tysdag 27. mai 2008

3 dagar - 31 timar

3 daga er gått med til lesing på lesesalen. På dei tre dagane har det gått med totalt 31 timar. Ligge no ikkje på latsida når det kjem til antall tima, eg kan vel heller spør meg sjølv kva i alle dagar eg gjer på alle desse timane…hmm tja les du førre innlegg så kan ein vel konkludere med at eg har telt alle tinga som det går an å telle inne på lesesalen…men eg har faktisk jobba veldig bra. Leser som ein gal. Har forresten høyrt at ein kan få firkanta auge av å sjå for masse på tv, men kass form er det auga får når ein les so myje? Kjemt dei til å likne på bokstaven ”M” eller ”0” eller kanskje faktisk noko so gale som ein ”Å”, eller det som verre er, tenk om auga forsvinne??
Eg er glad det er ei veke til eg er ferdig, faktisk ferdig utdanna og greier då! Marita Runde- sjukepleiar. Ja det klinge fint i øyra! Forresten så skal eg jobbe her i Ålesund på sjukehuset i sommar, og til hausten fyke eg til Stavanger. Spennande saker, det veit eg det blir:) Må berre få meg ein jobb. Er blitt oppringt av den eine jobben eg søkte på, ville ha meg på jobbintervju, men det var ikkje den jobben eg hadde mest lyst på, så då berre ventar eg:) Ting ordna seg veit du:)

Ingen kommentarer: