008

On the road again...



Eg skulle ut på emblem i dag på ungdoms- rådsmøte. Joda eg var ganske fornøgd der eg for køyrande i bilen, sida eg ikkje måtte vrake den alikavel. ”Tenke seg til at eg er så heldig å ha ein bil som går så bra, sjølv om at det er ein 85’ modell! Hurra for bilen, og Han som gjer at den kan trille enda”. Når eg hadde komt meg opp bakken i Vegsundet merka eg at bilen begynte å riste litt, men ja, det er jo normalt for dinna bilen her, så ingen fare, dessuten rista den meir når det eine dekket var laust, så ingenting å tenke på! Når eg hadde komt meg opp bakken ser eg at det begynte å lyse masse røde lys inne i… ehh ja bak der med rattet. Eg hadde ikkje kvelt den, og batteriet var ikkje flatt. Off dritt da mann, eg var gått bensintørr! FLAUT! Selfølgelig var det klokka 2000, då mange er ferdig på jobb og måtte køyre forbi busslomma der eg og bilen sto. Heldigvis hadde eg kome meg ut på ei busslomme! Jaja då var det å plinge på til kjære Gunhild som kom fartande i golfen sin for SOS tom for bensin på sierrane hjelp! Etter ei stund så fekk vi fylt på bensin og bilen starta igjen. Eg, jo eg kom 1 time for seint til styre møtet! Men hurra, bilen funka!
Dagens lærdom: ikkje tru at du spara tid ved å utsette ting til seinare!

Ingen kommentarer: