tysdag 27. mai 2008

Eit under!


I løpet av praksis perioden fekk vi mulighet til å søke hospitering på andre avdelingar. Eg var så heldig at eg fekk meg ein dag på hjertepoliklinikken og ein dag på føde/barsel.
På hjertepoliklinikken lærte eg mange prosedyrar, pluss at eg fekk med meg ein coloskopi, og noko som heiter cristabiopsi og cristapunksjon. Off, ikkje spør kva det er ein gong, i tilfelle du nokon gong skal på dei undersøkingane, det er nemleg ikkje alt ein treng å vite.
Så var dagen då eg skulle på føden. Eigentlig så ville eg ikkje opp dit, var redd den mellom menneskelege forforståelsen mellom det kvinneleg kjønn skulle ta overtak og resultere i ein besvimelse, eller kanskje opptil fleire. Men eg tok med meg ein sekk med mot, og tok heisa opp i 9 etg. No var eg her. ” Håpar ikkje det er nokre fødslar i dag” tenkte eg, mens eg eigentlig håpte eg tok feil. Eg ville no ha noko ut av dagen. Dessutan hadde eg forberedt meg på å være profesjonell (!!) – på ikkje å begynne å hylgrine når eg fekk sjå noko so fantastisk som eit under, altså at eit menneske blir født!
Vi helste på det vordane paret, utrulig koselige folk, enda i alle fall tenkte eg. Eg såg for meg korleis ho ville kalle oss stygge ting når ho føda, og eg var bekymra for glasset som stod på nattbordet, håper ho ikkje treff meg tenkte eg… Veane begynte, alt såg til å gå fint – for pappaen i alle fall. Stakkars mammaen. Men ho var flink! DU STORE mi tid!
Så skulle vi hjelpe til litt, støtte beina mens barnet skulle komme ut. Å nei, stakkars mammaen! Ta no å få ut dinna ungen, ho har jo vondt! Eg hadde så lyst å rope det, men eg hadde meir enn nok å konsentrere meg om å halde tårene igjen, eg holdt på å begynne å grine!! Eg syns så synd på ho, så var det jo så fælt å ikkje kunne gjære noko!! Medfølande ? ja du kan vel seie det sånn. Men etter litt, så kom ungen ut. Ei jente! Åhh kor fantastisk. Igjen måtte eg konsentrere meg for å ikkje begynne å grine, så ser eg pappaen måtte tørke nokre tårer. For å sei det sånn så er det lenge sida eg har konsentrert meg så mykje. SÅ utrulig følelsesladd!! Heilt fantastisk – etterpå! Og eg fekk noko ut av dagen, ei jente!

3 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

Takk for at du delte denne historien med oss!
Sikkert et minne for livet. Ingen fødsler er like, og du kommer sikkert til å oppleve mange....

Og så skulle jeg si takk for besøket på bloggen min!
Så koselig at du så innom!
Ha en fin uke, og lykke til med dette som du holder på med....

eba sa...

*sob! snufs* Ja, det er stort!!

Anonym sa...

ååååh,,,