fredag 30. mai 2008

Den raude tråden


Eg ville berre dele med resten av web'en at eg syns så synd på meg sjølv som skal ha eksamen så seint som på onsdag...det innebære faktisk at eg må lese i 1-2-3-4 dagar til! No e eg lei skal eg sei deg...men kor mykje som sitte igjen mellom øyra mine kan eg ikkje sei...håpar berre det er meir enn den raude tråden, for på dinna eksamenen her må eg ha heile den raude gensaren med matchande sokka, hue, skjerf og votta...
Forresten så følar eg meg som ho stakkaren på bildet (stakkars meg), ein åme, inntulla i trang silke, som ventar på å få kome ut å flakse som ein vill sommarfugl i sommarsola..eller berre dingle på ein fin blomst og sove!

1 kommentar:

Hilsen Bodil F.T. sa...

se hva jeg har til deg på bloggen min da, kjære, snart utklekte, sommerfugl!!!