laurdag 17. mai 2008

17 mai



Sjølv om at Innvik er ei særs lita bygd, så har dei aller fleste høyrt om 17 mai. Og derfor blir 17 mai faktisk feira i Innvik og, faktisk så går vi i tog der også, har og ein prostentdel av befolkninga som spelar diverse horninstrument eller blåseinstrument heiter det vel kanskje, slik at vi har eit lokalt ”skulemusikk” band. Ikkje verst, hurra for det!
Om du ser på biletet kan det sjå ut som om nokon går og ber ei høg kvit mast med eit norskt flagg, men dette er altså slik flaggstonga til naboen vår ser ut.
Lille søss hadde no også tatt omsyn til Tanja, hunden, og laga 17.mai sløyfe til ho også! Ho vart so fine! Dessutan sitte eg å ete oversteikt middag no, eg likar ikkje ordet svidd, så oversteikt er eit ord som passar personar som ikkje handterar kjøkkenet og dets element so utruleg bra! Men tilbake til 17.mai, eller nei, det var vel alt å sei om den dagen eigentleg. Is og pølse og ketchup på bunaden høyrer sjølvsagt med, og eit høgt ”AUU” då ein stikk seg på enten sølje eller sløyfe med det norske flagget! Dessutan må det no også gjerast klart at 17.mai ikkje blir 17.mai utan at nokon pratar om dinna bunadsskjorta som dei må stryke...men kjære folk, om de brettar den skikkelig etter kvar gong den er brukt – nei forresten heng den skikkelig på ein kleshengar, så slepp dykk å stryke den når den skal brukast, berre eit tips frå ei jente som ikkje har bunad. Hipp hipp hurrrrrrrrrrrrrrrRRRRRRra!!

Ingen kommentarer: