torsdag 22. mai 2008

Ein skikkelig kattavask!


For ein hærleg dag! Den siste dagen på praksis er over, og eg lika å leve! Eg måtte gjere noko bra i dag, så når eg kom heim tenkte eg at eg skulle vaske og rydde litte, ta ein kattavask rett og slett (Gjere noko bra??!!).
Då eg skulle ta å støvsuge borte med døra ser eg ei sølvfarga perle som ligge der, eg skulle akkurat til å ta den opp då eg ser at perla har bein!! Nei fysj og fy, det var ein bra, eller ein flott med andre ord, den flotten som hadde vore på P.C.S.Gonzales som eg ikkje turte å ta vekk fordi den var så stor at eg var redd den skulle sprekke!! Det var nett som eg kunne høyre den sa medan den låg der på ryggen: ”hjeeelp, eg kjem meg ikkje av flekken, hjeeelp”. Stakkars flotten, så då fant eg ut at eg skulle hjelpe den, eg kunne jo ikkje drepe den da for då hadde det blitt eit stort søl tenkje eg. SÅ då tok eg den opp på eit papir og… ÅNEI – eg ”mista” den i do! Nei du din overvektige flott håpa for din sin del at katten hadde oksygenrikt blod slik at du kan flyte…så tappa eg ned
Eg var rett og slett så livredd for at P.C.S.Gonzales skulle ha fleire flotta at eg fant ut at eg skulle dusje han. Våt katt er ikkje noko bra lukt, så då måtte det shapoo til, Sunsilk- ”ein beskyttande shampoo”, den må no selfølgelig beskytte mot flott og trur eg sidan det ikkje er utdjupa noko meir på kva deira definisjon på beskytte er…Katten lukta i allefall godt etterpå og fekk ein hærlig glans ”all over the place”!! Eg trur katten satt og slikka seg i 3 timar før han vart nokon lunde tørr…
Kordan det gjekk å vaske han? Joda, han sto nokon lunde stille han medan han skua ut mot stova gjennom sprekka i døra,(sjå bildet), men han prøvde no å klatre opp på meg eit par gongar då eg var den einaste plassen på toalette som var (les VAR) tørr…

2 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

Hei! Jeg kom over denne bloggen ved at min gode venninne "forgjengelige ting" tipsa meg om den.
Du, så artig du skriver!
Artig med pusen som ble badet, og flåtten som ikke overlevde likevel.
Artig med pus som har løpetid under her også! Denne bloggen må jeg nok lese nøyere. Riktig fornøyelig var den....
Ha en god kveld!):

Mar!ta sa...

Så kjekt å høyre da:)
Berre hyggelig at du stoppa innom og lese mine mange foskjellige tanka:)
Ha ein fantastisk nydelig dag lille du:)